Fem kommunar i Vest-Telemark søker etter psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi.

Som fylgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det tilsett ein psykolog i eit interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark, med Seljord kommune som vertskommune. Kommunane har prioritert til saman to psykologstillingar, der ei av desse nå er ledig for tilsetting.

Vest-Telemarkkommunane er utviklingsorienterte og søker etter psykologar som vil vere med i utviklinga av tenestene. Barn og unge er definert som særskilde satsingsområde.

Det blir lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:

  • Plan- og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkeltsaker
  • Rettleiing av faggrupper/profesjonar
  • Klinisk arbeid

Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom den psykologen som blir tilsett og kommunane, og vere forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen. Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, anten i regi av spesialisthelsetenesta og/eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe. Det blir gjeve konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning. Dersom søkar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetting bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi.

Tilsettingsvilkår:

  • Søkar må ha norsk autorisasjon. 
  • Søkar må ha førarkort. Bil blir stilt til disposisjon i arbeidstida.
  • Det er krav om politiattest før tilsetting. 

Kontaktperson ved spørsmål:

For meir informasjon om stillinga, kontakt konstituert kommunalsjef Janne Larsen, på telefon 482 97 433 eller e-post janne.larsen@seljord.kommune.no, eller kommunepsykolog Henrik Eriksen, på telefon 480 63 540 eller e-post henrik.eriksen@seljord.kommune.no.

Informasjon om kommunane i regionen er tilgjengeleg på fyresdal.kommune.nokviteseid.kommune.nonissedal.kommune.noseljord.kommune.no og tokke.kommune.no.

Søknadsfrist:

Søknadsfristen er 30.08.2021.

Elektronisk søknadsskjema:

Seljord er vertskommune for samarbeidet. Lenke til elektronisk søknadsskjema finn de her.

Velkomen som søkar!