Smittevernråd frå Folkehelseinstituttet for jolehandel - 19.11.2020

Det nærmar seg desember og mange startar med jolehandelen nå. Folkehelseinstituttet har samla eit knippe smittevernråd slik at både kundar og handelsstanden kan gjennomføre jolehandelen på ein måte som ivaretar smittevernet.

Dei generelle anbefalingane i perioden vi er inne i nå, spesielt i områda der det er mykje smitte, er å halde seg mer heime og treffe færre folk. Det er ikkje heldig at veldig mange dreg i butikken på same tidspunkt.

– Det er fint å tenke alternative tider og måtar å handle på. Hensikten er å redusere antall kontakter for å minke sjansen for smittespredning, forklarar overlege Tone Bruun ved Folkehelseinstituttet.

Råd til deg som handler 

  • Hald deg heime dersom du er sjuk.
  • Handle gjerne på tidspunkt då det er færre kundar i butikkane.
  • Hald minst 1 meters avstand til andre kundar og betjeninga.
  • Vask hender eller bruk hånddesinfeksjon hyppig.
  • Unngå å ta kollektivtransport dersom mogleg.
  • Utsett handlinga til seinare dersom du ser at det er trengsel.
  • Vurder netthandel eller be andre om å handle for deg, særleg dersom du tilhøyrer ei risikogruppe.
  • Ikkje utsett jolehandelen til dei siste dagane før jol dersom du har moglegheit til å gjere den unna tidlegare.

Råd til handelsstanden 

  • Butikkeigar må ta ansvar for å tilrettelegge for at kundar kan halde avstand, både inne i butikken, på kjøpesenteret, ved pakkediskar og eventuelt også utanfor butikklokalet dersom kundane må stå i kø.
  • Det må ikkje sleppast inn fleire enn det er plass til i lokalet, slik at alle klarer å halde minst 1 meters avstand til andre i lokalet. For kjøpesenter bør det utarbeidast ein strategi for heile senteret, inkludert fellesareal. 
  • Tilrettelegg gjerne for netthandel eller andre løysingar for utlevering av varer.  
  • Det kan vere fornuftig å ha utvida opningstider og tilbod over fleire dagar for å unngå at mange kundar samlast samtidig.
  • Oppfordre kundar til å handle på tidspunkt då det ikkje er mange andre kundar i lokalet.  
  • Informer kundar om å halde seg heime ved sjukdom. 
  • Legg til rette for god handhygiene i lokalet. 
  • Ta omsyn til risikogrupper, til dømes ved å ha tidspunkt der dei inviterast til å kome utan at andre kundar er til stades. 

− Både kunder og handelsstanden må huske på at det ikke er tilstrekkelig å bruke munnbind ved trengsel. Et av de viktigste tiltakene mot smitte er å holde god avstand til andre. Bruk av munnbind veier ikke opp for manglende avstand, sier Tone Bruun. 

Førjulsarrangementer på kjøpesentre og i butikker

Arrangement som konsertar og liknande som samlar mange personar på ein stad bør unngåast. Butikkar og kjøpesenter som planlegg førjolsarrangement må forhalde seg til lokale og nasjonale reglar og råd for arrangement.  

Informasjonsskriv til innreisande og arbeidsreisande til Noreg - 10.11.2020

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Politiet, Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap, og Tolletaten har kome med informasjonsskriv til innreisande og til arbeidsreisande som kjem til Noreg.

Informasjonsskrivet til innreisande tar for seg tema som karantene, gjennomføring av karantene, attest på negativ covid-19-prøve, reisande som har vore i Danmark, samt testsenter og symptom.

Informasjonsskrivet til arbeidsreisande tar for seg tema som karantene og karantenehotell, attest på negativ covid-19-prøve, karantene i 10 døgn, gjennomføring av karantene, pendlerar og personar som kryssar landegrensa ofte, samt testing.

Skriva er datert 09.11.2020 - ver merksam på eventuelle nyare versjonar.

Spørsmål og svar om innreise til Noreg - 09.11.2020

For å kjempe imot spreiinga av koronaviruset er det innført restriksjonar på innreise til Noreg for utlendingar som elles ville hatt lovleg adgang til å kome. Mellom anna er det krav om at personar som er i innreisekarantene skal opphalde seg på eit karantenehotell i karantenetida. Alle reisande frå raude land må også vise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg.

Her finn du meir informasjon, i tillegg til ei rekke spørsmål og svar knytt til den aktuelle informasjonen.

Regionale koronatiltak i delar av fylket - 06.11.2020

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark er samde om å innføra regionale koronatiltak i kommunar med høg smitte, i tillegg til nasjonale råd og tiltak.

Kommunar med låg smitta skal følgja dei nasjonale råda.

- Det er viktig at ta omsyn til barn og unge og at desse skal skjermast i størst mogleg grad, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Her kan du lese den aktulle nyheita frå Fylkesmanenn i Vestfold og Telemark. I nyheita finn du også oversikt over soneinndelinga som er gjort i fylket og råda som gjeld for dei ulike sonene.

Nye nasjonale smitteverntiltak - 05.11.2020

Noreg er i starten på andre smittebølge. Viruset sprer seg raskt og alle fylke har nå smitteutbrot. Regjeringa innfører difor nye nasjonale smitteverntiltak.

Statsminister Erna Solberg sin beskjed til det norske folk er: Hold dere mest mulig hjemme. Ha minst mulig sosial kontakt med andre. Sammen kan vi snu den skumle utviklingen i smittetallene, men det krever at vi alle er med på en skikkelig dugnad de neste ukene.

Statsminister Erna Solberg seier vidare: Vi har nå en kraftig økning av personer som tester positivt. Situasjonen er svært alvorlig, og det er krevende for mange kommuner å spore smitten. Vi har ikke tid til å vente og se om tiltakene vi innførte forrige uke er tilstrekkelige. Vi må handle nå for å unngå en ny nedstenging som i mars.

Ho understrekar at det viktigaste er at alle fylgjer dei grunnleggjande råda om å halde avstand, halde hendene reine, halde seg heime når ein er sjuk, og halde nede antalet menneske ein møter.

Noko av det viktigaste å merke seg i nye nasjonale smitteverntiltaka er som fylgjer:

Anbefalingar for alle i heile landet

Sosial kontakt

  • Anbefaling om at alle i de kommende ukene i størst mulig grad må holde seg hjemme og begrense sosial kontakt med andre mennesker. (Nytt)
  • I private hjem, hager eller hytter bør man ikke ha mer enn fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Hvis alle gjestene er fra samme husstand, kan man være flere. To familier kan møtes selv om de har mange barn.
  • Begrensingen om at man ikke bør ha flere enn fem gjester, gjelder ikke for barnehage- eller barneskolekohorter.
  • Unge og voksne som har vært sammen med venner og i andre situasjoner der det ikke har vært en meters avstand, bør holde to meters avstand til folk i risikogruppen. (Nytt)

Reiser

  • Unngå unødvendige innenlandsreiser. Arbeidsreiser som vurderes som nødvendige og reiser til fritidseiendommer som kan gjennomføres uten kontakt med andre er unntatt. (Nytt)

Skular og utdanning

  • Alle universiteter, høgskoler og fagskoler skal vurdere om de i perioden fremover kan redusere undervisning og annen aktivitet som bidrar til økt mobilitet, blant annet press på kollektivtrafikken. (Nytt)
  • Videregående skoler og ungdomsskoler må forberede seg på at tiltaksnivået kan bli rødt, dersom smitten stiger ytterligere. (Nytt)

Reglar for alle i heile landet

Private samankomstar og arrangement

  • Grense på inntil 20 personer på private sammenkomster på offentlige steder og i leide lokaler og 50 personer på innendørs arrangement uten fastmonterte seter. Innendørs kan det være inntil 200 personer på arrangementer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter. Endringen iverksettes midnatt, natt til mandag 9. november. (Nytt)

Uteliv

  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringssteder med skjenkebevilling kan ikke slippe inn nye gjester etter kl. 22.00. Endringen iverksettes ved midnatt, natt til lørdag 7. november. (Nytt)

Den aktuelle pressemeldinga tar også for seg "karantene og reiser", "nye tiltak i regioner med mye smitte" og "arbeid som pågår".
Les heile den aktuelle pressemeldinga - med full oversikt over dei nasjonale tiltaka - her.

Innstramming og presisering av smittevernråd - 05.11.2020

Dei siste dagane har fleire smittervernsråd blitt stramma inn eller presisert. Desse er som fylgjer:
  • Smittesporing: Folkehelseinstituttet anbefalar nå at alle som er definert som nærkontaktar testar seg. Det vil ikkje korte inn karantenetida, men framskynde smittesporinga rundt dei som er smitta.
  • Avstand, karantene og isolering: 1. Vaksne i karantene bør halde avstand til andre vaksne i husstanden for å hindre smittespreiing. Det er bestemte krav til eigna karantenestad. 2. Personar som allereie er i karantene når dei får typiske symptom på covid-19 (luftvegsinfeksjon med feber, hoste, tungpust eller tap av smak- eller luktesans), blir rekna som «sannsynleg covid-19-tilfelle» inntil prøvesvar ligg føre. Deira hustandsmedlemmer må i karantene i påvente av prøvesvar.
  • Definisjonar av tilfelle og nærkontakt: Kva som er meint med «dine næraste» som du kan omgås som normalt, er presisert fordi det blei oppfatta forskjellig. Det omfattar dei du bur saman med og kjæreste. Dei som bur aleine bør kun ha to-tre personar dei er fysisk nær. Det bør vere dei same personane over tid.
  • Oppheving av isolasjon: Tid før avisolering er oppdatert. Hovudregelen er at ein kan avisolerast når det har gått 10 døgn etter symptomdebut, såfremt ein har vore feberfri det siste døgnet.

Nye tiltak for å stoppe smitte i heimen - 02.11.2020

Mange blir smitta av dei som dei bur saman med. Regjeringa tydeleggjer difor nå råda og reglane på dette området.

- En betydelig andel av smitten skjer mellom de som bor sammen. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har derfor anbefalt tre tiltak for å hindre ytterligere smittespredning. Regjeringen har fulgt anbefalingene, som trådte i kraft fredag 30. oktober, sier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Nærkontaktar som utviklar symptom må isolerast som om dei var sjuke

I dag er det slik at personar som er smitta av koronaviruset skal isolere seg heime, medan nærkontaktane til dei som er smitta av viruset skal i karantene.

Nå blir det innført krav til at dei som er i karantene og utviklar symptom må isolere seg umiddelbart fram til eit eventuelt negativt prøveresultat ligg føre. Karantenetida på 10 døgn skal gjennomførast fullt ut, sjølv om ein får negativt svar på testen. Regjeringa endrar reglane om smittekarantene for å tydeleggjere dette.

Å isolere seg inneber å opphalde seg i eigen heim eller på ein annan eigna opphaldsstad isolert frå andre så langt det let seg gjere.

Nærkontaktar til den smitta blir anbefalt å teste seg

Alle som har vore nærkontaktar til ein smitta er pålagt å vere i smittekarantene. Dei blir nå anbefalt å teste seg. Det gjer det mogleg å isolere smitta og sette husstandsmedlemmer i karantene raskare. Karantenetida på 10 døgn skal gjennomførast fullt ut, sjølv om ein får negativt svar på testen.

Vaksne i same husstand som er i karantene samtidig bør halde avstand til kvarandre

Vaksne i same husstand som er i karantene samtidig bør så langt som mogleg halde avstand til kvarandre. Rådet gjeld mellom vaksne husstandsmedlemmer og skal ikkje hindre kontakt mellom barn og foreldre.

- For mange vil det være vanskelig å holde avstand til andre familiemedlemmer i egen bolig. For å hindre at familiemedlemmer smitter hverandre, har kommunene plikt til å tilby oppholdssted til smittede som ikke har mulighet til å isolere seg i egen bolig. Flere av de største byene har egne hoteller for personer som er smittet, sier Høie.

Les meir om karantene og isolering på helsenorge.no.

Har du spørsmål kring arrangement, samlingar og aktivitetar? - 30.10.2020

Har du planlagt eit arrangement eller ein aktivitet som du er usikker på om du bør la gå som planlagt? Ynskjer du innspel frå kommunen på kva du bør gjere og eventuelt ikkje gjere?

Alle er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med beredskapsleiinga i Fyresdal kommune, dersom det er noko de lurar på eller er i tvil om i samband med covid-19. Det treng ikkje nødvendigvis handle om arrangement eller liknande. Send ein e-post til postmottak@fyresdal.kommune.no, så tar beredskapsleiinga saka eller spørsmålet opp i møte så snart som råd.

