Nytt frå regjeringa kring innreise og vaksiner - 14.05.2021

Endringar i karantenereglar ved reiser frå Storbritannia

Regjeringa har bestemt at reisande som har vore i Storbritannia med verknad frå klokka 12.00 torsdag 13. mai skal ha dei same karantenereglane som reisande frå EØS/Schengen, og ikkje falle innunder reglane for andre land utanfor EØS/Schengen.

Les meir på regjeringen.no.

Unntak frå innreiserestriksjonane: Lettingar i dokumentasjonskravet for utlendingar som er busett i Noreg

Med verknad frå 21. mai endrast krava til kva dokumentasjon som er nødvendig for å vise at ein er busett i Noreg og med det har rett til innreise.

Les meir på regjeringen.no.

Unge blir tilbydt vaksine tidlegare

Regjeringa endrar vaksinestrategien slik at unge over 18 år blir tilbydt vaksine etter at alle over 45 år er vaksinert. Det vurderast også å omfordele vaksiner til fleire kommunar med vedvarande høgt smittetrykk.

Les meir på regjeringen.no.

AstraZeneca-vaksinen takast ut av koronavaksinasjons-programmet

Regjeringa fylgjer anbefalinga til Folkehelseinstituttet og Vorland-utvalet, og tar AstraZeneca ut av det norske vaksinasjonsprogrammet. Det byggast opp eit beredskapslager av Janssen-vaksina, samtidig som regjeringa vurderer korleis denne vaksina kan tilbydast frivillig.

Les meir på regjeringen.no.

Reiser innanlands og eventuelle lokale tiltak - 12.05.2021

Det er framleis anbefalt å unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er anbefalt fordi det er ein risiko for spreiing av smitte dersom du reiser ifrå område med mykje smitte til område med lite smitte.

Men kva er ei nødvendig og kva er ei unødvendig reise?

  • Arbeidsreiser kan gjennomførast, men ein bør vere nøye med å fylgje smittevernråd og halde god avstand til andre.
  • Reiser heim til familie eller til studiestad for studentar kan gjennomførast. Ein bør vere nøye med å fylgje smittevernråd og halde god avstand til andre.
  • Reiser til fritidseigedomar med eigen husstand kan gjennomførast. Ein bør då handle heime før ein reiser til hytta.

Les meir om reiser innanlands på helsenorge.no.

Ver merksam på at det kan vere lokale tiltak i kommunen du reiser til! Sjekk den aktuelle kommunens nettside før du reiser.
Dersom tiltaka i kommunen du reiser ifrå er strengare enn tiltaka i kommunen du reiser til, skal du fylgje tiltaka i kommunen du reiser ifrå.

Nytt frå Fyresdal kommune - 10.05.2021

Ny informasjon kring bekrefta smittetilfelle
Vi viser til nyheit datert 08.05.2021. Vedkomande oppheld seg nå i Fyresdal kommune, i isolasjon etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner. Vedkomande blir følgd opp av helsetenesta i Fyresdal kommune. Vi har i tillegg ein annan person i isolasjon i kommunen. Det er ingen i smittekarantene (nærkontaktar) i Fyresdal knytt til desse to tilfella.
 
Risikovurdering i kommunen
Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 19 er 1. Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.
 
Vaksinasjonsstatus
Førre veke fekk vi 36 doser. Vi vaksinerer framleis innbyggarar i prioriteringsgruppe 4 (personar i alderen 65–74 år, pluss personar i alderen 18–64 år med høg risiko for alvorleg forløp ved covid-19), men vi skal snart over i prioriteringsgruppe 5. Denne veka får 36 doser.  Vaksinasjonen vil gå føre seg onsdag på legekontoret.
 
Eigen vaksinasjonsstatus og testresultat
Fyrste trinn i utviklinga av koronasertifikat i Noreg er klart. Nå kan du sjå din eigen vaksinasjonsstatus og testresultat på helsenorge.no. Den endelege versjonen av koronasertifikatet som er planlagt klar i slutten av juni skal vere i tråd med EUs regelverk for felles europeisk koronasertifikat, Digital Green Certificate. Les meir på fhi.no.
 
Reiser innanlands
Det er framleis anbefalt å unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er anbefalt fordi det er ein risiko for spreiing av smitte dersom du reiser frå område med mykje smitte i Noreg til område med lite smitte. Men kva er ei nødvendig og kva er ei unødvendig reise?
  • Arbeidsreiser kan gjennomførast, men ein bør vere nøye med å fylgje smittevernråd og halde god avstand til andre.
  • Reiser heim til familie eller til studiestad for studentar kan gjennomførast. Ein bør vere nøye med å fylgje smittevernråd og halde god avstand til andre.
  • Reiser til fritidseigedomar med eigen husstand kan gjennomførast. Ein bør då handle heime før ein reiser til hytta.
Les meir på helsenorge.no.
 
Reiser utanlands
Utenriksdepartementet rår framleis imot alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land. Det globale reiserådet er forlenga til 25. mai. Les meir på regjeringen.no.
 
Har du behov for nokon å snakke med?
Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på +47 91 116 123.
 
Reglar og anbefalingar – kva gjeld nå?
Lurar du på kva tiltak som gjeld nå? På helsenorge.no finn du kvalitetssikra informasjon og oversikt over anbefalingar og reglar.

Bekrefta smittetilfelle - 08.05.2021

Fyresdal kommune blei fredag kveld informert om at ein person som er folkeregistrert i Fyresdal har testa positivt på covid-19. Vedkomande oppheld seg foreløpig i ein annan kommune og blir tatt hand om der.

Smittesporingsteamet i den aktuelle kommunen kontaktar alle nærkontaktar og set desse i karantene etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.

Vaksinering: Vi nærmar oss neste prioriteringsgruppe - 07.05.2021

Vi nærmar oss nå at innbyggarar i prioriteringsgruppe 5 skal få vaksine!
 
Det er mange av dykk som har levert inn arket med tilbakemelding angåande vaksine, men ikkje alle - og vi ynskjer å vere sikre på at alle får moglegheita til å svare.
Neste prioriteringsgruppe er 5 (alder 55–64 år med underliggande sjukdomar/tilstandar). Er du i den gruppa? Lever inn arket eller ring legekontoret og gje oss beskjed om at du ynskjer vaksine eller ikkje. Hugs å oppgje kva eventuelle undersjukdom/tilstandar du har.
  
Personar med fylgjande sjukdomar/tilstandar er definert som medisinske risikogrupper:
  • Organtransplantasjon 
  • Immunsvikt  
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år  
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift) 
  • Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese)  
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsatt nyrefunksjon  
  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsatt leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdomar  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • Demens 
  • Kroniske hjerte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag 

Nytt frå Fyresdal kommune - 03.05.2021

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 18 er 1.

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Vaksinasjonsstatus

Førre veke fekk vi 54 doser. 4 av desse blei sett på helsepersonell. Resten blei sett på personar i prioriteringsgruppe 4 (personar i alderen 65–74 år, pluss personar i alderen 18–64 år med høg risiko for alvorleg forløp ved covid-19).

Denne veka får vi 36 doser. Vaksinasjon denne veka vil gå føre seg på legekontoret. 

I Fyresdal kommune er nå 107 av bygdas innbyggarar fullvaksinerte, medan 384 har fått dose 1. 

Unntak frå smittekarantene for koronavaksinerte

Fullvaksinerte treng ikkje lengre gå i smittekarantene. Personar som har fått ei dose, og det har gått mellom tre og 12 veker sidan dei fekk dosa, får også unntak frå smittekarantene dersom dei blir testa mellom døgn 3 og 7 etter nærkontakten med ein smitta. Endringane trer i kraft frå midnatt natt til tysdag 4. mai.

Les heile nyheita på regjeringen.no.

Har du behov for nokon å snakke med?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på +47 91 116 123.

Reglar og anbefalingar – kva gjeld nå?

Lurar du på kva tiltak som gjeld nå? På helsenorge.no finn du kvalitetssikra informasjon og oversikt over anbefalingar og reglar.

Forlengar intervallet mellom fyrste og andre vaksinedose - 30.04.2021

Intervallet mellom fyrste og andre dose av mRNA-vaksiner (Pfizer-BioNTech og Moderna) blir auka til inntil 12 veker for alle aldersgrupper under 65 år etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet. Dette gjeld kun personar utan underliggande sjukdomar. Personar i alderen 18 til 44 år vil ifylgje foreløpige estimat frå FHI kunne få tilbod om vaksine opptil fem veker tidlegare enn forventa i det nøkterne vaksineringsscenarioet.

Anbefalinga trer i kraft frå og med måndag 3. mai, og vil ikkje ha tilbakeverkande kraft. Det betyr at dei som har fått fyrste dose og har fått time til andre dose, beheld timen. Intervallet nå er på seks veker.

Les heile nyheita på regjeringen.no.

Justeringar i regionale tiltak - 30.04.2021

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har gjort ein heilskapleg gjennomgang av dei regionale tiltaksnivåa, og foreslår nokre mindre justeringar. Regjeringa har følgt anbefalinga. Dei fleste endringane trer i kraft midnatt natt til måndag 3. mai.

15. april blei det gjort mellombels endringar i tiltaksnivå A (det strengaste regionale tiltaksnivået). Desse endringane blir nå vidareført permanent. I tillegg har regjeringa bestemt ein del endringar i tiltaksnivå A, B og C som vil gjelde frå og med måndag 3. mai. 

Les heile nyheita og sjå informasjon om dei ulike tiltaksnivåa på regjeringen.no.

Strengare krav til testing - 29.04.2021

Regjeringa innfører krav om at personar med positiv hurtigtest på grensa frå land utanfor EØS- og Schengenområdet også må ta PCR-test på grensa. Det innførast vidare krav om at alle personar på karantenehotell skal teste seg døgn sju etter ankomst med PCR-test. Kommunane får ei plikt til å tilby slik test.

Endringane er basert på anbefalingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Les heile nyheita på regjeringen.no.

Lettar på råda for fullvaksinerte - 29.04.2021

Regjeringa lettar på råda for fullvaksinerte etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet. I private heimar kan fullvaksinerte ha nær sosial kontakt (under 1 meter) med andre fullvaksinerte. Dei kan også ha nær sosial kontakt med uvaksinerte som ikkje er i risikogrupper. I det offentlege rom er råd og reglar like for både vaksinerte og uvaksinerte.

Les heile nyheita på regjeringen.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 26.04.2021

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 17 er 1.

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Her kan du sjå meir om kva dei ulike risikonivåa inneber:

Risikonivå FHI 1-5

Nytt frå Fyresdal kommune - 22.04.2021

Vaksinasjonsstatus

Det er varsla ein auk i antal doser framover.

For å effektivisere vaksineringa kjem vi innimellom til å vaksinere på samfunnshuset i staden for på helsehuset. Om du skal møte på samfunnshuset eller på helsehuset når det er din tur til å bli vaksinert, det vil du få klar beskjed om på førehand.

Vi er framleis på prioriteringsgruppe 4; personar i alderen 65–74 år, pluss personar i alderen 18–64 år med høg risiko for alvorleg forløp ved covid-19.

Hugsar du informasjonsbrevet kring vaksinering som blei sendt ut rett før jol i 2020? Dersom du ikkje har svara på brevet (ringt oss eller levert slipp), kan du sjølvsagt framleis kan gjere det! Alle som ynskjer det, skal få tilbod om vaksine.

Informasjon kring nytt bekrefta smittetilfelle

Fyresdal kommune blei onsdag 21.04.2021 informert om at ein person som er folkeregistrert i Fyresdal har testa positivt på covid-19. Vedkomande oppheld seg foreløpig i ein annan kommune og blir tatt hand om der.

Smittesporingsteamet i den aktuelle kommunen kontaktar alle nærkontaktar og set desse i karantene etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.

Informasjon kring tidlegare bekrefta smittetilfelle

Vi viser til informasjon per 12.04.2021 og 15.04.2021 om to personar sett i høvesvis isolasjon og karantene i kommunen. Desse personane er nå ute av isolasjon og karantene.

17. mai 2021 – ei litt annleis feiring enn vanleg

På dagens pressekonferanse med Bent Høie og Abid Raja blei det sagt at pandemien vil prege feiringa av Noregs nasjonaldag også i år. Markeringar av 17. mai må gjennomførast innanfor gjeldande nasjonale (og eventuelt regionale og lokale) reglar og anbefalingar. Dersom det er risiko for at 17. mai-tog eller andre arrangement fører til større samlingar av folk eller tiltrekker seg personer frå ulike kommunar, bør dei avlysast.

Dagens situasjon med korona gjer det vanskeleg å gjennomføre 17. mai på tradisjonelt vis i Fyresdal kommune. Det blir dessverre ikkje folketog, barneleikar og folkefest i år.

17. mai-komiteen ynskjer likevel å markere dagen, og jobbar med eit alternativt opplegg som vil gå føre seg utandørs. Program for dette kjem vi tilbake til.

Nytt frå Fyresdal kommune - 19.04.2021

Vaksinasjonsstatus

Førre veke fekk vi 42 doser. 7 av desse blei sett på helsepersonell (dose 1). Resten blei sett på personar i prioriteringsgruppe 4 (personar i alderen 65–74 år, pluss personar i alderen 18–64 år med høg risiko for alvorleg forløp ved covid-19). Også desse dose 1. 

Denne veka får vi 36 doser.

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 16 er 1.

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Har du behov for nokon å snakke med?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på +47 91 116 123.

Reglar og anbefalingar – kva gjeld nå?

Lurar du på kva tiltak som gjeld nå? På helsenorge.no finn du kvalitetssikra informasjon og oversikt over anbefalingar og reglar.

Sommartid kommunale kontor

Vi minner om at vi har sommartid frå 15. april til 14. oktober. Opningstida vår er nå kl. 08.00-15.00.

 

Nytt frå Fyresdal kommune - 15.04.2021

Ny informasjon kring bekrefta smittetilfelle

Vedkomande oppheld seg nå i Fyresdal kommune, i isolasjon etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner. Vedkomande blir følgd opp av helsetenesta i Fyresdal kommune. Vi har i tillegg ein person knytt til det same utbrotet som sit i karantene i kommunen.

Endra nasjonale føringar frå 16. april – kva gjeld nå?

Fyrste trinn i regjeringas gjenopningsplan trer i kraft frå midnatt natt til fredag 16. april. Fyrste trinn i planen går ut på å reversere dei nasjonale tiltaka som blei innført før påske. Oversikt over sjølve gjenopningsplanen finn du på regjeringen.no

Kvalitetssikra informasjon og oversikt over råd og reglar som til ei kvar til gjeld finn du på helsenorge.no.

Kommunale kontor i Fyresdal næringshage

Vi opnar nå opp att for fysisk besøk frå publikum i Fyresdal næringshage. Vi oppmodar samtidig alle om å framleis ta kontakt med administrasjonen per telefon og e-post (så langt det let seg gjere), og gjerne avtale møte på førehand. Sjå her for kontaktinformasjon til tilsette.

Sommartid kommunale kontor

Vi minner om at vi har sommartid frå 15. april til 14. oktober. Opningstida vår er då kl. 08.00-15.00.

Fyresdal symjehall

Symjehallen opnar att fredag 16. april, med same løysing som før påske: Open for alle, med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget.

Det er to tider å velje mellom alle dagane: 

Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag.

Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12:30-14:00. For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag. 

Ein kan ikkje reservere plass tidlegare enn same dag som ein ynskjer å bade. Badstogene er også opne. 

Har du behov for nokon å snakke med?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på +47 91 116 123.

Regjeringa startar på fyrste trinn i gjenopningsplanen - 13.04.2021

Etter råd frå Helsedirektoratet og FHI gjennomfører regjeringa nå det fyrste trinnet i gjenopningsplanen frå midnatt natt til fredag 16. april. Fyrste trinn i planen går ut på å reversere dei nasjonale tiltaka som blei innført før påske.

Sjølv om det nå kjem nokre lettingar, er tiltaka framleis strenge:

Det er til dømes skjenkestopp klokken 22.00 med krav om matservering, og det er framleis anbefala at arrangement som samlar personar frå fleire kommunar blir utsett eller avlyst. Det er framleis anbefalt at alle begrensar sosial kontakt, og det blir oppmoda om at ein treffer andre utandørs. I tillegg bør ein unngå unødvendige reiser innanlands; Dette er spesielt viktig til og frå område med høgt smittepress.

Heile lista over kva nasjonale tiltak som gjeld frå og med 16. april finn du på regjeringen.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 12.04.2021

Bekrefta smittetilfelle 

Fyresdal kommune blei søndag kveld (11.04.2021) informert om at ein person som er folkeregistrert i Fyresdal har testa positivt på covid-19. Vedkomande oppheld seg foreløpig i ein annan kommune og blir tatt hand om der.

Smittesporingsteamet i den aktuelle kommunen kontaktar alle nærkontaktar og set desse i karantene etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.

Vaksinasjonsstatus

Førre veke fekk vi 36 doser. 6 av desse blei sett på helsepersonell (4 stykk fekk dose 1 og 2 stykk fekk dose 2). Resten blei sett på personar i prioriteringsgruppe 4 (personar i alderen 65–74 år, pluss personar i alderen 18–64 år med høg risiko for alvorleg forløp av covid-19).

Denne veka får vi 42 doser. Desse skal etter planen settast på helsepersonell (7 stykk) og personar i prioriteringsgruppe 4.

Det er foreløpig ikkje noko nytt kring AstraZeneca, men vi gjentar at ingen av dei som har blitt vaksinerte i Fyresdal kommune har fått denne vaksinen.

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 15 er 1.

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Har du behov for nokon å snakke med?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på +47 91 116 123.

Pressekonferanse tysdag

Statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen tysdag 13. april kl. 16.00. Vi kjem tilbake med ny informasjon etter pressekonferansen.  

Bekrefta smittetilfelle - 12.04.2021

Fyresdal kommune blei søndag kveld informert om at ein person som er folkeregistrert i Fyresdal har testa positivt på covid-19. Vedkomande oppheld seg foreløpig i ein annan kommune og blir tatt hand om der.

Smittesporingsteamet i den aktuelle kommunen kontaktar alle nærkontaktar og set desse i karantene etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.

Regjeringas plan for gradvis gjenopning: Saman ut av krisa - 07.04.2021

Statsminister Erna Solberg har i dag orientert Stortinget om regjeringas plan for gjenopning av Noreg.

Planen for gradvis gjenopning bygger på data, og ikkje datoar. Gjenopninga skal skje kontrollert og trinnvis, og planen seier tydeleg i kva rekkefylgje Noreg skal opne opp dei ulike delane av samfunnet. 

Planen består av fire trinn, og kvart trinn inneheld ei oversikt over aktuelle lettingar. Første trinn, som eigentleg er eit førebuande trinn, er å reversere alle eller delar av dei innstrammingane som blei gjort før påske. Dei varer i utgangspunktet fram til og med 14. april, altså neste veke. Trinn 2 vil med dagens epidemiutvikling og tempo for vaksinasjon, tidligast kunne ta til i siste halvdel av mai.

Sjå heile planen og alle detaljene her.

Les heile den aktuelle pressemeldinga frå regjeringa her.

Nytt frå Fyresdal kommune - 06.04.2021

Forlenging av nasjonale tiltak

Dei nasjonale tiltaka som tredde i kraft frå midnatt natt til torsdag 25. mars blir forlenga med to ekstra dagar, frå 12. til og med 14. april. Dette for å få eit betre grunnlag til å vurdere korleis påskeferien har påverka smittesituasjonen.

Les heile den aktuelle nyheita og sjå samla oversikt over gjeldende nasjonale tiltak på regjeringen.no.

Lokale tilbod og tenester

Forlenginga av dei nasjonale tiltaka fører til at Fyresdal kommune gjer forlengingar kring symjehall og administrasjon:

Fyresdal symjehall

Fyresdal symjehall held stengt for publikum til og med 14. april. Det vil seie at det foreløpig ikkje er onsdags-, fredags- og laurdagsope.

Kommuneadministrasjon

Eit av tiltaka som tredde i kraft midnatt natt til torsdag 25. mars (forskriftsfesta regel) var at «Arbeidsgiver skal sørge for at ansatte jobber hjemmefra på alle arbeidsplasser det er praktisk mulig». Dette gjer at nokre av dei tilsette i Fyresdal kommune framleis vil vere på heimekontor, i tillegg til at dørene i Fyresdal næringshage er stengte. Vi har altså ikkje ope for fysisk besøk frå publikum – i denne omgang til og med 14. april. Tilsette kan nåast per e-post og telefon; sjå her for kontaktinformasjon.

Vaksinasjonsstatus

I veke 13 blei 4 helsepersonell vaksinerte med dose 1. Resten av dosene blei sett på innbyggjarar i prioriteringsgruppe 3 (over 75 år).

Denne veka får vi 36 doser. Desse skal etter planen settast på helsepersonell (6 stykk) og resten av innbyggjarane i prioriteringsgruppe 3. Neste gruppe ut er prioriteringsgruppe 4 (65–74 år)  og pasientar i alderen 18–64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp.

Helsemyndigheitene har forlenga pausen kring AstraZeneca.
Ingen av dei som har blitt vaksinerte i Fyresdal kommune har fått denne vaksinen.

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 14 er 1.

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Har du behov for nokon å snakke med?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på +47 91 116 123.

Reglar og anbefalingar – kva gjeld nå?

Lurar du på kva tiltak som gjeld nå? På helsenorge.no finn du kvalitetssikra informasjon og oversikt over anbefalingar og reglar.

Handtering av koronapandemien og strategi for gradvis gjenopning av samfunnet

Onsdag 7. april skal statsminister Erna Solberg gjere greie for handteringa av koronapandemien og strategien for gradvis gjenopning av samfunnet i Stortinget. Etter utgreiinga og debatten inviterer statsministeren til pressekonferanse om same tema. Helse- og omsorgsminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil også vere til stades på pressekonferansen. Tidspunkt for pressekonferansen er onsdag 7. april tentativt kl. 13.00. Fylg pressekonferansen på regjeringen.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 29.03.2021

Vaksinasjonsstatus
I veke 12 vaksinerte vi tre helsepersonell med dose 1 og ein helsepersonell med dose 2. Resten av dosene er sett på innbyggjarar i prioriteringsgruppe 3. Denne gruppa vil vi fortsette med også i veke 13. I veke 14 får vi 36 doser. Desse skal etter planen settast på helsepersonell (6 stykk) og resten av innbyggjarane i prioriteringsgruppe 3.
 
Helsemyndigheitene har forlenga pausen kring AstraZeneca. 
Ingen av dei som har blitt vaksinerte i Fyresdal kommune har fått denne vaksinen.
 
Testing i påska 
Dersom du har symptom på covid-19 eller mistenker at du kan vere smitta, ta kontakt med Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 og høyr med oss om du burde teste deg. Opningstidene til legekontoret i påskeveka er som fylgjer: 
  • Måndag 29. mars: kl. 08.00-15.30 
  • Tysdag 30. mars: kl. 08.00-15.30
  • Onsdag 31. mars: kl. 08.00-12.00
NB. Ring alltid før du møter opp fysisk.
 
Det vil også vere mogleg å teste seg på formiddagen laurdag 27. mars (påskeeftan).
Timebestilling til test påskeeftan må avtalast per telefon i forkant og kan gjerast torsdag (skjærtorsdag) og fredag (langfredag) mellom klokka 12 og 14. For avtale om test påskeeftan må du ringe 948 40 668.
 
Fyresdal symjehall
Symjehallen held stengt for publikum frå torsdag 25. mars til søndag 11. april. Det er altså ikkje er onsdags-, fredags- og laurdagsope i denne perioden.
 
Fyresdal bibliotek
Biblioteket held stengt i påskeveka, men opnar etter planen att tysdag 6. april.
 
Kommuneadministrasjon
Eit av dei nye tiltaka (forskriftsfesta regel) er at arbeidsgjevarar skal sørge for at tilsette jobbar heimanfrå der det er praktisk mogleg. Det inneber at nokre av dei tilsette i Fyresdal kommune er på heimekontor dei neste vekene. I tillegg vil dørene i Fyresdal næringshage vere stengte, det vil seie ikkje ope for fysisk besøk frå publikum. Dette gjeld i fyrste omgang i perioden 25. mars til 11. april. Tilsette kan nåast per e-post og telefon; sjå her for kontaktinformasjon.
 
Reglar og anbefalingar – kva gjeld nå?
Lurar du på kva tiltak som gjeld nå? På helsenorge.no finn du kvalitetssikra informasjon og oversikt over anbefalingar og reglar, i tillegg til råd for påska. Dei viktigaste tiltaka er framleis avstand og handhygiene.
 
Har du behov for nokon å snakke med i påska?
Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på +47 91 116 123.
 
Risikovurdering i kommunen
Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 13 er 1.
Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.
 
Innfører nasjonale reglar for ventekarantene
Karantene er viktig for å redusere smittespreiinga og halde samfunnet ope. I dag varierer dei lokale anbefalingane om ventekarantene, og ordninga blir praktisert ulikt mellom kommunar. På bakgrunn av anbefalingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet innfører derfor regjeringa nå nasjonale reglar for personar i ventekarantene. Les meir på regjeringen.no.
 
Betydeleg strengare test- og karantenehotellreglar ved innreise
Regjeringa anbefalar minst mogleg reising til utlandet. Frå midnatt natt til 1. april har dei som ventar på testsvar plikt til å vente på teststasjonen ved grensa til prøveresultatet ligg føre. Dei som nektar vil kunne risikere bot. I tillegg får endå fleire krav om å bu på karantehotell, og frå midnatt natt til 1. april må også norske statsborgarar vise fram koronatest tatt før ankomst til Noreg. Les meir på regjeringen.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 24.03.2021

Regjeringa varsla i pressekonferanse tysdag 23.03.2021 innføring av nye nasjonale tiltak med verknad frå midnatt natt til torsdag 25. mars.
 
Her kjem nytt frå Fyresdal kommune i samband med dette.
 
Dei nye tiltaka inneheld både nye anbefalingar og nye forskriftsfesta reglar.
 
Noko av det viktigaste i dei nye anbefalingane er:
 
  • Ein-meteren blir til to-meteren. Dei som du hittil har halde minst ein meters avstand til, bør du frå nå av halde minst to meters avstand til.
  • Regjeringa anbefalar bruk av munnbind alle stader der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand.
  • Regjeringa anbefalar å ha få kontaktar, og dei same kontaktane over tid. Dei anbefalar maks ti sosiale kontaktar per veke.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk (dei som bur aleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste vener).

Noko av det viktigaste i dei nye reglane er:

  • Det er forbode å skjenke alkohol over heile landet.
  • Det er forbode med innandørs organisert idretts- og fritidsaktivitet for vaksne (unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar).
  • Treningssenter kan berre halde ope for kommunens eigne innbyggjarar (unntak for rehabilitering, individuell trening og behandling).
  • Symjehallar skal halde stengt (unntak for barn på symjetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering).
  • Personar som returnerer til Noreg etter unødvendig utenlandsreise må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell (gjeld frå midnatt natt til måndag 29. mars). 
  • Det er anbefala at alle planlagte arrangement blir avlyste. Dersom eit arrangement ikkje kan avlysast/utsettast, gjeld desse reglane:
    • Innandørs: Tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
    • Innandørs: Tillate med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som høyrer til idrettslag i same kommune.
    • Utandørs: Tillate med 50 personar på arrangement.
    • Gravferd/bisetting: Tillate med 50 personar med faste, tilviste plassar.

NB. Dei nye tiltaka erstattar ikkje strengare lokale tiltak. Det betyr at dersom kommunen din til dømes anbefalar å ikkje ha besøk, er det den anbefalinga som gjeld. 

Du finn heile oversikten over tiltaka på helsenorge.no.
 
Påskeferien
Dei nye nasjonale tiltaka gjeld sjølvsagt også i påskeferien – uansett kor du er.
Det aller viktigaste er at vi denne påska reiser så lite som mogleg og møter så få som mogleg for å hindre at smitten spreiar seg. Og – hald deg heime dersom du ikkje er frisk, og test deg ved minste mistanke!
Oversikt over regjeringas anbefalingar for korleis påska kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte finn du på helsenorge.no.
 
Endringar i lokale tilbod og tenester
 
Fyresdal symjehall
Fyresdal symjehall held i fyrste omgang stengt for publikum frå og med torsdag 25. mars til og med søndag 11. april. Det vil seie at det ikkje er onsdags-, fredags- og laurdagsope i denne perioden.
 
Kommuneadministrasjon
Eit av dei nye tiltaka (forskriftsfesta regel) er: «Arbeidsgiver skal sørge for at ansatte jobber hjemmefra på alle arbeidsplasser det er praktisk mulig». Dette inneber at nokre av dei tilsette i Fyresdal kommune vil vere på heimekontor dei neste vekene. I tillegg vil dørene i Fyresdal næringshage vere stengte, det vil seie at vi ikkje har ope for fysisk besøk frå publikum i perioden 25. mars til og med 11. april. Tilsette kan nåast per e-post og telefon; sjå her for kontaktinformasjon.
 
Fyresdal legekontor
Opningstidene på Fyresdal legekontor i påskeveka er som fylgjer:
  • Måndag 29. mars: kl. 08.00-15.30 
  • Tysdag 30. mar: kl. 08.00-15.30
  • Onsdag 31. mars: kl. 08.00-12.00

Fyresdal legekontor har telefonnummer 35 06 73 00. NB. Ring før du møter opp fysisk.

Fyresdal bibliotek
Biblioteket er stengt i påskeveka.
Hugs å låne det du treng innan fredag 26. mars kl.16.00.

Kommunestyremøte på Teams
Kommunestyremøte torsdag 25. mars vil gå føre seg på Teams. Du kan likevel fylgje møtet via WebTV. Møtestart er kl. 19.00.
 
