KOSTRA - KOmmune-STat-RApportering

Dei viktigaste datoane i samband med KOSTRA til SSB er som fylgjer:

  • 15. januar: frist rapportering sensitive data.
  • 15. februar: frist rapportering ikkje-sensitive data.
  • 15. mars: SSB offentleggjer nykjeltal.
  • 15. april: frist revidera innrapportering.
  • 17. juni: SSB offentleggjer oppretta nykjeltal Nykkeltala femnar om kommunale rekneskap og tenestedata for områda barnehage, grunnskule, kommunehelseteneste, pleie- og omsorg, sosial, vatn, avløp, renovasjon, kulturminne, natur og miljøvern, kultur, samferdsel og brann- og ulykkesvern. 

Dataene attendeførast til brukarane gjennom ei tredela inndeling:

  • Nivå 1 - Utvalde og aggregerte nykkeltal.
  • Nivå 2 - Detaljera nykkeltal.
  • Nivå 3 - Grunnlagsdata.

Utvalde og aggregerte nykkeltal er tiltenkt administrative og politiske leiarar og andre interesserte som treng oversikt og hovudtal for områda. Detaljera nykjeltal er i hovudsak tiltenkt sektoransvarlege og sakshandsamarar i kommune/fylkeskommune og andre interesserte som ynskjer å gå djupare inn i eit eller fleire områder i kommunal sektor. Grunnlagsdata er tiltenkt brukarar som kan gjennomføre eigne analyser.