Tips til sider der de finn råd om arrangement:

Har du spørsmål kring korona? - 30.10.2020

Ring informasjonstelefonen på 815 55 015 (open kvardagar kl. 08.00-15.30) eller Frivillighetens koronalinje på 23 12 00 80 (open kvardagar kl. 09.00-15.00).

På helsenorge.no/koronavirus finn du også mykje informasjon, om alt frå generelle reglar for kvardagen til reiseråd for å unngå smitte.

Hugs at noko av det viktigaste er framleis førebygging av smitte.

Dette er gode vanar som førebygger smitte:

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Hald minst ein meters avstand til andre.
  • Hoste inn i eit papirlommetørkle som du kastar. Hugs å vaske deg på hendene etterpå.
  • Dersom du ikkje har eit papirlommetørkle, bør du hoste i olbogekroken slik at du ikkje spreiar dråpar ut i lufta.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Du kan også bruke eit desinfeksjonsmiddel som inneheld alkohol, dersom du ikkje har såpe og vatn tilgjengeleg.
  • Finn alternativ til handhelsing og klemming.

Nye nasjonale innstrammingar - 26.10.2020

For å ta vare på liv og helse og unngå at Noreg hamnar i same situasjon som mange europeiske land, innfører regjeringa nå nye målretta tiltak for ein tidsbegrensa periode. Alle tiltaka vil vare fram til tidlig i desember. 

Fylgjande nasjonale tiltak blei lagt fram i dagens pressekonferans og trer i kraft ved midnatt, natt til onsdag 28. oktober:

  • I private hjem, hager eller hytter bør man ikke ha mer enn 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestene er fra samme husstand, kan man være flere. Det innebærer at to familier kan møtes selv om de har mange barn.
  • Begrensingen om at man ikke bør ha flere enn 5 gjester, gjelder ikke for barnehage- eller barneskolekohorter. Barn og unge som er i samme kohort i barnehagen eller på barneskolen, unntas fra avstandskravet på arrangementer.
  • Vi anbefaler at alle er sammen med færre personer i sosiale sammenhenger, i kortere tid og ikke med for mange forskjellige personer i løpet av en uke.
  • Private sammenkomster på offentlig sted eller i leide eller lånte lokaler skal ha en grense på maksimalt 50 deltakere.
  • Dagens adgang til å ha 600 personer til stede på utendørs arrangement begrenses til å gjelde arrangementer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter.
  • Regjeringen foreslår å styrke kommunene når det gjelder kontroll med etterlevelsen av reglene for arrangementer, serveringssteder og arbeidstakere.

Regjeringa strammar også inn dagens reglar for arbeidsinnvandring:

  • Utenlandske arbeidstakere fra det som EU kaller for røde land, vil ikke lenger få unntak fra karanteneplikten. EU definerer røde land som land med mer enn 150 smittede per 100 000 over 14 dager. Dersom mer enn 4 % i landet tester positivt, er grensen på 50 smittede per 100 000. De kan dermed ikke begynne å arbeide før karanteneperioden på 10 døgn er gjennomført. Denne endringen trer først i kraft ved midnatt natt til lørdag 31. oktober. Endringen har ikke tilbakevirkende kraft.

Regjeringa kom også i dagens pressekonferanse med ei liste over lokale tiltak som kommunar med høg smitte bør vurdere å iverksette. Sjå lista og les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Skjerpa anbefalingar for reisande til og frå Oslo - 13.10.2020

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark anbefaler befolkninga i fylket å unngå kollektivtransport til og frå Oslo. Om ein må reise til eller frå Oslo anbefalast det at ein bruker munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand. Vidare oppfordrast dei i fylket som har arbeidsplass i Oslo, eller som treng å pendle gjennom Oslo, til å bruke heimekontor i staden for å reise.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark hadde måndag formiddag (12.10.2020) møte med leiinga frå kommunane i fylket. Formålet med møtet var å skape ei felles haldning til korleis me skal forhalde oss til det auka smittetrykket i Oslo og i vårt eige fylke. I møtet vart særleg pendling til og frå Oslo tematisert.

Det var semje i møtet om at dei anbefalingane Folkehelseinstituttet har kome med til kommunar som har nær kontakt med Oslo gjennom pendling skal følgjast når det kjem til reiser til og frå Oslo. Det betyr at Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark no anbefaler følgjande:

  • At befolkninga unngår kollektivtransport til og frå Oslo.
  • At ein bruker munnbind på reiser til og frå Oslo der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Minner om retningsliner for besøk til bebuarar på POS - 10.10.2020

Vi på Fyresdal pleie- og omsorgssenter minner om at vi har retningsliner for besøk til bebuarar på POS. 
Vi ynskjer å beskytte bebuarane mot covid- 19 og praktiserar streng besøkskontroll og minner om retningslinjene våre:
 
Generelle retningslinjer for besøk på Nordstøg og Utsikten:
  1. Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant (helst dagen før). Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngang, og vente til personalet kjem. 
  2. Vi har siesta kl. 14.00-16.00.
  3. Avdelinga lagar ein besøksplan som er ei oversikt over når besøk kan takast imot. Pårørande må «booke» besøk. 
  4. Alle besøkande blir ført inn i besøksprotokollen. Dette er for at institusjonen skal ha oversikt over kven som til ei kvar tid har vore på besøk (dette er viktig for eventuell smitteoppsporing).
  5. Alle besøkande skal fylle ut eigenerklæring ved første besøk. Eigenerklæring leverast til pleiar som tek imot besøkande.  
  6. Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19-smitte, samt dei som er definert som nærkontakt til smitta eller i karantene etter utanlandsreise, skal ikkje besøke institusjonen.
  7. Generelle smittevernrutiner ved alle besøk:
    • Håndhygiene rett før og etter besøk.
    • Det skal ikkje førekome fysisk kontakt mellom besøkande og bebuar.
    • Besøkande må halde minst 1 meters avstand til bebuar og tilsett.
    • Det er ikkje mogleg å ta med medbragt mat/drikke inn i institusjon. 
    • Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.
  8. Vi legg til rette for individuelle tilpassingar i høve til besøk ved alvorleg sjukdom/terminal pleie, slik at pårørande kan vere hjå sine næraste i livets sluttfase.

Mvh Fyresdal pleie- og omsorgssenter

Når skal barn vere heime frå barnehage eller skule, og ev. bli testa? - 06.10.2020

Det kan vere vanskeleg både for foreldre og dei som jobbar med barn å vurdere når barna skal vere heime frå barnehagen eller skulen.
 
Folkehelseinstituttet har laga ei oversikt over kva vurderingar som bør gjerast når barnehage- og barneskulebarn blir sjuke, og kva som blir neste steg:
Bli heime, kontakte lege, teste eller gå tilbake til barnehage eller skule?
 
FHI september 20
 
Du finn også stega nøye forklart i denne artikkelen på fhi.no.

Fleire lettingar nasjonalt - 01.10.2020

Regjeringa gjer enkelte lettingar i dei nasjonale smitteverntiltaka. Samtidig må kommunane vurdere strengare tiltak lokalt der smittepresset er høgt.

Frå 12. oktober opnar regjeringa for følgande:

  • Ei trinnvis gjenopning av breiddeidretten for vaksne.
  • Nasjonal skjenkestopp ved midnatt blir oppheva.
  • Inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørsarrangement, fordelt på grupper på inntil 200 personar.
  • Det blir tilstrekkeleg med eitt sete mellom personar på arrangement med fastmonterte sete.

Dei nasjonale lettingane gjeld frå 12. oktober så lenge smittesituasjonen ikkje blir forverra. 

Kommunane må i perioden fram til 12. oktober forberede seg og vurdere om det er behov for å treffe lokale smitteverntiltak.

Opnar opp for trening i breiddeidretten for vaksne

Frå 12. oktober blir det opna det for normal trening i delar av breiddeidretten for vaksne over 20 år. I kommunar og regionar med auka smitte eller lokale utbrot, må opninga vurderast og følgast av lokale tiltak.

Arrangement med inntil 600 personar utandørs

Frå 12. oktober blir det opna for utendørsarrangement med inntil 600 personar til stades samtidig, fordelt på grupper med inntil 200 personar. Regjeringa vil, så snart smittesituasjonen tilseier det, gjere ei ny vurdering av moglegheita for å opne for det same innandørs.

Avstand på arrangement med fastmonterte sete

Frå 12. oktober vil det også vere tilstrekkeleg at dei som sit i fastmonterte sete har eitt ledig sete mellom seg på same seterad. I dag skal det vere minst ein meters avstand frå skulder til skulder, noko som i praksis krev to sete. Personar i same husstand skal framleis kunne sitte saman. Det kan ikkje sitte personar i meir enn halvparten av dei fastmonterte setene, med mindre det kan oppretthaldast ein meters avstand mellom seteradene, og slik sikre ein meters avstand mellom personar som ikkje er frå same husstand.

Skjenkestoppen blir oppheva

Den nasjonale skjenkestoppen klokka 24:00 blir oppheva midnatt natt til tysdag 13. oktober. Kommunane må vurdere behovet for lokalt å begrense skjenketida dersom smittesituasjonen tilseier det. Samtidig med at skjenkestoppen blir oppheva, blir det gjeve pålegg om at serveringsstader med skjenkebevilling må halde oversikt over kven som er til stades. Det er nok å registrere kontaktinformasjon til ein person i kvar gruppe.

Presisering av einmeters-regelen for serveringsstader og arrangement

Regjeringa presiserer også einmeters-regelen for serveringstader og arrangement. Stadene og arrangøren skal sikre at det er ein meter mellom sitteplassane eller eitt ledig sete mellom fastmonterte sete når gjestene og publikum bookar og kjem. Person i same husstand kan sjølvsagt sette seg ved sidan av kvarandre dersom dei ynskjer det når dei kjem til staden/arrangementet. 

Les heile den aktuelle pressemelding på regjeringen.no.

Les heile den aktuelle tala frå Helse- og omsorgsminister Bent Høie på regjeringen.no.

Spørsmål og kommentarer kring lokale og nasjonale tiltak og reglar - 29.09.2020

Fyresdal kommune fekk i dag tilsendt ein del spørsmål og kommentarar som gjekk på tiltak og reglar som blir fatta i samband med Covid-19, og at det ikkje er så lett å forstå alle avgjersler som gjerast lokalt og nasjonalt i samband med dette.

Det blir gjort mange tiltak i alle deler av samfunnet som til saman reduserer smittespreiinga. Formålet med råda og tiltaka er å redusere risikoen for smitte av covid-19. Dei viktigast tiltaka er som før: Vask hendene, hald avstand og ver heime når du er sjuk. Auka fysisk avstand mellom menneske reduserer moglegheita for smitte, også før symptom på sjukdom oppstår.

Fyresdal kommune har mange innbyggarar å ta omsyn til – folk i alle aldrar. Vi ynskjer å skåne alle så godt som mogleg mot eventuell smitte. Vi gjer stadig lokale vurderingar av ulemper kontra fordelar.

Det er kanskje ikkje alle tiltaka og alle reglane frå nasjonalt hald som samsvarar med kvarandre og gjev eintydig informasjon, men vi må likevel ta omsyn til at alle rettleiarane gjeld for heile landet, både små og store plassar.

Vi kan sjølvsagt ikkje styre det folk gjer på fritida, men vi håpar at alle tek dei omsyna dei bør i forhold til nasjonale føringar. Fyresdal kommune er ein liten og sårbar kommune i denne samanheng. Dersom det skulle oppstå smitte her vil det kunne ramme og slå ut store delar av kommunen, ikkje bare innanfor Fyresdal kommune som organisasjon, men også alle andre delar av samfunnet.

Dette er ein nasjonal dugnad som Fyresdal kommune ynskjer at alle tar del i.

Mvh beredskapsleiinga

Fyresdal symjehall foreløpig stengt for publikum - 28.09.2020

Fyresdal symjehall vil foreløpig halde stengt for publikum.

Symjehallen opnar vanlegvis 1. oktober for haustsesongen.

Beredskapsleiinga i Fyresdal kommune ynskjer å halde symjehallen stengt ei stund til.

Beredskapsleiinga vil ta ei ny vurdering i løpet av veke 42 på når ei eventuell opning kan bli aktuelt.