Alle gudstenestene i påska er avlyste
Du finn oversikt over alle gudstenester og andaktar i prostiet på ovretelemark.no.
Du kan fylgje påskeinnslag på kyrkja si Facebook-side Kyrkja i Fyresdal og Organisten i Fyresdal, og på kyrkja si nettside kyrkjaifyresdal.com.

Regjeringa innfører strengare nasjonale tiltak - 23.03.2021

For å hindre at smitten skal spreie seg til område i landet med lite smitte, innfører regjeringa etter råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet strengare nasjonale tiltak. Tiltaka trer i kraft frå midnatt natt til torsdag 25. mars og gjeld inntil vidare. Det skal gjerast ei ny vurdering innan 12. april.

Dei nye tiltaka inneheld både nye anbefalingar og nye forskriftsfesta reglar.

Døme på nye anbefalingar er:

  • Ein-meteren blir nå til to-meteren. Dei som vi hittil har halde minst ein meters avstand til, må vi frå nå av halde minst to meters avstand til.
  • Regjeringa anbefalar maks to gjester på besøk.
  • Regjeringa anbefalar bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand.

Døme på nye reglar er:

  • Det blir forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Det blir forbod mot innandørs organisert idretts- og fritidsaktivitet for vaksne, med unnatak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Personar som returnerer til Noreg etter unødvendige utanlandsreiser må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt natt til måndag 29. mars.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringa.no.

Oversikt over dei nye nasjonale tiltaka finn du på helsenorge.no.

Anbefalingane for påska 2021 er også oppdaterte.

Kva praktisk betydning dei nye tiltaka har for tilboda i Fyresdal kommune, kjem vi tilbake til i løpet av i morgon onsdag.

Nytt frå Fyresdal kommune - 22.03.2021

Vaksinasjonsstatus i kommunen

I veke 11 blei tre helsepersonell (65 år) og 14 innbyggjarar (alder 79 og 80 år) vaksinerte med dose 1, og ein person med dose 2. Denne veka, og neste veke, får vi 24 doser. Ettersom det nå er lengre intervall mellom dose 1 og 2 (6 veker i staden for 3 veker) vil det framover bli sett fleire dose 1.

Fram til nå er det sett totalt 186 vaksiner i kommunen:

  • Dose 1: 104 stykk (19 helsearbeidarar)
  • Dose 2: 82 stykk (12 helsearbeidarar)

Når det gjeld AstraZeneca-vaksina fortset Folkehelsinstituttet pausa i bruk av vaksinen i Noreg, samtidig som dei fortset arbeidet med å gjere ein grundig gjennomgang av situasjonen. Folkehelseinstituttet varslar at dei vil kome med ei oppdatering i slutten av denne veka.

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 12 er 1.

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Har du spørsmål kring til dømes arrangement eller private samankomstar?

helsenorge.no finn du kvalitetssikra informasjon og oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Har du spørsmål kring påska?

Til dømes korleis den kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte, eller kva som er "lov" og "ikkje lov"?
regjeringen.no finn du regjeringas anbefalinger for påska (publisert 12.03.2021).

NB. Pressekonferanse tysdag 23. mars

Regjeringa har varsla pressekonferanse om koronasituasjonen tysdag 23. mars kl. 13.00. 
Vi kjem tilbake med meir informasjon i etterkant av pressekonferansen.

Nytt frå Fyresdal kommune - 15.03.2021

Vaksinasjonsstatus i kommunen

Vi jobbar oss nedover på prioriteringslista. Innbyggjarar over 85 år er nå ferdig vaksinerte, og vi held på med prioriteringsgruppe 3 (75-84 år). Vi har kome til dei som er rundt 80 år. Det går dessverre noko seint nedover lista, då vi har fått mindre vaksiner enn tidlegare.

Dei som skal bli tilbydd vaksine får telefon frå helsepersonell på legekontoret nokre dagar før aktuell dato. Ver merksam på at vi alltid tar kontakt via telefon, og at vi berre ringer for å avtale tidspunkt for vaksinering, ikkje for å spørje verken om kontonummer eller liknande. Vaksina er gratis! Vaksineringa går føre seg på helsehuset.

AstraZeneca-vaksinen

I samband med at Legemiddelverket har mottatt meldingar om blodpropp og blødningar hos yngre etter vaksinering med AstraZeneca-vaksinen har Legemiddelverket og Folkehelseinstituttet nå laga ei oversikt over kva som er vanlege biverknader etter AstraZeneca-vaksinasjon og kva vaksinerte bør vere merksame på. Kva desse biverknadene er, og når ein eventuelt skal kontakte lege, kan du lese meir om her.

Alle som har blitt vaksinerte i Fyresdal kommune har blitt vaksinerte med Pfizer si vaksine.

Regjeringas anbefalinger for påska

Det er snart påskeferie, og i samband med det kom regjeringa den 12. mars med anbefalingar for korleis ferien kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

Vi minner om anbefalingane – du finn dei her.

Har du behov for nokon å snakke med, eller har du spørsmål kring korona?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har taushetsplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på tlf. 0047 91 116 123.

Ring gjerne Helsenorge sin informasjonstelefon på 815 55 015. Den er open kvardagar kl. 08.00–15.30. Frå utlandet kan du ringe +47 21 93 78 40. Helsenorge har også ein chatbot du kan nytte. Du finn den nedst på nettsida deira.

Kommuneadministrasjon, symjehall og bibliotek

Dei kommunale kontora i Fyresdal Næringshage held ope som vanleg (måndag-fredag kl. 08.00-16.00), men ta gjerne kontakt med den tilsette på førehand. Du finn ulike telefonnummer og e-postadresser her, eventuelt så kan du ringe sentralbordet vårt på 35 06 71 00.

Symjehallen held ope, nesten som vanleg. Den er open for alle, men med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget. Det er to tider å velje mellom alle dagane: Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag. Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12.30-14.00. For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag.

Biblioteket held ope som vanleg. Opningstidene er som fylgjer: Tysdag kl. 10.00–16.00, onsdag kl. 12.00–20.00, torsdag kl.12.00–16.00 og fredag kl.10.00–16.00.

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 11 er 1. 

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Regjeringas anbefalingar for påska - 12.03.2021

Det er snart påskeferie, og i samband med det kom regjeringa i dag med anbefalingar for korleis ferien kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

Anbefalingane er basert på vurderingar og innspel frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Dette er anbefalingane for påskeferien:

Generelt

  • Hald deg heime dersom du ikkje er frisk, og test deg så snart som mogleg dersom du trur du er smitta med covid-19.

Reiser

  • Reiser utanlands blir rådd imot, med mindre dei er strengt nødvendige. Unngå unødvendige reiser i Noreg.
  • Reise til (eigen/lånt/leigd) fritidseigedom kan likevel gjennomførast dersom du er særleg påpasseleg med smittevern undervegs og på feriestaden. Reis då med dei du bur saman med eller tilsvarande nære, og gjer helst innkjøpa før avreise og hald avstand til andre.
  • Det er viktig å undersøke kva tiltak som gjeld i kommunen ein oppheld seg i, for eksempel via kommunens nettside eller helsenorge.no.
  • Dersom du reiser til ein kommune med mindre strenge tiltak enn heimkommunen din, bør du som hovudregel fylgje anbefalingane som gjeld heime.
  • Dersom du er i karantene, eller ventar på testsvar, bør du ikkje dra på påskeferie, heller ikkje til eiga hytte.
  • Er du på hytta og blir sjuk, bør du reise heim. Dersom du blir ringt opp og sett i karantene, bør du dra heim.
  • Du kan reise på hotell innanlands, men hald avstand til andre gjester, og begrens opphald i fellesareala. Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, bør du ikkje reise på hotell eller liknande overnattingsstad der mange samlast.
  • Det anbefalast ikkje å gå frå hytte til hytte, sidan dette inneber betydeleg auka risiko for smittespreiing.
  • Dersom ubetente hytter skal nyttast, bør det vere mogleg å reservere på førehand, slik at ikkje fleire husstandar/reisefølge er der samtidig.
  • Dersom hytter ligg vanskeleg tilgjengeleg, og behov for helsehjelp og moglegheit for karantene/testing kan medføre utfordringar for lokale helsemyndigheiter, bør det lokalt vurderast om slike hytter bør anbefalast stengt.
  • Ved strengt nødvendige utanlandsreiser (for eksempel barn som skal besøke foreldre i anna land), er det svært viktig å vere forsiktig på reisa og å overhalde karantenebestemmelsar og krav om testing når ein kjem tilbake. 
  • Reiselivsaktørar bør vurdere å begrense tilgang til fellesareal, for å redusere smitterisikoen og gjere det lettare å overhalde smittevernanbefalingane.

Sosialt

  • Du bør unngå fleire enn 10 sosiale kontaktar i veka.
  • Du bør unngå besøk av meir enn 5 personar i eigen heim. Dersom heimkommunen din anbefalar å unngå besøk, bør du fylgje dette rådet, anten du er heime, på hytta eller annan stad.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak blir det rådd imot overnattingsbesøk i påska. Barn og unge under 20 år og aleinebuande kan likevel ha overnattingsbesøk av 1-2 faste vener.
  • Vel helst utandørsaktivitetar. Unngå å oppsøke stader der mange er samla, og der det ikkje er lett å halde avstand, som serveringsstader, skistoger, varmestoger, leikeland, badeland og liknande. Du kan besøke alpinanlegg, men unngå trengsel.

Gudstenester og andre markeringar

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Fleire må på karantenehotell og innreiserestriksjonane blir forlenga - 12.03.2021

Personar som reiser på unødvendige fritidsreiser til utlandet må på karantenehotell når dei kjem tilbake til Noreg. I tillegg blir dagens strenge innreiserestriksjonar forlenga, som gjer at det i all hovudsak kun er utlendingar busett i Noreg som får kome til landet, i utgangspunktet fram til 7. april.

Fritidsreisande må opphalde seg på karantenehotell minst fram til negativt svar på test, tatt tidligst tre dagar etter ankomst. Det vil ikkje vere ei plikt for kommunane å tilby test, eller ein rett å bli testa på dag 3.

Begrunninga for endringane er at Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet anbefalar å forsinke introduksjon og spreiing av dei meir smittsame virusvariantane så mykje som mogleg. 

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Les meir om karantene og reiseråd på helsenorge.no.

Vaksinasjon med AstraZenica-vaksina blir sett på pause - 12.03.2021

På grunn av melding om eit dødsfall i Danmark som fylgje av blodpropp etter å ha mottatt AstraZenica-vaksina, vel Noreg å sete vaksinasjon med AstraZenica-vaksina på pause.

Vi kjem tilbake med meir informasjon om korleis dette påverkar vaksinasjonsprogrammet framover. 

Les meir på fhi.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 09.03.2021

Ikkje nye nasjonale tiltak i dag
 
Regjeringa innfører ikkje nye nasjonale tiltak i dag. Dette orienterte statsminister Erna Solberg om i dagens pressekonferanse. Samtidig blei det gjort klart at vi må alle vere førebudde på at nye tiltak kan bli innførte på relativt kort varsel. Det vil seie: Dersom smitten ikkje går ned med dagens nasjonale og lokale tiltak, vil regjeringa raskt kunne innføre nye nasjonale tiltak.
 
Regjeringa har førebudd ei rekke nasjonale tiltak som vil bli innførte dersom dagens tiltak ikkje er nok til å få ned smittespreiinga. Kva tiltak dette er, kan du lese meir om på regjeringen.no.
 
Framleis gult nivå i skular og barnehagar på nasjonalt nivå
 
Regjeringa gjer ikkje endringar i det nasjonale tiltaksnivået for skular og barnehagar, men kommunar som har mykje smitte bør i samråd med helsemyndigheitene vurdere overgang til raudt nivå.
 
Les meir på regjeringen.no.
 
Endringar i nasjonal vaksinestrategi
 
Regjeringa vil fylgje Folkehelseinstituttets anbefaling om å tilby AstraZeneca-vaksina til personar over 65 år, basert på ny kunnskap om vaksinas effekt for denne gruppa. Regjeringa har etter fagleg innspel frå FHI vedtatt at intervallet mellom dose ein og to kan bli forlenga frå tre til seks veker. FHI vil om kort tid kome til ein endeleg fagleg konklusjon. FHI vil også vurdere om intervallet kan bli forlenga utover seks veker. Regjeringa fylgjer også FHIs anbefaling om ein beskjeden geografisk omfordeling av vaksiner, etter at dei juridiske og etiske forholda knytt til dette er avklart.
 
Les meir på regjeringen.no.
 
Vaksinasjonsstatus i kommunen
 
I løpet av mars månad er planen at vi skal få 100 doser AstraZeneca-vaksine. Vi vil då starte med helsepersonell, og så gå over til innbyggjarar mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp ved covid-19.
 
Sjukdommar/tilstandar som er definerte risikogrupper:
  • Organtransplantasjon
  • Immunsvikt 
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift) 
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommer som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS, Downs syndrom)  
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon  
  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert cystisk fibrose og alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året 
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsjukdommer (med unntak av høgt blodtrykk) 
  • Hjerneslag  
Dersom du ikkje har levert inn svar på skrivet som blei lagt i postkassa di i desember i fjor, og du er mellom 18 og 64 år, og har ein eller fleire av desse sjukdommane/tilstandane, ta kontakt med legekontoret på 35 06 73 00, slik at vi får sett deg opp på liste over prioriterte som skal ha vaksine.

Nytt frå Fyresdal kommune - 08.03.2021

Nasjonale tiltak og eventuelle endringar

Det er per i dag ingen endringar i til dømes opningstidene hos kommuneadministrasjon, symjehall og bibliotek, men regjeringa har varsla pressekonferanse tysdag formiddag der endringar i dei nasjonale tiltaka er tema. Vi kjem tilbake med meir informasjon etter pressekonferansen.

Smittestopp tilgjengeleg også på eldre utgåver av Iphone

Smittestopp blei nyleg tilgjengeleg for Iphone-telefonar som brukar operativsystem ned til iOS 12.5. Personar som har eldre utgåver som Iphone 5S, Iphone 6 og Iphone 6+ kan nå altså laste ned Smittestopp. Appen er også tilgjengeleg på polsk og somali, og fleire språk kjem etter kvart. Les meir på fhi.no.

Vaksinasjonsstatus i kommunen

Vi jobbar oss framleis nedover på prioriteringslista. Dei som skal bli tilbydd vaksine får telefon frå helsepersonell på legekontoret nokre dagar før aktuell dato. Ver merksam på at vi alltid tar kontakt via telefon, og at vi berre ringer for å avtale tidspunkt for vaksinering, ikkje for å spørje verken om kontonummer eller liknande. Vaksina er gratis! Vaksineringa går føre seg på helsehuset.

Har du behov for nokon å snakke med, eller har du spørsmål kring korona?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har taushetsplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på tlf. 0047 91 116 123.

Ring gjerne Helsenorge sin informasjonstelefon på 815 55 015. Den er open kvardagar kl. 08.00–15.30. Frå utlandet kan du ringe +47 21 93 78 40. Helsenorge har også ein chatbot du kan nytte. Du finn den nedst på nettsida deira.

Risikovurdering i kommunen

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 10 er 1. 

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Innfører regionale tiltak i seks kommunar i Vestfold og Telemark - 05.03.2021

Det er ein betydeleg auk i smitte av den engelske virusvarianten i kommunane Færder, Holmestrand, Horten, Larvik, Sandefjord og Tønsberg. Etter ynskje frå kommunane, og anbefaling frå statsforvaltaren, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, set regjeringa i verk regionale tiltak frå midnatt natt til fredag 5. mars. Tiltaka varer til og med tysdag 16. mars.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Justeringar i vaksinestrategien - 02.03.2021

Regjeringa gjev Folkehelseinstituttet fullmakt til å førebu ei beskjeden skeivfordeling av vaksiner til ein del bydelar i Oslo og enkelte andre kommunar som har hatt vedvarande høg smitte.

- Fordelingen og bruken av vaksinene skal bidra til å beskytte liv og helse og bringe oss tilbake til hverdagen. Basert på nye faglige vurderinger justeres derfor strategien når vi nå er kommet et steg videre i vaksineringen, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 01.03.2021

Risikovurdering i kommunen

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar. Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 9 er 1.

Vaksinasjonsstatus i kommunen

Denne veka fortset vi med innbyggjarar mellom 75 og 85 år (nokre får dose 1 og nokre 2). Vi jobbar oss nedover på prioriteringslista, og dei som skal bli tilbydd vaksine får telefon frå helsepersonell på legekontoret nokre dagar før aktuell dato. Ver merksam på at vi alltid tar kontakt via telefon, og at vi berre ringer for å avtale tidspunkt for vaksinering, ikkje for å spørje verken om kontonummer eller liknande. Vaksina er gratis! Vaksineringa går føre seg på helsehuset.

Har du behov for nokon å snakke med?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har taushetsplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på tlf. 0047 91 116 123.

Nasjonale smitteverntiltak

Lurar du på kva koronatiltak som gjeld nå? På www.helsenorge.no/koronavirus/ finn du kvalitetssikra informasjon og oversikt over råd og reglar.

Framleis ope kommuneadministrasjon, symjehall og bibliotek

Dei kommunale kontora i Fyresdal Næringshage held ope som vanleg (måndag-fredag kl. 08.00-16.00), men ta gjerne kontakt med den tilsette på førehand. Du finn ulike telefonnummer og e-postadresser her, eventuelt så kan du ringe sentralbordet vårt på 35 06 71 00.

Symjehallen held ope, nesten som vanleg. Den er open for alle, men med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget. Det er to tider å velje mellom alle dagane: Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag. Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12.30-14.00. For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag.

Biblioteket held ope som vanleg. Opningstidene er som fylgjer: Tysdag kl. 10.00–16.00, onsdag kl. 12.00–20.00, torsdag kl.12.00–16.00 og fredag kl.10.00–16.00.

Hald fram med å ha låg terskel for å teste deg dersom du får symptom eller trur du kan ha vore utsatt for smitte

Ver merksam på at grensa for testing av barn nå er lågare enn før, dvs. at ein ikkje lengre treng å vente to døgn, men heller teste seg så fort ein får luftvegssymptom. Sjølve testinga av barn er også endra – ein skal ikkje lengre teste langt bak i nesa, men heilt ytst (så då er ikkje testen så ubehageleg lengre heller).

Nytt frå Fyresdal kommune - 22.02.2021

Risikovurdering i kommunen

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar. Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 8 er 1.

Vaksinasjonsstatus

Innbyggjarar over 85 år blir nå vaksinerte med dose 2, og vi er godt i gang med å vaksinere dei i prioriteringsgruppe 3, altså over 75 år. Vi jobbar oss nedover på prioriteringslista, og dei som skal bli tilbydd vaksine får telefon frå helsepersonell på legekontoret nokre dagar før aktuell dato. Ver merksam på at vi alltid tar kontakt via telefon, og at vi berre ringer for å avtale tidspunkt for vaksinering, ikkje for å spørje verken om kontonummer eller liknande. Vaksina er gratis! Vaksineringa går føre seg på helsehuset.

Besøksrutinar på POS

Nesten alle bebuarane på Fyresdal pleie- og omsorgssenter er ferdig vaksinerte med dose 2. Ver merksam på at det alltid vil vere nokon som ikkje får vaksine, til dømes fordi dei har for svak helse eller fordi dei ikkje vil ta vaksine. Vaksine blir tilbydd alle og er gratis, men den er også frivillig.

Når det gjeld besøksrutinane på POS så vil dei vere dei same som før. Det vil seie at alle besøk framleis skal avklarast med avdelinga i forkant, helst dagen før. Det vil bli ført logg som før, og besøka vil skje på rommet til pasienten.

Behov for nokon å snakke med?

Ring gjerne Mental Helses døgnåpne telefonteneste på 116 123. Den er til for alle som treng nokon å snakke med. Den er gratis, du kan vere anonym, og dei har taushetsplikt. Er du i utlandet kan du nå dei på tlf. 0047 91 116 123.

Smittestoppappen

Vi anbefalar alle å laste ned Folkehelseinstituttet sin smittestoppapp «Smittestopp», då dette vil kunne redusere smitteutbrot og vere eit godt hjelpemiddel ved eventuell smittesporing.

Anbefalingar for årets vinterferie

Fredag veke 6 kom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet med anbefalingar for årets vinterferie. Kort oppsummert sa anbefalingane at du kan reise på vinterferie i Noreg, men at du bør unngå kollektivtransport dersom det er mogleg og at alle må vere førebudde på at ein smittesituasjon kan endre seg raskt og at planane våre for ferien også kan endre seg rakst. Sjå regjeringen.no for full oversikt over anbefalingane for vinterferien.

Hugs at dei generelle nasjonale anbefalingane også gjeld i vinterferien; Hald deg heime dersom du ikkje er frisk og test deg så snart som mogleg dersom du trur at du kan vere smitta. Grunnleggande smittevern med god handvask, god avstand til andre og få nærkontaktar er veldig viktig uavhengig av kor ein oppheld seg i ferien.

Endringar i nasjonale smitteverntiltak - frå midnatt natt til tysdag 23. februar

Regjeringa orienterte fredag 19.02.2021 om at dei i hovudsak vidarefører dei nasjonale smitteverntiltaka, men at det blir lettingar for barn, unge og studentar. 

Endringane i korte trekk:

  • Det blir opna for at studentar kan vere fysisk til stades ved undervisninga på universitet, høgskular og fagskular med forsterka smitteverntiltak.
  • Det blir opna for idrettsarrangement og konkurransar for barn og unge som samlar deltakarar frå same kommune. Desse arrangementa kan ha inntil 50 personar innandørs og 200 personar utandørs.
  • Regjeringa gjer endringar i regelverket for arrangement. Kravet om fastmonterte sete blir erstatta med krav om faste, tilviste sitteplassar. Det inneber at publikum kan sitte på stol, benk eller liknande, eller på ein fast plass på golvet under heile arrangementet. Endringa opnar for større arrangement i langt fleire lokale. Maksimalt antal personar som kan vere til stades på denne type innandørs arrangement er 100.
  • Skjenkestoppen blir endra frå kl. 24.00 til kl. 22.00.

For full oversikt over kva anbefalingar og reglar som gjeld frå tysdag 23.02.2021, sjå regjeringen.no.

Endra testkriteria for koronavirus

Det bør framleis vere lav terskel for å teste seg for covid-19. Folkehelseinstituttet har per 12.02.2021 oppdatert nettsida si med informasjon om at fylgjande nå bør testast:

  1. Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
  2. Smittesporing: 
    • Nærkontaktar ved start og avslutning av karantene
    • Ved utbrot; utvida testing av andre kontaktar
    • Personar som får varsel i «Smittestopp»
  3. Innreise
    • Obligatorisk testing på grenseovergangar
    • Test 7 døgn etter ankomst
  4. Annan screening etter smittevernfagleg vurdering:
    • Ved innflytting/innleggelse i enkelte helseinstitusjonar
    • Jamleg testing i enkelte miljø
  5. Alle som sjølv mistenker at dei er smitta av covid-19

For meir informasjon kring dette, sjå fhi.no.

Framleis ope kommuneadministrasjon, symjehall og bibliotek

Dei kommunale kontora i Fyresdal Næringshage held framleis ope som vanleg (måndag-fredag kl. 08.00-16.00), men ta gjerne kontakt med den tilsette på førehand. Du finn ulike telefonnummer og e-postadresser her, eventuelt så kan du ringe sentralbordet vårt på 35 06 71 00.

Symjehallen held framleis ope, også i vinterferien. Den er open for alle, men med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget. Det er to tider å velje mellom alle dagane: Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag. Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12.30-14.00. For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag.

Biblioteket held ope som vanleg, også i vinterferien. Opningstidene er som fylgjer: Tysdag kl. 10.00–16.00, onsdag kl. 12.00–20.00, torsdag kl.12.00–16.00 og fredag kl.10.00–16.00.

Fortsatt god ferie!

Nasjonale smitteverntiltak: Lettingar for barn, unge og studentar - 19.02.2021

Regjeringa vidarefører i hovudsak dei nasjonale smitteverntiltaka. Det blir lettingar for barn, unge og studentar. Avgjersla byggjer på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.  

Endringane gjeld frå midnatt natt til tysdag 23. februar. Regjeringa vil gjere ei ny vurdering av tiltaka i midten av mars.

Endringane gjeld i korte trekk:

  • Det blir opna for at studentar kan vere fysisk til stades ved undervisninga på universitet, høgskular og fagskular med forsterka smitteverntiltak.
  • Det blir opna for idrettsarrangement og konkurransar for barn og unge som samlar deltakarar frå same kommune. Desse arrangementa kan ha inntil 50 personar innandørs og 200 personar utandørs.
  • Regjeringa gjer endringar i regelverket for arrangement. Kravet om fastmonterte sete blir erstatta med krav om faste, tilviste sitteplassar. Det inneber at publikum kan sitte på stol, benk eller liknande, eller på ein fast plass på golvet under heile arrangementet. Endringa opnar for større arrangement i langt fleire lokale. Maksimalt antal personar som kan vere til stades på denne type innandørs arrangement er 100.
  • Skjenkestoppen blir endra frå kl. 24.00 til kl. 22.00.

For full oversikt over kva anbefalingar og reglar som gjeld frå tysdag 23.02.2021, les den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Presisering kring vaksinering og kontakt av publikum - 19.02.2021

Vi jobbar oss som nemnd nedover på prioriteringslista, og dei som skal tilbys vaksine blir kontakta av legekontoret nokre dagar før aktuell vaksineringsdato. 

Helsepersonell på legekontoret tar alltid kontakt med publikum via telefon, og då berre for å avtale tidspunkt for vaksinering.

Vaksina er gratis; Det er altså ingen eigendel eller annan form for (førehands-)betaling involvert. Du vil med andre ord aldri bli bedt om å opplyse kontonummeret ditt eller liknande informasjon når legekontoret kontaktar deg. 

Har du spørsmål? Ring oss gjerne på 35 06 73 00.

Vaksineringa går føre seg på helsehuset.

Nytt frå Fyresdal kommune - 15.02.2021

Risikovurdering i kommunen

Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar. Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 7 er 1.

Vaksinasjonsstatus

Alle på POS er nå fullvaksinerte. Vi er i gang med dose nr. 2 på alle over 85 år og vi fortset med dose nr. 1 på dei over 75 år. Vi jobbar oss nedover på prioriteringslista, og dei som skal tilbys vaksine får telefon frå legekontoret nokre dagar før. Vaksineringa går føre seg på helsehuset.

Anbefalingar for årets vinterferie

Fredag veke 6 kom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet med anbefalingar for årets vinterferie.
Kort oppsummert seier anbefalingane:

  • Du kan reise på vinterferie i Noreg. Det vil seie at du kan reise på hytta (legid eller eigd) og hotell. Men du bør unngå å reise med kollektivtransport dersom det er mogleg. Ver merksam på at smittesituasjonen kan endre seg raskt; Alle må vere førebudd på at planane for vinterferien kan endre seg.
  • Du må vere førebudd på å måtte gå i karantene i løpet av eller etter ferien. Dette gjeld spesielt dersom du reiser på hotell, der situasjonen fort kan bli uavklart.
  • Det er viktig at du set deg inn i og fylgjer smittevernråda som gjeld dit du skal. Reiser du til ein kommune som har lettare tiltak enn den du reiser ifrå, bør du som hovudregel fylgje dei råda som gjeld i kommunen du reiser ifrå.
  • Det anbefalast ikkje å reise utanlands, mellom anna fordi faren for importsmitte er høg.

Sjå regjeringen.no for full oversikt over anbefalingane.

Enklare besøksrutinar for vaksinerte bebuarar i sjukeheim

05.02.2021 varsla Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet at råda for besøk i sjukeheim vil bli endra ettersom dei fleste av landets sjukeheimsbebuarar nå er vaksinerte mot covid-19. Ei gledeleg endring er at vaksinerte bebuarar igjen kan ha nærkontakt med nokre av sine næraste. Retningslinjene for besøk til bebuarar på POS vil snarleg bli oppdaterte. Dette kjem vi tilbake til.

Informasjonstelefonen

Har du spørsmål om korona? Ring gjerne Helsenorge sin informasjonstelefon på 815 55 015. Den er open kvardagar kl. 08.00–15.30. Frå utlandet kan du ringe +47 21 93 78 40. Helsenorge har også ein chatbot du kan nytte. Du finn den nedst på nettsida deira.

Ope kommuneadministrasjon, symjehall og bibliotek
  • Dei kommunale kontora i Fyresdal Næringshage held framleis ope som vanleg (måndag-fredag kl. 08.00-16.00), men ta gjerne kontakt med den tilsette på førehand. Du finn ulike telefonnummer og e-postadresser her, eventuelt så kan du ringe sentralbordet vårt på 35 06 71 00.
  • Symjehallen held framleis ope, også i vinterferien. Den er open for alle, men med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget. Det er to tider å velje mellom alle dagane: Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag. Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12.30-14.00. For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag.
  • Biblioteket held ope som vanleg, også i vinterferien. Opningstidene er som fylgjer: Tysdag kl. 10.00–16.00, onsdag kl. 12.00–20.00, torsdag kl.12.00–16.00 og fredag kl.10.00–16.00.

Vis omsyn og ta smittevern på alvor – også i ferien!

Vinterferien er rett rundt hjørnet. Fyresdal kommune ynskjer alle velkomne til trivelege vinterferiedagar i Fyresdal, men hugs at pandemien dessverre ikkje tar ferie!

Hugs at dei generelle nasjonale anbefalingane også gjeld i vinterferien; Hald deg heime dersom du ikkje er frisk og test deg så snart som mogleg dersom du trur at du kan vere smitta. Grunnleggande smittevern med god handvask, god avstand til andre og få nærkontaktar er veldig viktig uavhengig av kor ein oppheld seg i ferien.

