Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Råda for personar med funksjonsnedsetting - rettleiar (veileder)

Rettleiaren er utarbeidd av Bufdir i samarbeid med Kommunal- og distriktsdepartementet. Denne rettleiaren skal vere til hjelp med arbeidet i rådet. Her finst både rettleiing til formelle føresegner og nyttige råd og tilrådingar for å lykkes best mogleg i rådsarbeidet.

Innhald

  1. Kva er rådet for personar med funksjonsnedsetting
    • Kva for saker kan rådet jobbe med?
    • CRPD og rådsarbeid
  2. Spesielt for medlemmene av rådet
  3. Spesielt for rådssekretærer og administrasjon
  4. Korleis opprette rådet

Oppdatert versjon 08.09.2023

Det føljer av kommunelova § 5-12 at kommunestyret og fylkestinget skal velja eit råd for personar med funksjonsnedsetting. Rådet utgjer saman med eldrerådet og ungdomsrådet dei lovpålagte organa for medverking i kommunar og fylkeskommunar.

Personar med funksjonsnedsetting er ofte underrepresenterte i folkevalde organ, og deira stemme er ofte ikkje gjort synleg. Dette var ei grunngiving for å lovfeste rådsordninga i 2007. Gjennom FN-konvensjonen om rettar for personar med funksjonsnedsetting skal myndigheitene sikre at personar med funksjonsnedsetting får delta i det politiske liv på lik linje med andre, enten direkte eller gjennom fritt valde representantar. Rådet for personar med funksjonsnedsetting er viktig for å sikre denne retten.

Forskrift om medverkingsordningar gjeld for rådet. Der er det reglar om blant anna rådets oppgåver, samansetnad og organisering.

Medlemmene av råda blir rekna som folkevalde
Kommunar skal ha eit reglement for medverkingsråda
Rådet er rådgjevande
Unntaksregel om felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting

Rådet har rett til å uttale seg i alle saker som skal behandlast i kommunen eller fylkeskommunen, slik at synspunkta og behova til personar med funksjonsnedsetting blir synleggjorde og er del av saka før det blir teke ei avgjerd.

Råda kan få myndigheit til å fordele løyvinga
Rådet har rett til å uttale seg før saka er avgjort
Tilrådingane skal følgje saksdokumenta
Sikre at rådet får melding om avgjerda i saka
Møte- og talerett

Råd for personar med funksjonsnedsetting veljast av kommunestyret og fylkestinget.

Valgperiode
Val av råd så snart som mogleg etter valet av nytt kommunestyre og fylkesting
Samansetjinga av rådet

Rådet skal bidra til ei brei, open og tilgjengeleg medverking i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting. Det er viktig at medlemmene i rådet ikkje berre representerer seg sjølve eller sin organisasjon, men at det leggjast til rette for at dei kan representere alle med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylkeskommunen.

Brei medverking
Open og tilgjengeleg medverking

Noreg har forplikta seg til å følgje FN-konvensjonen om rettane til menneske med funksjonsnedsetting. Hovudformålet til konvensjonen er å

  • fremje, verne om og sikre at menneske med funksjonsnedsetting har full og likeverdig rett til å nyte alle menneskerettar og grunnleggande fridommar
  • fremje respekten for den ibuande verdigheita deira

Dei grunnleggande menneskerettane og fridommane CRPD beskriv, er dei same rettane som alle andre har.

Grunnleggande rettar følger av ei rekke konvensjonar
Forbode etter norsk lov å diskriminere personar med funksjonsnedsetting
Menneskerettsleg forståing av funksjonshemming til grunn
Definisjon av funksjonsnedsetting

Realisering av rettane i CRPD blir i stor grad bestemt av kommunar og fylkeskommunar. Som rådgjevande organ for kommunen bør råda seie frå dersom rettane i konvensjonen ikkje blir oppfylte og gi råd til kommunen om korleis rettane i konvensjonen kan oppfyllast.

Råda bør gjere seg kjend med artiklane i konvensjonen
Ressursar og rettleiare

Som rådgivande organ vil rådet hovudsakleg jobbe med saker på eit overordna nivå, for eksempel budsjett og kommune- og regionale planar.