UDs globale reiseråd blir forlenga; endringar i Norden og Europa - 25.09.2020

Det globale reiserådet blir forlenga frå 1. oktober til 15. januar. Når det gjeld EØS/Schengen-området, rår Utenriksdepartementet fortsatt imot reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land som det ikkje er gjort unntak for.

På bakgrunn av Folkehelseinstituttets vekentlege vurdering av smittesituasjonen har regjeringa bestemt at Island, Litauen, regionen Västerbotten i Sverige og regionene Mellersta Finland (Keski-Suomi) og Päijänne-Tavastland (Päijät Häme) i Finland går frå gult til raudt på smittekartet for Europa. Dermed blir også reiserådet endra. Alle reisande frå desse landa og regionane som kjem til Noreg frå og med midnatt, natt til laurdag 26. september, blir ilagt ti dagars karantene.

I tillegg til Island og Litauen rår Utenriksdepartementet imot reiser i EØS/Schengen-området som ikkje er strengt nødvendige til Andorra, Belgia, Bulgaria, Danmark, Estland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kroatia, Luxembourg, Malta, Monaco, Nederland, Polen, Portugal, Romania, San Marino, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbritannia, Sveits, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn, Vatikanstaten, Østerrike og regionar i Sverige og Finland.

Sjå fhi.no for oppdatert kart over gule og raude område.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Viktig informasjon frå legekontoret: Ring først! - 24.09.2020

Har du time på legekontoret og har litt luftvegssymptom, uavklarte magesmerter/diare/oppkast eller tap av lukt/smak, ring legekontoret før timen, slik at vi kan vurdere om du kan kome.

Ikkje møt opp fysisk på legekontoret dersom du ikkje har avtalt time, men ring oss først.

Du treffer oss på 35 06 73 00.

Mvh kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus

Informasjon frå regjeringa til foreldre om barn og koronavirus - 17.09.2020

På denne sida frå regjeringa finn du kortversjonen av det du treng å vite som forelder i samband med koronasituasjonen. Du kan også klikke deg vidare for å lese meir om dei ulike reglane.

Innhaldet på sida er som fylgjer:

  • Alt du trenger å vite som foreldre til barn i barnehagen
  • Alt du trenger å vite som foreldre til elever på barneskole
  • Alt du trenger å vite som foreldre til elever på ungdomsskole og videregående
  • Videoer om barn og koronavirus

Sida tek mellom anna for seg desse tema: barnebursdagar, Halloween, andre private tilstelningar, når må barna vere heime, leik og overnatting, fritidsaktivitetar m.m.

Rett til omsorgsdagar ved lokale utbrot - 15.09.2020

Regjeringa legg til rette for fleksible ordningar dersom skular eller barnehagar stenger på grunn av lokale utbrot. Dersom skulen eller barnehagen stenger har foreldre rett til omsorgspengar. Det gjeld også når enkelte skuleklasser eller heile trinn blir sett i karantene.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Forenkla karanteneregler - 15.09.2020

Regjeringa forenklar karantenereglane slik at dei skal bli enklare å fylgje. 

Karantenereglane er endra fleire gonger i tråd med smittesituasjonen. Det har også vore ulike reglar for innreisekarantene og smittekarantene. Det gjer at karanteneregelverket kan opplevast som uoversiktleg og komplisert. Departementet har derfor forenkla og tydeleggjort karantenereglane. Karanteneplikta er nå på 10 døgn både for innreisekarantene og smittekarantene.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Revidert smittevernrettleiar for verksemder med ein til ein-kontakt - 14.09.2020

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har revidert smittevernrettleiaren for verksemder med ein til ein-kontakt utanfor helsetenesten, som frisørar, verkemder som tilbyr kroppspleie mv. etter at endringa i § 15 i covid-19-forskriften tredde i kraft 12. september. Rettleiaren gjeld også for køyreskular og annan føraropplæring, jf. covid-19-forskriften § 15a.

Endringa inneber at nokre av forskriftskrava til verksemdene blir oppheva, ved at noko av det som tidlegare stod som krav i forskrifta nå ligg som råd og anbefalingar i rettleiaren.

Les heile den aktuelle nyheita og smittevernrettleiaren på fhi.no.

Når bør eg halde meg heime og når kan eg tilbake på skule, i barnehagen eller på arbeid? - 02.09.2020

Nyoppståtte luftvegssymptom

Det anbefalast at alle som har nyoppståtte luftvegssymptom som ikkje har ein kjent årsak blir testa og held seg heime til prøvesvar er klart og ein ikkje lengre har desse symptoma. Allmenntilstanden er viktigast, og lette restsymptom som rennande nase etter gjennomgått luftvegsinfeksjon treng ikkje tilleggast vekt. Kunnskapen ein har så langt tyder på at ein er mest smittsom dagane rundt sjukdomsstart og raskt blir mindre smittsam når symptoma er borte. 

Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, bør barnet haldast heime, særleg dersom barnet har fleire symptom samtidig eller ikkje er heilt i form (nedsatt allmenntilstand). Ved feber og hoste skal barnet testast for Covid-19 (viktig å ha hatt symptom i minst 2 døgn for å få mest mogleg riktig resultat). Ved milde luftvegssymptom utan feber og hoste, kan ein sjå an tilstanden i 2 dagar; ved ingen betring, anbefalast testing av barnet.

Det viktigaste symptomet å følge med på for å fange opp meir alvorlege forløp er tungpust. Dersom ein utviklar andre akutte symptom som ein elles ville søkt lege for, er det viktig at ein kontaktar helsevesenet. Dersom ein treng legehjelp må ein ringe fastlege. Dersom ein ikkje får tak i fastlege, ring legevakt på 116117. Ved akutt, livstruande sjukdom, ring 113.

Bekrefta smitte

Alle som får påvist Covid-19 skal i isolasjon, og følgast opp av helsetenesten.
Hugs at ved bekrefta smitte skal ein også vere isolert i minst 3 døgn etter symptomfriheit og minst 8 døgn etter symptomdebut.

Når kan barn kome tilbake til barnehage og skule?

Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage og skule.

Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon kan også kome tilbake i barnehage og skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret) eller sporadisk hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Så lenge symptoma kan knyttast til ein gjennomgått infeksjon og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet kome tilbake i barnehage og skule når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for dette barnet.

Korleis skilje Covid-19 frå andre tilstandar? - 02.09.2020

Dersom du har symptom på Covid-19 bør du testast.

Dei vanlegaste symptoma ved Covid-19 liknar symptoma ved andre luftvegsinfeksjonar som forkjølelse og influensa. Mange har hoste og/eller feber. Seinare i forløpet er det ein del som opplever å bli tungpusta. Ved mindre alvorleg sjukdom kan symptoma også minne litt om allergi.

Denne tabellen (henta frå fhi.no) kan rettleie deg i korleis skilje Covid-19 frå andre tilstandar:

Tabell frå FHI per 28.08.2020

Framleis i tvil? Ring Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 for råd og rettleiing. 
Alle som mistenker at dei er smitta av Covid-19 har anledning til å teste seg utan leges vurdering.

Regjeringa ventar med ytterlegare lettingar av tiltak - 28.08.2020

Smittesituasjonen i Noreg tilseier at regjeringa ventar med ytterlegare lettingar av tiltak. Situasjonen blir nøye følgd, og myndigheitene vurderer fortløpande både strategien og konkrete smitteverntiltak. 

Ifølge statsminister Erna Solberg ser det nå ut til at dei siste lokale utbrota er under kontroll. For å behalde kontrollen og begrense fleire slike utbrot vel dei å sette dei gradvise lettingane på vent. Regjeringa ventar difor mellom anna med å opne opp for meir enn 200 personar på arrangement.

Regjeringa vil medio september ta stilling til om smittesituasjonen tilseier at ein kan fortsette med ytterlegare lettingar.

Les heile pressemeldinga på regjeringen.no.

Besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og tiltak mot sosial isolering - 27.08.2020

Helsedirektoratets anbefalingar om besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og tiltak mot sosial isolering blei fagleg oppdatert 25.08.2020.

Les heile rettleiaren på helsedirektoratet.no.

Endring i opningstidene hos NAV Vest-Telemark - 25.08.2020

Frå 01.09.2020 vil NAV Vest-Telemark ha fylgjande opningstider:
  • SELJORD: ope for dropp inn kvar torsdag kl. 10-00-14-00 frå 17.09.2020
  • KVITESEID: ope for dropp inn kvar tysdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
  • FYRESDAL: ope for dropp inn kvar tysdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
  • VINJE: ope for dropp inn kvar tysdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
  • TOKKE: ope for dropp inn kvar måndag og torsdag kl. 10.00-14.00 frå 01.09.2020
Ved akutt hjelp for kommunale tenester i NAV, ring 406 16 218.
 
Statlege tenester:
  • Dersom du har ein fast kontaktperson, kan du skrive til han/ho i din digitale aktivitetsplan eller ringe/sende sms. Du finn informasjon på nav.no og per telefon 55 55 33 33.
Arbeidsgjevarar brukar nav.no/bedrift eller ringer 55 55 33 36.
 
Direkte nummer til markedskontaktar:
  • Seljord, Kviteseid og Nissedal: 412 23 954; Tore Dag Lid
  • Fyresdal, Tokke og Vinje: 404 76 863; Margit K. Bergland
  • IA–rådgjevar: 994 49 230; Olav Aalandslid
Telefonliste Fyresdal - statlege ytingar:
  • Sissel H. Husstøyl: 412 29 469 
  • Viviana Burgos: 409 14 647
  • Åse Wrålid: 412 83 592
Gerd Kari Skaalen, NAV-leiar: 958 32 211
Solbjørg Frantzen, ass. NAV-leiar: 909 46 708
Postadresse: NAV Vest-Telemark, Hotellvegen 42, 3880 Dalen

Ei påminning kring karantene - 21.08.2020

Generelt om karantene:

Du SKAL vere i karantene i 10 døgn uavhengig av om du er i karantene på grunn av reise eller som nærkontakt. Har du karanteneplikt fordi du har vore i eit raudt land eller hatt nærkontakt med ein person med bekrefta smitte, skal du uansett fullføre karanteneperioden på 10 døgn sjølv om du tar test og den er negativ.

Reisekarantene - karantene grunna ankomst frå utlandet:

Dersom du har vore på utanlandsreise i raude område i EØS/Schengen eller land utanfor EØS/Schengen SKAL du vere i reisekarantene i 10 døgn frå den dagen du kom heim. Det er unntak frå karantene ved reiser frå område i EØS og Schengen med tilstrekkeleg lågt smittenivå (gule område). 

Sjå fhi.no for oppdatert kart over gule og raude område.

For deg som er i reisekarantene gjeld fylgjande:

  • Du skal opphalde deg i eigen heim eller på anna eigna oppholdsstad.
  • Du bør ikkje oppsøke offentlege stader, slik som butikk eller kafe. Ved mangel på alternativ, kan du gå ut for å gjennomføre nødvendige ærend i butikk eller apotek, men sørg for å halde minst 1 meter avstand til andre og unngå kø.
  • Du kan IKKJE gå på jobb når du er i reisekarantene, men du kan jobbe heimefrå.

Les meir om reiseråd og karanteneregler på helsenorge.no

Smittekarantene - karantene grunna nærkontakt med ein person med påvist smitte:

Alle nærkontaktar til ein bekrefta smitta person skal i karantene. Blir du kontakta gjennom smittesporing får du beskjed om kva som gjeld for deg.

Du blir definert som nærkontakt dersom du har hatt kontakt med den smitta i over 15 minutt på under 2 meters avstand innan 48 timar før personen fekk symptom.

Dersom dette gjeld for deg, skal du vere i heimekarantene i 10 døgn frå den dagen kontakten skjedde. Dersom du utviklar symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime utan å gå ut og du bør testast så raskt som mogleg.

Personar i smittekarantene kan ikkje:

  • Gå på jobb eller skule.
  • Foreta lengre reiser innanlands eller reiser utanlands.
  • Ta offentleg transport.
  • Oppsøke stader kor det er vanskeleg å halde nødvendig avstand til andre personar.

Sjå nettsida til Helsenorge for oppdatert artikkel "Informasjon om karantene og isolasjon og råd til befolkningen for øvrig".

Endring i reiseråd frå UD; fleire raude land og område - 20.08.2020

Utenriksdepartementet rår imot reiser som ikkje er strengt nødvendige til Hellas, Irland, Storbritannia, Østerrike og regionen Hovedstaden i Danmark.

