Fyresdal kommune oppmodar innstendig om at alle set seg inn i dei nasjonale føringane og respekterer både lokale og nasjonale tiltak.   

Nasjonale tiltak etter påske - 07.04.2020

Statsminister Erna Solberg uttalte i ettermiddagens pressekonferanse at ein vil forsøke å opne samfunnet gradvis og kontrollert.

I fyrste omgang skal dette gjerast via desse tiltaka (informasjonen er henta frå regjeringen.no, derav på bokmål):

Barnehager og skoler

20. april: Barnehagene kan åpne. Forutsetningen er at dette kan gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte. Barnehagene kan bruke tiden frem til 27. april for å forberede åpningen dersom de trenger det.

27. april: Skolene åpner for 1.–4. trinn i grunnskolen. Skolefritidsordningen åpner også. Videregående skoler åpner for elever på VG3 som følger yrkesfaglig løp i skole og yrkesfagelever på VG2. Forutsetningen er at dette kan gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte.

Det vil bli laget en veileder og kompetanseopplegg slik at skoleeier og ansatte får tydelige, konkrete råd om hvordan de skal forholde seg. Det blir unntak for barn i risikogruppene og for barn som lever sammen med familiemedlemmer i risikogruppene, for å minimere risiko for alvorlig sykdom. Disse vil fortsatt få fjernundervisning.

27. april: Universiteter, høyskoler og fagskoler åpner for noen studenter og ansatte. Studenter og ansatte i rekrutteringsstillinger som er helt i sluttfasen av sine studier og prosjekter, og som er helt avhengige av utstyr på lærestedet, kan få komme tilbake til universiteter, høgskoler og fagskoler fra 27. april.  De må følge de samme reglene om avstand som i arbeidslivet, og jobbe hjemmefra når det er mulig.

Hytter

20. april: Forbudet mot å overnatte på fritidseiendom oppheves.

Virksomheter

20. april: Mange helsefaglige virksomheter med en-til-en-kontakt, som fysioterapeuter og psykologer, har ikke hatt mulighet til å drive sin virksomhet fullt ut. Nå vil de kunne drive mer som vanlig dersom forskriftsfestede krav om smitteverntiltak følges. Det skal utvikles bransjestandarder i samråd med Folkehelseinstituttet og bransjen.

21. april: Tjenester med en-til-en-kontakt som frisører og hudpleiere vil kunne holde åpent hvis de oppfyller krav om smitteverntiltak. Før gjenåpning skal det utvikles smittevernkrav i samarbeid mellom bransjen og Folkehelseinstituttet. Dersom bransjeavtale om smittevern kan overholdes, kan også slike virksomheter åpne tidligere enn 27. april.

Andre tiltak

  • Foresatte som krysser landegrenser for å ha samvær med mindreårige barn, skal ikke i karantene på ordinært vis. Dette iverksettes raskt.
  • Forbudet mot kultur- og idretts- og andre arrangementer som ikke ivaretar grunnleggende krav til smittevern vil gjelde frem til 15. juni.
  • Idrettsaktiviteter kan gjennomføres når Helsedirektoratets anbefalinger om avstand og grupper følges.
  • Kommunene pålegges å sørge for at de som skal i karantene eller isolering kan oppholde seg på hotell eller annet sted anvist av kommunen.
  • Sykehusene skal forberede for normal drift etter påske.
  • Helsedirektoratet skal sammen med fylkesmennene arbeide for at kommunene gjenoppretter normal aktivitet i helse- og omsorgstjenesten.
  • Kommunene får et forsterket krav om å ivareta utsatte barn.

Her kan du lese heile pressemeldinga som omtalar tiltaka over: regjeringen.no

Her kan du lese alle aktuelt-saker frå regjeringa: regjeringen.no

Presisering av besøksforbodet på POS - 06.04.2020

Besøksforbodet på pleie- og omsorgssenteret blei fyrste gong varsla den 12.03.2020 og så vidareført den 25.03.2020.

Vi ynskjer å presisere at dette framleis gjeld - og at det heller ikkje er tillatt å besøke utanfor inngangane, sjølv med avstand.

Formålet er å redusere faren for spreiing av corona-viruset.

Vi ber dykk om å respektere forbodet.

Takk!

Videosamtaler for pårørande og pasientar på POS - 06.04.2020

Fyresdal pleie- og omsorgssenter tilbyr videosamtalar for pårørande og pasientar, anten via Face-time eller Google Duo.