Anbefalingar for årets vinterferie - 13.02.3021

I samband med at det snart er vinterferie har Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet utarbeidd nasjonale anbefalingar om korleis ferien kan planleggast og gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

Kort oppsummert seier anbefalingane:

  • Du kan reise på vinterferie i Noreg. Det vil seie at du kan reise på hytta (legid eller eigd) og hotell. Men du bør unngå å reise med kollektivtransport dersom det er mogleg. Ver merksam på at smittesituasjonen kan endre seg raskt; Alle må vere førebudd på at planane for vinterferien kan endre seg. 
  • Du må vere førebudd på å måtte gå i karantene i løpet av eller etter ferien. Dette gjeld spesielt dersom du reiser på hotell, der situasjonen fort kan bli uavklart. 
  • Det er viktig at du set deg inn i og fylgjer smittevernråda som gjeld dit du skal. Reiser du til ein kommune som har lettare tiltak enn den du reiser ifrå, bør du som hovudregel fylgje dei råda som gjeld i kommunen du reiser ifrå. 
  • Det anbefalast ikkje å reise utanlands, mellom anna fordi faren for importsmitte er høg.

Hugs at dei generelle nasjonale anbefalingane også gjeld i vinterferien; Hald deg heime dersom du ikkje er frisk og test deg så snart som mogleg dersom du trur at du kan vere smitta. Grunnleggande smittevern med god handvask, god avstand til andre og få nærkontaktar er veldig viktig uavhengig av kor ein oppheld seg i ferien.

Anbefalingane for vinterferien tar mellom anna for seg reiser, besøk, sosiale samankomstar og aktivitetar; Les heile nyheita på regjeringen.no.

Enklare besøksrutinar for vaksinerte bebuarar i sjukeheim - 10.02.2021

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet varslar at fleire av råda for besøk i sjukeheim vil bli endra ettersom dei fleste av landets sjukeheimsbebuarar nå er vaksinerte mot covid-19. Ei gledeleg endring er at vaksinerte bebuarar igjen kan ha nærkontakt med nokre av sine næraste. Dette skriv FHI i ein nyheit på nettsida si 05.02.2021.

Optimal beskyttelse mot covid-19 oppnår ein i utgangspunktet 1-2 veker etter andre dose. Etter planen vil alle bebuarar på POS vere fullvaksinerte fredag denne veka. Vi kjem tilbake med meir informasjon kring besøksrutinane på POS.

Vil du vite meir?

  • Her kan du lese smittevernråda frå FHI
  • Her kan du lese rettleiaren frå Helsedirektoratet

Innstrammingar i innreisereglane vidareførast ut februar - 10.02.2021

Regjeringa vidarefører innstrammingane i innreisereglane som blei innført 29. januar, med nokre mindre tilpassingar. Samtidig arbeider regjeringa vidare med sikte på å kunne opne meir opp, samtidig som unntaka til karantenehotell og kontrollen blir stramma inn.

Les meir i den aktuelle pressemeldinga på regjerinegn.no.

Delvis vidareføring av tiltak i austlandsområdet etter utbrot av mutert virus - 10.02.2021

Regjeringa vidarefører tiltak for Nordre Follo-utbrotet og Halden-utbrotet, med nokre unntak.

Smittesituasjonen er uoversiktleg, og det blir stadig funne tilfelle av meir smittsame virusvariantar. Derfor vidareførast i stor grad tiltaka som skal begrense smittespreiinga i samband med Nordre Follo-utbrotet og Halden-utbrotet. Nordre Follo og Ås flyttast frå ring 1 til ring 2, og får nokre lettingar i tiltaksnivået. Enebakk, Frogn, Nesodden og Vestby takast ut av ordninga med forsterka nasjonale tiltak.

For meir informasjon om tiltaksnivåa i dei ulike kommunane, sjå den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

UDs globale reiseråd blir forlenga - 09.02.2021

Det globale reiserådet blir forlenga frå 1. mars til 15. april.

Smittesituasjonen globalt, nye tiltak knytt til utbrotet av det muterte viruset, kapasitet i dei ulike lands helsevesen og andre lands reiserestriksjonar er faktorar som ligg til grunn for den nye beslutninga regjeringa har fatta. Det globale reiserådet kor Utenriksdepartementet rår imot alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land, blir forlenga til 15. april.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 08.02.2021

Risikovurdering i kommunen
 
Kommuneoverlegen gjer kvar veke ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar. Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 6 er 1.
 
Vaksinasjonsstatus
 
Førre veke blei vi ferdige med 1. dose på alle over 85 år.
Denne veka får vi 24 doser og startar opp med 1. dose på dei over 75 år.
Vi jobbar oss nedover på prioriteringslista, og dei som skal tilbys vaksine får telefon frå legekontoret nokre dagar før. Vaksineringa går føre seg på helsehuset.
 
Sjå elles oppdatering per 03.02.2021 og 04.02.2021 om vaksinasjonsstatusen i Fyresdal kommune.
 
Behov for nokon å snakke med?
 
Har du mange tankar og bekymringar om dagen? Sit du heime og føler deg litt einsam? Ta gjerne kontakt med oss på legekontoret på 35 06 73 00 eller psykisk helse på 975 61 574 (Gudny) / 482 06 598 (Randi). Du treff oss alle vekedagar kl. 08.00-15.30.
 
Det finst mange telefontenester, nettsider og chatte-moglegheiter kor du kan få råd, rettleiing og nokon å snakke med. Her er nokre tips:
  • Kors på halsen: Barn og unge som treng nokon å snakke med kan ringe 800 33 321, ev. sende melding via nettsidene deira korspahalsen.no.
  • Mental Helses hjelpetelefon: Denne hjelpetelefonen er eit døgnope tilbod der du kan få nokon å snakke med når livet er vanskeleg. Du treff dei på 116 123. Sjå ev. hjelpetelefonen.no.
  • Kirkens SOS: Dette er ein døgnopen kriseteneste som også er open på heilagdagar. Dei tilbyr ei anonym og uforpliktande samtale på krisetelefonen eller kontakt via chat på nettsidene deira. Du treff dei på 22 40 00 40 og kirkens-sos.no.
  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111.
  • Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte: Eit døgnope, landsdekkande gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og voksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte. Telefon: 800 57 000 og nettside: hfsm.no.

Ope kommuneadministrasjon, symjehall og bibliotek

  • Dei kommunale kontora i Fyresdal Næringshage held ope som vanleg (måndag-fredag kl. 08.00-16.00), men ta gjerne kontakt med den tilsette på førehand. Du finn ulike telefonnummer og e-postadresser her, eventuelt så kan du ringe sentralbordet vårt på 35 06 71 00.
  • Symjehallen er open for tilnærma ordinær bruk både onsdag, fredag og laurdag. Den er open for alle, men med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget. Det er to tider å velje mellom alle dagane: Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag. Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12.30-14.00. For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag.
  • Biblioteket er ope som vanleg og har desse opningstidene: Tysdag kl. 10.00–16.00, onsdag kl. 12.00–20.00, torsdag kl.12.00–16.00 og fredag kl.10.00–16.00.

Regjeringa avlyser skriftleg eksamen - 08.02.2021

Alle skriftlege eksamenar blir avlyst for elevar i ungdomsskulen og i vidaregående opplæring. Muntleg eksamen blir avlyst for elevane på vg1 og vg2, men blir gjennomført for avgangselevane på 10. trinn og vg3.

Les heile pressemeldinga på regjeringen.no.

FHI sender SMS om Smittestopp - 04.02.3021

FHI sender i ettermiddag ut ein SMS om appen Smittestopp, mellom anna til innbyggarar i Fyresdal kommune.
 
Nærare 700 000 brukarar har lasta ned appen så langt. 
 
Vi mener det er viktig å bruke alle virkemidlene vi har for å bidra til å stoppe smitten av både koronaviruset generelt og den engelske varianten spesielt. Smittestopp kan bidra til rask varsling om risiko for smitte, og jo flere som bruker den, jo mer effektiv vil den være, seier assisterande direktør Gun Peggy Knudsen i FHI. 
 
Frivillig å bruke
Smittestopp er frivillig å bruke, og er for deg over 16 år. Appen gjev beskjed dersom du har vore i nærleiken av andre Smittestopp-brukarar som seinare har fått påvist koronavirus, og du kan sjølv melde ifrå til andre dersom du får påvist smitte. 
 
Appen erstatter ikke smittesporingen som blir gjort i kommunene, men er et supplement. Den er spesielt nyttig i situasjoner hvor du har vært i nærheten av personer du ikke kjenner, eller ikke husker du har vært sammen med, sier Gun Peggy Knudsen.  
 
Ingen kan sjå kven eller kor du er
Ingen kan sjå kven du er, kor du er, eller kven du møter. Dersom du får melding om at du har vore i nærleiken av nokon som har fått påvist koronavirus, blir du anbefalt å ta ein test og halde deg heime til resultatet av testen er klar. 
 
I dag er appen lasta ned 562 000 gonger. 615 personar har meldt seg smitta i appen. Men jo fleire som lastar ned appen, jo meir effektiv vil den vere. 
 
Sjå opp for falske SMS-ar
Det er alltid ein risiko for at kriminelle forfalskar SMS-ar for å få folk til å klikke på eigne nettsider. Ver nøye med sjekke at lenker i SMS-ar er riktige. Lenka på denne SMS-en fører til Helsenorge, www.helsenorge.no/smittestopp. 
 
Kven kan bruke appen
Dei aller fleste nyare mobilar kan bruke appen. Men for Iphone må telefonen vere oppdatert til minimum versjon iOS 13.5. Iphone 6s er den eldste modellen appen kan brukast på. FHI har fått tilbakemeldingar frå fleire som har eldre telefonar om at dei ikkje kan bruke appen, og dei arbeider med å oppdatere appen slik at den også kan brukast på eldre iOS-einingar med versjon 12.5.
 
Om kor mobilnumra er henta frå
FHI har brukt Kontakt- og reservasjonsregisteret i Digitaliseringsdirektoratet til å hente inn mobiltelefonnummer til utsendinga. Kun dei over 16 år får SMS, og reserverte mobilnummer får ikkje tilsendt meldinga. Opplysningar i Kontakt- og reservasjonsregisteret kan brukast til sakshandsaming og utføring av forvaltningsoppgåver. 

Ytterlegare informasjon kring vaksinasjonsstatus i Fyresdal kommune - 04.02.2021

Denne veka (veke 5) vil ca. 2/3 av pasientane på POS vere fullvaksinerte. Vi vil bli ferdige med 1. dose på alle over 85 år denne veka, og vil starte med 1. dose på dei over 75 år.

Antal vaksiner vi får framover er fortsatt usikkert - vi får sannsynlegvis litt færre neste veke enn det vi fekk denne veka. Maks 20 % av vaksinedosene går til helsepersonell. Vi jobbar oss nedover på prioriteringslista, og dei som skal tilbys vaksine får telefon frå legekontoret nokre dagar før. Vaksineringa går føre seg på helsehuset.

Situasjonen er ikkje heilt føreseieleg verken med tanke på antal doser eller kva for vekedag dosene blir levert, og etter kvart heller ikkje på kva slags vaksine vi får. Folkehelseinstituttet har laga eit vaksineringsscenario (per 29.01.2021) med oversikt over når ein kan forvente å kunne vaksinere ulike grupper mot covid-19. Sjå oversikten frå FHI her

Det er foreløpig ikkje lagt opp til noko «massevaksinering» - Noreg har ikkje fått nok vaksiner til å starte med dette.

Vaksinasjonsstatus i Fyresdal kommune - 03.02.2021

Det er til nå sett totalt 30 doser koronavaksine. 5 av desse er dose nr. 2, det vil seie at det er 5 personar i Fyresdal kommune (på POS) som er fullvaksinerte mot korona. 4 doser er sett på helsepersonell. 

Denne veka har vi fått 30 nye doser som skal settast. 6 av desse er dose nr. 2.

Fyresdal kommune fylgjer nasjonale føringar for vaksinering og prioritering. Du kan lese meir om prioriteringsrekkefylgja på fhi.no.

Når det eventuelt blir din tur til å bli vaksinert, vil du bli kontakta av legekontoret per telefon. Du treng altså ikkje ta kontakt sjølv for å bestille time.

Det kjem heile tida ny informasjon frå myndigheitene våre. Vi oppmodar dykk til å framleis fylgje med på kommunen si nettside for ulike oppdateringar.

Nytt frå Fyresdal kommune som fylgje av vidareføring av nasjonale tiltak - 02.02.2021

Dei nasjonale tiltaka som blei innført 18. januar blir vidareførte til midten av februar.
 
I korte trekk vil det seie:
 
  • Vi blir framleis anbefala å begrense den sosiale kontakten vår i størst mogleg grad. Vi blir oppmoda om å møtast utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester i tillegg til dei som allereie bur saman. 
  • Vi blir framleis anbefala å ikkje gjennomføre reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig. 
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne, medan vaksne framleis blir anbefala å ikkje drive organisert aktivitet innandørs.
  • Når det gjeld arrangement er reglane framleis slik at det tillate med maks ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, til dømes bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
  • Når det gjeld offentlege arrangement er reglane framleis slik at det er tillate med maks ti personar på innandørs arrangement (idrett, kultur, seminar, livssyn), men det er tillate med inntil 200 personar dersom alle i publikum kan site i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.
  • Når det gjeld skjenkereglane er dei per i dag som fylgjer i Fyresdal kommune: Skjenkestopp ved midnatt, det kan ikkje sleppast inn gjester etter kl. 22.00 og alkoholserveringa kan kun skje i samanheng med matservering.
Kommuneadministrasjonen er open
 
Dei kommunale kontora i Fyresdal Næringshage held ope som vanleg (måndag-fredag kl. 08.00-16.00), men ta gjerne kontakt med den tilsette på førehand. Du finn ulike telefonnummer og e-postadresser her, eventuelt så kan du ringe sentralbordet vårt på 35 06 71 00.
 
Fyresdal symjehall er open
 
Symjehallen er open for tilnærma ordinær bruk både onsdag, fredag og laurdag. Den er open for alle, men med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget. 
 
Det er to tider å velje mellom alle dagane:
 
  • Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag.
  • Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12.30-14.00. For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag.
Fyresdal folkebibliotek er ope
 
Biblioteket er ope som vanleg og har desse opningstidene:
 
  • Tysdag  kl. 10.00–16.00
  • Onsdag kl. 12.00–20.00
  • Torsdag kl.12.00–16.00
  • Fredag kl.10.00–16.00
Bygdekinoen er i gang att
 
Fredag 5. februar viser Bygdekinoen filmane Lassie kommer hjem og Den største forbrytelsen. Bygdekinoen er eit offentleg arrangement og må forhalde seg til dei reglane som til ein kvar tid gjeld for arrangement, og per i dag er det altså kun tillate med maks ti personar på eit innandørs arrangement (når ein ikkje har fastmonterte sete).
 
NB. Billettar må kjøpast på nett! Sjå bygdekinoen.no for meir informasjon.
 
Retningslinjer for besøk til bebuarar på POS 
 
Vi minner om punkt 1 i retningslinjene for besøk på Nordstøg og Utsikten på POS: Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant (helst dagen før). Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngang, og vente til personalet kjem.
 
Risikovurdering i kommunen
 
Kommuneoverlegen skal kvar veke gjere ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar. Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 5 er 1.

Ytterlegare innstramming i innreisereglane - 01.02.2021

Regjeringa gjer ei ytterlegare innstramming i innreisereglane. Attest på gjennomgått covid-19 har til nå gitt unntak frå innreisekarantene, krav om negativ test og test ved ankomst.

Falske attestar på gjennomgått covid-19-sjukdom medfører auka risiko for importsmitte også av nye, meir smittsame variantar. Derfor blir desse unntaka nå avskaffa. Ein slik attest vil ikkje lengre gje unntak for obligatorisk test på grensa eller innreisekarantene. For å få unntak frå kravet om negativ koronatest tatt seinast 24 timar før ankomst til Noreg og smittekarantene, må du ha dokumentasjon på gjennomgått covid-19. For unntak frå unntak fra smittekarantene er det kun norsk attest på gjennomgått covid-19 som er godkjent. Dette kravet trer i kraft midnatt natt til søndag 31. januar.

Regjeringa vidarefører smittetiltaka frå 18. januar - 01.02.2021

Dei nasjonale tiltaka som blei innført 18. januar blir vidareførte til midten av februar.

Sjå regjeringen.no for oversikt over dei aktuelle tiltaka.

Kraftige tiltak i fleire kommunar i austlandsområdet etter utbrot av mutert virus - 01.02.2021

I samband med at det er bekrefta smitte av den engelske varianten av koronaviruset i Halden og Sarpsborg har regjeringa etter ynskje frå dei berørte kommunane sett i verk ei rekke strenge tiltak for å stagge utbrotet. Tiltaka gjeld frå midnatt natt til måndag 1. februar.

Søndag for ei veke sidan innførte regjeringa strenge tiltak i Nordre Follo og dei omkringliggande kommunane der risikoen for at viruset skulle spreie seg var størst. Denne gruppa blir kalla ring 1-kommunane, og har dei strengaste tiltaka frå regjeringa sin beredskapsplan.

Regjeringa innførte også forsterka tiltak i kommunane som ligg i randsona til området der risikoen for spreiing var høgast. Denne gruppa blir kalla ring 2-kommunane, og har dei nest strengaste tiltaka frå regjeringa sin beredskapsplan.

I samband med utbrotet i Halden og Sarpsborg har regjeringa bestemt at fylgjande kommunar skal inn i ring 1 og ring 2:

Ring 1:

  • Sarpsborg (ny)
  • Halden (ny)
  • Moss (planlagt å gå inn i ring 2 frå og med 3. februar, men er i ring 1 inntil vidare)
  • Våler (planlagt å gå inn i ring 2 frå og med 3. februar, men er i ring 1 inntil vidare)

Ring 2:

  • Fredrikstad (ny)
  • Hvaler (ny)

Fylgjande kommunar er allereie i ring 2, og vil fortsette å vere der inntil vidare:

  • Indre Østfold
  • Skiptvet
  • Rakkestad
  • Råde
  • Marker (planlagt å gå ut frå ring 2 frå og med 3. februar)

Tiltaka gjeld i fyrste omgang til og med 10.02.2021.

For full oversikt over kva tiltak som gjeld i dei like sonene ("ringane"), sjå regjeringen.no.

Regjeringa strammar kraftig inn på utlendingars åtgang til innreise til Noreg - 28.01.2021

For å redusere risikoen for spreiing av den vesentleg meir smittsame varianten av koronaviruset, strammar regjeringa kraftig inn på utlendingars åtgang til innreise til Noreg. I utgangspunktet vil kun utlendingar som er busett i Noreg få anledning til å reise inn i Noreg.

Innstrammingane kjem på bakgrunn av anbefalingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Endringane trer i kraft ved midnatt, natt til fredag 29.01.2021.

Dei nye innreisereglane kjem i tillegg til eit omfattande system ved grensa, med krav om negativ test før ankomst til Noreg, registering av formålet med reisa og karantenestad, obligatorisk test ved grensa og lovpålagt karantene.

For oversikt over kva grupper som ikkje lengre får åtgang til riket og kva grupper det framleis blir gjort unntak for, sjå regjeringen.no.

Unngå reiser til og frå austlandsområdet - 25.01.2021

Søndag blei det innført kraftige tiltak i ti kommunar i austlandsområdet for å stagge den engelske virusvarianten som er oppdaga i Nordre Follo. Dei ti kommunane er: Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås. Frå midnatt natt til i dag blei det også innført strenge tiltak i femten randsonekommunar. Dei femten kommunane er: Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvet.

Unngå reiser til og frå austlandsområdet

Vi oppmodar alle om å unngå reiser til og frå austlandsområdet – i fyrste omgang ut januar. Vi oppmodar alle som har vore i Oslo, eller i ein eller fleire av dei nemnde kommunane i løpet av dei siste 10 dagane om å begrense talet på nærkontaktar. Vis omsyn ved å halde avstand og ver ekstra merksam på symptom. Dersom du får symptom, er det viktig at du testar deg!

Vurdering i kvar kommune av risikonivå for smittespreiing eller smittefare - 25.01.2021

Risikovurdering i kommunen

Trinn 4 i "Håndbok for oppdaging, vurdering og håndtering av covid-19-utbrudd i kommunen" er risikovurdering. Risikovurderinga skal bestå av ei vurdering av den epidemiologiske situasjonen, spreiingspotensialet og forventa sjukdomsbyrde. Formålet er å vurdere sannsynligheita for vidare spreiing og konsekvensane av dette. 

Kommuneoverlegen skal kvar veke gjere ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar.

Ny modell i desember 2020

Folkehelseinstituttet (FHI) innførte medio desember 2020 ein ny modell for å skildre risikonivået for smittespreiing eller smittefare. Den nye modellen skal nyttast både nasjonalt, regionalt og lokalt i kommunane.

Tidlegare snakka vi om «raude», «gule» og «grøne» område, og sjølv om dette var ein enkel måte å framstille smittefaren på så var denne metoden lite eigna på lokalt nivå.

Den nye modellen delar risikoen opp i 5 ulike nivå, der kvart risikonivå gjev uttrykk for graden av kontroll styresmaktene har på smittespreiinga. Om ein kommune blir vurdert til å vere på risikonivå 1 så er det lite eller ingen smitte i kommunen og situasjonen er under kontroll osv. Sjå bilete for meir informasjon:

Risikonivå

Risikonivå veke 4

Risikonivået i Fyresdal kommune per veke 4 er 1.

Strengare reglar for testing og innreisekarantene for å stoppe mutert virus - 24.01.2021

Noreg har allereie eit av dei strengaste regelverka i Europa for å hindre importsmitte. Nå innfører regjeringa enda strengare reglar for testing og innreisekarantene, for å stoppe og forsinke spreiinga av dei muterte og meir smittsame virusvariantane i Noreg:
 
  • Kravet om negativ koronatest før ankomst til Noreg blir endra frå å måtte takast maks 72 timar før ankomst, til å måtte takast maks 24 timar før.
  • Alle som har opphalde seg i Storbritannia, Sør-Afrika, Irland, Nederland, Østerrike, Portugal og Brasil skal testast med PCR- test på grensa. Ein slik test er nødvendig for å kunne gjere vidare analyser på om prøva består av ein av dei muterte og meir smittsame virusvariantane.
  • Reglane for karantene blir skjerpa og gjerast like for alle land, med færre unntak og auka krav til testing.
Endringane blir sett i verk klokka 24.00 natt til måndag 25. januar.
 
Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Bli med å bringe kvardagen tilbake - last ned den nye Smittestopp-appen - 22.01.2021

På sikt vil vaksiner kunne hjelpe oss ut av pandemien. Fram til då treng vi fortsatt andre tiltak. Last ned den nye Smittestopp-appen, og gje beskjed til andre dersom du blir smitta. Bli med å bringe kvardagen tilbake.

Smittestopp er ein app frå Folkehelseinstituttet (FHI), som skal bidra til å forhindre at koronaviruset spreiar seg i samfunnet. Den er heilt frivillig å bruke, og tar vare på ditt personvern. Appen har 16-års aldersgrense.

Les meir om Smittestopp-appen på helsenorge.no.

Endring i skjenkereglar etter fleirtalsvedtak i Stortinget - 21.01.2021

Frå midnatt natt til fredag 22.01.2021 blir skjenkereglane i Fyresdal kommune endra. Dette er i tråd med dei nasjonale føringane.
 
Fylgjande reglar vil då gjelde for serveringsstader i Fyresdal kommune:
 
  • Skjenkestopp ved midnatt
  • Det kan ikkje sleppast inn gjester etter kl. 22.00
  • Alkoholservering kan kun skje i samanheng med matservering
Stortingets vedtak opnar for at kommunar med høgt smittetrykk kan fatte vedtak om fortsatt skjenkestopp eller strengare reglar enn dei nasjonale reglene. Dette er per dags dato ikkje aktuelt for Fyresdal kommune.
 
Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Ikkje lengre regionale koronatiltak i delar av fylket - 20.01.2021

Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) og kommunane i Vestfold og Telemark blei i møte 06.11.2020 samde om å innføra regionale koronatiltak (sameinte råd) i kommunar med høg smitte, i tillegg til nasjonale råd og tiltak. Desse sameinte råda og soneinndelinga i fylket er nå ikkje lengre gjeldande. Det er den nye styringsmodellen frå FHI, i lag med dei nasjonale råda, som er styrande. 

Nytt frå Fyresdal kommune som fylgje av nye nasjonale føringar - 19.01.2021

Fyresdal kommune fylgjer i hovudsak dei nasjonale retningslinene og i korte trekk gjeld nå dette: 
 
Sosial kontakt
 
Alle bør redusere sosial kontakt i størst mogleg grad. Det blir oppfordra til å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester i tillegg til dei som allereie bur saman. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand, kan ein vere fleire, men ein må likevel ikkje vere fleire enn at ein kan halde avstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
 
Idrett, kultur og fritid:
 
  • Førsdalshallen opnar att for trening og fritidsaktivitet for barn og unge under 20 år.
  • Ungdomsklubben opnar att som før jol, med ulike steg på ulike dagar.
  • Kulturskulen opnar att for ordinær undervisning.
  • Det er foreløpig ikkje kino på samfunnshuset.

Fyresdal symjehall

Fyresdal kommune opnar nå symjehallen att for tilnærma ordinær bruk både onsdag, fredag og laurdag. Den vil vere open for alle, men med påmelding, maks antal personar til stades samstundes og med «makstid» i bassenget.

Det vil vere to tider å velje mellom alle dagane:
 
  • Onsdag og fredag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 17.00-18.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 18.30-20.00. 
    For å tinge plass i symjehallen onsdag eller fredag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 17.00 same dag.
  • Laurdag: Ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 11.00-12.30 og ope for ei gruppe i tidsrommet kl. 12:30-14:00.
    For å tinge plass i symjehallen laurdag, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 10.00 og 11.00 same dag. 
Ein kan ikkje reservere plass tidlegare enn same dag som ein ynskjer å bade.
 
Fyrste opningsdag er onsdag 20.01.2021.
 
På grunn av koronasituasjonen vil årskort som er kjøpt for 2020 også gjelde for 2021.
 
Fyresdal folkebibliotek
 
Biblioteket er ope som vanleg og har desse opningstidene:
 
  • Tysdag kl. 10.00–16.00
  • Onsdag kl. 12.00–20.00
  • Torsdag kl.12.00–16.00
  • Fredag kl.10.00–16.00

Retningslinjer for besøk til bebuarar på POS 

Vi ynskjer å minne om punkt 1 i retningslinjene for besøk på Nordstøg og Utsikten på POS: Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant (helst dagen før). Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngang, og vente til personalet kjem.

Vidarefører dei fleste nasjonale tiltaka, men gjev lettingar for barn og unge - 18.01.2021

Regjeringa vidarefører i hovudsak dei strenge smitteverntiltaka for å stoppe ei ny smittebølge, men gjev nokre lettingar for barn og unge. Det nasjonale tiltaksnivået for skular blir nedjustert til gult nivå, og lokale idretts- og fritidsaktivitetar for barn og unge blir ikkje lengre rådd imot. Anbefalinga om å unngå besøk heime blir ikkje vidareført, men alle bør begrense sosial kontakt.

Her er tiltaka som regjeringa la fram i dag (teksten er henta direkte frå regjeringen.no, difor på bokmål):

Barnehagar og skular

Nasjonalt tiltaksnivå for ungdomsskoler og videregående skoler nedjusteres fra rødt til gult nivå. Kommuner kan opprettholde rødt nivå ut denne uka dersom de har behov for å forberede overgang til gult nivå. Kommuner med høyt smittepress bør vurdere å beholde rødt nivå i ungdomsskoler og videregående skoler, og ved behov vurdere rødt nivå også i barnehager og barneskoler. (Nytt).

Anbefalingar for alle i heile landet

Sosial kontakt

Alle bør begrense sosial kontakt i størst mulig grad. Det oppfordres til å møte andre utendørs, og ikke ha besøk av flere enn 5 gjester i tillegg til de som allerede bor sammen. Dersom alle gjestene kommer fra samme husstand, kan man være flere, men man må likevel ikke være flere enn at man kan holde avstand. Barn i barnehager og barneskoler kan ha besøk fra egen kohort. (Nytt)

Reiser

Ikke gjennomføre reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig. Reiser til studiested kan fortsatt regnes som en nødvendig reise, mens reiser for å delta på arrangementer i utgangspunktet ikke anses som en nødvendig reise. Hytteopphold i Norge med folk du bor sammen med frarådes fortsatt ikke, innenfor de lokale og nasjonale rådene og reglene som gjelder. (Nytt)

Høgare utdanning

Alle universiteter, høgskoler og fagskoler bør bruke digital undervisning der dette er mulig. Alle planlagte arrangementer bør være digitale, og større forelesninger og sammenkomster bør unngås. Studenter i områder uten høy smitte bør få mulighet til fysisk undervisning minst en gang i uken når det er mulig å gjennomføre i mindre grupper og i tråd med smittevernveilederne. (Nytt)

Idretts-, fritids-, kultur- og livssynsarrangement

Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktiviteter som normalt, både ute og inne. De kan også unntas fra anbefalingen om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten. For barn og unge kan ordinær treningsaktivitet internt i klubber, lag og foreninger derfor gjennomføres, men kamper, cuper, stevner mv. må fortsatt utsettes. (Nytt)
For voksne videreføres anbefalingen om ikke å drive organisert aktivitet innendørs. Utendørs kan voksne trene dersom det er mulig å holde god avstand.
Toppidretten anbefales å utsette alt seriespill i to uker. Norges Idrettsforbund bes om å koordinere dette med særforbundene. (Nytt)
Kulturarrangement som forestillinger, oppvisninger m.v, samt kurs/konferanser og tros- og livssynseremonier utsettes dersom disse samler personer fra flere kommuner. Folk bes om å respektere begrensninger som arrangøren informerer om når det gjennomføres arrangementer forbeholdt innbyggere i en enkelt kommune. Dette omfatter både utendørs og innendørs arrangementer, men ikke begravelser. (Nytt).