På bakgrunn av Folkehelseinstituttets vurdering av smittesituasjonen har regjeringa beslutta at desse landa og regionen går frå gult til raudt på smittekartet for Europa. Dermed blir også reiserådet endra. Alle reisande frå desse fire landa og regionen Hovedstaden i Danmark som kjem til Noreg frå og med 22. august, blir ilagt ti dagars karantene.

Les heile pressemeldinga på regjeringen.no.

fhi.no finn du oppdaterte smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Noreg.

regjeringen.no finn du oppdatert reiseinformasjon frå UD.

Koronavirus og Covid-19 på offentleg kommunikasjon - 13.08.2020

Folkehelseinstituttet vil framover offentleggjere informasjon om tid og stad for avgangar der personar som er smitta med Covid-19 har vore om bord. Informasjonen vil bli begrensa til reiser mellom ulike kommunar eller land.

Informasjonen vil bli offentleggjort:

  • Dersom ein ikkje har informasjon om alle som kan ha blitt eksponert og ikkje kan gjennomføre vanleg smittesporing
  • For å sikre rask offentleggjering av stader der mange kan ha blitt eksponert

Den aktuelle informasjonen finn du på FHI.no

Sida vil bli oppdatert jamleg.
Bare reiser meldt til FHI er inkludert.

Påminning frå legekontoret angående Covid-19 - 14.08.2020

Med tanke på oppstart av skule og barnehage vil legekontoret gjerne minne om symptom og kriterium for testing av Covid-19.

  • Har du eller barnet ditt rennande nese, kan du/barnet ditt reise på arbeid/skule/barnehage.
  • Har du eller barnet ditt kjent pollenallergi eller andre sjukdomar som kan ha nokre av dei same symptoma som Covid-19, er det fint om de informerer barnehage/skule om dette. Dersom de får tilleggssymptom, bør de halde dykk heime.
  • Ved tilleggsymptom er det viktig at de blir heime til ein dag etter symptomfriheit. Andre i husstanden kan leve normalt.

Tilleggssymptom:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Hodepine
  • Feber
  • Nedsatt allmenntilstand
  • Magesmerter/diare
  • Tungpust/kortpusta

Testing:

  • Ved symptom som kan gje mistanke om infeksjon av Covid-19, kan de ta kontakt med legekontoret, for eventuell testing.
  • Det er viktig å ha hatt symptoma i minst 2 døgn for å få mest mogleg riktig resultat.
  • Ved testing må personen vere i karantene fram til svar ligg føre. Andre i husstanden kan leve normalt.
  • Svaret ligg føre 2-3 døgn etter testing. Ein kan logge inn på helsenorge.no for å sjekke prøvesvaret.

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med legekontoret på telefon 35 06 73 00.

Nye reiseråd og karantenereglar – 12.08.2020

På grunn av økt smitteimport til Noreg og aukande smitte i mange land, blir alle land som tidlegare var grønne nå gule. Det vil ikkje vere karanteneplikt for gule land, men ein bør unngå alle unødvendige reiser til utlandet.

  • Fleire land og regionar i Norden har aukande smitte og blir raude. Karanteneplikten for dei nye landa og regionane i Norden trer i kraft frå midnatt natt til laurdag.
  • Raude land med forhøga smitte vil framleis vere raude. Her er det fortsatt karanteneplikt.
  • Tenk igjennom om ei reise verkeleg er nødvendig, også ei reise til land uten karanteneplikt!
  • Sjølv om karantereglane ikkje trer i kraft før natt til laurdag, vil det å reise til for eksempel dei svenske regionane for å handle vere i strid med regjeringas råd om å unngå unødvendige utenlandsreiser.
  • Regjeringa innfører frå i dag igjen karanteneplikt for alle nærkontaktar til ein bekrefta smitta person. Karanteneplikten vil dermed igjen gjelde alle som har hatt nærkontakt med ein smitta person, ikkje bare husstandsmedlemmer.

​Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Sjå oppdaterte kart og kriterium for reiser på Folkehelseinstituttet si nettside.

Reiserådet der UD rår imot reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land, blir forlenga frå 20.08.2020 til 01.10.2020. 

​Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Sjå også Utenriksdepartementets eiga temaside for reiseinformasjon på deira nettside.

Fortsatt indre grensekontroll - 12.08.2020

Tiltaket med kontroll på indre grense blir foreløpig videreført i ytterlegare 60 dager frå 14.08.2020.

Les heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Informasjonsskriv til brukarar i HSPL - 11.08.2020

Oppmoding til brukarar og pårørande til brukarar som mottek heimesjukepleie og/eller heimehjelp.

I ljos av det vi ser nå, med fleire lokale smitteutbrot med Covid-19 i Noreg i samband med opning av grenser og auka ferietrafikk, ynskjer heimetenesta å oppmode om at du/de er ekstra varsame i høve både reising, besøk til andre og kven du/de har besøk av.

Med dette meiner vi:

  • Dersom du har vore i andre land på reise, eller hatt besøk av andre som nyleg har vore i andre land på reise, må du snarast råd gje heimetenesta beskjed om det på telefon 917 77 048. Dette for at vi må gjere ei vurdering i høve korleis vi skal yte hjelp på ein forsvarleg måte med tanke på eventuell smitte av Covid-19.
  • Vi ber pårørande vere ekstra merksame slik at brukar kan unngå å få besøk av personar/anna familie som nyleg har vore utanfor Noreg.
  • Heimetenesta ynskjer beskjed uansett om det gjeld reise til land med «grøne» eller «raude» område.
  • Der er viktig at vi førebyggjer og unngår å føre eventuell smitte av Covid-19 vidare mellom brukarar.
  • Vi minner samstundes om viktigheita av hyppig håndvask og at du gjev beskjed i forkant av at vi kjem dersom du har forkjølelsessymptom, hoste og/eller feber.

Dersom spørsmål, kontakt heimetenesta på telefon 917 77 048 eller gruppeleiar i heimetenesta, Gunn Marit Aslestad, på telefon 977 17 105.

Nye testkriterium frå onsdag denne veka - 10.08.2020

Frå onsdag 12.08.2020 vil det bli innført nye testkriterium for Covid-19. Testkriteria blir endra slik at alle som sjølv mistenker at dei er smitta av Covid-19 bør få anledning til å teste seg utan leges vurdering. Dette skriv Folkehelseinstituttet i ein nyheit på nettsida si i dag.

Her kan du lese heile den aktuelle nyheita frå FHI, der dei mellom anna seier noko om kven helsetenesten bør anbefale Covid-19-testing for.

Ei påminning i samband med komande arrangement - 10.08.2020

Vi har stått i og står framleis i ei krevjande tid, og ein ser nå at det kjem fleire lokale smitteutbrot rundt i landet. Beredskapsleiinga i Fyresdal kommune ynskjer å kome med ei påminning til dei som skal halde private og offentlege arrangement i kommunen utover seinsommar og haust.
 
Det er mange spente 15-åringar som ventar på den store konfirmasjonsdagen! I samband med slike selskap, og andre typar arrangement, er det viktig at du som arrangør set deg inn kva råd som er gjeldande og kva som krevst av deg som arrangør. Merk deg til dømes at det er du som arrangør som har ansvaret for å legge til rette for smitteverntiltak og syte for at dei blir haldne. Du må til dømes føre gjesteliste med kontaktinformasjon, slik at du kan bistå kommunen med eventuell smitteoppsporing ved eit eventuelt smitteutbrot. 
 
Ei slik liste bør ha fylgjande informasjon:
  • Fullt namn på gjest/deltakar
  • Mobilnummer til gjest/deltakar
  • Kommunetilhøyring for gjest/deltakar
  • Aktuell dato for deltaking
Lista ( last ned her PDF document ODT document ) må omfatte alle gjester/deltakarar, både vaksne og barn. Lista må arrangøren ta vare på i 10 dagar etter arrangementet; etter det kan den slettast.
 
Oppdaterte smittevernråd for arrangement finn du mellom anna på nettsida til FHI.
 
Er du i tvil?
 
Ta ein kikk på dette analyseverktøyet frå FHI: «Verktøy for risikovurdering av arrangement»
Svarar du «JA» på spørsmåla frå 1 til 4, bør du vurdere om gjennomføring av arrangementet ditt er forsvarleg.  
 
Spørsmål?
 
Har du spørsmål kring private eller offentlege arrangement, kan du kontakte kommunelege på telefon 35 06 73 00 eller beredskapsleiar på telefon 974 05 068. 

Regjeringa bremsar vidare opning - 07.08.2020

Regjeringa bremsar vidare opning av samfunnet og strammar til for å behalde kontrollen på smittespreiinga.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie gjentok i dagens pressekonferanse at samfunnet skal opnast gradvis, saman og kontrollert. Han sa også at ettersom ein den siste tida har sett auka smitte i samfunnet må ein nå tråkke på bremsen for vidare opning av samfunnset og sette inn tiltak på nytt for å behalde kontrollen. Dette er i tråd med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttets faglege anbefaling.

Noko av det som blei snakka om på pressekonferansen:

  • Innføring av nasjonal skjenkestopp klokken 24.00 med verknad frå i morgon laurdag
  • Nye anbefalingar om heimekontor og kollektivtransport
  • Regjeringa anbefalar norske borgarar å unngå unødvendige reiser til utlandet – også til grøne land
  • Og – som før: Hald minst ein meters avstand, vask hendene ofte og ver heime dersom du er sjuk!

Du kan lese heile den aktuelle nyheita på regjeringen.no.

Hald deg oppdatert på smittevernråd - 03.08.2020

Hald deg oppdatert på smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Noreg på fhi.no.

Den aktuelle artikkelen blir oppdatert fortløpande med karantenereglar og råd for smittevern ved reise. Ta høgde for at anbefalingar om reise kan endre seg raskt!

Ny krisepakke for frivilligheita - 21.07.2020

Ei ny coronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.  

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.  

Søknadsfristen er 15. september.  

Det kan søkjast om:  

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter).   

Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.  

  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).  

Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.  

  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).  
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.  

Du kan lese meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet si nettside.

Nye reiseråd mellom Noreg og andre europeiske land - 14.07.2020

Regjeringa opnar for innreise frå 15.07.2020 for personar som er busett i land i EØS/Schengen-området som har ein tilfredsstillande smittesituasjon. Samtidig fjernast kravet om innreisekarantene for reisande frå desse landa. Utenriksdepartementet avdarer ikkje lengre mot reiser til dei landa som unntakast frå krav om innreisekarantene.

Les heile pressemeldinga frå 10.07.2020 på regjeringen.no.

Karantenereglar og råd for smittevern ved reise oppdaterast fortløpande. Spesielt før ei utanlandsreise er det viktig at du både set deg inn i kva reglar som gjeld i det landet du reiser til, og kva reglar som gjeld når du kjem tilbake til Noreg. Ta høgde for at råda om reise kan endrast raskt.

Les meir og sjå oversiktskart over "grønne område" på fhi.no.

Råd til reiselivsbransjen om reiser og ferieaktivitetar i Noreg - 30.06.2020

Det er forventa at mange nordmenn vil feriere i Noreg i sommar. Reiselivsnæringa må førebu seg på å ta imot nordmenn på ferie på ein trygg måte. Folkehelseinstituttet anbefaler at alle som tilbyr tenester og aktivitetar utarbeider ein plan for korleis dette kan gjerast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

fhi.no finn du ei oppsummering av nokre spesifikke råd for forsvarleg smittevern ved dei ulike tenestene tilknytta reiselivet, slik som serveringsstader, campingplassar, utleigehytter, museum og utleige av utstyr. Du finn også bransjestandarder for reiselivsbransjen frå NHO Reiseliv og Virke på same sida.

Corona-symptom på ferie? - 29.06.2020

Dersom du får symptom på corona medan du er på ferie, fylg desse reglane frå Folkehelseinstituttet:

1. Ta kontakt med kommunen du oppheld deg i!

Du skal ikkje berre møte opp hos legen eller på eit testsenter. Du må få ein time eller ei henvisning. Fyresdal legekontor treff du på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

2. Ring 116 117!

Dersom du ikkje får kontakt med det lokale legekontoret, kan du ringe 116 117. Då kjem du til næraste legevakt. Hugs å ringe før du eventuelt oppsøker legevakta. 

3. Isoler deg!

Dersom du får symptom, hald auka avstand til andre.

4. Reis heim dersom du kan!

Dersom du har testa deg og har fått positivt svar, skal du i isolasjon. Dei du eventuelt er saman med skal i karantene. Reis heim med eigen transport, dersom du er i form til det. Dersom formen tilseier at du ikkje kan reise heim, må du finne ei løysing der du er.