Dette gjeld både Norstøg og Utsikten!

Ta kontakt med personalet på telefonnummer 35 06 71 59, og så koblar dei deg opp!

Søk hjelp dersom du opplever vald i nære relasjonar - 06.04.2020

Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak for å hindre smittespreiing av coronaviruset og beskytte befolkninga. Vald i nære relasjonar er uakseptabelt uansett situasjon. Hjelpe- og støttetenestene skal derfor så langt som mogleg halde ope i denne utfordrande tida.

Kor kan du søke hjelp?

Dersom du er utsatt for vald i nære relasjonar, er redd for at du kan utøve vald, eller mistenker at andre rundt deg er utsatt for vald, ta kontakt med ei av tenestene du finn her:

Lokale smitteverntiltak for campingplassar og bubilparkering - 03.04.2020

Campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Fyresdal kommune blir stengde i perioden 03.04.2020–13.04.2020.

Kommunelegen i Fyresdal kommune har gjort følgjande lokale smitteverntiltak:

Lokale smitteverntiltak – campingplassar og bubilparkering

Regjeringa og helsestyresmaktene har forlenga gjeldande nasjonale smitteverntiltak fram til 13.04.2020. Lokale styresmakter kan i medhald av «Lov om vern mot smittsomme sykdommer» (smittevernloven) § 4-1, 1 ledd, vedta andre tiltak som lokalt blir vurdert som nødvendig for å ivareta smittervernet i kommunen. Kommunelegen kan i medhald av smittevernloven § 4-1, 5 ledd, utøve kommunestyret sitt mynde i hastesaker. 

Med heimel i smittevernloven § 4-1, 1 ledd bokstav a,  jf. § 4-1, 5 ledd, gjer kommunelegen følgjande vedtak:

§ 1. Campingplasser og bubilparkering skal haldast stengde. Unntak gjeld for dagsbesøk for å ivareta naudsynt tilsyn og vedlikehald.

§ 2. Fyresdal kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagte tiltak.

§ 3. Forskrifta trer i kraft 03.04.2020 og gjeld til og med 13.04.2020. Forskrifta kan bli oppheva tidlegare dersom det ikkje lengre er behov for avgrensingane, jf. smittevernloven § 4-1, femte ledd.

Bakgrunn for vedtaket:

Det er påvist smitte av Covid-19 i alle landets fylke. Nokre av smittetilfella har ikkje utgangspunkt utanfor Noreg. Smittespreiinga blir best avgrensa ved å følgje dei nasjonale føringane for hygiene, reiser og åtferd. Denne avgrensinga kan og styrkast gjennom målretta lokale tiltak.

Regjeringa har innført nasjonalt hytteforbod, men campingplassar og bubilparkeringar er ikkje underlagt dette forbodet.

Fyresdal kan vente seg eit visst innrykk av bubilturistar i påska, og dette kan representere moderat auke i smittepresset lokalt.

Med dei klare reiseråd regjeringa gjev og det nasjonale hytteforbodet finn kommunelegen det rett å avgrense moglegheitene for camping- og bubilovernatting i Fyresdal i perioden 03.04.2020–13.04.2020. Tidsavgrensinga er i samsvar med det regjeringa har sett for sine tiltak.

Det må gjerast ny vurdering av tiltaket før 13.04.2020, jf. den vurderinga regjeringa har varsla den 08.04.20.

Forskrifta er sendt til lysing på Lovdata.

Heimepåske og smittevern - 03.04.2020

Folkehelseinstituttet har i dag kome med informasjon og rettleiing i samband med heimepåske og smittevern.

Det er mange omsyn skal takast for å hindre spreiing av viruset, men må det bli ei stillesittande innepåske?

Korleis kan vi både ivareta behov for hygge, livskvalitet og samtidig fylgje smittevernråda?

Rettleiing og anbefalingar om idrettsaktivitet - 03.04.2020

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiing og anbefalingar til korleis forbodet mot idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet kor personar møtast fysisk, skal forståast. Rettleiinga inneheld mellom anna ei avklaring om kva forbodet betyr.

Spørsmål og svar om hytteforbodet - 31.03.2020

Regjeringa innførte 19.03.2020 eit forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Hytteforbodet var mellom anna ynskja og etterlyst av hyttekommunar og fylkesmenn fordi kommunane ikkje har kapasitet til å ta seg av sjuke hyttefolk, i tillegg til sine eigne innbyggarar, i den situasjonen vi er i nå.