Det vil vere mange saksområde i ein kommune eller fylkeskommune som angår personar med funksjonsnedsetting. Innafor alle saksområde er hovudmålet å arbeide for like moglegheiter for alle og arbeide for å fjerne funksjonshemmande barrierar. Dette vil bidra til å skape eit likestilt samfunn i kommunar og fylkeskommunar. Rådet kan behandle saker innan ulike område, som for eksempel

  • budsjett, årsplanar og årsmeldingar
  • kommunal planlegging
  • tilgjengelegheit i utvikling av byar og nærmiljø
  • oppvekst, barnehage og skule/utdanning
  • helse- og omsorgstenester
  • transport
  • kultur og fritid
  • arbeid
  • tilrettelagte arbeids-, aktivitets- og dagtilbod
  • aktivitets- og rapporteringsplikta

Kommunane har ansvar for grunnskoleopplæring, og fylkeskommunane har ansvar for opplæring i vidaregåande skole. Artikkel 24 i FN-konvensjon om rettighetane til menneske med funksjonsnedsetting, pålegg statane å sørge for at menneske med funksjonsnedsetting får utdanning på lik linje med andre.

Les meir om innhaldet i artikkel 24 i Bufdirs rettleiar til «FN konvensjonen om rettigheiter til menneske med funksjonsnedsetting».

Råda bør ha kunnskap om situasjonen i eigen kommune
Rådet bør etterlyse informasjon fra kommunen

Kommunen har plikt til å sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, får tilbod om nødvendige helse og- omsorgstenester. I lov om kommunale helse- og omsorgstenester er det spesifikt nemnt at kommunen sitt ansvar omfattar personar med funksjonsnedsetting.

Aktuelle områder og tema innen helse- og omsorg råda kan arbeide med
Råda bør kjenne til artiklane i CRPD som er relevante for helse- og omsorgstenesten
Råda bør ha eit blikk på korleis kommunane sikrar likeverdige tenester
Rådet kan invitere helse- og omsorgstenestene i kommunen til å gjere greie for korleis de arbeider for å overhalde krava

Ei av råda sine viktigaste oppgåver er å medverke i dei regionale og kommunale planprosessane og bidra til at bygg og uteområde har god tilgang for alle.

Artikkel 9 i CRPD om tilgang
Råda bør kjenne til FNs berekraftsmål og følge med på korleis desse blir brukt i planlegginga

Arbeid med plansaker

Planprogram
Planstrategi
Kommuneplanar og reguleringsplanar

I dei fleste kommunar er det svært få bustader som er tilgjengelege for personar med rørslehemming. Statleg politikk legg opp til at kvar enkelt i åra framover må ta større ansvar for å legge til rette eigen bustad for å kunna bu heime lengst mogleg.

Byggeprosessen blir styrt av den som eig bygget, og det er inga lovbestemt medverkingsrett. Det er opp til dei prosjektansvarlege om råda skal trekkast inn.

Spesielt når det gjeld kommunale og fylkeskommunale bygg, kan det vera naturleg at råda trekkast inn i ein tidleg fase før rammene for prosjektet blir fastlagde. Slik kan dei gje innspel som i størst mogleg grad varetek alle brukargrupper.

Råden har også ei viktig rolle i å gi innspel til om kommunale/fylkeskommunale bygg bør oppgraderast. Rådet kan peike på kva det er ved eksisterande bygg som gjer det vanskeleg å bruke dei på ein likestilt måte. Rådet kan foreslå at kommunen utarbeider en plan for oppgradering av eksisterande kommunale bygnader.

Rådas arbeid med universell utforming (YouTube)

For å oppnå berekraftige lokalsamfunn er det ein føresetnad at flest mogleg kan nytte kollektivtransport. Transport er viktig for å oppfylle artikkel 19 i CRPD om retten til eit sjølvstendig liv og vere ein del av samfunnet.

Eit universelt utforma transportsystem er ein føresetnad for oppfyllinga av ei rekke andre rettar som retten til utdanning, arbeidsliv og deltaking i kulturliv, fritidsaktivitetar, fornøyelsar og idrett. Særskilt tilrettelagt transport er viktig for mange med funksjonsnedsetting, men kan oftast ikkje fullt ut erstatte god tilgang til universelt utforma, ordinær kollektivtransport.