Generelle råd til befolkinga - om du er på ferie eller ei:

  • Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på fhi.no og helsenorge.no.
  • Dersom du ikkje finn svar på det du lurar på der, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015.
  • Dersom du trur at du er smitta, ring fastlegen din.
  • Du skal kun ringe legevakt på 116 117 dersom du har behov for akutt helsehjelp.
  • Dersom liv og helse er i fare, ring 113.

Opning for reiser mellom Noreg og Europa frå 15. juli - 26.06.2020

Regjeringa tar sikte på å tillate innreise for personar som er busett i Schengen- og EØS-området frå 15.07.2020 – dersom smittesituasjonen tilseier det.

Frå same tidspunkt fjernast kravet om innreisekarantene for land og regionar med ein tilfredsstillande smittesituasjon. Utenriksdepartementet vil ikkje lengre advare mot reiser til land og regionar som unntakast frå krav om innreisekarantene.

Nordmenn kan altså reise til Schengen- og EØS-land frå og med 15.07.2020. Det betyr også at borgarar frå desse landa kan reise inn i Noreg. Dei nye reglane avheng av at kvart enkelt land oppfyller dei aktuelle kriteria. Lista over kva land som oppfyller kriteria kjem 10.07.2020.

Les heile pressemeldinga frå 25.06.2020 på regjeringen.no.

Hald deg oppdatert på smittevernråd for ferie og reise - 25.06.2020

Karantenereglar og råd for smittevern ved reise blir oppdatert fortløpande.

Spesielt før ei utanlandsreise er det viktig at du set deg inn i både kva reglar som gjeld i det landet du reiser til og kva reglar som gjeld når du kjem tilbake til Noreg.

Og hugs:

Dei same grunnleggjande prinsippa for smittevern er like gjeldande ved fritidsreise som heime:

  • Sjuke personar skal halde seg heime
  • God hygiene 
  • Redusert kontakt mellom personar, og hald minst 1 meter avstand til andre enn dine næraste

Sjå fhi.no for råd kring fylgjande:

  • Innanlands fritidsreiser
  • Risikogrupper og deira pårørande
  • Bading, strandliv og friluftsliv
  • Offentleg transport
  • Karantene for personar som kjem til Noreg frå utlandet
  • Unntak frå karanteneplikta
  • Råd før reisa (dersom du må reise) 
  • Førebyggjande råd på reisa (dersom du må reise)

Status covid-19 veke 24 - 19.06.2020

Spreiinga av coronavirus er framleis lav i Noreg. Det viser vekesrapporten for 08.06.2020–14.06.2020 frå Folkehelseinstituttet.

Du kan lese heile rapporten på fhi.no.

Justering av regjeringas tiltak frå 15. juni - 12.06.2020

Regjeringa lettar på tiltaka frå 15.06.2020 i tråd med planen for handtering av covid-19. Mellom anna kan treningssenter, badeland og symjehallar gjenopne, vel og merke på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Det blir også tillatt med arrangement på inntil 200 personar.

Regjeringa opnar for fritidsreiser mellom Noreg og dei nordiske landa frå 15.06.2020, men beheld karantenekrav og innreiserestriksjonar frå regionar med mykje smitte. Regionar og område som blir unntatt frå krav om innreisekarantene, blir også unntatt frå Utenriksdepartementets reiseråd.

Universitet, høgskular og fagskular kan opne att frå 15.06.2020 - så lenge dei overheld gjeldande reglar og råd om smittevern.

Det blir gitt unntak frå 1-metersregelen i ny forskrift som er lagt frem av regjeringa i dag. Det inneber at profesjonelle utøvarar innan kultur og idrett nå kan ta eit skritt nærare ein normaltilstand. Vidare blir det opna for at barn som deltar i kulturaktivitetar blir gitt dei same moglegheitene som dei som driv idrett.

Tidsplan HODep

Ny risikovurdering: Fare for økt smitte i sommer - 12.06.2020

Folkehelseinstituttet er bekymra for auka smitte på store arrangement i sommar og fryktar betydelege lokale utbrot. Det viser den niande risikovurderinga frå Folkehelseinstituttet som blei publisert torsdag 11.06.2020.

Rapporten inneheld oppdatert kunnskap, situasjon, prognose, risiko og respons om epidemien i Noreg.

Du kan lese heile rapporten på fhi.no.

Kva inneber dei nye karantenereglane frå 1. juni? - 08.06.2020

Når ein person blir sjuk med covid-19, skal alle nærkontaktane følgjast opp i 10 dagar.  Det nye er at vi nå har to hovudgrupper nærkontaktar som følgjast opp forskjellig.

Frå 01.06.2020 gjeld fylgjande:

  • Det er bare husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære personar som skal i karantene.
  • Dei som er nærkontaktar, men har vore utsatt for mindre smitterisiko enn hustandsmedlemmer, skal ikkje i karantene. Dei skal følgjast opp med testing og smittevernråd og skal i tillegg overvåke eiga helse (sjølvmonitorering).

Sjå illustrasjon under og les meir på fhi.no.

Distansering 05.06.2020

Nye rettleiarar for barnehagar og skular - 02.06.2020

Helsedirektoratet publiserte fredag (29.05.2020) nye rettleiarar for barnehagar og skular. Det faglege innhaldet er levert av Utdanningsdirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Sjå meir på fhi.no.

Nye karantenereglar frå 1. juni - 02.06.2020

Frå 01.06.2020 blir reglane for smittekarantene endra. Samtidig blir det opna for like karantenereglar for arbeidsreiser til og frå alle dei nordiske landa.

Les meir på regjeringen.no.

Oppdatert smittevernrettleiar for organisert idrett - 02.06.2020

Helsemyndigheitene presenterte torsdag 28.05.2020 en oppdatert smittevernrettleiar for den organiserte idretten.

Rettleiaren opnarfor fysisk kontakt mellom utøvarane.

Sjå meir på regjeringen.no.

Nye retningslinjer for besøk på POS - 28.05.2020

Per 01.06.2020 blir besøksforbodet på Fyresdal pleie- og omsorgssenter oppheva.

Her er likevel ein del reglar og retningslinjer som alle må vere klar over og fylgje:

  • Det skal førast besøksprotokoll på begge avdelingar.
  • Alle besøkande må fylle ut eit eigenerklæringsskjema ved fyrste besøk.
  • Alle besøk skal avtalast på førehand.
  • Det er besøkstid på begge avdelingane.
  • Det er siesta kl. 14.00-16.00 (ikkje besøk).
  • Pasientane kan motta gåver o.l.
  • Pasientar som kan ha besøk ute, blir framleis oppfordra til å ha det.
  • Besøk inne skal tilpassast den enkeltes behov og sjukdomsbilete.
  • Pasientar kan gå fritt utandørs, ev. ta ein tur heim på besøk (ute).
  • Alle besøkande skal fylgje dei generelle smittevernreglane: Halde avstand, helst unngå fysisk kontakt, og god handhygiene! Dersom dei er sjuke skal dei ikkje på besøk.

Ved besøk inne:

  • Kun nære pårørande, maks 2 stk. om gongen.
  • Vask av hender ved ankomst og ved avreise.
  • Besøkande skal halde 1 meters avstand til helsepersonell.
  • Alle overflater/kontaktflater skal vaskast etter eit besøk.
  • Ev. servering av kaffi/kake skal skje på papp. NB. Ikkje sjølvbetjening.
  • Det er lov å vere med på biltur, dersom ein overheld smittevernreglane.

 

Barnehagar og skular kan lette på smitteverntiltak - 28.05.2020

Lite smittespreiing gjer det forsvarleg at ei heil avdeling i barnehagen og ei heil skuleklasse kan vere ein kohort. Eit nytt system (trafikklysmodellen) med raudt, gult og grønt lys skal avgjere kva smitteverntiltak som gjeld i barnehage og skule. 

Dei nye smittevernrettleiarane blir lagt fram i sin heilheit fredag 29.05.2020.

Her kan du lese heile pressemeldinga frå regjeringa frå 27.05.2020:

regjeringen.no

Tilbake til legemelding ved lengre fråver - 26.05.2020

For å dempe på arbeidspresset hos primærhelsetenesta beslutta regjeringa å utvide retten til bruk av eigenmelding for arbeidstakarar til 16 dagar. Desse reglane hadde verknad frå 16.03.2020.

Frå 01.06.2020 kan du ikkje lengre kreve å få bruke eigenmelding dei fyrste 16 dagane av sjukefråveret. Dette gjeld også covid-19-relatert fråver.

Spørsmål og svar om arrangement - 26.05.2020

Lurar du på kva slags krav og retningslinjer som gjeld i samband med arrangement?

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om arrangement og stenging av enkelte verksemder: 

regjeringen.no

Fyresdal næringsfond skipar corona krisefond - 22.05.2020

I møte i formannskapet tysdag 05.05.2020 blei det vedtatt å skipe eit corona krisefond til bedrifter i Fyresdal.

Krisefondet er på kr 500 000,-. Midlane vil bli delt ut etter søknad frå bedrifter i Fyresdal som ikkje kjem inn under kriseordningane til styresmaktene (eller som nesten fell utanom ordningane). 

Bedriftene kan søke om tilskot til å dekke uunngåelege faste kostnader i ei vanskeleg tid. Maksimalt tilskot pr. bedrift er kr 100.000,-. Søknadane vil bli handsama fortløpande og vedtak vil bli fatta innan ei veke etter mottak av søknad. Fyresdal kommune vil også vere særskild positive til nye utviklingstiltak i bedriftene.

Send søknaden din til Fyresdal kommune per post eller e-post:

Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal 

eller

postmottak@fyresdal.kommune.no

Smittevernrettleiar for produksjon av frukt, bær, grønnsaker og potet - 22.05.2020

Mattilsynet har kome med ein smittevernrettleiar for produksjon av frukt, bær, grønnsaker og potet.

Rettleiaren inneheld mellom anna ei sjekkliste for godt smittevern i grøntproduksjon.

Les rettleiaren her

Vanlege opningstider i barnehagen att - 22.05.2020

Frå og med måndag 25.05.2020 vil Fyresdal barnehage opne opp for fulle dagar att. Det vil seie at opningstida er kl. 07.00-16.30. I samband med utviding til normal dag vil ein del restriksjonar og rutinar vere gjeldande, jf. Rettleiar i smittevern for barnehagar

 

Framleis spesielt fokus på smittevern
 
Ifylgje justera rettleiar, frå 07.05.2020, er dei tre hovudtiltaka sett i prioritera rekkjefylgje:
 
1. Sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen
a. Symptom på covid-19 særleg hos barn, kan vere milde og vanskeleg å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. Covid-19 smittar hovudsakleg via dråpe- og kontaktsmitte. Det er fyrst og fremst personar med symptom som er smittsame og smitten er størst idet symptoma oppstår. Dei hyppigaste symptoma for covid-19 er i starten halsvondt, forkjølelse og lett hoste, i tillegg til kjensle av sjukdom, hovudpine og muskelsmerter. Magesmerter kan også førekome. Det kan for nokon med covid-19-symptom utvikle seg til hoste, feber og  kjensle av å vere kortpusta.
 
2. Hygiene 
a. Hostehygiene – hugs dråpesmitte.
b. Handhygiene – handvask med såpe og vatn er å anbefale, men hånddesinfeksjon kan også brukast. Handvask av barn skal skje med den vaksne til stades. Ved bringing og henting, etter hosting/nysing, etter toalettbesøk, etter soving, etter uteaktivitet og ved synleg skitne hendar skal hendene vaskast.
c. Føresette skal vaske seg/sprite seg inn og ut av barnehageområdet som tidlegare.
 
3. Redusera kontakthyppighet mellom personar
a. Halde avstand er avgjerande og avgrensar smitte.
b. Eigne pauserom og inngangar, garderobar.
 
Tisette og føresette er informerte via e-post.

Differensierte råd til risikogrupper - 15.05.2020

Folkehelseinstituttet gjer regelmessig nye vurderingar basert på oppdatert kunnskap om kva personar som har auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Aldersgruppe og underliggande sjukdom med betydning for risikovurderinga er beskrive i dei oppdaterte råda.

Det er utarbeidd ein tabell som viser korleis råda blir påvirka av auka smittespreiing i samfunnet generelt, eller auka spreiing lokalt der ein bur. Per i dag er det låg smittespreiing i alle regionar i Noreg.