Innbyggarar i Vest-Telemark kan nå søke om sosialhjelp digitalt - 30.03.2020

Pressemelding frå NAV Vest-Telemark 30.03.2020:

Nå kan innbyggarane i Vest-Telemark søke om sosialhjelp digitalt

Innbyggarar i Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal kan nå velge å søke sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema. Den nye løysinga gjer at innbyggarane kan søke heimefrå heile døgnet, også via mobilen sin.

Fram til nå har innbyggarane i Vest-Telemark måtta søke om økonomisk sosialhjelp på papir. Spesielt etter at koronapandemien kom og NAV-kontora begrensa sine opningstider på grunn av smittefare, har det å måtte sende post eller reise til postkassa utanfor NAV-kontora for å levere papirsøknad kunne opplevast som tungvint.

Enklare å søke

Gerd Kari Skaalen, NAV Vest-Telemark er derfor veldig fornøgd med å få denne løysinga på plass nå, og håpar det vil gjere det enklare for dei som har behov for å søke om sosialhjelp.

- Innbyggarane forventar at sosialtenesten er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, seier Gerd Kari Skaalen.

Logg inn på nav.no

For å søke sosialhjelp digitalt må ein logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar. Erfaringane frå dei kommunane som har tatt løysinga i bruk er gode og at mange brukarar føretrekke å søke digitalt. Søkarar som av ulike årsakar ikkje kan eller vil benytte seg av den digitale kanalen, kan framleis bruke papirsøknad.

Treng ein hjelp til utfyllinga, kan ein ringe NAV Vest-Telemark direkte på 406 32 381 og få rettleiing over telefon.

Kontaktperson for meir informasjon:

Gerd Kari Skaalen, leiar ved NAV Vest-Telemark, telefon 958 32 211.

Kjære hytteeigar med bustadsadresse utanfor Fyresdal kommune - 26.03.2020

Per 24.03.2020 vidareførte regjeringa alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset. Dette gjeld då også forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Vi oppmodar dykk innstendig om å respektere dette.

Alle tiltaka blei vidareført til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Paragrafen som omhandlar forbodet lyder slik:

«Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.»

Ikkje tilgang til å gje dispensasjon

Vi ber dykk om å ikkje kontakte kommunen for å be om dispensasjon, då vi ikkje har tilgang til å gje dette. Unntaka kjem tydeleg fram av forskrifta.

Ingen lokale vedtak per 26.03.2020

Vi har ikkje fatta eigne vedtak om begrensing av innreise, utreise eller karantene for personar frå andre kommunar eller område i Noreg og vi har heller ikkje fatta noko eige vedtak om å stenge campingplassane i kommunen vår.

Men – igjen – så ber vi dykk om å respektere nasjonale føringar som seier at vi bør halde oss mest mogleg i ro, altså reise minst mogleg.

Eit spørsmål om kapasitet

Forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune er ikkje innført for å hindre spreiing av viruset, men fordi helsetenestene i kommunane ikkje har kapasitet til å ta hand om hyttebebuarar i tillegg til eigne innbyggarar.

Skårmoen open att frå veke 14 - 26.03.2020

Etter kontakt med Miljødirektoratet har Renovest fått råd om å halde avfallsmottaka og attvinningsstasjonane sine opne for publikum.

Det vil derfor vere ope som vanleg på Skårmoen frå måndag 30.03.2020, med nokre restriksjonar.

Opningstida på Skårmoen er måndagar kl. 14.00-19.00.

NB! Renovest anbefalar oss å ikkje rydde loft og kjellar i desse dagar, dersom dette fører til auka behov for å levere avfall...

Lokale tiltak blir også vidareført - 25.03.2020

Det vil framleis vere begrensa fysisk oppmøte ved avdeling helse (legekontor, psykisk helse og helsestasjon):

På grunn av forholda rundt corona-viruset og førebyggande tiltak med tanke på dette, må vi dessverre begrense dei fysiske oppmøta ved avdeling helse (legekontoret, psykisk helse og helsestasjon) frå måndag 16.03.02020.

Konsultasjonar som ikkje er strengt tatt nødvendinge vil frå måndag 16.03.2020 bli tatt over telefon.

Dei som allereie har bestilt time på legekontoret vil bli oppringt dersom timen blir endra.

Ved spørsmål, ta kontakt med legekontoret på telefon 35 06 73 00. På grunn av stor pågang på telefonen kan det ta litt tid før vi svarar - dette beklagar vi.

