Hyttereturpunkt

Returpunktet ved Fyresdal flyplass (Verpe) ved FV 355 er eit såkalla hyttereturpunkt.

Det er sett ut containerar for å ta imot avfall frå hytter.
 
Der er containerar for:
  • Restavfall
  • Glas/metallemballasje
  • Papir
  • Tekstilar

Her kan du lese meir om dei ulike returpunkta.

Avfallsmottak

Skårmoen avfallsmottak ligg på veg inn mot Kleivgrend, ca. 8 km nord for sentrum. 

Dei held ope måndagar kl. 14.00-19.00, i tillegg til laurdagsope siste laurdag i mai, juni, juli og august kl. 09.00-13.00.

Matavfallsposar

Dersom du treng ekstra matavfallsposar, kan du få dette gratis i sentralbordet til Fyresdal kommune. Du finn oss i i Fyresdal Næringshage - Klokkarhamaren 6.

Restavfall

Alle hushaldningsabonnement - standard, mini, redusert og heimekompostering - nyttar plastdunkar på 120 liter. Dunkane er grå og er prega med "Restavfall" på lokket. Miniabonnement har i tillegg ein "M". Dunken skal plasserast ved køyreruta, også dei som har redusert abonnement. Avfallet kan leggast direkte i dunken, sekk trengs ikkje. 3 stykk eller fleire på same staden kan få samledunk til restavfallet. Dei som har utdelt dunk må bruke denne; svartsekkar som vert sett fram, vert ikkje henta.

Forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall mv.

01.01.2018 fekk kommunane Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje ny forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall, tøming av slamskiljarar, privet, tette tankar mv. og for avfallsgebyr. 

Ny renovasjonsforskrift inneber:

Alle fritidseigedomar/fritidsbustader har no eitt gebyr; "standard hytteabonnement". 

Det er høve til å søke om fritak dersom:

- Fritidseigedomen ikkje er i bruk.
- Fritidseigedomen ligg meir enn 2 kilometer frå køyrbar heilårsveg.

Vi gjer merksam på at fritaket inneber at du ikkje kan nytte deg av hyttecontainerane, og heller ikkje får levere avfallet ditt gratis på bemanna mottak.

Endring i henterutinane til Renovest frå 2020

Frå februar 2020 blir hentefrekvensen på avfallet endra til fylgjande:

  • Restavfall, papir og plast vil bli henta kvar 3. veke. Abonnentane vil få utdelt dunk til plasten ila. mars/april.
  • Matavfall vil bli henta kvar 2. veke.
  • Restavfall mini og papir mini vil bli henta kvar 6. veke.
  • I løpet av 2020 vil abonnentane få utdelt dunk til glas- og metallemballasje. Dette vil bli henta kvar 6. veke.

Det vil ikkje bli endring i prisane:

Økonomisk vekst og forbruk gjer at avfallsmengda held fram med å vekse i Noreg. Målet er å produsere mindre avfall, samtidig som vi utnyttar ressursane betre.

EU vedtok i 2018 eit nytt avfallsregelverk som inneber at materialgjenvinning for hushaldsavfall og avfall frå næringslivet skal aukast til 65 % i 2035. Følgeleg har Klima- og miljødepartementet utarbeidd eit forslag til forskriftsregulering av krav til utsortering og materialattvinning av biologisk avfall og plastavfall. 

Prinsippa:

I avfallspyramiden grunngjev ein grunnprinsippa for avfallskretsløpet.

  • Øvst står prinsippet om avfallsreduksjon – det å produsere mindre avfall.
  • Punkt nummer to er gjenbruk – det å bruke ting på nytt.
  • Det tredje punktet handlar om materialgjenvinning – det å lage nye ting med brukt materiale.
  • Fjerde prinsipp handlar om energiutnytting – det å brenne og utnytte restenergien positivt (for eksempel varmen).
  • Det siste punktet, punkt fem, handlar om deponering – det å legge avfallet på dynga, eller andre forsvarlege oppbevaringsstader.

Avfallspyramide

Basert på dei overordna måla og nasjonale føringar har Renovest IKS valt å endre tømefrekvensen på restavfall og papp/papir til tredje kvar veke. Dei utvidar henteordninga med ein fraksjon glas-/metallemballasje, og erstattar den gule plastsekken for innsamling av emballasjeplast med dunk. Har du ekstra mykje papp/papir, kan dette leverast gratis på gjenvinningsstasjonane. Du kan også sette igjen pappemballasjen i forretninga når du kjøper noko. Kjeldesorterer du avfallet ditt godt, vil restavfallet gå ned, dette viser plukkanalyser som er utført.

Blåsekk til bleier

Bleier skal kastast i restavfall. Abonnentane kan ev. kjøpe blåsekkar til bleiene (og sette dei fram ved sidan av restavfallsdunken dei vekene det er tøming av restavfall). Blåsekkar er å få kjøpt på Brunkeberg avfallsmottak (frå 1. mars også på Skårmoen, på Vistad og på Hovdestad).

Renovest IKS har ikkje lenger høve til å levere ut gratis blåsekk til bleietrengane jf. sjølvkostprinsippet.

Ved ytterlegare spørsmål kring dette, ta kontakt med Renovest IKS på post@renovest.no.

Full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Kili

Frå 15.12.2019 blei det innført full kjeldesortering av hytteavfall på renovasjonspunktet på Kili i Birtedalen. Matavfallsposar blir plassert i vatntett behaldar ved informasjonstavla på plassen. Hugs at bioposar for matavfall er «ferskvare», så ein bør ikkje ta fleire rullar enn dei ein har tenkt å nytte nokre månader fram i tid.

Konteinarar for hytteavfall vil få sjaktinnkast, innkastopning med diameter 30 cm. Det vil difor ikkje lengre vere mogleg å kaste store avfallsekkar i konteinarane. Det blir eigne konteinarar for restavfall, plast, papp/papir, glas- og småmetall, samt eigne dunkar for matavfall. Restavfall og plast skal vere «innpakka» og kastast i vanlege plastposar.