Folkehelseinstituttet skiller nå mellom to ulike risikogrupper:

  • Personar med lett økt risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • Personar med moderat eller høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp

Sjå tabell og les oppdatert informasjon på fhi.no

Smittevernråd for ferie og reiser - 15.05.2020

Dei nye smittevernråda for ferie og reiser som gjeld frå i dag 15.05.2020, gjev råd om korleis du kan unngå smittespreiing mellom stader, råd om bading, strandliv og friluftsliv, offentleg transport og utanlandsreiser. 

I dei nye råda frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet blir det presisert at dei same grunnleggjande prinsippa for smittevern gjeld ved reise som heime:

  1. Ikkje reis når du er sjuk
  2. Ha god handhygiene 
  3. Hald minst 1 meters avstand til andre enn dine næraste

Les dei oppdaterte smittevernråda på fhi.no

Program for 17. mai i Fyresdal - 15.05.2020

Den tradisjonelle feiringa med messe i Moland kyrkje, leik og moro på skuleplassen og folkefest på samfunnshuset er dessverre avlyst. 17. mai-komiteen, som består av foreldre i 6. klasse, har ikkje laga noko alternativt opplegg, så årets feiring blir opp til alle og ein kvar. Men – vi kan framleis ta på oss finstasen, heise flagget, ete god mat, synge nasjonalsongen og ikkje minst ete is!
 
Her er årets «program»:
 
  • Kl. 08.00: Flaggheising.
  • Kl. 11.00: Digital helsing frå ordføraren på Fyresdal kommune si heimeside og Facebook-side.
  • Kl. 11.40: Avreise frå Best for «felles lufting av gamle køyretøy» – i regi av Fyresdal Veteran Motor Klubb. Planen deira er å køyre Best–Øyane–Øyskogen–POS–Best.
  • Kl. 12.00: Korpset spelar på Øyane.
  • Kl. 13.00: Korpset spelar i Øyskogen.
  • Kl. 13.00: Heile Noreg syng «Ja, vi elsker dette landet».
  • Kl. 14.00: Korpset spelar på POS.
Desse tre råda for å unngå smitte er framleis like viktige og gjeld også for 17. mai:
 
  • Hald deg heime og unngå besøk dersom du er sjuk.
  • Hald minst ein meter avstand til andre (gjeld ikkje dei du bur saman med til vanleg).
  • Ha god handhygiene med hyppig og grundig vask.

Kollektivtransport og skuleskyss - 15.05.2020

I løpet av veke 20 har alle skulane i fylket opna for at alle trinn skal kome tilbake. Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyss i grunnskule og vidaregåande skule, og dei oppmodar til at så mange som mogleg går eller syklar, fordi bussane har halv kapasitet på grunn av anbefalingar om avstand (1 meter).

Skuleskyssen går som normalt til ordinære start- og sluttider, altså dei tidene skulane hadde før dei stengde i mars. Skulekorta skal takast med på reisa, men dei skal inntil vidare ikkje bli registrert hos sjåfør ved påstiging. 

Sjå vtfk.no for meir informasjon og reiseråd

Opning av kulturskulen - 14.05.2020

Fyresdal kulturskule opnar no delvis for ordinær undervisning frå 24.05.2020.

Vi jobbar med retningsliner og rettleiarar slik at dette kan gjerast så trygt som mogleg. Vi ser det førebels ikkje som trygt å ha undervisning i kunst og handverk. Det er og usikkert om den yngste gruppa i dans får øving. 

Det vil kome meir informasjon til alle føresette i løpet av neste veke.

Vi ser fram til å treffe elevane att!

Helsing alle på kulturskulen

Informasjon i samband med re-opning av Gimle skule - 12.05.2020

Onsdag 13.05.2020 kjem det fleire elevar tilbake på Gimle skule.

I samband med dette ynskjer rektor Sarke Veum å informere om fylgjande: 

  • All parkering skal skje på parkeringsplassen ved samfunnshuset.
  • Dersom du skal sleppe av og hente ungar, skal dette skje på parkeringsplassen ved samfunnshuset. Hugs innkøyring i nord og utkøyring i sør!
  • Elevane vil ha ulike oppmøtestadar og friminutt på ulike stadar, slik at klassene ikkje blir blanda.
  • Det er fint om elevane ikkje kjem noko særleg før kl. 08.10, slik at vi unngår blanding av klasser.
  • Vi oppmodar til at færrast mogleg tek buss - dersom det er mogleg.
  • Elevane i 5.-10. klasse vil ha ulike opplegg, både når det gjeld antal dagar på skulen og antal dagar med heimeskule. 
  • På det meste vil det vere 8 klasser på skulen samtidig.
  • Vi oppmodar alle heimar til å lese smitterettleiarane og snakke saman om desse tre grunnpilarane for å bremse smittespreiing: 1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen 2. God hygiene 3. Redusert kontakt mellom personar.

Her kan de lese smitterettleiarane: 

Ny rettleiar for idrett - 12.05.2020

Ein ny rettleiar for idrett under covid-19-utbrotet er utarbeidd av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Rettleiaren gir råd om kva idrettslag bør gjere for å førebygge at deltakarar og tilskodarar blir utsette for smitte og spreiing av covid-19.

Rettleiaren gjeld for Noregs idrettsforbund (NIF), særforbund, idrettslag, foreiningar og andre som arrangerer organisert idrett. NIF må saman med dei enkelte særforbunda utarbeide råd og tilrådingar som er tilpassa dei spesifikke idrettsgreinene og aktivitetane.

Arrangement for 50 personar

Det blir opna for arrangement på inntil 50 personar med avstand på minst 1 meter, men det blir ikkje tilrådd aktivitetar som medfører større mobilitet og blanding av deltakarar på tvers av geografiske område.

Maks 20 i treningsgrupper

For ordinære treningar blir det tilrådd samling av maksimalt 20 personar i ei gruppe og avstand på minst 1 meter. Dette gjeld både innandørs og utandørs. Fleire slike grupper av maksimalt 20 personar kan samlast dersom gruppene blir haldne frå kvarandre, og dei enkeltvis og samla kan halde seg til smittevernråda.

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet foreslår at det blir tatt ei ny vurdering av den totale smittesituasjonen før sommaren for å sjå på ei ytterlegare normalisering av idrettsaktivitetar.

Når det gjeld symjing, vil Folkehelseinstituttet utarbeide eigne råd i god tid før gjenåpning 1. juni.

Les heile rettleiaren for idrett her:

Private og offentlege arrangement på 17. mai - 12.05.2020

17. mai nærmar seg, og den tradisjonelle feiringa med messe i Moland kyrkje, leik og moro på skuleplassen og folkefest på samfunnshuset er dessverre avlyst.

Det er heilt sikkert mange som tenker at 17. mai likevel er ein veldig fin dag å samlast på – og det er det sjølvsagt!

Men hugs på fylgjande:

  • Anbefalt størrelse på grupper i private samanhengar er per i dag på maksimalt 20 personar. Det er då ein føresetnad at ein kan halde minst ein meter avstand eller meir mellom personane. Rådet om avstand gjeld ikkje for personar som lever saman til vanleg.
  • Det er tillat med arrangement med inntil 50 deltakarar på offentleg stad. Føresetnaden er at deltakarane kan halde minst ein meter avstand til kvarandre og at det er ein ansvarleg arrangør. Dette gjeld alle typar arrangement. Den eller dei som står for gjennomføringa av arrangementet på offentleg stad skal ikkje bli rekna som ein del av arrangementet.

Covid-19-forskrifta er til ein kvar tid oppdatert med gjeldande regelverk på karantene, arrangement og smittevernfaglege krav.

Hald god avstand til kvarandre og vask hendene jamleg!

Rettleiarar for smittevern i barnehage og skule - 11.05.2020

Rettleiarane for smittevern i barnehagar, barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skule blei reviderte 07.05.2020. Rettleiarane er gitt ut av Helsedirektoratet, og fagleg innhald er levert av Utdanningsdirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Her kan du lese rettleiarane:

Biblioteket ope som vanleg att - 11.05.2020

Frå tysdag 12.05.2020 er biblioteket ope som vanleg att - med visse reglar:

  • Maks 5 personar i lokalet
  • Hald minimum 1 meter avstand til andre
  • Ta på så få ting som mogleg i lokalet
  • Bruk handsprit som du finn ved inngangen
  • Biblioteket er ope for lån, men ikkje som opphaldsstad

Opningstider:

  • Tysdag kl. 10.00-15.30
  • Onsdag kl. 17.00-20.30
  • Torsdag kl. 12.00-15.30
  • Fredag kl. 10.00-15.30

NB! Du kan framleis nytte bestill og hent!

Velkomen!

Tidsplan frå regjeringa for nedbygging av tiltak - 07.05.2020

Regjeringa la i dag fram ein plan for vidare handtering av corona-pandemien og ein tidsplan for nedbygging av dei mest inngripande tiltaka.

Mellom anna melder dei at alle grunnskular og vidaregåande skular skal opne for alle trinn i løpet av neste veke.

Klikk på linken under for meir informasjon om dei ulike endringane som gjeld frå ulike datoar:

Tidsplan HODep

Kommuneadministrasjonen open som vanleg att - 07.05.2020

Kommuneadministrasjonen i Fyresdal Næringshage har ope som vanleg att - kl. 08.00-15.00 - frå fredag 08.05.2020.

Vi oppmodar alle besøkande til å avtale tid på førehand med dei som de ynskjer å treffe.
Vi oppmodar også alle besøkande til å halde minimum ein meters avstand til dei de treffer på, i tillegg til å halde god avstand til skranka.

Sentralbordet vårt har telefonnummer 35 06 71 00.
Her finn du kontaktinformasjon til våre tilsette: 

Trygg camping - bransjenorm frå NHO Reiseliv - 06.05.2020

Torsdag 30.04.2020 presenterte NHO Reiseliv ein bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingplassar.

Oppdatering av lokale tiltak - 30.04.2020

Kommuneadministrasjonen i Fyresdal Næringshage

Kommuneadministrasjonen er stengt for publikum til og med torsdag 07.05.2020.
Frå fredag 08.05.2020 har vi ope som vanleg, kl. 08.00-15.00.
Vi oppmodar alle besøkande til å avtale tid på førehand med dei som de ynskjer å treffe.
Vi oppmodar også alle besøkande til å ha avstand til skranka. 
Sentralbordet vårt har telefonnummer 35 06 71 00.
Her finn du kontaktinformasjon til våre tilsette: Finn tilsette

Fyresdal folkebibliotek

Biblioteket er inntil vidare stengt for publikum, men de kan likevel låne bøker, filmar og lydbøker! 
Sjå "Bestill og hent på biblioteket" litt lenger ned på sida for meir informasjon.

Fyresdal pleie- og omsorgssenter

Det er inntil vidare besøksforbod inne på Fyresdal pleie- og omsorgssenter, men frå fredag 01.05.2020 kan de besøke på utsida.
Telefonnummeret til pasienttelefonen på avdeling Norstøg er 35 06 71 55 og telefonnummeret til pasienttelefonen på avdeling Utsikten er 35 06 71 48.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har telefonnummer 35 06 71 67.
Hugs at dei tilbyr videosamtalar for pårørande og pasientar, anten via FaceTime eller Google Duo. Dette gjeld både Norstøg og Utsikten! Ta kontakt med personalet på telefonnummer 35 06 71 59, og så koblar dei deg opp!

Fyresdal helsehus

Det er inntil vidare begrensa fysisk oppmøte på helsehuset (legekontor, helsestasjon og psykisk helse), men vi oppmodar dykk likevel til å ta kontakt med legekontoret som før, ettersom ein del konsultasjonar kan takast over telefon.
Helsehuset har telefonnummer 35 06 73 00.

Nye råd frå regjeringa om avstand - 30.04.2020

Råd om avstand

Frå i dag blir rådet om avstand til andre endra. Til nå har rådet vore to meters avstand, nå er rådet at ein skal halde minst ein meters avstand - ute og inne. Både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet meiner at ein meter er tilstrekkeleg for å redusere smitterisikoen vesentleg.

Når det gjeld smittesporing, blir nærkontakt framleis definert som nærare enn 2 meter i 15 minutt.

Det er viktig å framleis ha fokus på vanar som førebygger smitte:

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunkent vatn, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Finn alternativ til handhelsing og klemming.

Her kan du lese den aktuelle nyheita frå regjeringa

Opnar gradvis opp for arrangement

Frå 07.05.2020 blir det mogleg med arrangement på offentleg stad for inntil 50 personar. Føresetnaden er at det er mogleg å halde ein meters avstand til andre personar på arrangementet, at det er ein ansvarleg arrangør som har oversikt over kven som er til stades, i tillegg til at arrangøren sørger for at smittevernreglar blir følgde. Arrangement utan ein ansvarleg arangør er ikkje tillatt. 