Arbeidsplassar

Hjemmekontor anbefales for alle som har mulighet til dette.

Reglar for heile landet

Arrangement og private samankomstar

De fleste private sammenkomster og arrangementer bør utsettes eller avlyses. Om de likevel må avholdes, gjelder følgende regler:

  • Maksimalt ti personer på private sammenkomster utenfor eget hjem, som for eksempel en bursdag i leid lokale. Dersom den private sammenkomsten er utendørs, er grensen 20 personer. (Nytt).
  • Maksimalt ti personer på innendørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminarer, livssynssamlinger, seremonier mv., likevel 200 personer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter. I begravelser kan det være opp mot 50 personer, selv om setene ikke er fastmontert.
  • Maks 200 personer på arrangementer utendørs, likevel 600 personer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter.
  • Helsedirektoratet vil få i oppdrag å vurdere om kravet til fastmonterte seter for å ha inntil 200 eller 600 deltakere på arrangement, bør erstattes med andre krav, for eksempel krav til tilviste faste sitteplasser. (Nytt).

Uteliv og serveringsstader

Forbud mot skjenking av alkohol på serveringssteder videreføres inntil videre. Det tas en ny vurdering i uke 4, altså neste uke.

Tiltaka gjeld frå 20. januar, og varer så lenge det er behov for dei, men regjeringa vil fortløpande vurdere situasjonen (skjenkeforbodet skal vurderast allereie neste uke).

Les den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Tilbake til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular - 18.01.2021

Frå onsdag 20. januar er det nasjonale tiltaksnivået tilbake på gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular. Kommunar med høgt smittepress bør vurdere om det framleis skal vere raudt nivå lokalt. Kommunar kan oppretthalde raudt nivå ut denne veka dersom dei har behov for å førebu overgang til gult nivå. Det er framleis ikkje opna for lokale nedjusteringar frå det nasjonale tiltaksnivået. Det vil seie at kommunane ikkje kan sette tiltaksnivået ned til grønt.

Elevar og foreldre/føresette på Gimle skule blir informerte via Visma og Fronter.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Regjeringa innfører obligatorisk testing på grensa - 17.01.2021

Regjeringa innfører obligatorisk testing på grensa for personar som har opphalde seg i eit område med karanteneplikt. Dette vil gjelde frå måndag 18. januar kl. 17.00.

I dag må personar som har opphalde seg i eit område med karanteneplikt teste seg for covid-19 så snart som mogleg og seinast 24 timar etter ankomst til Noreg. Nå endrast dette til at testen skal gjennomførast ved grenseovergangsstaden i Noreg. Det inneber at personar ikkje lengre kan velge å gå forbi teststasjon på flyplass, hamn eller grenseovergangsstad på veg, og heller teste seg i heimkommunen. Testen må frå måndag 18.01.2021 skje ved grensepasseringa. Det er gratis å teste seg.

Les den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Vaksinering i Fyresdal kommune per veke 2 - 13.01.2021

Det er nå 11 bebuarar på POS og 1 helsepersonell i kommunen som er vaksinert. Vi reknar med å vere ferdige med å vaksinere på POS i løpet av neste veke (1. dose), og startar med vaksinering av dei eldste heimebuande i kommunen veka etter det. Dei det gjeld vil få telefon frå legekontoret om tidspunkt for vaksinering.

Fyresdal kommune fylgjer nasjonale føringar for vaksinering og prioritering. Du kan lese meir om prioriteringsrekkefylgja på fhi.no.

Når det eventuelt blir din tur til å bli vaksinert, vil du bli kontakta av legekontoret per telefon. Du treng altså ikkje ta kontakt sjølv for å bestille time.

Det kjem heile tida ny informasjon frå myndigheitene våre. Vi oppmodar dykk til å framleis fylgje med på kommunen si nettside for ulike oppdateringar.

UDs globale reiseråd blir forlenga - 13.01.2021

Det globale reiserådet blir forlenga frå 15. januar til 1. mars.

Smittesituasjonen globalt, usikkerheit rundt utvikling av pandemien, kapasitet i dei ulike lands helsevesen og andre lands reiserestriksjonar er faktorar som blir vurdert. I tillegg veg regjeringas prioritering av å begrense smitte frå utlandet tungt.

- Selv om vi har forholdt oss til pandemien i snart ett år, er vi fortsatt langt unna en normalsituasjon og smittesituasjonen endrer seg raskt. Derfor velger vi å videreføre det globale reiserådet som fraråder reiser som ikke er strengt nødvendige til alle land. Vi fortsetter å gjøre unntak for land i EØS/Schengen-området som har tilstrekkelig lav smittespredning. Det må forventes å kunne være reiserestriksjoner også når påsken kommer, og folk bør ikke nå planlegge for utenlandsreiser i påsken, seier utenriksminister Ine Eriksen Søreide.

Per i dag er det kun nokre få område i Finland det er gjort unntak for. I EØS/Schengen-området rår Utenriksdepartementet imot reiser som ikkje er strengt nødvendige til Andorra, Belgia, Bulgaria, Estland, Frankrike, Hellas, Irland, Island, Italia, Kroatia, Kypros, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxembourg, Malta, Monaco, Nederland, Polen, Portugal, Romania, San Marino, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn, Vatikanstaten, Østerrike og regioner og områder i Danmark og Finland. Vurdering av unntak frå reiserådet for land med tilstrekkeleg låg smittespreiing i EØS/Schengen-området vil framleis gjerast kvar veke.

Smittesporar – noko for deg? - 11.01.2021

Smittesporing er ei svært viktig oppgåve i arbeidet med å få bukt med korona-pandemien ved å hindre ytterlegare spreiing av viruset. 

Som smittesporar jobbar du i kommunens team, som saman fylgjer opp og gjev informasjon til personar med påvist smitte og deira nærkontaktar. Arbeidet er basert på telefonisk kontakt og bruk av digitale verktøy og ikkje fysisk pasientkontakt.

Det er utvikla eit kurs beståande av to delar for dette:

  • Del 1, den nasjonale smittesporingsopplæringa, er grunnleggande og generell for heile landet. 
  • Del 2, utarbeidd i Vestfold og Telemark, inneheld praktiske døme, case og bruk av digitale verktøy.

Du finn kurset på Kompetansebroen.no.

Du treng ikkje vere utdanna helsepersonell for å ta kurset og vere del av eit smittesporingsteam.

Når du har fullført kurset, ver venleg og ta kontakt med Anne Veum, ansvarlig for smittesporingsteamet i Fyresdal kommune, på anne.veum@fyresdal.kommune.no.

Om innreise til Noreg; registrering, karantene, testplikt og karantenehotell - 11.01.2021

Alle reisande til Noreg må sette seg inn i viktig informasjon om innreise til Noreg (innreiseregistrering, innreisekarantene, testplikt og karantenehotell).

Per 02.01.2021 gjeld fylgjande:

Innreiseregistrering

For betre smittekontroll skal alle som reiser til Noreg frå raude land registrere seg før dei kryssar grensa. Dette gjeld også norske statsborgarar. 
Innreisande skal registrere seg før ankomst til Noreg, og reisa kan kun registrerast når det er mindre enn 72 timar til innreisetidspunkt. 

Gå til digital innreiseregistrering.

Karantene

Alle innreisande må i karantene i ti dagar. Det er mogleg å gå ut av karantene etter tidlegast dag sju dersom den innreisande testar negativt for covid-19 to gonger etter ankomst.

Les meir her.

Testplikt

Alle innreisande til Noreg frå raude land pliktar å teste seg for covid-19 så snart som mogleg, seinest eitt døgn etter ankomst. Også norske statsborgarar.
Utanlandske reisande må i tillegg vise fram negativ test som er tatt under 72 timar før innreise til Noreg.

Les meir her.

Karantenehotell

Personar som ikkje har fast bustad (leigd eller eigd) eller eigna karantenestad gjennom arbeids- og oppdragsgjevar i Noreg, må opphalde seg på karantenehotell.

Les meir her.

Vaksineringa er i gang - 06.01.2021

Vi er i gang!

Fyresdal kommune fekk i går 5 vaksiner og desse er i dag bruka til å vaksinere bebuarar på POS. Vi vil få 5 nye doser i løpet av neste veke. 

Fyresdal kommune fylgjer nasjonale føringar for vaksinering og prioritering. Du kan lese meir om prioriteringsrekkefylgja på fhi.no.

Når det eventuelt blir din tur til å bli vaksinert, vil du bli kontakta av legekontoret per telefon. Du treng altså ikkje ta kontakt sjølv for å bestille time.

Det kjem heile tida ny informasjon frå myndigheitene våre. Vi oppmodar dykk til å framleis fylgje med på kommunen si nettside for ulike oppdateringar.

Ein takk!

Vi ynskjer å takke for alle tilbakemeldingar vi har fått kring informasjonsskrivet og spørjeskjemaet som blei sendt ut rett før jol. Det er mange som har svara på skjemaet, og det er vi glade for. Det gjev eit godt grunnlag for kommuneoverlege og vaksinasjonskoordinator i det vidare arbeidet.

Nye tiltak i Fyresdal kommune som fylgje av nye nasjonale føringar - 04.01.2021

I tråd med nye nasjonale føringar som kom i går har beredskapsleiinga i Fyresdal kommune kome fram til fylgjande:
 
  • Onsdagsklubben og fredagsklubben vil halde stengt i veke 1 og 2.
  • Det vil ikkje vere undervisning i kulturskulen i veke 1 og 2.
  • Det vil ikkje vere kino i veke 1 og 2.
  • Idrettshallen og symjehallen vil halde stengt i veke 1 og 2 (Gimle skule vil framleis ha tilgong til bruk).
Desse tiltaka er basert på fylgjande anbefaling frå regjeringa: "Alle organiserte fritidsaktiviteter, idrettsaktiviteter, kulturarrangementer og livssynssamlinger innendørs, anbefales utsatt til etter 18. januar. Dette gjelder også alle aktiviteter innendørs som samler barn og unge på tvers av klasser/ kohorter."
 
Kyrkja i Fyresdal har avlyst dei planlagte messene i veke 1 og 2.
 
I tillegg til tiltaka over er det slik at ungdomssteget på Gimle skule vil gå over på raudt nivå, foreløpig i veke 1 og 2. 
Elevar og foreldre/føresette blir informerte via Visma og Fronter.
 

Tiltaket med raudt nivå for ungdomssteget på Gimle skule er basert på fylgjande anbefaling frå regjeringa: "Alle landets videregående skoler og ungdomsskoler går over til rødt nivå."

Takk for innsatsen!
Ta vare på kvarandre!
Hald ut!

Fleire nasjonale smitteverntiltak blir innført - 03.01.2021

Basert på råd fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa bestemt å forsterke smitteverntiltaka og justere dagens nasjonale anbefalingar, slik at kommunane har kapasitet til å handtere lokale utbrot og få på plass meir testkapasitet. Registreringssystemet for tilreisande frå utlandet skal samtidig fasast inn.

Dei forsterka nasjonale smitteverntiltaka blir foreløpig sett i verk i to veker frå 4. januar.

Dette er anbefalingar som gjeld for alle i heile landet
(tekstane er henta direkte frå regjeringen.no, derfor på bokmål):

Sosial kontakt

  • Unngå å ha gjester i hjemmet. Vent 14 dager med private besøk. Unntak for nødvendige hjemmetjenester og besøk hos personer som er i livets siste fase. Aleneboende kan ha besøk eller gå på besøk med en til to faste venner eller til en fast husstand. Barn i barnehager og barneskoler kan ha besøk fra egen kohort. (Nytt)
  • Alle organiserte fritidsaktiviteter, idrettsaktiviteter, kulturarrangementer og livssynssamlinger innendørs, anbefales utsatt til etter 18. januar. Dette gjelder også alle aktiviteter innendørs som samler barn og unge på tvers av klasser/ kohorter. (Nytt).

Reiser

  • Unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Hytteopphold med personer fra samme husstand frarådes fortsatt ikke, innenfor de lokale og nasjonale rådene og reglene som gjelder.

Skular og utdanning

  • All undervisning og alle planlagte arrangementer ved universiteter, høgskoler og fagskoler blir digitale frem til 18. januar. (Nytt)
  • Alle landets videregående skoler og ungdomsskoler går over til rødt nivå. (Nytt)
  • Det gis ikke nasjonale føringer for nedstengning av folkehøgskolene eller bibelskolene. Folkehøgskolene følger anbefalinger og retningslinjer fra lokale helsemyndigheter.

Arbeidsplassar

  • Hjemmekontor for alle som har mulighet til dette. (Nytt).

Butikkar

  • Alle kjøpesentre og butikker bør innføre antallsbegrensninger slik at det er mulig å holde avstand samt ha adgangskontroll. Regjeringen vil i løpet av de nærmeste dagene vurdere om det skal forskriftsfestes antallbegrensninger og adgangskontroll. (Nytt).

Idrett

  • Utendørs aktiviteter kan gjennomføres dersom det er mulig å holde god avstand.
  • Toppidretten og kulturutøvere som har et særskilt unntak med egen regulering, omfattes ikke.

Dette er reglar som gjeld for alle i heile landet 
(tekstane er henta direkte frå regjeringen.no, derfor på bokmål):

Private samankomstar og arrangement

  • Maksimalt fem personer på private sammenkomster utenfor eget hjem, som for eksempel en bursdag i leid lokale. Hvis man er flere enn fem i samme husstand, kan selvfølgelig alle i husstanden møtes. (Nytt).
  • Maksimalt ti personer på innendørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminarer, livssynssamlinger, seremonier mv., likevel 200 personer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter. I begravelser kan det være opp mot 50 personer, selv om setene ikke er fastmontert. (Nytt).
  • De fleste av disse arrangementene vil uansett ikke være i tråd med nasjonale anbefalinger og bør derfor utsettes eller avlyses.

Uteliv og serveringsstader

  • Det innføres nasjonalt forbud mot skjenking av alkohol på serveringssteder og arrangementer. (Nytt).

Kyrkjevandring

  • De særlige reglene for kirkevandringer oppheves straks, i stedet for fra 15. januar. (Nytt).

Nye tiltak i kommunar og regionar med mykje smitte

Regjeringen legger til flere tiltak som kommuner og regioner med stort smittetrykk bør vurdere å innføre.

  • om barneskoler og barnehager skal følge veilederen for "rødt nivå".
  • påbud om bruk av munnbind på offentlig sted der det ikke er mulig å holde avstand på minimum en meter.
  • påbud om hjemmekontor i den utstrekning dette er mulig.
  • påbud om stengning av driften av treningssentre, bingo -og svømmehaller.

Les heile den aktuelle nyheita her

Retningsliner for besøk til bebuarar på POS - 22.12.2020

Vi på Fyresdal pleie- og omsorgssenter minner om at vi har retningsliner for besøk til bebuarar på POS. 
Vi ynskjer å beskytte bebuarane mot covid- 19 og praktiserar streng besøkskontroll og minner om retningslinjene våre:
 
Generelle retningslinjer for besøk på Nordstøg og Utsikten:
  1. Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant (helst dagen før). Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngang, og vente til personalet kjem. 
  2. Vi har siesta kl. 14.00-16.00.
  3. Avdelinga lagar ein besøksplan som er ei oversikt over når besøk kan takast imot. Pårørande må «booke» besøk. 
  4. Alle besøkande blir ført inn i besøksprotokollen. Dette er for at institusjonen skal ha oversikt over kven som til ei kvar tid har vore på besøk (dette er viktig for eventuell smitteoppsporing).
  5. Alle besøkande skal fylle ut eigenerklæring ved første besøk. Eigenerklæring leverast til pleiar som tek imot besøkande.  
  6. Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19-smitte, samt dei som er definert som nærkontakt til smitta eller i karantene etter utanlandsreise, skal ikkje besøke institusjonen.
  7. Generelle smittevernrutiner ved alle besøk:
    • Håndhygiene rett før og etter besøk.
    • Det skal ikkje førekome fysisk kontakt mellom besøkande og bebuar.
    • Besøkande må halde minst 1 meters avstand til bebuar og tilsett.
    • Det er ikkje mogleg å ta med medbragt mat/drikke inn i institusjon. 
    • Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.
  8. Vi legg til rette for individuelle tilpassingar i høve til besøk ved alvorleg sjukdom/terminal pleie, slik at pårørande kan vere hjå sine næraste i livets sluttfase.

Mvh Fyresdal pleie- og omsorgssenter

Opningstider på legekontoret i romjola - 21.12.2020

Fyresdal legekontor har fylgjande opningstider i romjola:
 
  • Joleftan: ope kl. 08.00-12.00
  • 1. joledag: stengt
  • 28. desember: ope kl. 08.00-14.00
  • 29. desember: ope kl. 08.00-14.00
  • 30. desember: ope kl. 08.00-14.00
  • Nyttårseftan: ope kl. 08.00-12.00
  • 1. nyttårsdag: stengt
Ved behov for helsehjelp i romjola:
 
  • På kvardagar kan publikum kontakte legekontoret i angitt opningstid
  • På heilagdagar må publikum kontakte legevakta i Arendal, telefon 116 117

Planlegging av vaksinasjon i Fyresdal - informasjonsskriv og spørjeskjema - 21.12.2020

Fyresdal kommune planlegg nå gjennomføring av vaksinasjon mot korona. Alle innbyggjarar skal i løpet av måndag 21.12.2020 ha fått eit informasjonsskriv og eit spørjeskjema rundt vaksina i postkassa si (det vil bli lagt 2 eksemplar i kvar postkasse). Dersom du ikkje mottar dette, ver venleg å ring legekontoret på tlf. 35 06 73 00, eventuelt skriv det ut herfrå (sjå linkar under).

Her kan du sjå skrivet og skjemaet:

Det står i skjemaet at svara kan leverast i postkassa ved legekontoret, eller ringast inn via telefon 908 97 855 / 350 67 310 måndag 4. januar eller tysdag 5. januar mellom kl. 13.30 og 15.00.

Men spørjeskjemaet kan også leverast digitalt via HelseNorge:

Logg deg inn via IDporten og velg ein av knappane "Kontakt legekontoret", "Bestill time" eller "Forny resept".

Dersom du ikkje får til å laste opp spørjeskjemaet (JPG, PNG eller PDF), kan du bare skrive i meldinga om du ynskjer vaksine, og eventuelle risikofaktor(ar) - i tillegg til oppdatert kontaktinformasjon/telefonnummer. Det viktigaste er at vi får svar.

Dersom du ikkje får til å svare digitalt, ring oss heller 4. eller 5. januar som informert om over, så registrerer vi informasjonen din då!

Fyresdal kommune er også plikta å tilby vaksine til dei som oppheld seg midlertidig i kommunen.
Utdrag frå FHI:

"Midlertidig bosatt: Kommunen har også et ansvar for personer som oppholder seg midlertidig i kommunen. Det kan for eksempel gjelde innsatte i fengsler, beboere på asylmottak og studenter, eller arbeidsinnvandrere som oppholder seg i kommunen."

Gjeld dette deg? Ta kontakt med legekontoret for informasjonskriv og spørjeskjema, ev. last dei ned herfrå.

Vi oppmodar alle til å framleis fylgje med på heimesida og på Facebook-sida til kommunen – her/der vil det kome meir informasjon etter kvart. 

Koronavaksinasjonsprogrammet - 16.12.2020

Ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgong på fleire ulike vaksinetyper, men det er ennå usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksinene og kan tilby dei til anbefalte grupper. 

I planleggingsfasen

Kommunen planlegg nå gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli løpande oppdatert på denne sida.

Vi vil seinare informere om kva grupper som anbefalast vaksinasjon og rekkefylgja mellom desse. Personar som prioriterast vil bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Prioritering

Det nye koronaviruset gjev infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som anbefalast koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har regjeringa gitt fylgjande prioritering, med dei øvste prioriterte fyrst: 

  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personer i alderen 18–64 år med ein eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar som dei har frå før

Foreløpig er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan endrast dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Meir informasjon?

Du finn meir informasjon om koronavaksinasjonsprogrammet her, på Folkehelseinstituttet si eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Noreg.

Dei nasjonale smitteverntiltaka blir vidareført til siste halvdel av januar - 15.12.2020

På bakgrunn av råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa bestemt å vidareføre dei nasjonale smitteverntiltaka med nokre mindre justeringar. Det er nødvendig å sjå kva betyding joleferien har på smittesituasjonen før regjeringa kan ta stilling til endringar i tiltaka. Derfor blir dei i fyrste omgang vidareført til andre halvdel av januar.

Det gjerast fylgjande mindre justeringar:   

  • Råd om ekstra avstand ved besøk til personer i risikogruppe rettes også mot de som har vært i områder med mye smittespredning (nivå 4 eller 5) de siste 10 dagene.
  • Råd om å unngå unødvendige reiser innenlands inkluderer råd om mer avstand ved reiser fra områder med stor smittespredning, og at smitterisiko kan reduseres ved å være mer nøye på avstand og ikke delta på sosiale samlinger ti dager før man reiser.
  • Råd til kommunene som har videregåendeskoler og ungdomsskoler på rødt nivå understreker at kommunene jevnlig må vurdere om smittesituasjonen tilsier at nedjustering til gult nivå er forsvarlig. Videregående skoler og ungdomsskoler i kommuner som opplever kraftig smittevekst, må være forberedt på at tiltaksnivået kan bli rødt.

Den aktuelle nyheita på regjeringen.no tar også for seg informasjon kring sosial kontakt, reiser, skular og utdanning, samankomster og arrangement, uteliv, karantene og reiser.

Endringar i reglane om karantenehotell - 14.12.2020

Regjeringa endrar Covid-19-forskrifta om karantenehotell.

Ordninga med karantenehotell gjeld bare krav til kor karantenen skal gjennomførast. Personar som kjem til Noreg frå raude land må i innreisekarantene i 10 døgn – uavhengig av om dette skjer på karantenehotell, heime eller på annan eigna opphaldsstad.

 Her er nokre av endringane for deg som kjem til Noreg:

  • Dei som kan dokumentere fast bustad i Noreg kan opphalde seg der i karantenetida, uavhengig av om bustaden er eigd eller leigd. Du skal ha moglegheit til å opphalde deg i eigen heim i karantenetida.
  • Andre personar som har eit anna føremål med opphaldet enn arbeid eller oppdrag kan også opphalde seg på ein annan stad enn karantenehotell dersom det kan dokumenterast at dei har ein eigna opphaldsstad. Eigna opphaldsstad må ha einerom, tilgong til eige bad, eige kjøkken eller matservering, og det må vere mogleg å unngå nærkontakt med andre.
  • Den reisande skal fremlegge ei bekrefting på at opphaldsstaden oppfyller krava frå den som stiller oppholdsstaden til disposisjon. Dette vil ikkje gjelde for dei som tilbringer karantenetida i eigen heim, uavhengig av om heimen er eigd eller leigd.

Her finn du det aktuelle egenerklæringsskjemaet.

Her kan du lese heile den aktuelle pressemeldinga datert 13.12.2020.

Informasjon om bruk av hurtigtestar i Fyresdal kommune - 14.12.2020

Fyresdal kommune tar nå i bruk hurtigtestar for korona. Testane kjem i tillegg til vanlige laboratorietestar og helsepersonell vil vurdere kven som har behov for ein hurtigtest. 

Fordelen med hurtigtestar er at dei gjev raskt svar på om ein person er smitta av koronaviruset og kan smitte andre. Nokre gonger er det ein stor fordel å få raskt svar på koronatestar, for eksempel dersom det er mistanke om at mange er smitta. Då vil hurtigtestar vere eit viktig verktøy for å kome raskt i gang med smittesporing og sette inn tiltak for å stanse utbrot. 

Hurtigtestane er ikkje like følsomme som laboratorietestar og for mange hastar det ikkje å få svar med ein gong. Hos dei vil vi framleis bruke ein laboratorietest, som gjev eit sikrare svar.

Innføring av digitalt system for reiseregistrering - 10.12.2020

Regjeringa har bestemt at det skal innførast eit system for reiseregistrering, der dei som ynskjer å passere norsk grense skal registrere informasjon om blant anna namn, kontaktopplysningar, karantenestad og eventuelt arbeidsgjevar.

­– Dette blir et nyttig verktøy for flere sektorer i arbeidet med å hindre spredning av Covid-19. Systemet vil ha nytteverdi for helsesektoren i smittevern- og smittesporingsarbeidet, men også for politiet og arbeidstilsynet i deres rolle med å ettergå brudd på karantenebestemmelser, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Hovudregelen er at alle som skal passere grensa, også norske statsborgarar, skal registrere seg i systemet.

– Sjømatnæringen forventer et stort innrykk av utenlandsk arbeidskraft til neste års vinterfiske. Dette vil bidra til at det kan gjennomføres på en ryddig og god måte hvor vi ivaretar både smittevern, og tilrettelegger for næringsaktørene som er avhengig av sesongarbeiderne fra utlandet. Det er viktig at næringen samarbeider med lokale og regionale myndigheter, og sørger for at det er inngått kontrakter med de som skal arbeide i industrien, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen. 

Det takast sikte på at reiseregistreringssystemet er i drift frå januar 2021. Opplysningane som leggast inn skal slettast når dei ikkje lengre er nødvendige. Reglar om sletting vil bli fastsett i forskrift.

Kjære studentar, pendlarar, hytteinnbyggjarar og andre tilreisande - 08.12.2020

Fyresdal kommune ynskjer dykk alle velkomne heim til jol, men hugs at pandemien dessverre ikkje tar ferie!
 
Nødvendig eller unødvendig reise?
 
Det er framleis anbefalt at ein bør unngå unødvendige reiser innanlands, men reiser heim til jol er viktig for mange og kan difor gjennomførast. 
Vi oppmodar elevar og studentar som kjem heim til jol om å halde god avstand til andre og fylgje ekstra godt med på symptom i minimum 48 timar etter at de kjem fram. 
 
Hugs at dersom du reiser frå eit område med høg smitte til eit område med låg smitte bør du ta førehandsreglar i 10 dagar etter at du kjem fram:
 
  • Reduser antal nærkontaktar
  • Hald 2 meters avstand til personar i risikogrupa
  • Ver særleg nøye med hand- og hostehygiene
  • Ver særleg merksam på symptom
  • Ha låg terskel for å teste deg dersom du får symptom eller trur du kan ha vore utsatt for smitte
Krav på helsehjelp
 
Du har krav på nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du oppheld deg.
Er du på ferie i eller tilreisande til ein annan kommune enn heimkommunen din og blir sjuk, kontakt/oppsøk fortrinnsvis helsetenesten i bustadkommunen din (dersom dette kan gjerast på ein forsvarleg måte).
Alternativt kan ein kontakte legevakta på 116 117.
 
Råd om jolereiser, jolefeiring og jolehandel
 
helsenorge.no finn du mykje god informasjon og råd om jolereiser, jolefeiring og jolehandel; innanlandsreiser og reiser frå utlandet, feiringar og samankomstar, smittevernvenlege aktivitetar, råd til jolehandelen – og råd til handelsstanden.
 
Informasjonstelefonen
 
Har du spørsmål om korona? Ring gjerne Helsenorge sin informasjonstelefon på 815 55 015. Den er open kvardagar kl. 08.00–15.30.
Frå utlandet kan du ringe +47 21 93 78 40. 
Helsenorge har også ein chatbot du kan nytte. Du finn den nedst på nettsida deira.

Held fram med sameinte koronatiltak i fylket - 03.12.2020

I dialog med Fylkesmannen er kommunane i Vestfold og Telemark samde om å vidareføre dei sameinte koronatiltaka i kommunar i sone ein, i tillegg til nasjonale råd og tiltak. Kommunar med lågare smitte (sone to) skal følgja dei nasjonale råda.

Under eit møte onsdag føremiddag, mellom Fylkesmannen og kommunane, vart det einigheit om å vidareføre delinga av fylket i to soner.

Føremålet med møtet var å vidareføre ei felles haldning til korleis vi skal forhalde oss til det auka smittetrykket og oppmodinga frå regjeringa om å vurdere særskilde tiltak i område med høgare smitte.

Sameinte tiltak er lettare for publikum å forhalde seg til. Noverande smittetal i den einskilde kommune var avgjerande. Ved auke eller endra smitte kan soner endrast.

Her kan du sjå soneinndeling og tiltak.

Joleråd – ei oversikt frå regjeringa - 02.12.2020

Regjeringa har laga nasjonale råd for korles vi best mogleg kan gjennomføre jole- og nyttårsfeirina og samtidig ivareta smittevernet.

Joleråd

Hugs at dei nasjonale tiltaka gjeld framleis og er forlenga i tre veker frå 25. november.

Pressemelding: Må ha smitteverntiltak også i jola - 02.12.2020

Det er nødvendig med smitteverntiltak også i jola, men regjeringa lempar på nokre tiltak for at folk skal kunne feire jol og nyttår litt meir som normalt.

Basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa kome fram til fylgjande tiltak for jola:

  • Du må framleis begrense det totale antalet menneske du har sosial kontakt med gjennom heile perioden, og ikkje minst i førjolstida.
  • Anbefalinga om at ein kan ha inntil 5 gjester gjeld til over nyttår.
  • På to av dagane blir det opna for inntil 10 gjester. Det betyr altså inntil 10 gjester på joleftan og nyttårseftan, eller to andre dagar som du vel sjølv i løpet av perioden.
  • Det må alltid vere minst ein meters avstand mellom alle som elles ikkje bur saman. Dette gjeld både når ein sit til bords, når gavene blir delt ut og når jolekakene kjem fram.
  • Klarar du ikkje å gjennomføre joleselskapet med minst ein meters avstand med 10 gjester, må du invitere færre.
  • Dersom du kjem frå område med høg smitte, bør du halde 2 meter avstand til folk i risikogruppa.

Desse anbefalingane gjeld for heile landet. I kommunar med stort smittetrykk kan det vere strengare reglar for antal gjester og kontaktar. Fylg difor godt med på informasjonen der du bur.