Fysioterapiavdelinga er heilt stengt.

Dette vart fyrste gong varsla om den 16.03.2020 og gjeld nå til over påske.

Kommuneadministrasjonen vil framleis vere stengt for publikum:

Kommuneadministrasjonen i Fyresdal Næringshage er stengt for publikum frå måndag 16.03.2020. 

I fyrste omgang gjeld stenginga til og med torsdag 26.03.2020.

Vi vil framleis vere tilgjengelege på telefon og e-post.

Formålet med stenginga er å redusere faren for spreiing av corona-viruset.

Dette vart fyrste gong varsla om den 16.03.2020 og gjeld nå til over påske.

Fyresdal pleie- og omsorgssenter vil framleis vere stengt for besøkande, pårørande og andre:

Beredskapsleiinga i Fyresdal kommune har bestemt at Fyresdal pleie- og omsorgssenter inntil vidare er stengt for besøkande, pårørande og andre.

Formålet med stenginga er å redusere faren for spreiing av corona-viruset.

Vi ber om forståing for dette og beklagar dei ulempene det måtte føre med seg. 

Henting av dosett

Stenginga gjeld også for brukarar som skal hente dosett hos heimesjukepleia.

Dei kan bruke ringeklokka ved utgangsdøra for å få snakke med personal.

Kontakt

Telefonnummeret til pasienttelefonen på avdeling Norstøg er 35 06 71 55 og til avdeling Utsikten er 35 06 71 48.

Ved spørsmål til personalet, ta kontakt på telefonnummer 35 06 71 59.

Dette vart fyrste gong varsla om den 12.03.2020 og gjeld nå til over påske.

Regjeringa vidarefører alle tiltaka - 24.03.2020

Regjeringa vidarefører alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset.

Tiltaka gjeld til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Nokre av dei viktigaste tiltaka som blir vidareført er:

  • Dei strenge hygienetiltaka fortset. Folk må halde fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hoste i papir eller olbogekroken.
  • Ute i det offentlege rom bør folk ha minst ein meters avstand til andre menneske. Når ein er ute bør ein ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe – med unntak av dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.
  • Alle landets barnehagar, barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet og andre utdanningsinstitusjonar held stengt.
  • Barnehagebarn og barn på småskuletrinnet med foreldre som har samfunnskritiske funksjonar fortset å få eit tilbod i sin barnehage og skule.
  • Reglane om karantene og isolasjon etter kontakt med smitta (smittekarantene) blir vidareført. Dersom du har vore i nær kontakt med nokon som har fått påvist koronavirus skal du vere i karantene i 14 dagar. Dersom du har vore  på utanlandsreise skal du vere i karantene i 14 dagar frå den dagen du kom heim. Dersom du har fått påvist eller testast for koronavirus, må du isolerast. Det betyr at du må halde deg heime heile tida og ikkje gå ut. Dersom testen er negativ skal du fullføre karanteneperioden.
  • Reglane for karantene ved innreise til Noreg frå utlandet (reisekarantene) blir vidareført med dei unntak og presiseringar som gjeld per i dag.
  • Reglane om bortvising av utanlandske statsborgarar som ikkje bur eller jobbar i Noreg ved grensa blir vidareført, med dei unntak og presiseringar som gjeld per i dag.
  • Grensekontrollen på indre Schengen-grenser blir forlenga.
  • Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling forbys å reise til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser, foreløpig ut april 2020.
  • Kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs er forbode.
  • Alle verksemder i serveringsbransjen, med unntak av serveringsstader der det er servering av mat, det vil seie kantiner og stader som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand, blir haldne stengte.
  • Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssenter, symjehallar, badeland og liknande blir haldne stengte.
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking (piercing) og liknande blir haldne stengte.
  • Forbodet mot opphald på hytter og fritidseigedomar blir oppretthaldt.
  • Alle landets trafikkstasjonar blir haldne stengte.
  • Kollektivtransporttilbodet blir oppretthaldt. 

Vil du vite meir?

Gimle skule, Fyresdal barnehage, biblioteket og klubben stengt til over påske - 23.03.2020

Beredskapsleiinga har bestemt at Gimle skule og Fyresdal barnehage skal vere stengt til over påske - det vil seie til og med 13.04.2020.

Det vil mellom anna seie at Gimle skule vil halde fram med digital heimeundervisning og barnepass til og med fredag 03.04.2020.

