Laurdag 11.03.2023 gjennomførte vi lokal UKM i Fyresdal med ein ny vri.
Vi gjorde det slik at alle som ville, deltok på scenen, og dei som ville bli vurdert for vidaresending ga beskjed, så blei dei vurdert av anonym dommar i salen.
Desse ville bli vurdert for vidaresending til fylkesfestivalen 15.04.2023 på Ælvespeilet i Porsgrunn:
Piano:
Hanna Broshaug Haakenstad med «I due fiumi» av Ludovico Elnaudi
Song duo:
Emma Valseth Holmegård og Tomine Omdal Stenberg med «Jar of hearts»
Kunst:
- Vilde Rekvik med teikninga «Fruktsalat»
- Halvor Teksle, Aron Krossli, Kevin Hansen og Trym Taraldlien: «Skrotmetallskulpturar». Alle fire leverte kvar sin skulptur, somblei vurderte som ein heilskap.
- Thea H. B. Clausen: Hekla jakke med «Theas hekla jakke»
Dei som blei vidaresendt til fylkesfestivalen er:
- Emma Valseth Holmegård og Tomine Omdal Stenberg med «Jar of Hearts»
- Halvor Teksle, Aron Krossli, Kevin Hansen og Trym Taraldlien med «Skrotmetallfigurar»
- Thea Helene Bjørnerud Clausen med «Theas hekla jakke»
Vi gratulerer!