- Når vi åpner opp for flere gjester to dager i høytiden, forutsetter det at alle er flinke til å holde minst en meters avstand og begrense antall sosiale kontakter gjennom perioden, sier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Pressemeldinga tar også for seg tema som kyrkjevandring, reise heim til jol – ei nødvendig reise, og sårbare grupper og einsame.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Pressekonferanse om koronasituasjonen og jolefeiring - 02.12.2020

I dagens pressekonferanse som handla om koronasituasjonen og jolefeiring, sa statsminister Erna Solberg mellom anna fylgjande:

"Jeg varslet i forrige uke at vi ville komme med så konkrete anbefalinger som mulig for julefeiringen. Med faglige råd fra FHI og Helsedirektoratet har vi jobbet for å finne den rette balansen. Helt enkelt er dette ikke.

Vi lever ulike liv, med ulike familiemønstre og konstellasjoner. Og julen er jo en tid for nærhet, ikke avstand. I utgangspunktet vil vi at alle skal få feire jul med så mange av de man ønsker rundt seg. Det fortjener vi, ikke minst i år.

Samtidig er vi bekymret for at julefeiringen skal føre til mer smitte i samfunnet. Vi ønsker ikke å starte det nye året med stigende smittetall og nye innstramminger i januar. Det vil ingen av oss."

--- --- --- --- ---

"Vi opprettholder anbefalingen om at man kan ha inntil 5 gjester til over nyttår.

Men: På to av dagene åpner vi for inntil 10 gjester.  Det betyr altså inntil 10 gjester på julaften OG inntil 10 gjester på nyttårsaften, eller to andre dager som man velger selv i løpet av perioden. Men hvis du med 10 gjester ikke klarer å gjennomføre juleselskapet med minst 1 meters avstand mellom de som ikke bor sammen, så må du invitere færre. Antallet gjester må altså tilpasses plassen du har.

Når vi for to dager åpner for flere gjester, er vi helt avhengige av at alle er flinke til å holde de to hovedreglene:

1) Begrense antall sosiale kontakter gjennom perioden. Man bør altså ikke ha fem nye gjester hver dag og ti nye på jul- og nyttårsaften. Det samlede antallet kontakter må begrenses sammenlignet med en vanlig jul.

Og 2) Man må holde minst 1 meters avstand. Hvis du kommer fra områder med høy smitte, bør du holde 2 meters avstand til folk i risikogruppen."

--- --- --- --- ---

"Regjeringen anbefaler å unngå unødvendige reiser innenlands og utenlands. Reiser i julen kan for mange, med rette, sies å være nødvendige. Alternativet ville vært en jul uten familien. Det er OK å reise innenlands på hytta, så lenge en følger de generelle reglene for reise og sosial kontakt. Men la meg understreke: Dette er ikke julen for å reise utenlands, med mindre du virkelig må."

--- --- --- --- ---

Les heile den aktuelle tala på regjeringen.no.

Regjeringa vidarefører koronatiltaka i minst tre veker til - 26.11.2020

Koronasmitten er på veg ned i Noreg, men regjeringa vidarefører koronatiltaka i minst tre veker til. Målet er at vi skal kunne feire ei mest mogleg normal jol.

Fylgjande tekst er lånt frå Facebook-sida til Helse- og omsorgsdepartmentet (lagt ut 25.11.2020): 

– Vi har fremdeles for mye smitte og et høyt nivå av smittespredning sammenlignet med situasjonen for få uker siden. 

Vi ser nå en antydning til utflating i tallet på nye smittetilfeller og nye sykehusinnleggelser.

Det er positive nyheter. Men det er for tidlig å si om smitteverntiltakene som ble innført i begynnelsen av november er tilstrekkelige og vi har en varig utvikling hvor tallene går nedover, sier statsminister Erna Solberg.

– Og selv om tallene akkurat nå ser lovende ut, kan vi ikke senke skuldrene.

Danmark har erfaring med dette. I oktober trodde de at de hadde passert toppen. Men så smalt det igjen og de opplevde en voldsom smitteøkning. Det resulterte i nye restriksjoner og strenge tiltak.

Derfor trenger vi mer tid. Vi må se en klar nedgang i smitte og ha bedre kontroll før vi vurderer å åpne for mer sosial kontakt.

Det betyr at vi må leve med de tiltakene vi har på nasjonalt nivå i minst tre uker til.

Jeg vil gjenta den veldig klare oppfordringen jeg kom med 5. november: Vi må holde oss mest mulig hjemme. Og vi må ha minst mulig kontakt med andre enn våre nærmeste. Dette gjelder fortsatt. Og det er like viktig som før.

Rundt om i landet er det store forskjeller i smittesituasjonen.

Jeg støtter de strenge tiltakene som er innført i Oslo og Bergen og områdene rundt, og så vet vi at det kan komme justeringer i lokale tiltak både der og i andre kommuner i tiden fremover.

Men jeg håper at vi om tre uker er i en situasjon som gjør det mulig med noe mer sosial kontakt i julehøytiden.

I neste uke vil regjeringen komme med enda mer konkrete råd om jule- og nyttårsfeiringen. Jeg vet at det er mange som venter på dette for å kunne planlegge.

Her kan du lese statsministerens innleiing på pressekonferansen om koronasituasjonen 25.11.2020.

NAV Vest-Telemark - endring frå 30.11.2020

Frå 30.11.2020 vil NAV Vest-Telemark ha endra opningstider.

Kontora i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Vinje vil bare ha ope for avtalte møte/samtaler.

Kontoret i Tokke vil ha ope for dropp inn kvar måndag og torsdag kl. 10.00-14.00.

For meir informasjon sjå her.

 

Smittevernråd frå Folkehelseinstituttet for jolehandel - 19.11.2020

Det nærmar seg desember og mange startar med jolehandelen nå. Folkehelseinstituttet har samla eit knippe smittevernråd slik at både kundar og handelsstanden kan gjennomføre jolehandelen på ein måte som ivaretar smittevernet.

Dei generelle anbefalingane i perioden vi er inne i nå, spesielt i områda der det er mykje smitte, er å halde seg mer heime og treffe færre folk. Det er ikkje heldig at veldig mange dreg i butikken på same tidspunkt.

– Det er fint å tenke alternative tider og måtar å handle på. Hensikten er å redusere antall kontakter for å minke sjansen for smittespredning, forklarar overlege Tone Bruun ved Folkehelseinstituttet.

Råd til deg som handler 

  • Hald deg heime dersom du er sjuk.
  • Handle gjerne på tidspunkt då det er færre kundar i butikkane.
  • Hald minst 1 meters avstand til andre kundar og betjeninga.
  • Vask hender eller bruk hånddesinfeksjon hyppig.
  • Unngå å ta kollektivtransport dersom mogleg.
  • Utsett handlinga til seinare dersom du ser at det er trengsel.
  • Vurder netthandel eller be andre om å handle for deg, særleg dersom du tilhøyrer ei risikogruppe.
  • Ikkje utsett jolehandelen til dei siste dagane før jol dersom du har moglegheit til å gjere den unna tidlegare.

Råd til handelsstanden 

  • Butikkeigar må ta ansvar for å tilrettelegge for at kundar kan halde avstand, både inne i butikken, på kjøpesenteret, ved pakkediskar og eventuelt også utanfor butikklokalet dersom kundane må stå i kø.
  • Det må ikkje sleppast inn fleire enn det er plass til i lokalet, slik at alle klarer å halde minst 1 meters avstand til andre i lokalet. For kjøpesenter bør det utarbeidast ein strategi for heile senteret, inkludert fellesareal. 
  • Tilrettelegg gjerne for netthandel eller andre løysingar for utlevering av varer.  
  • Det kan vere fornuftig å ha utvida opningstider og tilbod over fleire dagar for å unngå at mange kundar samlast samtidig.
  • Oppfordre kundar til å handle på tidspunkt då det ikkje er mange andre kundar i lokalet.  
  • Informer kundar om å halde seg heime ved sjukdom. 
  • Legg til rette for god handhygiene i lokalet. 
  • Ta omsyn til risikogrupper, til dømes ved å ha tidspunkt der dei inviterast til å kome utan at andre kundar er til stades. 

− Både kunder og handelsstanden må huske på at det ikke er tilstrekkelig å bruke munnbind ved trengsel. Et av de viktigste tiltakene mot smitte er å holde god avstand til andre. Bruk av munnbind veier ikke opp for manglende avstand, sier Tone Bruun. 

Førjulsarrangementer på kjøpesentre og i butikker

Arrangement som konsertar og liknande som samlar mange personar på ein stad bør unngåast. Butikkar og kjøpesenter som planlegg førjolsarrangement må forhalde seg til lokale og nasjonale reglar og råd for arrangement.  

Informasjonsskriv til innreisande og arbeidsreisande til Noreg - 10.11.2020

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Politiet, Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap, og Tolletaten har kome med informasjonsskriv til innreisande og til arbeidsreisande som kjem til Noreg.

Informasjonsskrivet til innreisande tar for seg tema som karantene, gjennomføring av karantene, attest på negativ covid-19-prøve, reisande som har vore i Danmark, samt testsenter og symptom.

Informasjonsskrivet til arbeidsreisande tar for seg tema som karantene og karantenehotell, attest på negativ covid-19-prøve, karantene i 10 døgn, gjennomføring av karantene, pendlerar og personar som kryssar landegrensa ofte, samt testing.

Skriva er datert 09.11.2020 - ver merksam på eventuelle nyare versjonar.

Spørsmål og svar om innreise til Noreg - 09.11.2020

For å kjempe imot spreiinga av koronaviruset er det innført restriksjonar på innreise til Noreg for utlendingar som elles ville hatt lovleg adgang til å kome. Mellom anna er det krav om at personar som er i innreisekarantene skal opphalde seg på eit karantenehotell i karantenetida. Alle reisande frå raude land må også vise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg.

Her finn du meir informasjon, i tillegg til ei rekke spørsmål og svar knytt til den aktuelle informasjonen.

Regionale koronatiltak i delar av fylket - 06.11.2020

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark er samde om å innføra regionale koronatiltak i kommunar med høg smitte, i tillegg til nasjonale råd og tiltak.

Kommunar med låg smitta skal følgja dei nasjonale råda.

- Det er viktig at ta omsyn til barn og unge og at desse skal skjermast i størst mogleg grad, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Her kan du lese den aktulle nyheita frå Fylkesmanenn i Vestfold og Telemark. I nyheita finn du også oversikt over soneinndelinga som er gjort i fylket og råda som gjeld for dei ulike sonene.

Nye nasjonale smitteverntiltak - 05.11.2020

Noreg er i starten på andre smittebølge. Viruset sprer seg raskt og alle fylke har nå smitteutbrot. Regjeringa innfører difor nye nasjonale smitteverntiltak.

Statsminister Erna Solberg sin beskjed til det norske folk er: Hold dere mest mulig hjemme. Ha minst mulig sosial kontakt med andre. Sammen kan vi snu den skumle utviklingen i smittetallene, men det krever at vi alle er med på en skikkelig dugnad de neste ukene.

Statsminister Erna Solberg seier vidare: Vi har nå en kraftig økning av personer som tester positivt. Situasjonen er svært alvorlig, og det er krevende for mange kommuner å spore smitten. Vi har ikke tid til å vente og se om tiltakene vi innførte forrige uke er tilstrekkelige. Vi må handle nå for å unngå en ny nedstenging som i mars.

Ho understrekar at det viktigaste er at alle fylgjer dei grunnleggjande råda om å halde avstand, halde hendene reine, halde seg heime når ein er sjuk, og halde nede antalet menneske ein møter.

Noko av det viktigaste å merke seg i nye nasjonale smitteverntiltaka er som fylgjer:

Anbefalingar for alle i heile landet

Sosial kontakt

  • Anbefaling om at alle i de kommende ukene i størst mulig grad må holde seg hjemme og begrense sosial kontakt med andre mennesker. (Nytt)
  • I private hjem, hager eller hytter bør man ikke ha mer enn fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Hvis alle gjestene er fra samme husstand, kan man være flere. To familier kan møtes selv om de har mange barn.
  • Begrensingen om at man ikke bør ha flere enn fem gjester, gjelder ikke for barnehage- eller barneskolekohorter.
  • Unge og voksne som har vært sammen med venner og i andre situasjoner der det ikke har vært en meters avstand, bør holde to meters avstand til folk i risikogruppen. (Nytt)

Reiser

  • Unngå unødvendige innenlandsreiser. Arbeidsreiser som vurderes som nødvendige og reiser til fritidseiendommer som kan gjennomføres uten kontakt med andre er unntatt. (Nytt)

Skular og utdanning

  • Alle universiteter, høgskoler og fagskoler skal vurdere om de i perioden fremover kan redusere undervisning og annen aktivitet som bidrar til økt mobilitet, blant annet press på kollektivtrafikken. (Nytt)
  • Videregående skoler og ungdomsskoler må forberede seg på at tiltaksnivået kan bli rødt, dersom smitten stiger ytterligere. (Nytt)

Reglar for alle i heile landet

Private samankomstar og arrangement

  • Grense på inntil 20 personer på private sammenkomster på offentlige steder og i leide lokaler og 50 personer på innendørs arrangement uten fastmonterte seter. Innendørs kan det være inntil 200 personer på arrangementer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter. Endringen iverksettes midnatt, natt til mandag 9. november. (Nytt)

Uteliv

  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringssteder med skjenkebevilling kan ikke slippe inn nye gjester etter kl. 22.00. Endringen iverksettes ved midnatt, natt til lørdag 7. november. (Nytt)

Den aktuelle pressemeldinga tar også for seg "karantene og reiser", "nye tiltak i regioner med mye smitte" og "arbeid som pågår".
Les heile den aktuelle pressemeldinga - med full oversikt over dei nasjonale tiltaka - her.

Innstramming og presisering av smittevernråd - 05.11.2020

Dei siste dagane har fleire smittervernsråd blitt stramma inn eller presisert. Desse er som fylgjer:
  • Smittesporing: Folkehelseinstituttet anbefalar nå at alle som er definert som nærkontaktar testar seg. Det vil ikkje korte inn karantenetida, men framskynde smittesporinga rundt dei som er smitta.
  • Avstand, karantene og isolering: 1. Vaksne i karantene bør halde avstand til andre vaksne i husstanden for å hindre smittespreiing. Det er bestemte krav til eigna karantenestad. 2. Personar som allereie er i karantene når dei får typiske symptom på covid-19 (luftvegsinfeksjon med feber, hoste, tungpust eller tap av smak- eller luktesans), blir rekna som «sannsynleg covid-19-tilfelle» inntil prøvesvar ligg føre. Deira hustandsmedlemmer må i karantene i påvente av prøvesvar.
  • Definisjonar av tilfelle og nærkontakt: Kva som er meint med «dine næraste» som du kan omgås som normalt, er presisert fordi det blei oppfatta forskjellig. Det omfattar dei du bur saman med og kjæreste. Dei som bur aleine bør kun ha to-tre personar dei er fysisk nær. Det bør vere dei same personane over tid.
  • Oppheving av isolasjon: Tid før avisolering er oppdatert. Hovudregelen er at ein kan avisolerast når det har gått 10 døgn etter symptomdebut, såfremt ein har vore feberfri det siste døgnet.

Nye tiltak for å stoppe smitte i heimen - 02.11.2020

Mange blir smitta av dei som dei bur saman med. Regjeringa tydeleggjer difor nå råda og reglane på dette området.

- En betydelig andel av smitten skjer mellom de som bor sammen. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har derfor anbefalt tre tiltak for å hindre ytterligere smittespredning. Regjeringen har fulgt anbefalingene, som trådte i kraft fredag 30. oktober, sier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Nærkontaktar som utviklar symptom må isolerast som om dei var sjuke

I dag er det slik at personar som er smitta av koronaviruset skal isolere seg heime, medan nærkontaktane til dei som er smitta av viruset skal i karantene.

Nå blir det innført krav til at dei som er i karantene og utviklar symptom må isolere seg umiddelbart fram til eit eventuelt negativt prøveresultat ligg føre. Karantenetida på 10 døgn skal gjennomførast fullt ut, sjølv om ein får negativt svar på testen. Regjeringa endrar reglane om smittekarantene for å tydeleggjere dette.

Å isolere seg inneber å opphalde seg i eigen heim eller på ein annan eigna opphaldsstad isolert frå andre så langt det let seg gjere.

Nærkontaktar til den smitta blir anbefalt å teste seg

Alle som har vore nærkontaktar til ein smitta er pålagt å vere i smittekarantene. Dei blir nå anbefalt å teste seg. Det gjer det mogleg å isolere smitta og sette husstandsmedlemmer i karantene raskare. Karantenetida på 10 døgn skal gjennomførast fullt ut, sjølv om ein får negativt svar på testen.

Vaksne i same husstand som er i karantene samtidig bør halde avstand til kvarandre

Vaksne i same husstand som er i karantene samtidig bør så langt som mogleg halde avstand til kvarandre. Rådet gjeld mellom vaksne husstandsmedlemmer og skal ikkje hindre kontakt mellom barn og foreldre.

- For mange vil det være vanskelig å holde avstand til andre familiemedlemmer i egen bolig. For å hindre at familiemedlemmer smitter hverandre, har kommunene plikt til å tilby oppholdssted til smittede som ikke har mulighet til å isolere seg i egen bolig. Flere av de største byene har egne hoteller for personer som er smittet, sier Høie.

Les meir om karantene og isolering på helsenorge.no.

Har du spørsmål kring arrangement, samlingar og aktivitetar? - 30.10.2020

Har du planlagt eit arrangement eller ein aktivitet som du er usikker på om du bør la gå som planlagt? Ynskjer du innspel frå kommunen på kva du bør gjere og eventuelt ikkje gjere?

Alle er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med beredskapsleiinga i Fyresdal kommune, dersom det er noko de lurar på eller er i tvil om i samband med covid-19. Det treng ikkje nødvendigvis handle om arrangement eller liknande. Send ein e-post til postmottak@fyresdal.kommune.no, så tar beredskapsleiinga saka eller spørsmålet opp i møte så snart som råd.

Tips til sider der de finn råd om arrangement:

Har du spørsmål kring korona? - 30.10.2020

Ring informasjonstelefonen på 815 55 015 (open kvardagar kl. 08.00-15.30) eller Frivillighetens koronalinje på 23 12 00 80 (open kvardagar kl. 09.00-15.00).

På helsenorge.no/koronavirus finn du også mykje informasjon, om alt frå generelle reglar for kvardagen til reiseråd for å unngå smitte.

Hugs at noko av det viktigaste er framleis førebygging av smitte.

Dette er gode vanar som førebygger smitte:

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Hald minst ein meters avstand til andre.
  • Hoste inn i eit papirlommetørkle som du kastar. Hugs å vaske deg på hendene etterpå.
  • Dersom du ikkje har eit papirlommetørkle, bør du hoste i olbogekroken slik at du ikkje spreiar dråpar ut i lufta.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Du kan også bruke eit desinfeksjonsmiddel som inneheld alkohol, dersom du ikkje har såpe og vatn tilgjengeleg.
  • Finn alternativ til handhelsing og klemming.

Nye nasjonale innstrammingar - 26.10.2020

For å ta vare på liv og helse og unngå at Noreg hamnar i same situasjon som mange europeiske land, innfører regjeringa nå nye målretta tiltak for ein tidsbegrensa periode. Alle tiltaka vil vare fram til tidlig i desember. 

Fylgjande nasjonale tiltak blei lagt fram i dagens pressekonferans og trer i kraft ved midnatt, natt til onsdag 28. oktober:

  • I private hjem, hager eller hytter bør man ikke ha mer enn 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestene er fra samme husstand, kan man være flere. Det innebærer at to familier kan møtes selv om de har mange barn.
  • Begrensingen om at man ikke bør ha flere enn 5 gjester, gjelder ikke for barnehage- eller barneskolekohorter. Barn og unge som er i samme kohort i barnehagen eller på barneskolen, unntas fra avstandskravet på arrangementer.
  • Vi anbefaler at alle er sammen med færre personer i sosiale sammenhenger, i kortere tid og ikke med for mange forskjellige personer i løpet av en uke.
  • Private sammenkomster på offentlig sted eller i leide eller lånte lokaler skal ha en grense på maksimalt 50 deltakere.
  • Dagens adgang til å ha 600 personer til stede på utendørs arrangement begrenses til å gjelde arrangementer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter.
  • Regjeringen foreslår å styrke kommunene når det gjelder kontroll med etterlevelsen av reglene for arrangementer, serveringssteder og arbeidstakere.

Regjeringa strammar også inn dagens reglar for arbeidsinnvandring:

  • Utenlandske arbeidstakere fra det som EU kaller for røde land, vil ikke lenger få unntak fra karanteneplikten. EU definerer røde land som land med mer enn 150 smittede per 100 000 over 14 dager. Dersom mer enn 4 % i landet tester positivt, er grensen på 50 smittede per 100 000. De kan dermed ikke begynne å arbeide før karanteneperioden på 10 døgn er gjennomført. Denne endringen trer først i kraft ved midnatt natt til lørdag 31. oktober. Endringen har ikke tilbakevirkende kraft.

Regjeringa kom også i dagens pressekonferanse med ei liste over lokale tiltak som kommunar med høg smitte bør vurdere å iverksette. Sjå lista og les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Skjerpa anbefalingar for reisande til og frå Oslo - 13.10.2020

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark anbefaler befolkninga i fylket å unngå kollektivtransport til og frå Oslo. Om ein må reise til eller frå Oslo anbefalast det at ein bruker munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand. Vidare oppfordrast dei i fylket som har arbeidsplass i Oslo, eller som treng å pendle gjennom Oslo, til å bruke heimekontor i staden for å reise.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark hadde måndag formiddag (12.10.2020) møte med leiinga frå kommunane i fylket. Formålet med møtet var å skape ei felles haldning til korleis me skal forhalde oss til det auka smittetrykket i Oslo og i vårt eige fylke. I møtet vart særleg pendling til og frå Oslo tematisert.

Det var semje i møtet om at dei anbefalingane Folkehelseinstituttet har kome med til kommunar som har nær kontakt med Oslo gjennom pendling skal følgjast når det kjem til reiser til og frå Oslo. Det betyr at Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark no anbefaler følgjande:

  • At befolkninga unngår kollektivtransport til og frå Oslo.
  • At ein bruker munnbind på reiser til og frå Oslo der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Oppdatering i samband med bekrefta smittetilfelle i Fyresdal kommune - 11.10.2020

Her kjem ei oppdatering i samband med det bekrefta smittetilfellet i Fyresdal kommune fredag kveld.

Alle nærkontaktane til vedkomande i Fyresdal kommune blei testa laurdag og søndag ettermiddag fekk vi stadfesta at alle prøvene er negative. Alle berørte er i isolasjon/karantene etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.
 
Vi ber om at alle som får symptom på Covid-19 tar kontakt med legekontoret for testing som før. Symptoma liknar på dei vi ser ved forkjølelse og influensa:
  • Symptom frå øvre luftvegar: feber, sår hals og hoste.
  • Nokre får pustevanskar og lungebetennelse.
Vi oppmodar samtidig alle som har vore på reise i haustferien, eller hatt besøk, til å vere ekstra oppmerksame på eventuelle symptom og tenke ekstra på smittevern dei neste dagane.

Nyheita frå laurdag 10.10.2020 kan du lese her:

Ein person som er folkeregistrert og bur i Fyresdal kommune blei fredag kveld bekrefta smitta med Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og alle nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Kommunen har sett i verk nødvendige tiltak.

Haustferien går mot slutten, og vi oppmodar spesielt dei som har vore på reise, eller hatt besøk, til å vere ekstra oppmerksame på eventuelle symptom og tenke ekstra på smittevern dei neste dagane.

Minner om retningsliner for besøk til bebuarar på POS - 10.10.2020

Vi på Fyresdal pleie- og omsorgssenter minner om at vi har retningsliner for besøk til bebuarar på POS. 
Vi ynskjer å beskytte bebuarane mot covid- 19 og praktiserar streng besøkskontroll og minner om retningslinjene våre:
 
Generelle retningslinjer for besøk på Nordstøg og Utsikten:
  1. Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant (helst dagen før). Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngang, og vente til personalet kjem. 
  2. Vi har siesta kl. 14.00-16.00.
  3. Avdelinga lagar ein besøksplan som er ei oversikt over når besøk kan takast imot. Pårørande må «booke» besøk. 
  4. Alle besøkande blir ført inn i besøksprotokollen. Dette er for at institusjonen skal ha oversikt over kven som til ei kvar tid har vore på besøk (dette er viktig for eventuell smitteoppsporing).
  5. Alle besøkande skal fylle ut eigenerklæring ved første besøk. Eigenerklæring leverast til pleiar som tek imot besøkande.  
  6. Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19-smitte, samt dei som er definert som nærkontakt til smitta eller i karantene etter utanlandsreise, skal ikkje besøke institusjonen.
  7. Generelle smittevernrutiner ved alle besøk:
    • Håndhygiene rett før og etter besøk.
    • Det skal ikkje førekome fysisk kontakt mellom besøkande og bebuar.
    • Besøkande må halde minst 1 meters avstand til bebuar og tilsett.
    • Det er ikkje mogleg å ta med medbragt mat/drikke inn i institusjon. 
    • Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.
  8. Vi legg til rette for individuelle tilpassingar i høve til besøk ved alvorleg sjukdom/terminal pleie, slik at pårørande kan vere hjå sine næraste i livets sluttfase.

Mvh Fyresdal pleie- og omsorgssenter

Når skal barn vere heime frå barnehage eller skule, og ev. bli testa? - 06.10.2020

Det kan vere vanskeleg både for foreldre og dei som jobbar med barn å vurdere når barna skal vere heime frå barnehagen eller skulen.
 
Folkehelseinstituttet har laga ei oversikt over kva vurderingar som bør gjerast når barnehage- og barneskulebarn blir sjuke, og kva som blir neste steg:
Bli heime, kontakte lege, teste eller gå tilbake til barnehage eller skule?
 
FHI september 20
 
Du finn også stega nøye forklart i denne artikkelen på fhi.no.

Fleire lettingar nasjonalt - 01.10.2020

Regjeringa gjer enkelte lettingar i dei nasjonale smitteverntiltaka. Samtidig må kommunane vurdere strengare tiltak lokalt der smittepresset er høgt.

Frå 12. oktober opnar regjeringa for følgande:

  • Ei trinnvis gjenopning av breiddeidretten for vaksne.
  • Nasjonal skjenkestopp ved midnatt blir oppheva.
  • Inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørsarrangement, fordelt på grupper på inntil 200 personar.
  • Det blir tilstrekkeleg med eitt sete mellom personar på arrangement med fastmonterte sete.

Dei nasjonale lettingane gjeld frå 12. oktober så lenge smittesituasjonen ikkje blir forverra. 

Kommunane må i perioden fram til 12. oktober forberede seg og vurdere om det er behov for å treffe lokale smitteverntiltak.

Opnar opp for trening i breiddeidretten for vaksne

Frå 12. oktober blir det opna det for normal trening i delar av breiddeidretten for vaksne over 20 år. I kommunar og regionar med auka smitte eller lokale utbrot, må opninga vurderast og følgast av lokale tiltak.

Arrangement med inntil 600 personar utandørs

Frå 12. oktober blir det opna for utendørsarrangement med inntil 600 personar til stades samtidig, fordelt på grupper med inntil 200 personar. Regjeringa vil, så snart smittesituasjonen tilseier det, gjere ei ny vurdering av moglegheita for å opne for det same innandørs.

Avstand på arrangement med fastmonterte sete

Frå 12. oktober vil det også vere tilstrekkeleg at dei som sit i fastmonterte sete har eitt ledig sete mellom seg på same seterad. I dag skal det vere minst ein meters avstand frå skulder til skulder, noko som i praksis krev to sete. Personar i same husstand skal framleis kunne sitte saman. Det kan ikkje sitte personar i meir enn halvparten av dei fastmonterte setene, med mindre det kan oppretthaldast ein meters avstand mellom seteradene, og slik sikre ein meters avstand mellom personar som ikkje er frå same husstand.

Skjenkestoppen blir oppheva

Den nasjonale skjenkestoppen klokka 24:00 blir oppheva midnatt natt til tysdag 13. oktober. Kommunane må vurdere behovet for lokalt å begrense skjenketida dersom smittesituasjonen tilseier det. Samtidig med at skjenkestoppen blir oppheva, blir det gjeve pålegg om at serveringsstader med skjenkebevilling må halde oversikt over kven som er til stades. Det er nok å registrere kontaktinformasjon til ein person i kvar gruppe.

Presisering av einmeters-regelen for serveringsstader og arrangement

Regjeringa presiserer også einmeters-regelen for serveringstader og arrangement. Stadene og arrangøren skal sikre at det er ein meter mellom sitteplassane eller eitt ledig sete mellom fastmonterte sete når gjestene og publikum bookar og kjem. Person i same husstand kan sjølvsagt sette seg ved sidan av kvarandre dersom dei ynskjer det når dei kjem til staden/arrangementet. 

Les heile den aktuelle pressemelding på regjeringen.no.

Les heile den aktuelle tala frå Helse- og omsorgsminister Bent Høie på regjeringen.no.

Spørsmål og kommentarer kring lokale og nasjonale tiltak og reglar - 29.09.2020

Fyresdal kommune fekk i dag tilsendt ein del spørsmål og kommentarar som gjekk på tiltak og reglar som blir fatta i samband med Covid-19, og at det ikkje er så lett å forstå alle avgjersler som gjerast lokalt og nasjonalt i samband med dette.

Det blir gjort mange tiltak i alle deler av samfunnet som til saman reduserer smittespreiinga. Formålet med råda og tiltaka er å redusere risikoen for smitte av covid-19. Dei viktigast tiltaka er som før: Vask hendene, hald avstand og ver heime når du er sjuk. Auka fysisk avstand mellom menneske reduserer moglegheita for smitte, også før symptom på sjukdom oppstår.

