RPH Vest-Telemark (Rask Psykisk Helsehjelp) inviterer til nye tankeviruskurs denne hausten.

Tankevirus er eit kurs for alle innbyggarar i heile Vest-Telemark over 16 år. Kurset er eit nyttig og morosamt meistringskurs om korleis tankane og merksemda påverkar humøret og handlingane våre. Kurset vann Helseprisen i 2016, og er eit kurs utvikla av norske psykologar og forskarar. Her blir negative tankar presenterte som ulike tankevirus som kan behandlast med psykologiske vitamin.

Her kan du lese informasjonsskriv frå RPH om tankeviruskurset

Her kan du sjå kursoversikt for hausten 2024