Formålet er å redusere faren for spreiing av corona-viruset.

Dette gjeld då også biblioteket og klubben.

Politiske møte utsett - 23.03.2020

Alle politiske møte til og med 07.04.2020 er utsett inntil vidare.

Kommunestyremøtet 26.03.2020 er flytt til 02.04.2020 og vil bli gjennomført digitalt.

Foreldres rett til omsorgspengar blir dobla - 23.03.2020

Foreldre kan få omsorgspengar for å vere heime med barn når skular og barnehagar over heile landet er stengt. Men situasjonen rundt corona-utbrotet er uavklart og omsorgspengedagane (sjuke-barn-dager) kan fort bli brukt opp. Derfor blir talet på omsorgsdagar for alle foreldre nå dobla.

FHI: Meld ifrå ved mistanke om corona - 20.03.2020

Folkehelseinstituttet har i dag saman med Norsk Helsenett publisert løysinga "Meld fra ved mistanke om koronavirus", som legg til rette for sjølvrapportering av symptom frå alle innbyggarar.

Dette er eitt av fleire tiltak for å få oversikt over smitte i Noreg.

Løysinga skal brukast av deg som i løpet av dei siste sju dagane har hatt symptom som kan skyldast corona-virus.

Du må logge deg inn som bruker av løysinga for å melde ifrå om du har symptom.

Nokon å snakke med? - 20.03.2020

Har du mange tankar og bekymringar om dagen? 

Sit du heime og føler deg litt einsam?

Ta gjerne kontakt med oss på legekontoret på 35 06 73 00 eller psykisk helse på 975 61 574 (Gudny) / 482 06 598 (Randi). Du treff oss alle vekedagar kl. 08.00-15.30.

Det finst mange telefontenester, nettsider og chatte-moglegheiter kor du kan få råd, rettleiing og nokon å snakke med.

Her er nokre tips:

  • Kors på halsen: Barn og unge som treng nokon å snakke med kan ringe til Røde Kors-telefonen for barn og ungdom på 800 33 321 eller sende ei melding via nettsidene deira korspahalsen.no.
  • Frivillighetens Koronalinje: Nylig etablert av Norske Kvinners Sanitetsforening og Nasjonalforeningen for folkehelsen i samarbeid med Helsedirektoratet. Du treff dei på 23 12 00 80 (open alle dagar kl. 09.00-15.00).
  • Mental Helses hjelpetelefon: Denne hjelpetelefonen er eit døgnope tilbod der du kan få nokon å snakke med når livet er vanskeleg. Du treffe dei på 116 123. Sjå også hjelpetelefonen.no.
  • Kirkens SOS: Dette er ein døgnopen kriseteneste som også er open på heilagdagar. Dei tilbyr ei anonym og uforpliktande samtale på krisetelefonen eller kontakt via chat på nettsidene deira. Du treff dei på 22 40 00 40 og kirkens-sos.no.
  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (nå døgnopen pga. corona-situasjonen).
  • Bekymringstelefonen til Pensjonistforbundet: 948 56 004 (open alle kvardagar kl. 9.00 og 14.00).
  • Pårørendelinjen (ein hjelpetelefon for pårørande i alle aldrar): 909 04 848 (open alle kvardagar kl. 09.00 og 15.00).
  • Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte: Eit døgnope, landsdekkande gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og voksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte. Telefon: 800 57 000 og nettside: hfsm.no.

For fleire hjelpetelefonar og nettstader, sjå psykologforeningen.no

Betaling for barnehage og SFO - 20.03.2020

Det vil ikkje bli sendt ut faktura for opphald i barnehage og SFO for den tida som dette tilbudet er stengt.

Faktura med forfall 20.04.2020 for desse tenestene vil såleis falle bort.

Forbod mot å overnatte på fritidseigedomar - 20.03.2020

Mange har framleis ikkje reist frå hyttene sine.

Regjeringa innfører derfor per 19.03.2020 eit forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Forskrifta gjeld til og med 03.04.2020.

  • Les nyheita om innføring av hytteforbod på regjeringen.no
  • Les den aktuelle forskrifta Forskrift om endring i forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19 på lovdata.no
  • Les også Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19 på lovdata.no

NB!

