Reinseanlegg
Fyresdal kommune har to kommunale avløpsreinseanlegg med ein driftsoperatør.
Fyresdal reinseanlegg:
Reinseanlegget fekk ny konsesjon av Fylkesmannen i Telemark (nå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark) i år 2000. Anlegget består av både kjemisk og biologisk reinsing og er såleis eit høggradig reinseanlegg. Anlegget dekker området frå Molandsmoen til Sitjeåa.
Hauggrend reinseanlegg:
Reinseanlegget fekk konsesjon av Fylkesmannen i Telemark (nå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark) i 1990. Anlegget er eit kjemisk reinseannlegg.
Vassverk
Fyresdal kommune har to kommunale vassverk med ein driftsoperatør.
Fyresdal vassverk:
Fyresdal vassverk hentar vatn frå grunnvatn i lausmasser. Grunnvatnet blir filtrera i eit marmorfilter og gjennomlyst med ultrafiolett stråling før det blir pumpa inn på kommunalt nett. Vassverket er godkjent etter drikkevannsforskriften. Anlegget dekker området frå Molandsmoen til Sitjeåa.
Hauggrend vassverk:
Hauggrend vassverk hentar vatn frå fire grunnvannsbrønnar i fjell. Dette vatnet har ein god kjemisk sammensetning og blir ikkje behandla med anna enn ultrafiolett stråling før det blir sendt ut på nett.