Gratis levering av avfall frå hushaldsabonnentar (ikkje næringsavfall).

Våroppryddinga er i full gang og det vil bli sett ut containerar på følgjande stader:

  • Fjågesund - ved grendehuset: Måndag 9. mai.
  • Vrådal - containerplass industriområde: Måndag 9. mai.
  • Åmotsdal - Groven landhandel: Måndag 9. mai.
  • Haukeli - industriområde: Tysdag 10. mai.
  • Rauland - containerplass (Juvland): Tysdag 10. mai.

Containerane blir ståande kl. 16.00-19.00.

Her kan du som privatperson levere avfall som kjøl/frys, komfyrar, omnar, anna elektrisk materiell, samt møblar og større hushaldsavfall (ikkje tre-/rivingsvirke). NB! Ikkje farleg avfall som måling, lakk, lim, olje og liknande, eller dekk på felg. Det vil vere tilsette til stades for hjelp og rettleiing.

Hugs at det er gratis å levere hushaldsavfall til avfallsmottaka. NB! Gjeld ikkje bygg-/rivingsavfall og trevirke).

Ope som fylgjer:

  • Skårmoen avfallsmottak: Måndagar kl. 14.00-19.00.
  • Vistadmoen avfallsmottak: Tysdagar kl. 14.00-19.00 og torsdagar kl. 09.00-15.00.
  • Hovdestadmoen avfallsmottak: Onsdagar kl. 14.00-19.00 og fredagar kl. 09.00-15.00.
  • Brunkeberg avfallsmottak: Måndagar, tysdagar, onsdagar og fredagar kl. 08.00-14.30 og torsdagar kl. 08.00-19.00.

Tiltak i samband med koronapandemien:

Kvar einskild må sjølv hjelpe til å få avfallet satt på plass inne i containeren. Hald avstand til kvarandre, og følg instruksane som blir gjeve. Brot på instruksane kan føre til bortvisning.

Alle avfallsmottaka har også ope:

  • Laurdag 28. mai kl. 09.00-13.00.
  • Laurdag 25. juni kl. 09.00-13.00.
  • Laurdag 30. juli kl. 09.00-13.00.
  • Laurdag 27. august kl. 09.00-13.00. 

--- --- ---

For meir info, sjå renovest.no.

NB! Last ned appen «Min Renovasjon». Der finn du hentekalender og anna nyttig informasjon.