Per 24.03.2020 vidareførte regjeringa alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset. Dette gjeld då også forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Alle tiltaka er vidareført til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Mellombels ordningar frå skatteetaten - 19.03.2020

  • Lav sats for meirverdiavgift reduserast frå 12 til 8 prosent i perioden frå og med 20.03.2020 til 31.10.2020. Dette gjeld persontransport, overnatting, allmennkringkasting samt adgang til kino, idrettsarrangement, fornøyelsesparkar og opplevingssenter.
  • Fristen for innbetaling av fyrste meirverdiavgiftstermin utsettast frå 14.04.2020 til 10.06.2020.
  • Fristen for innbetaling av andre termin forskotsskatt for selskap utsettast frå 15.04.2020 til 01.09.2020.
  • Fristen for innbetaling av arbeidsgjevaravgift utsettast frå 15.05.2020 til 15.08.2020.

Tenestekontoret flyter til helsehuset - 17.03.2020

Tenestekontoret ved Siv Seltveit flytter til helsehuset.

Den praktiske flyttinga blir gjennomført onsdag 18.03.2020, og det kan då vere vanskeleg å kome igjennom på telefon.

Telefonnummeret til tenestekontoret vil vere det same som før, 35 06 71 65.

Til alle næringsdrivande i Fyresdal – Næringslivets kontakttelefon - 17.03.2020

Fyresdal kommune opprettar i samarbeid med Fyresdal Næringshage ei kontaktlinje for næringsdrivande i Fyresdal som har behov for råd og rettleiing i samband med corona-krisa.

Ei rekke ordningar har dei siste dagane kome frå styresmaktene som er retta inn mot næringslivet. Alt er ennå ikkje klart, og fleire av ordningane vil trenge tid før dei trer i kraft. Det er likevel slik at mange av verksemdene i Fyresdal vil kunne nytte seg av desse ordningane.

Personar tilknytt Fyresdal Næringshage vil vere tilgjengeleg for ein prat om desse sakene. Ingen spørsmål er for små – ingen for store. Her er det bare å ta kontakt. Fyresdal Næringshage er ein del av eit større nettverk i Telemark som hjelper til på same viset, og har tilgang på god informasjon. Det vil også bli oppretta ei eiga informasjonsside om alle ordningar som vi kan vise til i Telemark.  

For mange av dykk vil ein akutt svikt i omsetning medføre behov for å finne måtar til å sikre likviditeten i selskapa de har. Fleire av ordningane som nå er innført har økonomisk effekt, men fyrst etter noko tid. Fokus på tiltak som kan gje effekt på kort sikt vil

Typiske problemstillingar vi kan bidra med informasjon kring:

  • Forklaring av nye ordningar for permittering, permitteringsvarsel og dagpengar. På dette feltet har det kome nye ordningar som gir stort handlingsrom. Ekpertisen på desse felta sit i NAV, og god kontakt med NAV er viktig i denne fasa.
  • Endra reglar for sjukepengar.
  • Særlege reglar for enkeltpersonføretak/sjølvstendig næringsdrivande.
  • Nye reglar for innbetaling av forskotsskatt, arbeidsgivaravgift og moms. Her er ting i endring, og vi vil prøve å ha oppdatert kunnskap om desse sakene og hjelpe til med å forklare kva det betyr for deg.
  • Endra skattereglar i høve til underskot i 2020.
  • Statlege lånegarantiordningar – korleis kan dette få effekt for mindre verksemder ?

Merk at fleire av ordningane som er foreslått ennå ikkje er operative i praksis. NAV må finne løysingar på korleis dette kan gjennomførast i praksis. Det kan bety at ein rimeleg sikkert veit at pengane kjem, men ikkje når. Det er derfor viktig at ein i denne perioden også har god kontakt med sin lokale bank. Vi håpar å kunne gje deg som treng det god informasjon du også kan bruke ovanfor banken din.

For kontakt: Fyresdal Næringshage

Fyresdal kommune: 35 06 71 00. Dei kan formidle kontakt vidare.

Olav A. Veum: 901 38 998, olav.veum@silvaconsult.no

Kristin Vedum: 932 59 472, kristin.vedum@silvaconsult.no

Vi svarar på spørsmål etter kapasitet. Det kan hende ein ikkje får svar med ein gong, men då kan ein legge igjen beskjed eller sende e-post, så tar vi kontakt.

Dette er ei prøveordning. Vi veit ikkje kor stort behovet er, men ønskjer å gjere det vi kan for å bistå næringslivet som er så viktig for Fyresdal. Ordninga kan bli endra, men går inntil vidare fram til påske – kanskje lengre.