Fyresdal kommune har mange innbyggarar å ta omsyn til – folk i alle aldrar. Vi ynskjer å skåne alle så godt som mogleg mot eventuell smitte. Vi gjer stadig lokale vurderingar av ulemper kontra fordelar.

Det er kanskje ikkje alle tiltaka og alle reglane frå nasjonalt hald som samsvarar med kvarandre og gjev eintydig informasjon, men vi må likevel ta omsyn til at alle rettleiarane gjeld for heile landet, både små og store plassar.

Vi kan sjølvsagt ikkje styre det folk gjer på fritida, men vi håpar at alle tek dei omsyna dei bør i forhold til nasjonale føringar. Fyresdal kommune er ein liten og sårbar kommune i denne samanheng. Dersom det skulle oppstå smitte her vil det kunne ramme og slå ut store delar av kommunen, ikkje bare innanfor Fyresdal kommune som organisasjon, men også alle andre delar av samfunnet.

Dette er ein nasjonal dugnad som Fyresdal kommune ynskjer at alle tar del i.

Mvh beredskapsleiinga

Fyresdal symjehall foreløpig stengt for publikum - 28.09.2020

Fyresdal symjehall vil foreløpig halde stengt for publikum.

Symjehallen opnar vanlegvis 1. oktober for haustsesongen.

Beredskapsleiinga i Fyresdal kommune ynskjer å halde symjehallen stengt ei stund til.

Beredskapsleiinga vil ta ei ny vurdering i løpet av veke 42 på når ei eventuell opning kan bli aktuelt.

UDs globale reiseråd blir forlenga; endringar i Norden og Europa - 25.09.2020

Det globale reiserådet blir forlenga frå 1. oktober til 15. januar. Når det gjeld EØS/Schengen-området, rår Utenriksdepartementet fortsatt imot reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land som det ikkje er gjort unntak for.

På bakgrunn av Folkehelseinstituttets vekentlege vurdering av smittesituasjonen har regjeringa bestemt at Island, Litauen, regionen Västerbotten i Sverige og regionene Mellersta Finland (Keski-Suomi) og Päijänne-Tavastland (Päijät Häme) i Finland går frå gult til raudt på smittekartet for Europa. Dermed blir også reiserådet endra. Alle reisande frå desse landa og regionane som kjem til Noreg frå og med midnatt, natt til laurdag 26. september, blir ilagt ti dagars karantene.

I tillegg til Island og Litauen rår Utenriksdepartementet imot reiser i EØS/Schengen-området som ikkje er strengt nødvendige til Andorra, Belgia, Bulgaria, Danmark, Estland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kroatia, Luxembourg, Malta, Monaco, Nederland, Polen, Portugal, Romania, San Marino, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbritannia, Sveits, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn, Vatikanstaten, Østerrike og regionar i Sverige og Finland.

Sjå fhi.no for oppdatert kart over gule og raude område.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Viktig informasjon frå legekontoret: Ring først! - 24.09.2020

Har du time på legekontoret og har litt luftvegssymptom, uavklarte magesmerter/diare/oppkast eller tap av lukt/smak, ring legekontoret før timen, slik at vi kan vurdere om du kan kome.

Ikkje møt opp fysisk på legekontoret dersom du ikkje har avtalt time, men ring oss først.

Du treffer oss på 35 06 73 00.

Mvh kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus

Informasjon frå regjeringa til foreldre om barn og koronavirus - 17.09.2020

På denne sida frå regjeringa finn du kortversjonen av det du treng å vite som forelder i samband med koronasituasjonen. Du kan også klikke deg vidare for å lese meir om dei ulike reglane.

Innhaldet på sida er som fylgjer:

  • Alt du trenger å vite som foreldre til barn i barnehagen
  • Alt du trenger å vite som foreldre til elever på barneskole
  • Alt du trenger å vite som foreldre til elever på ungdomsskole og videregående
  • Videoer om barn og koronavirus

Sida tek mellom anna for seg desse tema: barnebursdagar, Halloween, andre private tilstelningar, når må barna vere heime, leik og overnatting, fritidsaktivitetar m.m.

Rett til omsorgsdagar ved lokale utbrot - 15.09.2020

Regjeringa legg til rette for fleksible ordningar dersom skular eller barnehagar stenger på grunn av lokale utbrot. Dersom skulen eller barnehagen stenger har foreldre rett til omsorgspengar. Det gjeld også når enkelte skuleklasser eller heile trinn blir sett i karantene.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Forenkla karanteneregler - 15.09.2020

Regjeringa forenklar karantenereglane slik at dei skal bli enklare å fylgje. 

Karantenereglane er endra fleire gonger i tråd med smittesituasjonen. Det har også vore ulike reglar for innreisekarantene og smittekarantene. Det gjer at karanteneregelverket kan opplevast som uoversiktleg og komplisert. Departementet har derfor forenkla og tydeleggjort karantenereglane. Karanteneplikta er nå på 10 døgn både for innreisekarantene og smittekarantene.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Revidert smittevernrettleiar for verksemder med ein til ein-kontakt - 14.09.2020

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har revidert smittevernrettleiaren for verksemder med ein til ein-kontakt utanfor helsetenesten, som frisørar, verkemder som tilbyr kroppspleie mv. etter at endringa i § 15 i covid-19-forskriften tredde i kraft 12. september. Rettleiaren gjeld også for køyreskular og annan føraropplæring, jf. covid-19-forskriften § 15a.

Endringa inneber at nokre av forskriftskrava til verksemdene blir oppheva, ved at noko av det som tidlegare stod som krav i forskrifta nå ligg som råd og anbefalingar i rettleiaren.

Les heile den aktuelle nyheita og smittevernrettleiaren på fhi.no.

Når bør eg halde meg heime og når kan eg tilbake på skule, i barnehagen eller på arbeid? - 02.09.2020

Nyoppståtte luftvegssymptom

Det anbefalast at alle som har nyoppståtte luftvegssymptom som ikkje har ein kjent årsak blir testa og held seg heime til prøvesvar er klart og ein ikkje lengre har desse symptoma. Allmenntilstanden er viktigast, og lette restsymptom som rennande nase etter gjennomgått luftvegsinfeksjon treng ikkje tilleggast vekt. Kunnskapen ein har så langt tyder på at ein er mest smittsom dagane rundt sjukdomsstart og raskt blir mindre smittsam når symptoma er borte. 

Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, bør barnet haldast heime, særleg dersom barnet har fleire symptom samtidig eller ikkje er heilt i form (nedsatt allmenntilstand). Ved feber og hoste skal barnet testast for Covid-19 (viktig å ha hatt symptom i minst 2 døgn for å få mest mogleg riktig resultat). Ved milde luftvegssymptom utan feber og hoste, kan ein sjå an tilstanden i 2 dagar; ved ingen betring, anbefalast testing av barnet.

Det viktigaste symptomet å følge med på for å fange opp meir alvorlege forløp er tungpust. Dersom ein utviklar andre akutte symptom som ein elles ville søkt lege for, er det viktig at ein kontaktar helsevesenet. Dersom ein treng legehjelp må ein ringe fastlege. Dersom ein ikkje får tak i fastlege, ring legevakt på 116117. Ved akutt, livstruande sjukdom, ring 113.

Bekrefta smitte

Alle som får påvist Covid-19 skal i isolasjon, og følgast opp av helsetenesten.
Hugs at ved bekrefta smitte skal ein også vere isolert i minst 3 døgn etter symptomfriheit og minst 8 døgn etter symptomdebut.

Når kan barn kome tilbake til barnehage og skule?

Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage og skule.

Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon kan også kome tilbake i barnehage og skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret) eller sporadisk hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Så lenge symptoma kan knyttast til ein gjennomgått infeksjon og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet kome tilbake i barnehage og skule når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for dette barnet.

Korleis skilje Covid-19 frå andre tilstandar? - 02.09.2020

Dersom du har symptom på Covid-19 bør du testast.

Dei vanlegaste symptoma ved Covid-19 liknar symptoma ved andre luftvegsinfeksjonar som forkjølelse og influensa. Mange har hoste og/eller feber. Seinare i forløpet er det ein del som opplever å bli tungpusta. Ved mindre alvorleg sjukdom kan symptoma også minne litt om allergi.

Denne tabellen (henta frå fhi.no) kan rettleie deg i korleis skilje Covid-19 frå andre tilstandar:

Tabell frå FHI per 28.08.2020

Framleis i tvil? Ring Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 for råd og rettleiing. 
Alle som mistenker at dei er smitta av Covid-19 har anledning til å teste seg utan leges vurdering.

Regjeringa ventar med ytterlegare lettingar av tiltak - 28.08.2020

Smittesituasjonen i Noreg tilseier at regjeringa ventar med ytterlegare lettingar av tiltak. Situasjonen blir nøye følgd, og myndigheitene vurderer fortløpande både strategien og konkrete smitteverntiltak. 

Ifølge statsminister Erna Solberg ser det nå ut til at dei siste lokale utbrota er under kontroll. For å behalde kontrollen og begrense fleire slike utbrot vel dei å sette dei gradvise lettingane på vent. Regjeringa ventar difor mellom anna med å opne opp for meir enn 200 personar på arrangement.

Regjeringa vil medio september ta stilling til om smittesituasjonen tilseier at ein kan fortsette med ytterlegare lettingar.

Les heile pressemeldinga på regjeringen.no.

Besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og tiltak mot sosial isolering - 27.08.2020

Helsedirektoratets anbefalingar om besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og tiltak mot sosial isolering blei fagleg oppdatert 25.08.2020.

Les heile rettleiaren på helsedirektoratet.no.

Endring i opningstidene hos NAV Vest-Telemark - 25.08.2020

Frå 01.09.2020 vil NAV Vest-Telemark ha fylgjande opningstider:
  • SELJORD: ope for dropp inn kvar torsdag kl. 10-00-14-00 frå 17.09.2020
  • KVITESEID: ope for dropp inn kvar tysdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
  • FYRESDAL: ope for dropp inn kvar tysdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
  • VINJE: ope for dropp inn kvar tysdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
  • TOKKE: ope for dropp inn kvar måndag og torsdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
Ved akutt hjelp for kommunale tenester i NAV, ring 406 16 218.
 
Statlege tenester:
  • Dersom du har ein fast kontaktperson, kan du skrive til han/ho i din digitale aktivitetsplan eller ringe/sende sms. Du finn informasjon på nav.no og per telefon 55 55 33 33.
Arbeidsgjevarar brukar nav.no/bedrift eller ringer 55 55 33 36.
 
Direkte nummer til markedskontaktar:
  • Seljord, Kviteseid og Nissedal: 412 23 954; Tore Dag Lid
  • Fyresdal, Tokke og Vinje: 404 76 863; Margit K. Bergland
  • IA–rådgjevar: 994 49 230; Olav Aalandslid
Telefonliste Fyresdal - statlege ytingar:
  • Sissel H. Husstøyl: 412 29 469 
  • Viviana Burgos: 409 14 647
  • Åse Wrålid: 412 83 592
Gerd Kari Skaalen, NAV-leiar: 958 32 211
Solbjørg Frantzen, ass. NAV-leiar: 909 46 708
Postadresse: NAV Vest-Telemark, Hotellvegen 42, 3880 Dalen

Ei påminning kring karantene - 21.08.2020

Generelt om karantene:

Du SKAL vere i karantene i 10 døgn uavhengig av om du er i karantene på grunn av reise eller som nærkontakt. Har du karanteneplikt fordi du har vore i eit raudt land eller hatt nærkontakt med ein person med bekrefta smitte, skal du uansett fullføre karanteneperioden på 10 døgn sjølv om du tar test og den er negativ.

Reisekarantene - karantene grunna ankomst frå utlandet:

Dersom du har vore på utanlandsreise i raude område i EØS/Schengen eller land utanfor EØS/Schengen SKAL du vere i reisekarantene i 10 døgn frå den dagen du kom heim. Det er unntak frå karantene ved reiser frå område i EØS og Schengen med tilstrekkeleg lågt smittenivå (gule område). 

Sjå fhi.no for oppdatert kart over gule og raude område.

For deg som er i reisekarantene gjeld fylgjande:

  • Du skal opphalde deg i eigen heim eller på anna eigna oppholdsstad.
  • Du bør ikkje oppsøke offentlege stader, slik som butikk eller kafe. Ved mangel på alternativ, kan du gå ut for å gjennomføre nødvendige ærend i butikk eller apotek, men sørg for å halde minst 1 meter avstand til andre og unngå kø.
  • Du kan IKKJE gå på jobb når du er i reisekarantene, men du kan jobbe heimefrå.

Les meir om reiseråd og karanteneregler på helsenorge.no

Smittekarantene - karantene grunna nærkontakt med ein person med påvist smitte:

Alle nærkontaktar til ein bekrefta smitta person skal i karantene. Blir du kontakta gjennom smittesporing får du beskjed om kva som gjeld for deg.

Du blir definert som nærkontakt dersom du har hatt kontakt med den smitta i over 15 minutt på under 2 meters avstand innan 48 timar før personen fekk symptom.

Dersom dette gjeld for deg, skal du vere i heimekarantene i 10 døgn frå den dagen kontakten skjedde. Dersom du utviklar symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime utan å gå ut og du bør testast så raskt som mogleg.

Personar i smittekarantene kan ikkje:

  • Gå på jobb eller skule.
  • Foreta lengre reiser innanlands eller reiser utanlands.
  • Ta offentleg transport.
  • Oppsøke stader kor det er vanskeleg å halde nødvendig avstand til andre personar.

Sjå nettsida til Helsenorge for oppdatert artikkel "Informasjon om karantene og isolasjon og råd til befolkningen for øvrig".

Endring i reiseråd frå UD; fleire raude land og område - 20.08.2020

Utenriksdepartementet rår imot reiser som ikkje er strengt nødvendige til Hellas, Irland, Storbritannia, Østerrike og regionen Hovedstaden i Danmark.

På bakgrunn av Folkehelseinstituttets vurdering av smittesituasjonen har regjeringa beslutta at desse landa og regionen går frå gult til raudt på smittekartet for Europa. Dermed blir også reiserådet endra. Alle reisande frå desse fire landa og regionen Hovedstaden i Danmark som kjem til Noreg frå og med 22. august, blir ilagt ti dagars karantene.

Les heile pressemeldinga på regjeringen.no.

fhi.no finn du oppdaterte smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Noreg.

regjeringen.no finn du oppdatert reiseinformasjon frå UD.

Koronavirus og Covid-19 på offentleg kommunikasjon - 13.08.2020

Folkehelseinstituttet vil framover offentleggjere informasjon om tid og stad for avgangar der personar som er smitta med Covid-19 har vore om bord. Informasjonen vil bli begrensa til reiser mellom ulike kommunar eller land.

Informasjonen vil bli offentleggjort:

  • Dersom ein ikkje har informasjon om alle som kan ha blitt eksponert og ikkje kan gjennomføre vanleg smittesporing
  • For å sikre rask offentleggjering av stader der mange kan ha blitt eksponert

Den aktuelle informasjonen finn du på FHI.no

Sida vil bli oppdatert jamleg.
Bare reiser meldt til FHI er inkludert.

Påminning frå legekontoret angående Covid-19 - 14.08.2020

Med tanke på oppstart av skule og barnehage vil legekontoret gjerne minne om symptom og kriterium for testing av Covid-19.

  • Har du eller barnet ditt rennande nese, kan du/barnet ditt reise på arbeid/skule/barnehage.
  • Har du eller barnet ditt kjent pollenallergi eller andre sjukdomar som kan ha nokre av dei same symptoma som Covid-19, er det fint om de informerer barnehage/skule om dette. Dersom de får tilleggssymptom, bør de halde dykk heime.
  • Ved tilleggsymptom er det viktig at de blir heime til ein dag etter symptomfriheit. Andre i husstanden kan leve normalt.

Tilleggssymptom:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Hodepine
  • Feber
  • Nedsatt allmenntilstand
  • Magesmerter/diare
  • Tungpust/kortpusta

Testing:

  • Ved symptom som kan gje mistanke om infeksjon av Covid-19, kan de ta kontakt med legekontoret, for eventuell testing.
  • Det er viktig å ha hatt symptoma i minst 2 døgn for å få mest mogleg riktig resultat.
  • Ved testing må personen vere i karantene fram til svar ligg føre. Andre i husstanden kan leve normalt.
  • Svaret ligg føre 2-3 døgn etter testing. Ein kan logge inn på helsenorge.no for å sjekke prøvesvaret.

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med legekontoret på telefon 35 06 73 00.

Nye reiseråd og karantenereglar – 12.08.2020

På grunn av økt smitteimport til Noreg og aukande smitte i mange land, blir alle land som tidlegare var grønne nå gule. Det vil ikkje vere karanteneplikt for gule land, men ein bør unngå alle unødvendige reiser til utlandet.

  • Fleire land og regionar i Norden har aukande smitte og blir raude. Karanteneplikten for dei nye landa og regionane i Norden trer i kraft frå midnatt natt til laurdag.
  • Raude land med forhøga smitte vil framleis vere raude. Her er det fortsatt karanteneplikt.
  • Tenk igjennom om ei reise verkeleg er nødvendig, også ei reise til land uten karanteneplikt!
  • Sjølv om karantereglane ikkje trer i kraft før natt til laurdag, vil det å reise til for eksempel dei svenske regionane for å handle vere i strid med regjeringas råd om å unngå unødvendige utenlandsreiser.
  • Regjeringa innfører frå i dag igjen karanteneplikt for alle nærkontaktar til ein bekrefta smitta person. Karanteneplikten vil dermed igjen gjelde alle som har hatt nærkontakt med ein smitta person, ikkje bare husstandsmedlemmer.

​Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Sjå oppdaterte kart og kriterium for reiser på Folkehelseinstituttet si nettside.

Reiserådet der UD rår imot reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land, blir forlenga frå 20.08.2020 til 01.10.2020. 

​Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Sjå også Utenriksdepartementets eiga temaside for reiseinformasjon på deira nettside.

Fortsatt indre grensekontroll - 12.08.2020

Tiltaket med kontroll på indre grense blir foreløpig videreført i ytterlegare 60 dager frå 14.08.2020.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Informasjonsskriv til brukarar i HSPL - 11.08.2020

Oppmoding til brukarar og pårørande til brukarar som mottek heimesjukepleie og/eller heimehjelp.

I ljos av det vi ser nå, med fleire lokale smitteutbrot med Covid-19 i Noreg i samband med opning av grenser og auka ferietrafikk, ynskjer heimetenesta å oppmode om at du/de er ekstra varsame i høve både reising, besøk til andre og kven du/de har besøk av.

Med dette meiner vi:

  • Dersom du har vore i andre land på reise, eller hatt besøk av andre som nyleg har vore i andre land på reise, må du snarast råd gje heimetenesta beskjed om det på telefon 917 77 048. Dette for at vi må gjere ei vurdering i høve korleis vi skal yte hjelp på ein forsvarleg måte med tanke på eventuell smitte av Covid-19.
  • Vi ber pårørande vere ekstra merksame slik at brukar kan unngå å få besøk av personar/anna familie som nyleg har vore utanfor Noreg.
  • Heimetenesta ynskjer beskjed uansett om det gjeld reise til land med «grøne» eller «raude» område.
  • Der er viktig at vi førebyggjer og unngår å føre eventuell smitte av Covid-19 vidare mellom brukarar.
  • Vi minner samstundes om viktigheita av hyppig håndvask og at du gjev beskjed i forkant av at vi kjem dersom du har forkjølelsessymptom, hoste og/eller feber.

Dersom spørsmål, kontakt heimetenesta på telefon 917 77 048 eller gruppeleiar i heimetenesta, Gunn Marit Aslestad, på telefon 977 17 105.

Nye testkriterium frå onsdag denne veka - 10.08.2020

Frå onsdag 12.08.2020 vil det bli innført nye testkriterium for Covid-19. Testkriteria blir endra slik at alle som sjølv mistenker at dei er smitta av Covid-19 bør få anledning til å teste seg utan leges vurdering. Dette skriv Folkehelseinstituttet i ein nyheit på nettsida si i dag.

Her kan du lese heile den aktuelle nyheita frå FHI, der dei mellom anna seier noko om kven helsetenesten bør anbefale Covid-19-testing for.

Ei påminning i samband med komande arrangement - 10.08.2020

Vi har stått i og står framleis i ei krevjande tid, og ein ser nå at det kjem fleire lokale smitteutbrot rundt i landet. Beredskapsleiinga i Fyresdal kommune ynskjer å kome med ei påminning til dei som skal halde private og offentlege arrangement i kommunen utover seinsommar og haust.
 
Det er mange spente 15-åringar som ventar på den store konfirmasjonsdagen! I samband med slike selskap, og andre typar arrangement, er det viktig at du som arrangør set deg inn kva råd som er gjeldande og kva som krevst av deg som arrangør. Merk deg til dømes at det er du som arrangør som har ansvaret for å legge til rette for smitteverntiltak og syte for at dei blir haldne. Du må til dømes føre gjesteliste med kontaktinformasjon, slik at du kan bistå kommunen med eventuell smitteoppsporing ved eit eventuelt smitteutbrot. 
 
Ei slik liste bør ha fylgjande informasjon:
  • Fullt namn på gjest/deltakar
  • Mobilnummer til gjest/deltakar
  • Kommunetilhøyring for gjest/deltakar
  • Aktuell dato for deltaking
Lista ( last ned her PDF document ODT document ) må omfatte alle gjester/deltakarar, både vaksne og barn. Lista må arrangøren ta vare på i 10 dagar etter arrangementet; etter det kan den slettast.
 
Oppdaterte smittevernråd for arrangement finn du mellom anna på nettsida til FHI.
 
Er du i tvil?
 
Ta ein kikk på dette analyseverktøyet frå FHI: «Verktøy for risikovurdering av arrangement»
Svarar du «JA» på spørsmåla frå 1 til 4, bør du vurdere om gjennomføring av arrangementet ditt er forsvarleg.  
 
Spørsmål?
 
Har du spørsmål kring private eller offentlege arrangement, kan du kontakte kommunelege på telefon 35 06 73 00 eller beredskapsleiar på telefon 974 05 068. 

Regjeringa bremsar vidare opning - 07.08.2020

Regjeringa bremsar vidare opning av samfunnet og strammar til for å behalde kontrollen på smittespreiinga.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie gjentok i dagens pressekonferanse at samfunnet skal opnast gradvis, saman og kontrollert. Han sa også at ettersom ein den siste tida har sett auka smitte i samfunnet må ein nå tråkke på bremsen for vidare opning av samfunnset og sette inn tiltak på nytt for å behalde kontrollen. Dette er i tråd med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttets faglege anbefaling.

Noko av det som blei snakka om på pressekonferansen:

  • Innføring av nasjonal skjenkestopp klokken 24.00 med verknad frå i morgon laurdag
  • Nye anbefalingar om heimekontor og kollektivtransport
  • Regjeringa anbefalar norske borgarar å unngå unødvendige reiser til utlandet – også til grøne land
  • Og – som før: Hald minst ein meters avstand, vask hendene ofte og ver heime dersom du er sjuk!

Du kan lese heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Hald deg oppdatert på smittevernråd - 03.08.2020

Hald deg oppdatert på smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Noreg på fhi.no.

Den aktuelle artikkelen blir oppdatert fortløpande med karantenereglar og råd for smittevern ved reise. Ta høgde for at anbefalingar om reise kan endre seg raskt!

Ny krisepakke for frivilligheita - 21.07.2020

Ei ny coronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.  

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.  

Søknadsfristen er 15. september.  

Det kan søkjast om:  

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter).   

Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.  

  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).  

Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.  

  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).  
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.  

Du kan lese meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet si nettside.

Nye reiseråd mellom Noreg og andre europeiske land - 14.07.2020

Regjeringa opnar for innreise frå 15.07.2020 for personar som er busett i land i EØS/Schengen-området som har ein tilfredsstillande smittesituasjon. Samtidig fjernast kravet om innreisekarantene for reisande frå desse landa. Utenriksdepartementet avdarer ikkje lengre mot reiser til dei landa som unntakast frå krav om innreisekarantene.

Les heile pressemeldinga frå 10.07.2020 på regjeringen.no.

Karantenereglar og råd for smittevern ved reise oppdaterast fortløpande. Spesielt før ei utanlandsreise er det viktig at du både set deg inn i kva reglar som gjeld i det landet du reiser til, og kva reglar som gjeld når du kjem tilbake til Noreg. Ta høgde for at råda om reise kan endrast raskt.

Les meir og sjå oversiktskart over "grønne område" på fhi.no.

Råd til reiselivsbransjen om reiser og ferieaktivitetar i Noreg - 30.06.2020

Det er forventa at mange nordmenn vil feriere i Noreg i sommar. Reiselivsnæringa må førebu seg på å ta imot nordmenn på ferie på ein trygg måte. Folkehelseinstituttet anbefaler at alle som tilbyr tenester og aktivitetar utarbeider ein plan for korleis dette kan gjerast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

fhi.no finn du ei oppsummering av nokre spesifikke råd for forsvarleg smittevern ved dei ulike tenestene tilknytta reiselivet, slik som serveringsstader, campingplassar, utleigehytter, museum og utleige av utstyr. Du finn også bransjestandarder for reiselivsbransjen frå NHO Reiseliv og Virke på same sida.

Corona-symptom på ferie? - 29.06.2020

Dersom du får symptom på corona medan du er på ferie, fylg desse reglane frå Folkehelseinstituttet:

1. Ta kontakt med kommunen du oppheld deg i!

Du skal ikkje berre møte opp hos legen eller på eit testsenter. Du må få ein time eller ei henvisning. Fyresdal legekontor treff du på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

2. Ring 116 117!

Dersom du ikkje får kontakt med det lokale legekontoret, kan du ringe 116 117. Då kjem du til næraste legevakt. Hugs å ringe før du eventuelt oppsøker legevakta. 

3. Isoler deg!

Dersom du får symptom, hald auka avstand til andre.

4. Reis heim dersom du kan!

Dersom du har testa deg og har fått positivt svar, skal du i isolasjon. Dei du eventuelt er saman med skal i karantene. Reis heim med eigen transport, dersom du er i form til det. Dersom formen tilseier at du ikkje kan reise heim, må du finne ei løysing der du er.

Generelle råd til befolkinga - om du er på ferie eller ei:

  • Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på fhi.no og helsenorge.no.
  • Dersom du ikkje finn svar på det du lurar på der, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015.
  • Dersom du trur at du er smitta, ring fastlegen din.
  • Du skal kun ringe legevakt på 116 117 dersom du har behov for akutt helsehjelp.
  • Dersom liv og helse er i fare, ring 113.

Opning for reiser mellom Noreg og Europa frå 15. juli - 26.06.2020

Regjeringa tar sikte på å tillate innreise for personar som er busett i Schengen- og EØS-området frå 15.07.2020 – dersom smittesituasjonen tilseier det.

Frå same tidspunkt fjernast kravet om innreisekarantene for land og regionar med ein tilfredsstillande smittesituasjon. Utenriksdepartementet vil ikkje lengre advare mot reiser til land og regionar som unntakast frå krav om innreisekarantene.

Nordmenn kan altså reise til Schengen- og EØS-land frå og med 15.07.2020. Det betyr også at borgarar frå desse landa kan reise inn i Noreg. Dei nye reglane avheng av at kvart enkelt land oppfyller dei aktuelle kriteria. Lista over kva land som oppfyller kriteria kjem 10.07.2020.

Les heile pressemeldinga frå 25.06.2020 på regjeringen.no.

Hald deg oppdatert på smittevernråd for ferie og reise - 25.06.2020

Karantenereglar og råd for smittevern ved reise blir oppdatert fortløpande.

Spesielt før ei utanlandsreise er det viktig at du set deg inn i både kva reglar som gjeld i det landet du reiser til og kva reglar som gjeld når du kjem tilbake til Noreg.

Og hugs:

Dei same grunnleggjande prinsippa for smittevern er like gjeldande ved fritidsreise som heime:

  • Sjuke personar skal halde seg heime
  • God hygiene 
  • Redusert kontakt mellom personar, og hald minst 1 meter avstand til andre enn dine næraste

Sjå fhi.no for råd kring fylgjande:

  • Innanlands fritidsreiser
  • Risikogrupper og deira pårørande
  • Bading, strandliv og friluftsliv
  • Offentleg transport
  • Karantene for personar som kjem til Noreg frå utlandet
  • Unntak frå karanteneplikta
  • Råd før reisa (dersom du må reise) 
  • Førebyggjande råd på reisa (dersom du må reise)

Status covid-19 veke 24 - 19.06.2020

Spreiinga av coronavirus er framleis lav i Noreg. Det viser vekesrapporten for 08.06.2020–14.06.2020 frå Folkehelseinstituttet.

Du kan lese heile rapporten på fhi.no.

Justering av regjeringas tiltak frå 15. juni - 12.06.2020

Regjeringa lettar på tiltaka frå 15.06.2020 i tråd med planen for handtering av covid-19. Mellom anna kan treningssenter, badeland og symjehallar gjenopne, vel og merke på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Det blir også tillatt med arrangement på inntil 200 personar.

Regjeringa opnar for fritidsreiser mellom Noreg og dei nordiske landa frå 15.06.2020, men beheld karantenekrav og innreiserestriksjonar frå regionar med mykje smitte. Regionar og område som blir unntatt frå krav om innreisekarantene, blir også unntatt frå Utenriksdepartementets reiseråd.

Universitet, høgskular og fagskular kan opne att frå 15.06.2020 - så lenge dei overheld gjeldande reglar og råd om smittevern.

Det blir gitt unntak frå 1-metersregelen i ny forskrift som er lagt frem av regjeringa i dag. Det inneber at profesjonelle utøvarar innan kultur og idrett nå kan ta eit skritt nærare ein normaltilstand. Vidare blir det opna for at barn som deltar i kulturaktivitetar blir gitt dei same moglegheitene som dei som driv idrett.