Dersom det framover framleis er kontroll på smittespreiinga, vil regjeringa vurdere å tillate arrangement for inntil 200 personar frå 15.06.2020.

Her kan du lese den aktuelle nyheita frå regjeringa

Informasjon om kjæledyr og corona - 28.04.2020

Har du kjæledyr og lurar på kva du kan og ikkje kan gjere i desse dagar?

Her finn du litt informasjon:

Opning av Gimle skule neste veke - 24.04.2020

Opning av 1.–4. trinn og SFO på Gimle skule frå 27.04.2020

Regjeringa har bestemt at 1.–4. trinn og SFO skal opne att frå 27.04.2020. Alle skular har fått ein smittevernrettleiar å forhalde seg til, som seier kva system vi skal fylgje og at det er trygt. Vi utarbeider nå planar og rutiner for å ivareta både elevar og tilsette på Gimle.

På Gimle har vi bestemt å dele kvar klasse opp i to grupper/kohortar, der gruppene har undervisning ein halv dag ute og ein halv dag inne. Det betyr at gruppene blir små og vil ha få faste vaksne. Dette gjer vi for å førebyggje smitte.

Gruppene vil få faste oppmøteplassar, faste område å vere i friminutta og gode rutiner i høve smittevern og avstand. Det vil vere oppmøte på faste plassar ute frå kl. 08.10. Alle må ha med niste, drikkeflaske og klede tilpassa vêret. Dette må takast med fram og tilbake dagleg.

Vi har ordinær opningstid på både skule og SFO. På SFO vil elevane og vere i små grupper med faste vaksne. Vi vil ikkje servere mat på SFO, det betyr at alle som skal på SFO må ha med niste. Føresette må hente elevane på SFO ute.

Vi ynskjer elevar og tilsette hjarteleg velkomne tilbake til skulen.

No gler vi oss til å treffe dykk att!

Heimetenesta har flytta til det gamle lensmannskontoret - 24.04.2020

Heimetenesta har flytta til det gamle lensmannskontoret i Folkestadgata, og har nå kontorbase der.

Enn så lenge har dei ikkje fasttelefonen på plass og må kontaktast via mobil. 
Dei har same mobilnummer som før, 917 77 048.

Råd om fritidsreiser innanlands - 23.04.2020

Det er framleis eit godt smittevernråd å redusere fritidsreiser for å unngå risiko for smittespreiing mellom ulike stader. Reiser til hytta utgjer likevel mindre fare for smittespreiing fordi ein stort sett er der saman med familie eller venner som ein allereie er i kontakt med heime.

Folkehelseinstituttet har - på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet - kome med innanlands reiseråd som gjeld frå 21.04.2020 og inntil videre.

Her kan du lese dei generelle råda:

Informasjon frå kommunefysioterapien - 21.04.2020

Vi er nå straks klare for å starte opp med individuelle undersøkingar og behandlingar att. I denne veka klargjer vi lokala etter bransjestandard frå Helsedirektoratet og set oss inn i anbefala smittevernstiltak.

  • Vi vil ha noko redusert kapasitet. Vi treng meir tid mellom kvar pasient for å gjennomføre nødvendig vask/spriting av utstyr. Lena vil også vere heime 1-2 dagar pr veke med heimeskule.
  • Det blir i fyrste omgang kun opna opp for 1-1 behandling. Går du vanligvis i ei gruppe, kan du ta kontakt med fysioterapeutane dersom du har behov for individuell behandling.
  • Kom presis til timen, slik at du slepp å vente unødvendig lenge i lokala våre. Er det fint vêr, anbefaler vi at du venter ute på tilvist plass. Håndspriting av hender når du kjem og når du går frå avdelinga. Det er eit ønske om at toalettet vårt blir nytta kun når det er heilt nødvendig.
  • Vi må unngå handhelsing og all nærkontakt som ikkje er relatert til undersøking og behandling.
  • Det er svært viktig at du ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon; feber, hoste, forkjølelse o.l. når du kjem til behandling.
  • Ring oss på telefon for å bestille time, legg igjen beskjed eller send ein SMS dersom vi ikkje har anledning til å ta telefonen. Vi ringer deg opp igjen så fort vi har moglegheit. Det er forventa noko ventetid pga. redusert kapasitet i avdelinga. Var du pasient hos oss då vi måtte stenge, tek vi kontakt med deg i løpet av kort tid.

Vi gler oss til å sjå deg att!

Beste helsing Bente og Lena
Tlf. 952 17 971

Smittevern for helseverksemder med ein-til-ein-kontakt - 20.04.2020

Frå i dag kan fysioterapeutar, psykologar og andre helseverksemder med ein-til-ein-kontakt ha ope att, men ei rekke smittevernfaglege råd gjeld.

Forbodet mot å overnatte på fritidseigedom oppheva - 20.04.2020

Vi viser til pressemelding frå regjeringa datert 07.04.2020

Der står det mellom anna at forbodet mot å overnatte på fritidseigedom blir oppheva per 20.04.2020.

Dette gjeld for heile landet.

Med andre ord - ein kan nå overnatte på hyttene sine att.

Opning av barnehagen neste veke - 17.04.2020

Fylkesmannen har i møte 16.04.2020 orientert om at dei fleste barnehagar ikkje klarar å opne for fullt frå 20.04.2020.

Fyresdal barnehage kjem til å fordele personalet på fleire grupper enn vanleg og har difor valt å ha redusert opningstid i perioden 20.04.2020–30.04.2020. Opningstida vil vere frå kl. 07.00 til kl. 15.00. Opningstida er sett frå kl. 07.00 mellom anna for å nå personal i pleie og omsorg og eventuelle pendlarar. Vi held ope 8 timar per dag. Vi er sjølvsagt fleksible på tida i enkeltsaker, spesielt for tilsette i pleie og omsorg. Fyresdal barnehage håpar at dette er til det beste for alle.

Fylkesmannen presiserer at dette er ein strategi både for smittevern og for å kunne opne på ein trygg og god måte. Kommunane kan redusere opningstida si innanfor normal betalingsordning. Det vil seie at sjølv om det nå blir redusert opningstid ein periode, må føresette likevel betale som vanleg. Dei familiane som av ulike grunnar vel å ikkje ha barnet sitt i barnehagen nå, må også betale som vanleg, dersom det ikkje er påvist kronisk alvorleg sjukdom eller at dei seier opp plassen. 

Fylkesmannen presiserer også at det er trygt for barnehagebarn å vere i barnehagen.

Vi ynskjer små og store hjarteleg velkomne tilbake til barnehagen!

Utvida generell dispensasjon for bruk av snoskuter - 17.04.2020

Som ein konsekvens av corona-pandemien og hytteforbodet som opphøyrer per 20.04.20, har Fyresdal kommune gitt ein utvida dispensasjon for samtlege gyldige skuterløyve i kommunen, fram til og med 30.04.2020.

Vi ber alle som ferdast i heia om å fylgje Folkehelseinstituttet sine råd for god smittehygiene.

God tur!

Bestill og hent på biblioteket - 16.04.2020

Nå kan du bestille bøker, filmar og lydbøker frå Fyresdal bibliotek og hente ved døra!

Du kan bestille på fleire måtar:
Reservere i katalogen vår på nett, sende oss ein e-post, sende oss ei personleg melding via sida vår på Facebook, eller ta ein telefon.

Søk i katalogen vår og finn det du vil låne her.

Vil du reservere sjølv og ikkje har lånenummer/pinkode, får du det av oss – bare ring.
Vi er ved telefonen tysdag kl. 10.00-15.30, onsdag kl. 17.00-20.30, torsdag kl. 12.00-15.30 og fredag kl. 10.00-15.30.

Fjernlån mellom bibliotek er ikkje mogleg akkurat nå.
Bøkene/lydbøkene/filmane du kan låne er difor avgrensa til samlinga til Fyresdal bibliotek.

Kontaktinformasjon:

Nå kan du òg levere i den svarte kassa ved døra.

Og ja, vi tek smittefaren på alvor! Alt vi får inn, blir sett i karantene. Alt vi låner ut, har vore i karantene. Vi vaskar ofte og bruker bare heilt nye posar til det du vil låne.

1. mai- og 17. mai-feiring avlyst - 14.04.2020

Den tradisjonelle feiringa av 1. mai og 17. mai blir dessverre avlyst i år.

Jamfør dei nasjonale føringane på dette som seier at forbodet mot kultur- og idrettsarrangement (og andre arrangement) som ikkje ivaretek grunnleggjande krav til smittevern vil gjelde fram til 15. juni.

Det er opp til 17. mai-komiteen å ta stilling til ei eventuell alternativ feiring. Ei alternativ fering må då sikre LÅG fare for spreiing av viruset, jf. nasjonale føringar.​

Krisepakke til idrett, kultur og frivilligheit - 14.04.2020

Arrangørar i frivillig- og idrettssektoren som har avlyst, stengd eller utsett arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med corona-viruset kan få kompensasjon. Det er sett av 700 millionar kroner til kompensasjonsordninga for idretten og frivilligheita. 

Frå tysdag 14. april kan frivillige lag og organisasjonar søke om kompensasjon.

Sjå nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet for informasjon, rettleiing og spørsmål og svar. 

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit).

Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.

Nasjonale tiltak etter påske - 07.04.2020

Statsminister Erna Solberg uttalte i ettermiddagens pressekonferanse at ein vil forsøke å opne samfunnet gradvis og kontrollert.

I fyrste omgang skal dette gjerast via desse tiltaka (informasjonen er henta frå regjeringen.no, derav på bokmål):

Barnehager og skoler

20. april: Barnehagene kan åpne. Forutsetningen er at dette kan gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte. Barnehagene kan bruke tiden frem til 27. april for å forberede åpningen dersom de trenger det.

27. april: Skolene åpner for 1.–4. trinn i grunnskolen. Skolefritidsordningen åpner også. Videregående skoler åpner for elever på VG3 som følger yrkesfaglig løp i skole og yrkesfagelever på VG2. Forutsetningen er at dette kan gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte.

Det vil bli laget en veileder og kompetanseopplegg slik at skoleeier og ansatte får tydelige, konkrete råd om hvordan de skal forholde seg. Det blir unntak for barn i risikogruppene og for barn som lever sammen med familiemedlemmer i risikogruppene, for å minimere risiko for alvorlig sykdom. Disse vil fortsatt få fjernundervisning.

27. april: Universiteter, høyskoler og fagskoler åpner for noen studenter og ansatte. Studenter og ansatte i rekrutteringsstillinger som er helt i sluttfasen av sine studier og prosjekter, og som er helt avhengige av utstyr på lærestedet, kan få komme tilbake til universiteter, høgskoler og fagskoler fra 27. april.  De må følge de samme reglene om avstand som i arbeidslivet, og jobbe hjemmefra når det er mulig.

Hytter

20. april: Forbudet mot å overnatte på fritidseiendom oppheves.

Virksomheter

20. april: Mange helsefaglige virksomheter med en-til-en-kontakt, som fysioterapeuter og psykologer, har ikke hatt mulighet til å drive sin virksomhet fullt ut. Nå vil de kunne drive mer som vanlig dersom forskriftsfestede krav om smitteverntiltak følges. Det skal utvikles bransjestandarder i samråd med Folkehelseinstituttet og bransjen.

21. april: Tjenester med en-til-en-kontakt som frisører og hudpleiere vil kunne holde åpent hvis de oppfyller krav om smitteverntiltak. Før gjenåpning skal det utvikles smittevernkrav i samarbeid mellom bransjen og Folkehelseinstituttet. Dersom bransjeavtale om smittevern kan overholdes, kan også slike virksomheter åpne tidligere enn 27. april.

Andre tiltak

  • Foresatte som krysser landegrenser for å ha samvær med mindreårige barn, skal ikke i karantene på ordinært vis. Dette iverksettes raskt.
  • Forbudet mot kultur- og idretts- og andre arrangementer som ikke ivaretar grunnleggende krav til smittevern vil gjelde frem til 15. juni.
  • Idrettsaktiviteter kan gjennomføres når Helsedirektoratets anbefalinger om avstand og grupper følges.
  • Kommunene pålegges å sørge for at de som skal i karantene eller isolering kan oppholde seg på hotell eller annet sted anvist av kommunen.
  • Sykehusene skal forberede for normal drift etter påske.
  • Helsedirektoratet skal sammen med fylkesmennene arbeide for at kommunene gjenoppretter normal aktivitet i helse- og omsorgstjenesten.
  • Kommunene får et forsterket krav om å ivareta utsatte barn.