Informasjon og råd til barn, unge og familiar frå psykolog Guro Anna - 17.03.2020

Kjære barn, unge og familiar i Fyresdal kommune!

Her finn du samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman i denne spesielle tida

Ta vare på kvarandre! 

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden, psykolog i kommunen

Kommuneinformasjonen for april utgår - 16.03.2020

På grunn av dei omfattande lokale og nasjonale tiltaka som er sett i gong for å hindre spreiing av covid-19 (corona-virus) vil kommuneinformasjonen for april utgå. 
 
Det vil altså ikkje bli laga noko kommuneinformasjonen nå i mars for levering i postkassene i månadsskiftet mars/april.
 
Vi beklagar dei eventuelle ulempene dette medfører.

Vil du bidra som frivillig? - 16.03.2020

Fyresdal kommune ynskjer å lage ei oversikt over frivillige som ynskjer å bidra til å sikre gode kommunale tenester i desse corona-tider - dersom det blir naudsynt.

Det kan bli ulike oppgåver vi kan kome til å trenge hjelp til innan helse og omsorg.

Vil du bidra?

Ta kontakt med Anne Veum på telefon 951 77 421 med informasjon om kva kompetanse og ressurs du sit inne med.

På førehand takk!

Oversikt over dei som held seg heime i Fyresdal kommune - 16.03.2020

Fyresdal kommune ynskjer ei oversikt over dei som held seg heime i Fyresdal kommune i desse dagar, dvs. dei som held seg heime av ein av desse grunnane:

  • Du mistenker at du kan vere smitta.
  • Du har fått bekrefta at du er smitta.
  • Du er bekrefta sjuk av covid-19, men treng ikkje å leggast inn på sjukehus.
  • Du har hatt nær kontakt med ein som er bekrefta smitta, eller ein du bur saman med er bekrefta smitta (med "nær kontakt" meiner ein kontakt med andre personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt). Karantena skal vare i 14 dagar frå den dagen kontakten skjedde.
  • Du har vore på reise utanlands og skal vere i karantene i 14 dagar frå den dagen du kom heim. Frå 17.03.2020 gjeld dette også reiser frå Sverige og Finland, men utan tilbakevirkande kraft.

Dersom du held deg heime av ein av grunnane over ber vi deg om å ta kontakt med legekontoret vårt på telefon 35 06 73 00 (ope måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

Vi presiserer at denne oversikten kun vil vere til internt bruk.

Informasjon frå heimetenesta og pleie- og omsorgssenteret per 13.03.2020

Håndhygiene

Heimebuande som mottek heimetenester blir med dette oppfordra til å legge til rette for at helsepersonell som kjem heim til den enkelte har moglegheit til å gjennomføre god håndhygiene. Vi ber om at pårørande også bistår, og ser til at det kjem på plass hos den enkelte.

Det inneber at du har:

  • Flytande såpe. IKKJE såpestykke.
  • Tørkepapir/tørkerull. IKKJE håndklede.

Antibac har vi alltid tilgjengeleg sjølve.

Vedrørande besøk frå befolkninga i heimar som mottek heimetenester

Heimetenesta kan ikkje nekte brukarar å motta besøk frå befolkninga, men vi ynskjer på det sterkaste å oppmode om at ein nå viser ekstra omsyn til dei mest sårbare. Kroniske sjukdommar og nedsett immunforsvar gjer at enkelte er meir sårbare for smitte. Heimetenesta vil ta direkte kontakt med brukar og/eller pårørande i dei tilfelle vi vurderar det som ekstra viktig å begrense besøk for å førebygge.

Ved behov for helsehjelp/vurdering på kveld og helg for andre enn dei som har tenester

Vi vil minne om at dersom du har behov for helsehjelp eller vurdering på kveld og helg, MÅ den enkelte ta kontakt med legevakta på telefon 116 117. 

Mvh leiinga ved POS og heimetenesta

 

Barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar stengt per 12.03.2020

Helsedirektoratet har 12.03.2020 vedtatt omfattande tiltak for å hindre spreiing av covid-19 og for å bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstenester.

Fylgjande informasjon er henta direkte frå Helsedirektoratet si nettside (derav på bokmål):

Stenging av barnehager, skoler og utdanningsinstitusjoner

Helsedirektoratet har vedtatt å stenge barnehager, skoler og utdanningsinstitusjoner. Dette gjelder fra klokken 18.00 torsdag 12. mars til og med torsdag 26. mars 2020. Tiltakene kan bli forlenget.