Tidsplan HODep

Ny risikovurdering: Fare for økt smitte i sommer - 12.06.2020

Folkehelseinstituttet er bekymra for auka smitte på store arrangement i sommar og fryktar betydelege lokale utbrot. Det viser den niande risikovurderinga frå Folkehelseinstituttet som blei publisert torsdag 11.06.2020.

Rapporten inneheld oppdatert kunnskap, situasjon, prognose, risiko og respons om epidemien i Noreg.

Du kan lese heile rapporten på fhi.no.

Kva inneber dei nye karantenereglane frå 1. juni? - 08.06.2020

Når ein person blir sjuk med covid-19, skal alle nærkontaktane følgjast opp i 10 dagar.  Det nye er at vi nå har to hovudgrupper nærkontaktar som følgjast opp forskjellig.

Frå 01.06.2020 gjeld fylgjande:

  • Det er bare husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære personar som skal i karantene.
  • Dei som er nærkontaktar, men har vore utsatt for mindre smitterisiko enn hustandsmedlemmer, skal ikkje i karantene. Dei skal følgjast opp med testing og smittevernråd og skal i tillegg overvåke eiga helse (sjølvmonitorering).

Sjå illustrasjon under og les meir på fhi.no.

Distansering 05.06.2020

Nye rettleiarar for barnehagar og skular - 02.06.2020

Helsedirektoratet publiserte fredag (29.05.2020) nye rettleiarar for barnehagar og skular. Det faglege innhaldet er levert av Utdanningsdirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Sjå meir på fhi.no.

Nye karantenereglar frå 1. juni - 02.06.2020

Frå 01.06.2020 blir reglane for smittekarantene endra. Samtidig blir det opna for like karantenereglar for arbeidsreiser til og frå alle dei nordiske landa.

Les meir på regjeringen.no.

Oppdatert smittevernrettleiar for organisert idrett - 02.06.2020

Helsemyndigheitene presenterte torsdag 28.05.2020 en oppdatert smittevernrettleiar for den organiserte idretten.

Rettleiaren opnarfor fysisk kontakt mellom utøvarane.

Sjå meir på regjeringen.no.

Nye retningslinjer for besøk på POS - 28.05.2020

Per 01.06.2020 blir besøksforbodet på Fyresdal pleie- og omsorgssenter oppheva.

Her er likevel ein del reglar og retningslinjer som alle må vere klar over og fylgje:

  • Det skal førast besøksprotokoll på begge avdelingar.
  • Alle besøkande må fylle ut eit eigenerklæringsskjema ved fyrste besøk.
  • Alle besøk skal avtalast på førehand.
  • Det er besøkstid på begge avdelingane.
  • Det er siesta kl. 14.00-16.00 (ikkje besøk).
  • Pasientane kan motta gåver o.l.
  • Pasientar som kan ha besøk ute, blir framleis oppfordra til å ha det.
  • Besøk inne skal tilpassast den enkeltes behov og sjukdomsbilete.
  • Pasientar kan gå fritt utandørs, ev. ta ein tur heim på besøk (ute).
  • Alle besøkande skal fylgje dei generelle smittevernreglane: Halde avstand, helst unngå fysisk kontakt, og god handhygiene! Dersom dei er sjuke skal dei ikkje på besøk.

Ved besøk inne:

  • Kun nære pårørande, maks 2 stk. om gongen.
  • Vask av hender ved ankomst og ved avreise.
  • Besøkande skal halde 1 meters avstand til helsepersonell.
  • Alle overflater/kontaktflater skal vaskast etter eit besøk.
  • Ev. servering av kaffi/kake skal skje på papp. NB. Ikkje sjølvbetjening.
  • Det er lov å vere med på biltur, dersom ein overheld smittevernreglane.

 

Barnehagar og skular kan lette på smitteverntiltak - 28.05.2020

Lite smittespreiing gjer det forsvarleg at ei heil avdeling i barnehagen og ei heil skuleklasse kan vere ein kohort. Eit nytt system (trafikklysmodellen) med raudt, gult og grønt lys skal avgjere kva smitteverntiltak som gjeld i barnehage og skule. 

Dei nye smittevernrettleiarane blir lagt fram i sin heilheit fredag 29.05.2020.

Her kan du lese heile pressemeldinga frå regjeringa frå 27.05.2020:

regjeringen.no

Tilbake til legemelding ved lengre fråver - 26.05.2020

For å dempe på arbeidspresset hos primærhelsetenesta beslutta regjeringa å utvide retten til bruk av eigenmelding for arbeidstakarar til 16 dagar. Desse reglane hadde verknad frå 16.03.2020.

Frå 01.06.2020 kan du ikkje lengre kreve å få bruke eigenmelding dei fyrste 16 dagane av sjukefråveret. Dette gjeld også covid-19-relatert fråver.

Spørsmål og svar om arrangement - 26.05.2020

Lurar du på kva slags krav og retningslinjer som gjeld i samband med arrangement?

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om arrangement og stenging av enkelte verksemder: 

regjeringen.no

Fyresdal næringsfond skipar corona krisefond - 22.05.2020

I møte i formannskapet tysdag 05.05.2020 blei det vedtatt å skipe eit corona krisefond til bedrifter i Fyresdal.

Krisefondet er på kr 500 000,-. Midlane vil bli delt ut etter søknad frå bedrifter i Fyresdal som ikkje kjem inn under kriseordningane til styresmaktene (eller som nesten fell utanom ordningane). 

Bedriftene kan søke om tilskot til å dekke uunngåelege faste kostnader i ei vanskeleg tid. Maksimalt tilskot pr. bedrift er kr 100.000,-. Søknadane vil bli handsama fortløpande og vedtak vil bli fatta innan ei veke etter mottak av søknad. Fyresdal kommune vil også vere særskild positive til nye utviklingstiltak i bedriftene.

Send søknaden din til Fyresdal kommune per post eller e-post:

Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal 

eller

postmottak@fyresdal.kommune.no

Smittevernrettleiar for produksjon av frukt, bær, grønnsaker og potet - 22.05.2020

Mattilsynet har kome med ein smittevernrettleiar for produksjon av frukt, bær, grønnsaker og potet.

Rettleiaren inneheld mellom anna ei sjekkliste for godt smittevern i grøntproduksjon.

Les rettleiaren her

Vanlege opningstider i barnehagen att - 22.05.2020

Frå og med måndag 25.05.2020 vil Fyresdal barnehage opne opp for fulle dagar att. Det vil seie at opningstida er kl. 07.00-16.30. I samband med utviding til normal dag vil ein del restriksjonar og rutinar vere gjeldande, jf. Rettleiar i smittevern for barnehagar

 

Framleis spesielt fokus på smittevern
 
Ifylgje justera rettleiar, frå 07.05.2020, er dei tre hovudtiltaka sett i prioritera rekkjefylgje:
 
1. Sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen
a. Symptom på covid-19 særleg hos barn, kan vere milde og vanskeleg å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. Covid-19 smittar hovudsakleg via dråpe- og kontaktsmitte. Det er fyrst og fremst personar med symptom som er smittsame og smitten er størst idet symptoma oppstår. Dei hyppigaste symptoma for covid-19 er i starten halsvondt, forkjølelse og lett hoste, i tillegg til kjensle av sjukdom, hovudpine og muskelsmerter. Magesmerter kan også førekome. Det kan for nokon med covid-19-symptom utvikle seg til hoste, feber og  kjensle av å vere kortpusta.
 
2. Hygiene 
a. Hostehygiene – hugs dråpesmitte.
b. Handhygiene – handvask med såpe og vatn er å anbefale, men hånddesinfeksjon kan også brukast. Handvask av barn skal skje med den vaksne til stades. Ved bringing og henting, etter hosting/nysing, etter toalettbesøk, etter soving, etter uteaktivitet og ved synleg skitne hendar skal hendene vaskast.
c. Føresette skal vaske seg/sprite seg inn og ut av barnehageområdet som tidlegare.
 
3. Redusera kontakthyppighet mellom personar
a. Halde avstand er avgjerande og avgrensar smitte.
b. Eigne pauserom og inngangar, garderobar.
 
Tisette og føresette er informerte via e-post.

Ei helsing frå pleie- og omsorgssenteret - 18.05.2020

Denne våren vart litt annleis og spesiell for oss alle, men mest kanskje for våre pasientar inne på POS, då me måtte sette i gang med strenge tiltak som besøksforbod for å hindre smittespreiing av korona-viruset. 
 
Våre pasientar er dei mest sårbare gruppene i samfunnet vårt, og då må dei beskyttast.
 
Dette var vanskeleg for mange, men alle godtok det. Vel så sårt var det for dei pårørande som ikkje fekk sett sine kjære. 
 
Me fekk i gang video-samtalar etter kvart, og det var kjærkome for mange!
 
1. mai fekk me lov til å ta imot besøk i uteområdet, med avstand. Litt synd at vêret og temperaturen ikkje alltid tillot det, men me håpar på varmare vêr framover!
 
Personalet gjer sitt for å oppretthalde ein så tilnærma normal kvardag som mogleg, og tek sine forholdsreglar for å hindre smitte inn på POS.
Me ber om at de også framover vil respektere og overhalde dei smittevernreglane som gjeld i samfunnet og dei rutinene som gjeld ved besøk på POS, slik at me tek vare på kvarandre!
  • Hald avstand
  • Ha god handhygiene
  • Ha god nyse-/hostekultur
  • Ikkje kom på besøk dersom du er sjuk
  • Avtal gjerne besøk på førehand
Me vil takke alle barnehageungar og skuleungar som gjorde det så triveleg med song og underhaldning ute foran avdelingane før 17. mai!
 
Me vil også takke korpset for musikk og 17. mai-stemning, og veteranbilane for kortesjetog!
 
Med venleg helsing alle oss på Fyresdal pleie- og omsorgssenter

Differensierte råd til risikogrupper - 15.05.2020

Folkehelseinstituttet gjer regelmessig nye vurderingar basert på oppdatert kunnskap om kva personar som har auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Aldersgruppe og underliggande sjukdom med betydning for risikovurderinga er beskrive i dei oppdaterte råda.

Det er utarbeidd ein tabell som viser korleis råda blir påvirka av auka smittespreiing i samfunnet generelt, eller auka spreiing lokalt der ein bur. Per i dag er det låg smittespreiing i alle regionar i Noreg.

Folkehelseinstituttet skiller nå mellom to ulike risikogrupper:

  • Personar med lett økt risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • Personar med moderat eller høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp

Sjå tabell og les oppdatert informasjon på fhi.no

Smittevernråd for ferie og reiser - 15.05.2020

Dei nye smittevernråda for ferie og reiser som gjeld frå i dag 15.05.2020, gjev råd om korleis du kan unngå smittespreiing mellom stader, råd om bading, strandliv og friluftsliv, offentleg transport og utanlandsreiser. 

I dei nye råda frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet blir det presisert at dei same grunnleggjande prinsippa for smittevern gjeld ved reise som heime:

  1. Ikkje reis når du er sjuk
  2. Ha god handhygiene 
  3. Hald minst 1 meters avstand til andre enn dine næraste

Les dei oppdaterte smittevernråda på fhi.no

Program for 17. mai i Fyresdal - 15.05.2020

Den tradisjonelle feiringa med messe i Moland kyrkje, leik og moro på skuleplassen og folkefest på samfunnshuset er dessverre avlyst. 17. mai-komiteen, som består av foreldre i 6. klasse, har ikkje laga noko alternativt opplegg, så årets feiring blir opp til alle og ein kvar. Men – vi kan framleis ta på oss finstasen, heise flagget, ete god mat, synge nasjonalsongen og ikkje minst ete is!
 
Her er årets «program»:
 
  • Kl. 08.00: Flaggheising.
  • Kl. 11.00: Digital helsing frå ordføraren på Fyresdal kommune si heimeside og Facebook-side.
  • Kl. 11.40: Avreise frå Best for «felles lufting av gamle køyretøy» – i regi av Fyresdal Veteran Motor Klubb. Planen deira er å køyre Best–Øyane–Øyskogen–POS–Best.
  • Kl. 12.00: Korpset spelar på Øyane.
  • Kl. 13.00: Korpset spelar i Øyskogen.
  • Kl. 13.00: Heile Noreg syng «Ja, vi elsker dette landet».
  • Kl. 14.00: Korpset spelar på POS.
Desse tre råda for å unngå smitte er framleis like viktige og gjeld også for 17. mai:
 
  • Hald deg heime og unngå besøk dersom du er sjuk.
  • Hald minst ein meter avstand til andre (gjeld ikkje dei du bur saman med til vanleg).
  • Ha god handhygiene med hyppig og grundig vask.

Kollektivtransport og skuleskyss - 15.05.2020

I løpet av veke 20 har alle skulane i fylket opna for at alle trinn skal kome tilbake. Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyss i grunnskule og vidaregåande skule, og dei oppmodar til at så mange som mogleg går eller syklar, fordi bussane har halv kapasitet på grunn av anbefalingar om avstand (1 meter).

Skuleskyssen går som normalt til ordinære start- og sluttider, altså dei tidene skulane hadde før dei stengde i mars. Skulekorta skal takast med på reisa, men dei skal inntil vidare ikkje bli registrert hos sjåfør ved påstiging. 

Sjå vtfk.no for meir informasjon og reiseråd

Opning av kulturskulen - 14.05.2020

Fyresdal kulturskule opnar no delvis for ordinær undervisning frå 24.05.2020.

Vi jobbar med retningsliner og rettleiarar slik at dette kan gjerast så trygt som mogleg. Vi ser det førebels ikkje som trygt å ha undervisning i kunst og handverk. Det er og usikkert om den yngste gruppa i dans får øving. 

Det vil kome meir informasjon til alle føresette i løpet av neste veke.

Vi ser fram til å treffe elevane att!

Helsing alle på kulturskulen

Informasjon i samband med re-opning av Gimle skule - 12.05.2020

Onsdag 13.05.2020 kjem det fleire elevar tilbake på Gimle skule.

I samband med dette ynskjer rektor Sarke Veum å informere om fylgjande: 

  • All parkering skal skje på parkeringsplassen ved samfunnshuset.
  • Dersom du skal sleppe av og hente ungar, skal dette skje på parkeringsplassen ved samfunnshuset. Hugs innkøyring i nord og utkøyring i sør!
  • Elevane vil ha ulike oppmøtestadar og friminutt på ulike stadar, slik at klassene ikkje blir blanda.
  • Det er fint om elevane ikkje kjem noko særleg før kl. 08.10, slik at vi unngår blanding av klasser.
  • Vi oppmodar til at færrast mogleg tek buss - dersom det er mogleg.
  • Elevane i 5.-10. klasse vil ha ulike opplegg, både når det gjeld antal dagar på skulen og antal dagar med heimeskule. 
  • På det meste vil det vere 8 klasser på skulen samtidig.
  • Vi oppmodar alle heimar til å lese smitterettleiarane og snakke saman om desse tre grunnpilarane for å bremse smittespreiing: 1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen 2. God hygiene 3. Redusert kontakt mellom personar.

Her kan de lese smitterettleiarane: 

Ny rettleiar for idrett - 12.05.2020

Ein ny rettleiar for idrett under covid-19-utbrotet er utarbeidd av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Rettleiaren gir råd om kva idrettslag bør gjere for å førebygge at deltakarar og tilskodarar blir utsette for smitte og spreiing av covid-19.

Rettleiaren gjeld for Noregs idrettsforbund (NIF), særforbund, idrettslag, foreiningar og andre som arrangerer organisert idrett. NIF må saman med dei enkelte særforbunda utarbeide råd og tilrådingar som er tilpassa dei spesifikke idrettsgreinene og aktivitetane.

Arrangement for 50 personar

Det blir opna for arrangement på inntil 50 personar med avstand på minst 1 meter, men det blir ikkje tilrådd aktivitetar som medfører større mobilitet og blanding av deltakarar på tvers av geografiske område.

Maks 20 i treningsgrupper

For ordinære treningar blir det tilrådd samling av maksimalt 20 personar i ei gruppe og avstand på minst 1 meter. Dette gjeld både innandørs og utandørs. Fleire slike grupper av maksimalt 20 personar kan samlast dersom gruppene blir haldne frå kvarandre, og dei enkeltvis og samla kan halde seg til smittevernråda.

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet foreslår at det blir tatt ei ny vurdering av den totale smittesituasjonen før sommaren for å sjå på ei ytterlegare normalisering av idrettsaktivitetar.

Når det gjeld symjing, vil Folkehelseinstituttet utarbeide eigne råd i god tid før gjenåpning 1. juni.

Les heile rettleiaren for idrett her:

Private og offentlege arrangement på 17. mai - 12.05.2020

17. mai nærmar seg, og den tradisjonelle feiringa med messe i Moland kyrkje, leik og moro på skuleplassen og folkefest på samfunnshuset er dessverre avlyst.

Det er heilt sikkert mange som tenker at 17. mai likevel er ein veldig fin dag å samlast på – og det er det sjølvsagt!

Men hugs på fylgjande:

  • Anbefalt størrelse på grupper i private samanhengar er per i dag på maksimalt 20 personar. Det er då ein føresetnad at ein kan halde minst ein meter avstand eller meir mellom personane. Rådet om avstand gjeld ikkje for personar som lever saman til vanleg.
  • Det er tillat med arrangement med inntil 50 deltakarar på offentleg stad. Føresetnaden er at deltakarane kan halde minst ein meter avstand til kvarandre og at det er ein ansvarleg arrangør. Dette gjeld alle typar arrangement. Den eller dei som står for gjennomføringa av arrangementet på offentleg stad skal ikkje bli rekna som ein del av arrangementet.

Covid-19-forskrifta er til ein kvar tid oppdatert med gjeldande regelverk på karantene, arrangement og smittevernfaglege krav.

Hald god avstand til kvarandre og vask hendene jamleg!

Rettleiarar for smittevern i barnehage og skule - 11.05.2020

Rettleiarane for smittevern i barnehagar, barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skule blei reviderte 07.05.2020. Rettleiarane er gitt ut av Helsedirektoratet, og fagleg innhald er levert av Utdanningsdirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Her kan du lese rettleiarane:

Biblioteket ope som vanleg att - 11.05.2020

Frå tysdag 12.05.2020 er biblioteket ope som vanleg att - med visse reglar:

  • Maks 5 personar i lokalet
  • Hald minimum 1 meter avstand til andre
  • Ta på så få ting som mogleg i lokalet
  • Bruk handsprit som du finn ved inngangen
  • Biblioteket er ope for lån, men ikkje som opphaldsstad

Opningstider:

  • Tysdag kl. 10.00-15.30
  • Onsdag kl. 17.00-20.30
  • Torsdag kl. 12.00-15.30
  • Fredag kl. 10.00-15.30

NB! Du kan framleis nytte bestill og hent!

Velkomen!

Tidsplan frå regjeringa for nedbygging av tiltak - 07.05.2020

Regjeringa la i dag fram ein plan for vidare handtering av corona-pandemien og ein tidsplan for nedbygging av dei mest inngripande tiltaka.

Mellom anna melder dei at alle grunnskular og vidaregåande skular skal opne for alle trinn i løpet av neste veke.

Klikk på linken under for meir informasjon om dei ulike endringane som gjeld frå ulike datoar:

Tidsplan HODep

Kommuneadministrasjonen open som vanleg att - 07.05.2020

Kommuneadministrasjonen i Fyresdal Næringshage har ope som vanleg att - kl. 08.00-15.00 - frå fredag 08.05.2020.

Vi oppmodar alle besøkande til å avtale tid på førehand med dei som de ynskjer å treffe.
Vi oppmodar også alle besøkande til å halde minimum ein meters avstand til dei de treffer på, i tillegg til å halde god avstand til skranka.

Sentralbordet vårt har telefonnummer 35 06 71 00.
Her finn du kontaktinformasjon til våre tilsette: 

Trygg camping - bransjenorm frå NHO Reiseliv - 06.05.2020

Torsdag 30.04.2020 presenterte NHO Reiseliv ein bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingplassar.

Oppdatering av lokale tiltak - 30.04.2020

Kommuneadministrasjonen i Fyresdal Næringshage

Kommuneadministrasjonen er stengt for publikum til og med torsdag 07.05.2020.
Frå fredag 08.05.2020 har vi ope som vanleg, kl. 08.00-15.00.
Vi oppmodar alle besøkande til å avtale tid på førehand med dei som de ynskjer å treffe.
Vi oppmodar også alle besøkande til å ha avstand til skranka. 
Sentralbordet vårt har telefonnummer 35 06 71 00.
Her finn du kontaktinformasjon til våre tilsette: Finn tilsette

Fyresdal folkebibliotek

Biblioteket er inntil vidare stengt for publikum, men de kan likevel låne bøker, filmar og lydbøker! 
Sjå "Bestill og hent på biblioteket" litt lenger ned på sida for meir informasjon.

Fyresdal pleie- og omsorgssenter

Det er inntil vidare besøksforbod inne på Fyresdal pleie- og omsorgssenter, men frå fredag 01.05.2020 kan de besøke på utsida.
Telefonnummeret til pasienttelefonen på avdeling Norstøg er 35 06 71 55 og telefonnummeret til pasienttelefonen på avdeling Utsikten er 35 06 71 48.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har telefonnummer 35 06 71 67.
Hugs at dei tilbyr videosamtalar for pårørande og pasientar, anten via FaceTime eller Google Duo. Dette gjeld både Norstøg og Utsikten! Ta kontakt med personalet på telefonnummer 35 06 71 59, og så koblar dei deg opp!

Fyresdal helsehus

Det er inntil vidare begrensa fysisk oppmøte på helsehuset (legekontor, helsestasjon og psykisk helse), men vi oppmodar dykk likevel til å ta kontakt med legekontoret som før, ettersom ein del konsultasjonar kan takast over telefon.
Helsehuset har telefonnummer 35 06 73 00.

Nye råd frå regjeringa om avstand - 30.04.2020

Råd om avstand

Frå i dag blir rådet om avstand til andre endra. Til nå har rådet vore to meters avstand, nå er rådet at ein skal halde minst ein meters avstand - ute og inne. Både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet meiner at ein meter er tilstrekkeleg for å redusere smitterisikoen vesentleg.

Når det gjeld smittesporing, blir nærkontakt framleis definert som nærare enn 2 meter i 15 minutt.

Det er viktig å framleis ha fokus på vanar som førebygger smitte:

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunkent vatn, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Finn alternativ til handhelsing og klemming.

Her kan du lese den aktuelle nyheita frå regjeringa

Opnar gradvis opp for arrangement

Frå 07.05.2020 blir det mogleg med arrangement på offentleg stad for inntil 50 personar. Føresetnaden er at det er mogleg å halde ein meters avstand til andre personar på arrangementet, at det er ein ansvarleg arrangør som har oversikt over kven som er til stades, i tillegg til at arrangøren sørger for at smittevernreglar blir følgde. Arrangement utan ein ansvarleg arangør er ikkje tillatt. 

Dersom det framover framleis er kontroll på smittespreiinga, vil regjeringa vurdere å tillate arrangement for inntil 200 personar frå 15.06.2020.

Her kan du lese den aktuelle nyheita frå regjeringa

Informasjon om kjæledyr og corona - 28.04.2020

Har du kjæledyr og lurar på kva du kan og ikkje kan gjere i desse dagar?

Her finn du litt informasjon:

Opning av Gimle skule neste veke - 24.04.2020

Opning av 1.–4. trinn og SFO på Gimle skule frå 27.04.2020

Regjeringa har bestemt at 1.–4. trinn og SFO skal opne att frå 27.04.2020. Alle skular har fått ein smittevernrettleiar å forhalde seg til, som seier kva system vi skal fylgje og at det er trygt. Vi utarbeider nå planar og rutiner for å ivareta både elevar og tilsette på Gimle.

På Gimle har vi bestemt å dele kvar klasse opp i to grupper/kohortar, der gruppene har undervisning ein halv dag ute og ein halv dag inne. Det betyr at gruppene blir små og vil ha få faste vaksne. Dette gjer vi for å førebyggje smitte.

Gruppene vil få faste oppmøteplassar, faste område å vere i friminutta og gode rutiner i høve smittevern og avstand. Det vil vere oppmøte på faste plassar ute frå kl. 08.10. Alle må ha med niste, drikkeflaske og klede tilpassa vêret. Dette må takast med fram og tilbake dagleg.

Vi har ordinær opningstid på både skule og SFO. På SFO vil elevane og vere i små grupper med faste vaksne. Vi vil ikkje servere mat på SFO, det betyr at alle som skal på SFO må ha med niste. Føresette må hente elevane på SFO ute.

Vi ynskjer elevar og tilsette hjarteleg velkomne tilbake til skulen.

No gler vi oss til å treffe dykk att!

Heimetenesta har flytta til det gamle lensmannskontoret - 24.04.2020

Heimetenesta har flytta til det gamle lensmannskontoret i Folkestadgata, og har nå kontorbase der.

Enn så lenge har dei ikkje fasttelefonen på plass og må kontaktast via mobil. 
Dei har same mobilnummer som før, 917 77 048.

Råd om fritidsreiser innanlands - 23.04.2020

Det er framleis eit godt smittevernråd å redusere fritidsreiser for å unngå risiko for smittespreiing mellom ulike stader. Reiser til hytta utgjer likevel mindre fare for smittespreiing fordi ein stort sett er der saman med familie eller venner som ein allereie er i kontakt med heime.

Folkehelseinstituttet har - på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet - kome med innanlands reiseråd som gjeld frå 21.04.2020 og inntil videre.

Her kan du lese dei generelle råda:

Informasjon frå kommunefysioterapien - 21.04.2020

Vi er nå straks klare for å starte opp med individuelle undersøkingar og behandlingar att. I denne veka klargjer vi lokala etter bransjestandard frå Helsedirektoratet og set oss inn i anbefala smittevernstiltak.

  • Vi vil ha noko redusert kapasitet. Vi treng meir tid mellom kvar pasient for å gjennomføre nødvendig vask/spriting av utstyr. Lena vil også vere heime 1-2 dagar pr veke med heimeskule.
  • Det blir i fyrste omgang kun opna opp for 1-1 behandling. Går du vanligvis i ei gruppe, kan du ta kontakt med fysioterapeutane dersom du har behov for individuell behandling.
  • Kom presis til timen, slik at du slepp å vente unødvendig lenge i lokala våre. Er det fint vêr, anbefaler vi at du venter ute på tilvist plass. Håndspriting av hender når du kjem og når du går frå avdelinga. Det er eit ønske om at toalettet vårt blir nytta kun når det er heilt nødvendig.
  • Vi må unngå handhelsing og all nærkontakt som ikkje er relatert til undersøking og behandling.
  • Det er svært viktig at du ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon; feber, hoste, forkjølelse o.l. når du kjem til behandling.
  • Ring oss på telefon for å bestille time, legg igjen beskjed eller send ein SMS dersom vi ikkje har anledning til å ta telefonen. Vi ringer deg opp igjen så fort vi har moglegheit. Det er forventa noko ventetid pga. redusert kapasitet i avdelinga. Var du pasient hos oss då vi måtte stenge, tek vi kontakt med deg i løpet av kort tid.

Vi gler oss til å sjå deg att!

Beste helsing Bente og Lena
Tlf. 952 17 971

Smittevern for helseverksemder med ein-til-ein-kontakt - 20.04.2020

Frå i dag kan fysioterapeutar, psykologar og andre helseverksemder med ein-til-ein-kontakt ha ope att, men ei rekke smittevernfaglege råd gjeld.

Forbodet mot å overnatte på fritidseigedom oppheva - 20.04.2020

Vi viser til pressemelding frå regjeringa datert 07.04.2020

Der står det mellom anna at forbodet mot å overnatte på fritidseigedom blir oppheva per 20.04.2020.

Dette gjeld for heile landet.

Med andre ord - ein kan nå overnatte på hyttene sine att.

Ei lita oppdatering frå beredskapsleiinga - 17.04.2020

Beredskapsleiinga i Fyresdal kommune har i dag fått omvising i tre kommunale bustader som kan nyttast til høvesvis karantene og isolasjon, dersom det skulle melde seg eit behov for det. Det var avdelingsleiar helse og omsorg, Anne Veum, som hadde omvisinga.

I tillegg fekk vi høyre litt om korleis helsehuset er rigga for tida. Dei har til dømes innreidd eit eige legekontor for mottak av pasientar med luftvegssymptom, alt smittevernsutstyr er samla på helsehuset, og det er gjort klar boksar som inneheld alt nødvendig smittevernsutstyr. Når det gjeld testing har dei eigne prosedyrar i høve dette; til dømes så skal all testing skje utanfor helsehuset/legekontoret.

I heile organisasjonen vår er det sett i verk ulike tiltak basert på ulike scenario. Vi er veldig nøgde med og stolte av å ha ein organisasjon som står samla og arbeider på tvers. Og sjølv om Fyresdal er ein liten kommune, føler vi oss godt førebudd på eit eventuelt utbrot i kommunen.

Beredskapsleiinga har gjort ulike vurderingar og ulike tiltak basert på nasjonale føringar og retningsliner, mellom anna planlagt for karantene og isolasjon ved eit eventuelt utbrot og sett til at det er utarbeidd planar for kontinuerleg drift ute i avdelingane. Vi har også jamleg tett kontakt med Fylkesmannen.

Beredskapsleiinga består av rådmann Une Marit Tangen, ordførar Erik Skjervagen, økonomi- og plansjef Kjersti Bergland, beredskapskoordinator John Kjell Lien og informasjonsansvarleg Svånaug Dyrland Valseth.

Opning av barnehagen neste veke - 17.04.2020

Fylkesmannen har i møte 16.04.2020 orientert om at dei fleste barnehagar ikkje klarar å opne for fullt frå 20.04.2020.