Kommunar og fylkeskommunar må arbeide for at menneske med funksjonsnedsetting kan få tilgang til transport på lik linje med andre. Både kommunale og fylkeskommunale råd for personar med funksjonsnedsetting bør vera aktive og gjev innspel til kommunal og fylkeskommunal administrasjon for å medverke til at personar med funksjonsnedsetting sikrast likeverdig tilgang til transport.

Reknast som folkevald
Rådets rolle
Kven representerer du?

Her får du ein oversikt over korleis arbeidet i rådet for personar med funksjonsnedsetting kan gå føre seg. Råda har ei viktig oppgåve i å bidra til å skape ein likeverdig tilgang til tenester og tilbod for personar med funksjonsnedsetting i kommunen. Kommunane har ansvar for ei rekke tilbod og tenester som er viktige for livssituasjonen for personar med funksjonsnedsetting.

Råda bør arbeide breitt
Rådet behandlar alle saker i møte
Korleis ta opp ei sak i rådet?
Korleis kan rådet påverke?

All behandling og drøfting av saker skal skje i rådets møte. Det er opp til rådet sjølv å bestemme kor ofte det skal ha møte, blant anna vurdert ut frå mengda saker rådet har på arbeidsplanen i den perioden rådet er valt.
Rådet skal ha møte dersom minst eitt av vilkåra under er oppfylt (kommunelova § 11-2):

  • Rådet sjølv, kommunestyret eller fylkestinget vedtek det
  • Leiaren av rådet meiner det er nødvendig
  • Minst 1/3 av medlemmene krev det
Møta skal vere opne
Saksliste, saksbehandling og møtebok
Synleggjere arbeidet til rådet i årsmeldinga
Etablere faste møte med ordførar
Invitere personar frå administrasjonen
Få møte- og talerett i folkevalde organ i kommunen

Ein rådsmedlem som har vore med på å førebu eller gjere vedtak i ei sak som tilsett i kommunen eller fylkeskommunen, er inhabil til seinare å behandle den same saka i rådet. Dette gjeld ikkje ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan i rådet. Føresegnene i forvaltingslova kapittel II om inhabilitet gjeld også for rådet, med dei særreglane som står i kommunelova (kommunelova § 11-10).

Mange fylkeskommunar arrangerer årlege samlingar for dei kommunale råda i fylket. Det er viktig at rådet er representert her for å få informasjon om aktuelle tema. Samlingane gir også moglegheiter til å knyte kontaktar, utveksle erfaringar og eventuelt etablere varig samarbeid med råd i andre kommunar.

Samarbeid med ungdomsråd
Samarbeid med organisasjonar

Det er viktig at rådsmedlemmene skaffar seg kunnskap om situasjonen for innbyggarar som har ei funksjonsnedsetting i kommunen eller fylkeskommunen, for eksempel:

  • Er personar med funksjonsnedsetting fornøgde med dei helse- og sosialtenestene kommunen yter?
  • Korleis er situasjonen for elevar med funksjonsnedsetting?
Ulike råd og ordningar for medverking på systemnivå
Kjenne til likestillings- og diskrimineringsloven
Dekning av utgifter og økonomisk tap
Fritak av personlege grunnar
Hjelp og opplæring
Kva dersom ein rådsmedlem vil slutte?
Møtegodtgjering
Møteplikt, møterett og fråvær
Rett til fri frå jobb
Rett til fri frå skulen

Kommunelova og forskrifta om medverkingsordningsordningar inneheld ikkje reglar som gir rådet rett til opplæring. Rådsmedlemmene bør få informasjon og opplæring som gjer at dei kan vareta oppgåvene til rådet, for eksempel tilbod om å delta på KS Folkevalgtprogram, for å kunne utføre rådsfunksjonen.

Dersom rådet ikkje får eller har fått opplæring, vil det vere naturleg at avdelinga i kommunen som rådssekretæren er tilsett i, tek initiativ til at rådet får eit opplæringstilbod. Når rådet får tilbod om opplæring, bør både medlemmer foreslått av organisasjonane og dei politiske representantane få opplæringa saman. Dette vil kunne styrkje rådets samarbeid gjennom valperioden.