  • Barnehager
  • Barneskoler
  • Ungdomsskoler
  • Videregående skoler
  • Universiteter og høyskoler
  • Andre utdanningsinstitusjoner

Opprettholde skole- og barnehagetilbud til visse grupper

Det er viktig å opprettholde virksomheten i helse- og omsorgstjenester og andre kritiske samfunnsfunksjoner, samt å unngå at personer i risikogrupper brukes til barnevakt.

Ledere av barnehager og rektorer ved barneskoler må derfor sørge for et tilbud til barn av foreldre, som jobber i helse- og omsorgstjenesten, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner.

Dette gjelder følgende grupper:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

Det samme gjelder for barn med særlige omsorgsbehov som ikke kan ivaretas når barnehage, skole eller andre dagtilbud er stengt.

Stenging og forbud

Helsedirektoratet har besluttet forbud mot og stenging av:

  • Kulturarrangementer
  • Idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet både innendørs og utendørs
  • Alle virksomheter i serveringsbransjen, med unntak av serveringssteder der det foregår servering av mat, det vil si kantiner og spisesteder som kan legge til rette for at besøkende kan holde minst 1 meters avstand.
  • Servering av mat skal ikke skje som buffet. Serveringsbransjen omfatter restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssentre
  • Virksomheter som tilbyr frisørtjenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking(piercing) og liknende
  • Svømmehaller, badeland og liknende

Detalj- og varehandel og arrangementer

Detalj- varehandel vil holde åpent. Det er ingen grunn til å hamstre mat. Dagligvarebutikkene vil holde åpent.

Forbud mot utenlandsreiser for helsepersonell som jobber med pasientbehandling

Helsedirektoratet har vedtatt at helsepersonell som jobber med pasientbehandling forbys å reise til utlandet. Forbudet gjelder både tjenestereiser og privatreiser. Kostander vil bli kompensert.

Vedtaket gjelder fra i dag 12. mars kl 18.00 og foreløpig ut april 2020.

Reiser

Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser. 

Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.

Alle som kommer fra reiser utenom Norden, skal i hjemme-karantene i 14 dager, uavhengig om de har symptomer eller ikke. Dette har tilbakevirkende kraft. Det vil si at, at hvis du kom hjem fra et land utenfor Norden mandag 9. mars, gjelder karantenen fra da.

Kollektivreiser og jobbe hjemme

Kollektivtransporttilbudet opprettholdes. Grunnen til dette er at folk med kritiske samfunnsfunksjoner skal komme seg til og fra jobb og kunne holde avstand til hverandre.

Det innføres adgangskontroll i helseinstitusjoner

Helsedirektoratet anmoder om å ikke besøke personer i institusjoner med sårbare grupper (eldre, psykiatri, fengsel osv.

Det innføres restriksjoner for besøkende til alle landets helseinstitusjoner og innføring av adgangskontroll for å ivareta smittevern for pasienter i landets helseinstitusjoner. Personer som har risiko for å være smittet skal avvises fra alle landets helseinstitusjoner. Helsedirektoratet vil gi råd til helsetjenesten om dette.

Du kan lese meir på Helsedirektoratet si nettside
 

Endringar hos Vest-Telemark PPT, Vest-Telemark Brannvesen og NAV i samband med corona-utbrotet

Vest-Telemark PPT stengt

Som følgje av corona-utbrot og tiltak for å hindre smitte er kontoret stengt i perioden 16.- 27. mars. For same periode blir alle møte med skular og barnehagar avlyst.
Sakshandsamarane arbeider frå heimekontor. I einskilde saker vil det vere mogleg med telefon/digital kontakt. Ved eventuelle spørsmål, ring dagleg leiar Sissel Bronken på telefon 35 06 83 00 / 409 20 833.

Vest-Telemark Brannvesen utset tilsyn og feiing

Informasjon frå NAV Fyresdal og NAV Vest-Telemark

Informasjon på fleire språk

What is a safe distance from other people?

By maintaining a safe distance from others, we help to slow the spread of coronavirus (COVID-19).

Click here for information on the following:

  • General advice for the population
  • To those at risk
  • For anyone who feels well but has been placed in home quarantine after travelling or because they have been in close contact with someone who has tested positive
  • For anyone who has a respitory infection but has not tested positive
  • For anyone who has tested positive and has been placed in self-isolation