Fyresdal barnehage kjem til å fordele personalet på fleire grupper enn vanleg og har difor valt å ha redusert opningstid i perioden 20.04.2020–30.04.2020. Opningstida vil vere frå kl. 07.00 til kl. 15.00. Opningstida er sett frå kl. 07.00 mellom anna for å nå personal i pleie og omsorg og eventuelle pendlarar. Vi held ope 8 timar per dag. Vi er sjølvsagt fleksible på tida i enkeltsaker, spesielt for tilsette i pleie og omsorg. Fyresdal barnehage håpar at dette er til det beste for alle.

Fylkesmannen presiserer at dette er ein strategi både for smittevern og for å kunne opne på ein trygg og god måte. Kommunane kan redusere opningstida si innanfor normal betalingsordning. Det vil seie at sjølv om det nå blir redusert opningstid ein periode, må føresette likevel betale som vanleg. Dei familiane som av ulike grunnar vel å ikkje ha barnet sitt i barnehagen nå, må også betale som vanleg, dersom det ikkje er påvist kronisk alvorleg sjukdom eller at dei seier opp plassen. 

Fylkesmannen presiserer også at det er trygt for barnehagebarn å vere i barnehagen.

Vi ynskjer små og store hjarteleg velkomne tilbake til barnehagen!

Utvida generell dispensasjon for bruk av snoskuter - 17.04.2020

Som ein konsekvens av corona-pandemien og hytteforbodet som opphøyrer per 20.04.20, har Fyresdal kommune gitt ein utvida dispensasjon for samtlege gyldige skuterløyve i kommunen, fram til og med 30.04.2020.

Vi ber alle som ferdast i heia om å fylgje Folkehelseinstituttet sine råd for god smittehygiene.

God tur!

Bestill og hent på biblioteket - 16.04.2020

Nå kan du bestille bøker, filmar og lydbøker frå Fyresdal bibliotek og hente ved døra!

Du kan bestille på fleire måtar:
Reservere i katalogen vår på nett, sende oss ein e-post, sende oss ei personleg melding via sida vår på Facebook, eller ta ein telefon.

Søk i katalogen vår og finn det du vil låne her.

Vil du reservere sjølv og ikkje har lånenummer/pinkode, får du det av oss – bare ring.
Vi er ved telefonen tysdag kl. 10.00-15.30, onsdag kl. 17.00-20.30, torsdag kl. 12.00-15.30 og fredag kl. 10.00-15.30.

Fjernlån mellom bibliotek er ikkje mogleg akkurat nå.
Bøkene/lydbøkene/filmane du kan låne er difor avgrensa til samlinga til Fyresdal bibliotek.

Kontaktinformasjon:

Nå kan du òg levere i den svarte kassa ved døra.

Og ja, vi tek smittefaren på alvor! Alt vi får inn, blir sett i karantene. Alt vi låner ut, har vore i karantene. Vi vaskar ofte og bruker bare heilt nye posar til det du vil låne.

1. mai- og 17. mai-feiring avlyst - 14.04.2020

Den tradisjonelle feiringa av 1. mai og 17. mai blir dessverre avlyst i år.

Jamfør dei nasjonale føringane på dette som seier at forbodet mot kultur- og idrettsarrangement (og andre arrangement) som ikkje ivaretek grunnleggjande krav til smittevern vil gjelde fram til 15. juni.

Det er opp til 17. mai-komiteen å ta stilling til ei eventuell alternativ feiring. Ei alternativ fering må då sikre LÅG fare for spreiing av viruset, jf. nasjonale føringar.​

Krisepakke til idrett, kultur og frivilligheit - 14.04.2020

Arrangørar i frivillig- og idrettssektoren som har avlyst, stengd eller utsett arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med corona-viruset kan få kompensasjon. Det er sett av 700 millionar kroner til kompensasjonsordninga for idretten og frivilligheita. 

Frå tysdag 14. april kan frivillige lag og organisasjonar søke om kompensasjon.

Sjå nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet for informasjon, rettleiing og spørsmål og svar. 

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit).

Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.

Nasjonale tiltak etter påske - 07.04.2020

Statsminister Erna Solberg uttalte i ettermiddagens pressekonferanse at ein vil forsøke å opne samfunnet gradvis og kontrollert.

I fyrste omgang skal dette gjerast via desse tiltaka (informasjonen er henta frå regjeringen.no, derav på bokmål):

Barnehager og skoler

20. april: Barnehagene kan åpne. Forutsetningen er at dette kan gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte. Barnehagene kan bruke tiden frem til 27. april for å forberede åpningen dersom de trenger det.

27. april: Skolene åpner for 1.–4. trinn i grunnskolen. Skolefritidsordningen åpner også. Videregående skoler åpner for elever på VG3 som følger yrkesfaglig løp i skole og yrkesfagelever på VG2. Forutsetningen er at dette kan gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte.

Det vil bli laget en veileder og kompetanseopplegg slik at skoleeier og ansatte får tydelige, konkrete råd om hvordan de skal forholde seg. Det blir unntak for barn i risikogruppene og for barn som lever sammen med familiemedlemmer i risikogruppene, for å minimere risiko for alvorlig sykdom. Disse vil fortsatt få fjernundervisning.

27. april: Universiteter, høyskoler og fagskoler åpner for noen studenter og ansatte. Studenter og ansatte i rekrutteringsstillinger som er helt i sluttfasen av sine studier og prosjekter, og som er helt avhengige av utstyr på lærestedet, kan få komme tilbake til universiteter, høgskoler og fagskoler fra 27. april.  De må følge de samme reglene om avstand som i arbeidslivet, og jobbe hjemmefra når det er mulig.

Hytter

20. april: Forbudet mot å overnatte på fritidseiendom oppheves.

Virksomheter

20. april: Mange helsefaglige virksomheter med en-til-en-kontakt, som fysioterapeuter og psykologer, har ikke hatt mulighet til å drive sin virksomhet fullt ut. Nå vil de kunne drive mer som vanlig dersom forskriftsfestede krav om smitteverntiltak følges. Det skal utvikles bransjestandarder i samråd med Folkehelseinstituttet og bransjen.

21. april: Tjenester med en-til-en-kontakt som frisører og hudpleiere vil kunne holde åpent hvis de oppfyller krav om smitteverntiltak. Før gjenåpning skal det utvikles smittevernkrav i samarbeid mellom bransjen og Folkehelseinstituttet. Dersom bransjeavtale om smittevern kan overholdes, kan også slike virksomheter åpne tidligere enn 27. april.

Andre tiltak

  • Foresatte som krysser landegrenser for å ha samvær med mindreårige barn, skal ikke i karantene på ordinært vis. Dette iverksettes raskt.
  • Forbudet mot kultur- og idretts- og andre arrangementer som ikke ivaretar grunnleggende krav til smittevern vil gjelde frem til 15. juni.
  • Idrettsaktiviteter kan gjennomføres når Helsedirektoratets anbefalinger om avstand og grupper følges.
  • Kommunene pålegges å sørge for at de som skal i karantene eller isolering kan oppholde seg på hotell eller annet sted anvist av kommunen.
  • Sykehusene skal forberede for normal drift etter påske.
  • Helsedirektoratet skal sammen med fylkesmennene arbeide for at kommunene gjenoppretter normal aktivitet i helse- og omsorgstjenesten.
  • Kommunene får et forsterket krav om å ivareta utsatte barn.

Her kan du lese heile pressemeldinga som omtalar tiltaka over: regjeringen.no

Her kan du lese alle aktuelt-saker frå regjeringa: regjeringen.no

Søk hjelp dersom du opplever vald i nære relasjonar - 06.04.2020

Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak for å hindre smittespreiing av coronaviruset og beskytte befolkninga. Vald i nære relasjonar er uakseptabelt uansett situasjon. Hjelpe- og støttetenestene skal derfor så langt som mogleg halde ope i denne utfordrande tida.

Kor kan du søke hjelp?

Dersom du er utsatt for vald i nære relasjonar, er redd for at du kan utøve vald, eller mistenker at andre rundt deg er utsatt for vald, ta kontakt med ei av tenestene du finn her:

Lokale smitteverntiltak for campingplassar og bubilparkering - 03.04.2020

Campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Fyresdal kommune blir stengde i perioden 03.04.2020–13.04.2020.

Kommunelegen i Fyresdal kommune har gjort følgjande lokale smitteverntiltak:

Lokale smitteverntiltak – campingplassar og bubilparkering

Regjeringa og helsestyresmaktene har forlenga gjeldande nasjonale smitteverntiltak fram til 13.04.2020. Lokale styresmakter kan i medhald av «Lov om vern mot smittsomme sykdommer» (smittevernloven) § 4-1, 1 ledd, vedta andre tiltak som lokalt blir vurdert som nødvendig for å ivareta smittervernet i kommunen. Kommunelegen kan i medhald av smittevernloven § 4-1, 5 ledd, utøve kommunestyret sitt mynde i hastesaker. 

Med heimel i smittevernloven § 4-1, 1 ledd bokstav a,  jf. § 4-1, 5 ledd, gjer kommunelegen følgjande vedtak:

§ 1. Campingplasser og bubilparkering skal haldast stengde. Unntak gjeld for dagsbesøk for å ivareta naudsynt tilsyn og vedlikehald.

§ 2. Fyresdal kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagte tiltak.

§ 3. Forskrifta trer i kraft 03.04.2020 og gjeld til og med 13.04.2020. Forskrifta kan bli oppheva tidlegare dersom det ikkje lengre er behov for avgrensingane, jf. smittevernloven § 4-1, femte ledd.

Bakgrunn for vedtaket:

Det er påvist smitte av Covid-19 i alle landets fylke. Nokre av smittetilfella har ikkje utgangspunkt utanfor Noreg. Smittespreiinga blir best avgrensa ved å følgje dei nasjonale føringane for hygiene, reiser og åtferd. Denne avgrensinga kan og styrkast gjennom målretta lokale tiltak.

Regjeringa har innført nasjonalt hytteforbod, men campingplassar og bubilparkeringar er ikkje underlagt dette forbodet.

Fyresdal kan vente seg eit visst innrykk av bubilturistar i påska, og dette kan representere moderat auke i smittepresset lokalt.

Med dei klare reiseråd regjeringa gjev og det nasjonale hytteforbodet finn kommunelegen det rett å avgrense moglegheitene for camping- og bubilovernatting i Fyresdal i perioden 03.04.2020–13.04.2020. Tidsavgrensinga er i samsvar med det regjeringa har sett for sine tiltak.

Det må gjerast ny vurdering av tiltaket før 13.04.2020, jf. den vurderinga regjeringa har varsla den 08.04.20.

Forskrifta er sendt til lysing på Lovdata.

Rettleiing og anbefalingar om idrettsaktivitet - 03.04.2020

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiing og anbefalingar til korleis forbodet mot idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet kor personar møtast fysisk, skal forståast. Rettleiinga inneheld mellom anna ei avklaring om kva forbodet betyr.

Innbyggarar i Vest-Telemark kan nå søke om sosialhjelp digitalt - 30.03.2020

Pressemelding frå NAV Vest-Telemark 30.03.2020:

Nå kan innbyggarane i Vest-Telemark søke om sosialhjelp digitalt

Innbyggarar i Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal kan nå velge å søke sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema. Den nye løysinga gjer at innbyggarane kan søke heimefrå heile døgnet, også via mobilen sin.

Fram til nå har innbyggarane i Vest-Telemark måtta søke om økonomisk sosialhjelp på papir. Spesielt etter at koronapandemien kom og NAV-kontora begrensa sine opningstider på grunn av smittefare, har det å måtte sende post eller reise til postkassa utanfor NAV-kontora for å levere papirsøknad kunne opplevast som tungvint.

Enklare å søke

Gerd Kari Skaalen, NAV Vest-Telemark er derfor veldig fornøgd med å få denne løysinga på plass nå, og håpar det vil gjere det enklare for dei som har behov for å søke om sosialhjelp.

- Innbyggarane forventar at sosialtenesten er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, seier Gerd Kari Skaalen.

Logg inn på nav.no

For å søke sosialhjelp digitalt må ein logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar. Erfaringane frå dei kommunane som har tatt løysinga i bruk er gode og at mange brukarar føretrekke å søke digitalt. Søkarar som av ulike årsakar ikkje kan eller vil benytte seg av den digitale kanalen, kan framleis bruke papirsøknad.

Treng ein hjelp til utfyllinga, kan ein ringe NAV Vest-Telemark direkte på 406 32 381 og få rettleiing over telefon.

Kontaktperson for meir informasjon:

Gerd Kari Skaalen, leiar ved NAV Vest-Telemark, telefon 958 32 211.

Kjære hytteeigar med bustadsadresse utanfor Fyresdal kommune - 26.03.2020

Per 24.03.2020 vidareførte regjeringa alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset. Dette gjeld då også forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Vi oppmodar dykk innstendig om å respektere dette.

Alle tiltaka blei vidareført til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Paragrafen som omhandlar forbodet lyder slik:

«Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.»

Ikkje tilgang til å gje dispensasjon

Vi ber dykk om å ikkje kontakte kommunen for å be om dispensasjon, då vi ikkje har tilgang til å gje dette. Unntaka kjem tydeleg fram av forskrifta.

Ingen lokale vedtak per 26.03.2020

Vi har ikkje fatta eigne vedtak om begrensing av innreise, utreise eller karantene for personar frå andre kommunar eller område i Noreg og vi har heller ikkje fatta noko eige vedtak om å stenge campingplassane i kommunen vår.

Men – igjen – så ber vi dykk om å respektere nasjonale føringar som seier at vi bør halde oss mest mogleg i ro, altså reise minst mogleg.

Eit spørsmål om kapasitet

Forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune er ikkje innført for å hindre spreiing av viruset, men fordi helsetenestene i kommunane ikkje har kapasitet til å ta hand om hyttebebuarar i tillegg til eigne innbyggarar.

Skårmoen open att frå veke 14 - 26.03.2020

Etter kontakt med Miljødirektoratet har Renovest fått råd om å halde avfallsmottaka og attvinningsstasjonane sine opne for publikum.

Det vil derfor vere ope som vanleg på Skårmoen frå måndag 30.03.2020, med nokre restriksjonar.

Opningstida på Skårmoen er måndagar kl. 14.00-19.00.

NB! Renovest anbefalar oss å ikkje rydde loft og kjellar i desse dagar, dersom dette fører til auka behov for å levere avfall...

Regjeringa vidarefører alle tiltaka - 24.03.2020

Regjeringa vidarefører alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset.

Tiltaka gjeld til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Nokre av dei viktigaste tiltaka som blir vidareført er:

  • Dei strenge hygienetiltaka fortset. Folk må halde fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hoste i papir eller olbogekroken.
  • Ute i det offentlege rom bør folk ha minst ein meters avstand til andre menneske. Når ein er ute bør ein ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe – med unntak av dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.
  • Alle landets barnehagar, barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet og andre utdanningsinstitusjonar held stengt.
  • Barnehagebarn og barn på småskuletrinnet med foreldre som har samfunnskritiske funksjonar fortset å få eit tilbod i sin barnehage og skule.
  • Reglane om karantene og isolasjon etter kontakt med smitta (smittekarantene) blir vidareført. Dersom du har vore i nær kontakt med nokon som har fått påvist koronavirus skal du vere i karantene i 14 dagar. Dersom du har vore  på utanlandsreise skal du vere i karantene i 14 dagar frå den dagen du kom heim. Dersom du har fått påvist eller testast for koronavirus, må du isolerast. Det betyr at du må halde deg heime heile tida og ikkje gå ut. Dersom testen er negativ skal du fullføre karanteneperioden.
  • Reglane for karantene ved innreise til Noreg frå utlandet (reisekarantene) blir vidareført med dei unntak og presiseringar som gjeld per i dag.
  • Reglane om bortvising av utanlandske statsborgarar som ikkje bur eller jobbar i Noreg ved grensa blir vidareført, med dei unntak og presiseringar som gjeld per i dag.
  • Grensekontrollen på indre Schengen-grenser blir forlenga.
  • Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling forbys å reise til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser, foreløpig ut april 2020.
  • Kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs er forbode.
  • Alle verksemder i serveringsbransjen, med unntak av serveringsstader der det er servering av mat, det vil seie kantiner og stader som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand, blir haldne stengte.
  • Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssenter, symjehallar, badeland og liknande blir haldne stengte.
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking (piercing) og liknande blir haldne stengte.
  • Forbodet mot opphald på hytter og fritidseigedomar blir oppretthaldt.
  • Alle landets trafikkstasjonar blir haldne stengte.
  • Kollektivtransporttilbodet blir oppretthaldt. 

Vil du vite meir?

Foreldres rett til omsorgspengar blir dobla - 23.03.2020

Foreldre kan få omsorgspengar for å vere heime med barn når skular og barnehagar over heile landet er stengt. Men situasjonen rundt corona-utbrotet er uavklart og omsorgspengedagane (sjuke-barn-dager) kan fort bli brukt opp. Derfor blir talet på omsorgsdagar for alle foreldre nå dobla.

FHI: Meld ifrå ved mistanke om corona - 20.03.2020

Folkehelseinstituttet har i dag saman med Norsk Helsenett publisert løysinga "Meld fra ved mistanke om koronavirus", som legg til rette for sjølvrapportering av symptom frå alle innbyggarar.

Dette er eitt av fleire tiltak for å få oversikt over smitte i Noreg.

Løysinga skal brukast av deg som i løpet av dei siste sju dagane har hatt symptom som kan skyldast corona-virus.

Du må logge deg inn som bruker av løysinga for å melde ifrå om du har symptom.

Nokon å snakke med? - 20.03.2020

Har du mange tankar og bekymringar om dagen? 

Sit du heime og føler deg litt einsam?

Ta gjerne kontakt med oss på legekontoret på 35 06 73 00 eller psykisk helse på 975 61 574 (Gudny) / 482 06 598 (Randi). Du treff oss alle vekedagar kl. 08.00-15.30.

Det finst mange telefontenester, nettsider og chatte-moglegheiter kor du kan få råd, rettleiing og nokon å snakke med.

Her er nokre tips:

  • Kors på halsen: Barn og unge som treng nokon å snakke med kan ringe til Røde Kors-telefonen for barn og ungdom på 800 33 321 eller sende ei melding via nettsidene deira korspahalsen.no.
  • Frivillighetens Koronalinje: Nylig etablert av Norske Kvinners Sanitetsforening og Nasjonalforeningen for folkehelsen i samarbeid med Helsedirektoratet. Du treff dei på 23 12 00 80 (open alle dagar kl. 09.00-15.00).
  • Mental Helses hjelpetelefon: Denne hjelpetelefonen er eit døgnope tilbod der du kan få nokon å snakke med når livet er vanskeleg. Du treffe dei på 116 123. Sjå også hjelpetelefonen.no.
  • Kirkens SOS: Dette er ein døgnopen kriseteneste som også er open på heilagdagar. Dei tilbyr ei anonym og uforpliktande samtale på krisetelefonen eller kontakt via chat på nettsidene deira. Du treff dei på 22 40 00 40 og kirkens-sos.no.
  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (nå døgnopen pga. corona-situasjonen).
  • Bekymringstelefonen til Pensjonistforbundet: 948 56 004 (open alle kvardagar kl. 9.00 og 14.00).
  • Pårørendelinjen (ein hjelpetelefon for pårørande i alle aldrar): 909 04 848 (open alle kvardagar kl. 09.00 og 15.00).
  • Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte: Eit døgnope, landsdekkande gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og voksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte. Telefon: 800 57 000 og nettside: hfsm.no.

For fleire hjelpetelefonar og nettstader, sjå psykologforeningen.no

Betaling for barnehage og SFO - 20.03.2020

Det vil ikkje bli sendt ut faktura for opphald i barnehage og SFO for den tida som dette tilbudet er stengt.

Faktura med forfall 20.04.2020 for desse tenestene vil såleis falle bort.

Forbod mot å overnatte på fritidseigedomar - 20.03.2020

Mange har framleis ikkje reist frå hyttene sine.

Regjeringa innfører derfor per 19.03.2020 eit forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Forskrifta gjeld til og med 03.04.2020.

  • Les nyheita om innføring av hytteforbod på regjeringen.no
  • Les den aktuelle forskrifta Forskrift om endring i forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19 på lovdata.no
  • Les også Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19 på lovdata.no

NB!

Per 24.03.2020 vidareførte regjeringa alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset. Dette gjeld då også forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Alle tiltaka er vidareført til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Mellombels ordningar frå skatteetaten - 19.03.2020

  • Lav sats for meirverdiavgift reduserast frå 12 til 8 prosent i perioden frå og med 20.03.2020 til 31.10.2020. Dette gjeld persontransport, overnatting, allmennkringkasting samt adgang til kino, idrettsarrangement, fornøyelsesparkar og opplevingssenter.
  • Fristen for innbetaling av fyrste meirverdiavgiftstermin utsettast frå 14.04.2020 til 10.06.2020.
  • Fristen for innbetaling av andre termin forskotsskatt for selskap utsettast frå 15.04.2020 til 01.09.2020.
  • Fristen for innbetaling av arbeidsgjevaravgift utsettast frå 15.05.2020 til 15.08.2020.

Til alle næringsdrivande i Fyresdal – Næringslivets kontakttelefon - 17.03.2020

Fyresdal kommune opprettar i samarbeid med Fyresdal Næringshage ei kontaktlinje for næringsdrivande i Fyresdal som har behov for råd og rettleiing i samband med corona-krisa.

Ei rekke ordningar har dei siste dagane kome frå styresmaktene som er retta inn mot næringslivet. Alt er ennå ikkje klart, og fleire av ordningane vil trenge tid før dei trer i kraft. Det er likevel slik at mange av verksemdene i Fyresdal vil kunne nytte seg av desse ordningane.

Personar tilknytt Fyresdal Næringshage vil vere tilgjengeleg for ein prat om desse sakene. Ingen spørsmål er for små – ingen for store. Her er det bare å ta kontakt. Fyresdal Næringshage er ein del av eit større nettverk i Telemark som hjelper til på same viset, og har tilgang på god informasjon. Det vil også bli oppretta ei eiga informasjonsside om alle ordningar som vi kan vise til i Telemark.  

For mange av dykk vil ein akutt svikt i omsetning medføre behov for å finne måtar til å sikre likviditeten i selskapa de har. Fleire av ordningane som nå er innført har økonomisk effekt, men fyrst etter noko tid. Fokus på tiltak som kan gje effekt på kort sikt vil

Typiske problemstillingar vi kan bidra med informasjon kring:

  • Forklaring av nye ordningar for permittering, permitteringsvarsel og dagpengar. På dette feltet har det kome nye ordningar som gir stort handlingsrom. Ekpertisen på desse felta sit i NAV, og god kontakt med NAV er viktig i denne fasa.
  • Endra reglar for sjukepengar.
  • Særlege reglar for enkeltpersonføretak/sjølvstendig næringsdrivande.
  • Nye reglar for innbetaling av forskotsskatt, arbeidsgivaravgift og moms. Her er ting i endring, og vi vil prøve å ha oppdatert kunnskap om desse sakene og hjelpe til med å forklare kva det betyr for deg.
  • Endra skattereglar i høve til underskot i 2020.
  • Statlege lånegarantiordningar – korleis kan dette få effekt for mindre verksemder ?

Merk at fleire av ordningane som er foreslått ennå ikkje er operative i praksis. NAV må finne løysingar på korleis dette kan gjennomførast i praksis. Det kan bety at ein rimeleg sikkert veit at pengane kjem, men ikkje når. Det er derfor viktig at ein i denne perioden også har god kontakt med sin lokale bank. Vi håpar å kunne gje deg som treng det god informasjon du også kan bruke ovanfor banken din.

For kontakt: Fyresdal Næringshage

Fyresdal kommune: 35 06 71 00. Dei kan formidle kontakt vidare.

Olav A. Veum: 901 38 998, olav.veum@silvaconsult.no

Kristin Vedum: 932 59 472, kristin.vedum@silvaconsult.no

Vi svarar på spørsmål etter kapasitet. Det kan hende ein ikkje får svar med ein gong, men då kan ein legge igjen beskjed eller sende e-post, så tar vi kontakt.

Dette er ei prøveordning. Vi veit ikkje kor stort behovet er, men ønskjer å gjere det vi kan for å bistå næringslivet som er så viktig for Fyresdal. Ordninga kan bli endra, men går inntil vidare fram til påske – kanskje lengre.

Informasjon og råd til barn, unge og familiar frå psykolog Guro Anna - 17.03.2020

Kjære barn, unge og familiar i Fyresdal kommune!

Her finn du samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman i denne spesielle tida

Ta vare på kvarandre! 

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden, psykolog i kommunen

Vil du bidra som frivillig? - 16.03.2020

Fyresdal kommune ynskjer frivillige som kan vere med å sikre gode kommunale tenester i desse corona-tider - dersom det blir naudsynt.

Det kan bli ulike oppgåver innan helse og omsorg.

Vil du bidra?

Ta kontakt med Anne Veum på telefon 951 77 421 med informasjon om kva kompetanse og ressurs du sit inne med.

På førehand takk!

Informasjon frå heimetenesta og pleie- og omsorgssenteret per 13.03.2020

Håndhygiene

Heimebuande som mottek heimetenester blir med dette oppfordra til å legge til rette for at helsepersonell som kjem heim til den enkelte har moglegheit til å gjennomføre god håndhygiene. Vi ber om at pårørande også bistår, og ser til at det kjem på plass hos den enkelte.

Det inneber at du har:

  • Flytande såpe. IKKJE såpestykke.
  • Tørkepapir/tørkerull. IKKJE håndklede.

Antibac har vi alltid tilgjengeleg sjølve.

Vedrørande besøk frå befolkninga i heimar som mottek heimetenester

Heimetenesta kan ikkje nekte brukarar å motta besøk frå befolkninga, men vi ynskjer på det sterkaste å oppmode om at ein nå viser ekstra omsyn til dei mest sårbare. Kroniske sjukdommar og nedsett immunforsvar gjer at enkelte er meir sårbare for smitte. Heimetenesta vil ta direkte kontakt med brukar og/eller pårørande i dei tilfelle vi vurderar det som ekstra viktig å begrense besøk for å førebygge.

Ved behov for helsehjelp/vurdering på kveld og helg for andre enn dei som har tenester

Vi vil minne om at dersom du har behov for helsehjelp eller vurdering på kveld og helg, MÅ den enkelte ta kontakt med legevakta på telefon 116 117. 

Mvh leiinga ved POS og heimetenesta

Barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar stengt per 12.03.2020

Helsedirektoratet har 12.03.2020 vedtatt omfattande tiltak for å hindre spreiing av covid-19 og for å bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstenester.

Fylgjande informasjon er henta direkte frå Helsedirektoratet si nettside (derav på bokmål):

Stenging av barnehager, skoler og utdanningsinstitusjoner

Helsedirektoratet har vedtatt å stenge barnehager, skoler og utdanningsinstitusjoner. Dette gjelder fra klokken 18.00 torsdag 12. mars til og med torsdag 26. mars 2020. Tiltakene kan bli forlenget.

  • Barnehager
  • Barneskoler
  • Ungdomsskoler
  • Videregående skoler
  • Universiteter og høyskoler
  • Andre utdanningsinstitusjoner

Opprettholde skole- og barnehagetilbud til visse grupper

Det er viktig å opprettholde virksomheten i helse- og omsorgstjenester og andre kritiske samfunnsfunksjoner, samt å unngå at personer i risikogrupper brukes til barnevakt.

Ledere av barnehager og rektorer ved barneskoler må derfor sørge for et tilbud til barn av foreldre, som jobber i helse- og omsorgstjenesten, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner.

Dette gjelder følgende grupper:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

Det samme gjelder for barn med særlige omsorgsbehov som ikke kan ivaretas når barnehage, skole eller andre dagtilbud er stengt.

Stenging og forbud

Helsedirektoratet har besluttet forbud mot og stenging av:

  • Kulturarrangementer
  • Idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet både innendørs og utendørs
  • Alle virksomheter i serveringsbransjen, med unntak av serveringssteder der det foregår servering av mat, det vil si kantiner og spisesteder som kan legge til rette for at besøkende kan holde minst 1 meters avstand.
  • Servering av mat skal ikke skje som buffet. Serveringsbransjen omfatter restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssentre
  • Virksomheter som tilbyr frisørtjenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking(piercing) og liknende
  • Svømmehaller, badeland og liknende

Detalj- og varehandel og arrangementer

Detalj- varehandel vil holde åpent. Det er ingen grunn til å hamstre mat. Dagligvarebutikkene vil holde åpent.

Forbud mot utenlandsreiser for helsepersonell som jobber med pasientbehandling

Helsedirektoratet har vedtatt at helsepersonell som jobber med pasientbehandling forbys å reise til utlandet. Forbudet gjelder både tjenestereiser og privatreiser. Kostander vil bli kompensert.

Vedtaket gjelder fra i dag 12. mars kl 18.00 og foreløpig ut april 2020.

Reiser

Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser. 

Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.

Alle som kommer fra reiser utenom Norden, skal i hjemme-karantene i 14 dager, uavhengig om de har symptomer eller ikke. Dette har tilbakevirkende kraft. Det vil si at, at hvis du kom hjem fra et land utenfor Norden mandag 9. mars, gjelder karantenen fra da.

Kollektivreiser og jobbe hjemme

Kollektivtransporttilbudet opprettholdes. Grunnen til dette er at folk med kritiske samfunnsfunksjoner skal komme seg til og fra jobb og kunne holde avstand til hverandre.

Det innføres adgangskontroll i helseinstitusjoner

Helsedirektoratet anmoder om å ikke besøke personer i institusjoner med sårbare grupper (eldre, psykiatri, fengsel osv.

Det innføres restriksjoner for besøkende til alle landets helseinstitusjoner og innføring av adgangskontroll for å ivareta smittevern for pasienter i landets helseinstitusjoner. Personer som har risiko for å være smittet skal avvises fra alle landets helseinstitusjoner. Helsedirektoratet vil gi råd til helsetjenesten om dette.

Du kan lese meir på Helsedirektoratet si nettside