Her er eksempel på aktuelle område for opplæring:

Korleis kommunen eller fylkeskommunen er bygd opp
Kva det vil si å vere folkevalt
Løyvingar og budsjett

Her får du informasjon om ansvaret som ligger i sekretærrolla overfor rådet for personar med funksjonsnedsetting. Kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for dei administrative funksjonane for rådet, for eksempel å ivareta sekretærfunksjonen.

Rådet skal få tilstrekkelig sekretariatshjelp
Kva er di rolle?
Kva er ditt ansvar?
Hjelp og opplæring

Her får du informasjon om kva for arbeidsoppgåver som kan høyre til jobben som sekretær i rådet for personar med funksjonsnedsetting. Rolla som sekretær for rådet er mangfaldig. Først og fremst handlar det om å legge til rette for at rådet kan gjere jobben sin på ein god måte. Det handlar både om den praktiske tilrettelegginga og om oppfølging av rådet og medlemmene i rådet.

Når skal rådet involverast?
Involvere rådet i aktuelle saker
Korleis førebu ei sak?
Korleis førebu rådsmøta?
Oppfølging etter rådsmøta

Kommunestyret eller fylkestinget vedtar samansetninga av rådet og kor mange medlemmer og varamedlemmer det skal ha (forskrift om medverkingsordningar § 3). Forskrifta bestemmer ikkje ei detaljert samansetting av råda, men kommunar og fylkeskommunar må sørge for at råda er breitt samansette og representative for innbyggarar med funksjonsnedsetting.

Det er kommunestyret eller fylkestinget som vel medlemmer til rådet, (kommunelova § 5-12). Oppnemninga følgjer valperioden på fire år.

Organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting har rett til å fremje forslag til kandidatar til rådet.

Rådet oppnemnast seinast innan årsskiftet
Kommunestyret kan opprette utval med ansvar for ein geografisk del av kommunen

Kommunen må ta kontakt med organisasjonane som representerer personar med funksjonsnedsetting for at dei skal foreslå kandidatar til rådet. Dette bør skje i god tid før valet, slik at organisasjonane får tid til å foreslå aktuelle kandidatar.
I informasjonen til organisasjonane kan kommune og fylkeskommune oppmode organisasjonane til å foreslå personar med ulik bakgrunn, for å sikre bredda i rådet.
Kommunen kan også kunngjere at innbyggarane kan foreslå kandidatar.

Kommunestyret og fylkestinget tek utgangspunkt i dei personane som er foreslått, men kan også velje andre personar til rådet. Det er dermed kommunestyret og fylkestinget som har ansvaret for å sikre breidda i representasjonen. Sjølv om det er mogleg å utvide perioden til det gjeldande rådet fram til årsskiftet, er det ein fordel at det nye rådet blir valt så tidleg på hausten som mogleg. Bufdir tilrår at rådet blir oppnemnd så tidleg at det får moglegheit til delta på KS Folkevalgtprogram. Felles opplæring fremmer kjennskap til rådet hos andre folkevalde og kan etablere ein kontakt på tvers av styre og råd.

Organisasjonar for menneske med funksjonsnedsetting har rett til å fremje forslag til kandidatar som representerer interessene deira. På landbasis er det meir enn hundre organisasjonar. Det er tre paraplyorganisasjonar:

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
  • Unge funksjonshemmede

Kommunen bør kontakte organisasjonane som er representert for å minne dei på den retten dei har til å fremme forslag til kandidatar. Organisasjonsforholda lokalt bør avgjere om det er paraplyorganisasjonane eller enkeltorganisasjonar som speler inn forslag til kandidatar. Dersom organisasjonane har få eller ikkje noko lokale lag, bør kommunen ta kontakt med organisasjonar på fylkesnivå for å få forslag til personar som kan veljast til rådet. Det normale bør likevel vere at rådsmedlemmane er bufaste i kommunen dei er vald inn i rådet for. Kontakt med paraplyorganisasjonane kan gje et godt grunnlag for å bidra til breidde og representasjon i samansetninga av rådet.

