I Fyresdal kommune skal det veljast representantar til Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne for perioden 2019-2023. Rådet skal ha representantar frå brukarorganisasjonar. 

Vi har prøvd å få representantar via FFO Telemark, men det har ikkje lykkast. FFO er Noregs største paraplyorganisasjon for organisasjonar av funksjonshemma og kronisk sjuke.

Har de framlegg til kandidatar?

Send framlegga snarast råd til: 

Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal
postmottak@fyresdal.kommune.no