Rådet for personar med funksjonsnedsetting bør vere breitt samansett. Det bør bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn, for eksempel personar i forskjellige aldrar, med ulik etnisk bakgrunn, som representerer ulike formar for funksjonsnedsetting eller frå ulike delar av kommunen eller fylket.

Medlemmer av råde bør vere representative for innbyggjarar med funksjonsnedsetting
Bufdir tilrår at eit fleirtal av medlemmene bør kome frå organisasjonar
Antall medlemmer i rådet
Ikkje krav til å ha stemmerett eller til å vere busett i kommunen
Kjønnsfordeling
Treng ikkje ha funksjonsnedsetting
Politikarar i rådet
Fleire unge i rådet

Råd for personar med funksjonsnedsetting er i kommunelova definert som «andre kommunale organ» (kommunelova § 5-2 andre ledd bokstav e). Det gjeld dei same føresegnene for kommunale organ som for folkevalde organ etter kommunelova § 5-1 (kommunelova § 5-2 siste ledd). Eitt viktig prinsipp er at alle saker skal avgjerast i møte (kommunelova § 11-2).

Folkevalde organ skal behandle sakene sine og treffer vedtaka sine i formelle møte. Råda vel sjølv sin leiar og nestleiar blant medlemmene. Dette bør gjerast i det første møtet. Valet skal gjennomførast ved fleirtalsval. Det vil seie at den personen er valt som har fått meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Valet skal gjerast ved å vise røysteteikn. Det er altså ikkje anledning til skriftleg røysting. Det er fordi valet skal vere opent og synleg (kommunelova § 7-4 og § 7-8).

Råda kan opprette arbeidsutval med medlemmer som er vald blant medlemmene av rådet
Rådet kan bestemme kor mange medlemmer eit slikt arbeidsutval skal ha
Arbeidsutvalet vil vere «andre kommunale organer»
Valet skjer gjennom avtaleval

Rådet for personar med nedsettfunksjonsevne skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Det tyder at omfanget og innhaldet av sekretariatshjelpa må vere tilstrekkeleg til at rådet kan utøve oppgåvene sine på ein god måte. Omfanget av hjelpa vil kunne variere, blant anna på grunn av talet på saker rådet behandlar. I den første tida etter at rådet er valt, vil rådet i mange tilfelle kunne ha behov for meir hjelp enn etter noko tid, når rådet har blitt meir kjent med oppgåvene sine.

Kommunane vel korleis sekretariatshjelpa kan organiserast. Plassering av stillinga som sekretær for rådet i kommunedirektørens stab vil kunne vere gunstig, men det er det opp til den enkelte kommune å avgjera plasseringa. Oppgåvene til sekretæren er ikkje detaljregulerte i kommunelova eller forskrifta. Den enkelte kommune og fylkeskommune må konkret avklare kva som skal vera rolla og oppgåvene til sekretæren.


Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret og fylkestinget setter ned eit sekretariat.

Rådsmedlemmene bør få informasjon og opplæring som gjer at rådet kan løyse oppgåvene på ein god måte og bli ein aktiv og relevant medverkar for kommunen og fylkeskommunen. Rådsmedlemmene kan for eksempel få tilbod om delta i KS Folkevalgtprogram.

Ei kartlegging av Nordlandsforskning og INN frå 2022 viste at 28 prosent av råda eller rådsmedlemmer har fått tilbod om folkevaldopplæring. Dette er ei svak auking sidan førre undersøking i 2016. Heile 30 prosent av råda fortel at dei ikkje ha mottatt noko opplæring.

Folkevaldopplæringa gir blant anna innblikk i det politiske oppdraget, samansettinga av kommunale og fylkeskommunale organ, forholdet mellom folkevalde og administrasjonen og kommunale og fylkeskommunale styringsinstrument.

Folkevaldopplæringa vil ofte vere ein god start på opplæringa av rådsmedlemmane. Det kan også vere behov for meir opplæring som strekker seg over lengre tid. Andre aktuelle tilbod kan vere internopplæring frå kommunen, opplæringstilbod frå organisasjonane til personar med funksjonsnedsetting med meir.