Her kan du lese heile pressemeldinga som omtalar tiltaka over: regjeringen.no

Her kan du lese alle aktuelt-saker frå regjeringa: regjeringen.no

Søk hjelp dersom du opplever vald i nære relasjonar - 06.04.2020

Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak for å hindre smittespreiing av coronaviruset og beskytte befolkninga. Vald i nære relasjonar er uakseptabelt uansett situasjon. Hjelpe- og støttetenestene skal derfor så langt som mogleg halde ope i denne utfordrande tida.

Kor kan du søke hjelp?

Dersom du er utsatt for vald i nære relasjonar, er redd for at du kan utøve vald, eller mistenker at andre rundt deg er utsatt for vald, ta kontakt med ei av tenestene du finn her:

Lokale smitteverntiltak for campingplassar og bubilparkering - 03.04.2020

Campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Fyresdal kommune blir stengde i perioden 03.04.2020–13.04.2020.

Kommunelegen i Fyresdal kommune har gjort følgjande lokale smitteverntiltak:

Lokale smitteverntiltak – campingplassar og bubilparkering

Regjeringa og helsestyresmaktene har forlenga gjeldande nasjonale smitteverntiltak fram til 13.04.2020. Lokale styresmakter kan i medhald av «Lov om vern mot smittsomme sykdommer» (smittevernloven) § 4-1, 1 ledd, vedta andre tiltak som lokalt blir vurdert som nødvendig for å ivareta smittervernet i kommunen. Kommunelegen kan i medhald av smittevernloven § 4-1, 5 ledd, utøve kommunestyret sitt mynde i hastesaker. 

Med heimel i smittevernloven § 4-1, 1 ledd bokstav a,  jf. § 4-1, 5 ledd, gjer kommunelegen følgjande vedtak:

§ 1. Campingplasser og bubilparkering skal haldast stengde. Unntak gjeld for dagsbesøk for å ivareta naudsynt tilsyn og vedlikehald.

§ 2. Fyresdal kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagte tiltak.

§ 3. Forskrifta trer i kraft 03.04.2020 og gjeld til og med 13.04.2020. Forskrifta kan bli oppheva tidlegare dersom det ikkje lengre er behov for avgrensingane, jf. smittevernloven § 4-1, femte ledd.

Bakgrunn for vedtaket:

Det er påvist smitte av Covid-19 i alle landets fylke. Nokre av smittetilfella har ikkje utgangspunkt utanfor Noreg. Smittespreiinga blir best avgrensa ved å følgje dei nasjonale føringane for hygiene, reiser og åtferd. Denne avgrensinga kan og styrkast gjennom målretta lokale tiltak.

Regjeringa har innført nasjonalt hytteforbod, men campingplassar og bubilparkeringar er ikkje underlagt dette forbodet.

Fyresdal kan vente seg eit visst innrykk av bubilturistar i påska, og dette kan representere moderat auke i smittepresset lokalt.

Med dei klare reiseråd regjeringa gjev og det nasjonale hytteforbodet finn kommunelegen det rett å avgrense moglegheitene for camping- og bubilovernatting i Fyresdal i perioden 03.04.2020–13.04.2020. Tidsavgrensinga er i samsvar med det regjeringa har sett for sine tiltak.

Det må gjerast ny vurdering av tiltaket før 13.04.2020, jf. den vurderinga regjeringa har varsla den 08.04.20.

Forskrifta er sendt til lysing på Lovdata.

Rettleiing og anbefalingar om idrettsaktivitet - 03.04.2020

Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiing og anbefalingar til korleis forbodet mot idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet kor personar møtast fysisk, skal forståast. Rettleiinga inneheld mellom anna ei avklaring om kva forbodet betyr.

Innbyggarar i Vest-Telemark kan nå søke om sosialhjelp digitalt - 30.03.2020

Pressemelding frå NAV Vest-Telemark 30.03.2020:

Nå kan innbyggarane i Vest-Telemark søke om sosialhjelp digitalt

Innbyggarar i Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal kan nå velge å søke sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema. Den nye løysinga gjer at innbyggarane kan søke heimefrå heile døgnet, også via mobilen sin.

Fram til nå har innbyggarane i Vest-Telemark måtta søke om økonomisk sosialhjelp på papir. Spesielt etter at koronapandemien kom og NAV-kontora begrensa sine opningstider på grunn av smittefare, har det å måtte sende post eller reise til postkassa utanfor NAV-kontora for å levere papirsøknad kunne opplevast som tungvint.

Enklare å søke

Gerd Kari Skaalen, NAV Vest-Telemark er derfor veldig fornøgd med å få denne løysinga på plass nå, og håpar det vil gjere det enklare for dei som har behov for å søke om sosialhjelp.

- Innbyggarane forventar at sosialtenesten er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, seier Gerd Kari Skaalen.

Logg inn på nav.no

For å søke sosialhjelp digitalt må ein logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar. Erfaringane frå dei kommunane som har tatt løysinga i bruk er gode og at mange brukarar føretrekke å søke digitalt. Søkarar som av ulike årsakar ikkje kan eller vil benytte seg av den digitale kanalen, kan framleis bruke papirsøknad.

Treng ein hjelp til utfyllinga, kan ein ringe NAV Vest-Telemark direkte på 406 32 381 og få rettleiing over telefon.

Kontaktperson for meir informasjon:

Gerd Kari Skaalen, leiar ved NAV Vest-Telemark, telefon 958 32 211.

Kjære hytteeigar med bustadsadresse utanfor Fyresdal kommune - 26.03.2020

Per 24.03.2020 vidareførte regjeringa alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset. Dette gjeld då også forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Vi oppmodar dykk innstendig om å respektere dette.

Alle tiltaka blei vidareført til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Paragrafen som omhandlar forbodet lyder slik:

«Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.»

Ikkje tilgang til å gje dispensasjon

Vi ber dykk om å ikkje kontakte kommunen for å be om dispensasjon, då vi ikkje har tilgang til å gje dette. Unntaka kjem tydeleg fram av forskrifta.

Ingen lokale vedtak per 26.03.2020

Vi har ikkje fatta eigne vedtak om begrensing av innreise, utreise eller karantene for personar frå andre kommunar eller område i Noreg og vi har heller ikkje fatta noko eige vedtak om å stenge campingplassane i kommunen vår.

Men – igjen – så ber vi dykk om å respektere nasjonale føringar som seier at vi bør halde oss mest mogleg i ro, altså reise minst mogleg.

Eit spørsmål om kapasitet

Forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune er ikkje innført for å hindre spreiing av viruset, men fordi helsetenestene i kommunane ikkje har kapasitet til å ta hand om hyttebebuarar i tillegg til eigne innbyggarar.

Skårmoen open att frå veke 14 - 26.03.2020

Etter kontakt med Miljødirektoratet har Renovest fått råd om å halde avfallsmottaka og attvinningsstasjonane sine opne for publikum.

Det vil derfor vere ope som vanleg på Skårmoen frå måndag 30.03.2020, med nokre restriksjonar.

Opningstida på Skårmoen er måndagar kl. 14.00-19.00.

NB! Renovest anbefalar oss å ikkje rydde loft og kjellar i desse dagar, dersom dette fører til auka behov for å levere avfall...

Regjeringa vidarefører alle tiltaka - 24.03.2020

Regjeringa vidarefører alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset.

Tiltaka gjeld til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Nokre av dei viktigaste tiltaka som blir vidareført er:

  • Dei strenge hygienetiltaka fortset. Folk må halde fysisk avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hoste i papir eller olbogekroken.
  • Ute i det offentlege rom bør folk ha minst ein meters avstand til andre menneske. Når ein er ute bør ein ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe – med unntak av dei som er i familie eller i same husstand. Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre, men det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.
  • Alle landets barnehagar, barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet og andre utdanningsinstitusjonar held stengt.
  • Barnehagebarn og barn på småskuletrinnet med foreldre som har samfunnskritiske funksjonar fortset å få eit tilbod i sin barnehage og skule.
  • Reglane om karantene og isolasjon etter kontakt med smitta (smittekarantene) blir vidareført. Dersom du har vore i nær kontakt med nokon som har fått påvist koronavirus skal du vere i karantene i 14 dagar. Dersom du har vore  på utanlandsreise skal du vere i karantene i 14 dagar frå den dagen du kom heim. Dersom du har fått påvist eller testast for koronavirus, må du isolerast. Det betyr at du må halde deg heime heile tida og ikkje gå ut. Dersom testen er negativ skal du fullføre karanteneperioden.
  • Reglane for karantene ved innreise til Noreg frå utlandet (reisekarantene) blir vidareført med dei unntak og presiseringar som gjeld per i dag.
  • Reglane om bortvising av utanlandske statsborgarar som ikkje bur eller jobbar i Noreg ved grensa blir vidareført, med dei unntak og presiseringar som gjeld per i dag.
  • Grensekontrollen på indre Schengen-grenser blir forlenga.
  • Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling forbys å reise til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser, foreløpig ut april 2020.
  • Kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs er forbode.
  • Alle verksemder i serveringsbransjen, med unntak av serveringsstader der det er servering av mat, det vil seie kantiner og stader som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand, blir haldne stengte.
  • Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssenter, symjehallar, badeland og liknande blir haldne stengte.
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking (piercing) og liknande blir haldne stengte.
  • Forbodet mot opphald på hytter og fritidseigedomar blir oppretthaldt.
  • Alle landets trafikkstasjonar blir haldne stengte.
  • Kollektivtransporttilbodet blir oppretthaldt. 

Vil du vite meir?

Foreldres rett til omsorgspengar blir dobla - 23.03.2020

Foreldre kan få omsorgspengar for å vere heime med barn når skular og barnehagar over heile landet er stengt. Men situasjonen rundt corona-utbrotet er uavklart og omsorgspengedagane (sjuke-barn-dager) kan fort bli brukt opp. Derfor blir talet på omsorgsdagar for alle foreldre nå dobla.

FHI: Meld ifrå ved mistanke om corona - 20.03.2020

Folkehelseinstituttet har i dag saman med Norsk Helsenett publisert løysinga "Meld fra ved mistanke om koronavirus", som legg til rette for sjølvrapportering av symptom frå alle innbyggarar.

Dette er eitt av fleire tiltak for å få oversikt over smitte i Noreg.

Løysinga skal brukast av deg som i løpet av dei siste sju dagane har hatt symptom som kan skyldast corona-virus.

Du må logge deg inn som bruker av løysinga for å melde ifrå om du har symptom.

Nokon å snakke med? - 20.03.2020

Har du mange tankar og bekymringar om dagen? 

Sit du heime og føler deg litt einsam?

Ta gjerne kontakt med oss på legekontoret på 35 06 73 00 eller psykisk helse på 975 61 574 (Gudny) / 482 06 598 (Randi). Du treff oss alle vekedagar kl. 08.00-15.30.

Det finst mange telefontenester, nettsider og chatte-moglegheiter kor du kan få råd, rettleiing og nokon å snakke med.

Her er nokre tips:

  • Kors på halsen: Barn og unge som treng nokon å snakke med kan ringe til Røde Kors-telefonen for barn og ungdom på 800 33 321 eller sende ei melding via nettsidene deira korspahalsen.no.
  • Frivillighetens Koronalinje: Nylig etablert av Norske Kvinners Sanitetsforening og Nasjonalforeningen for folkehelsen i samarbeid med Helsedirektoratet. Du treff dei på 23 12 00 80 (open alle dagar kl. 09.00-15.00).
  • Mental Helses hjelpetelefon: Denne hjelpetelefonen er eit døgnope tilbod der du kan få nokon å snakke med når livet er vanskeleg. Du treffe dei på 116 123. Sjå også hjelpetelefonen.no.
  • Kirkens SOS: Dette er ein døgnopen kriseteneste som også er open på heilagdagar. Dei tilbyr ei anonym og uforpliktande samtale på krisetelefonen eller kontakt via chat på nettsidene deira. Du treff dei på 22 40 00 40 og kirkens-sos.no.
  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (nå døgnopen pga. corona-situasjonen).
  • Bekymringstelefonen til Pensjonistforbundet: 948 56 004 (open alle kvardagar kl. 9.00 og 14.00).
  • Pårørendelinjen (ein hjelpetelefon for pårørande i alle aldrar): 909 04 848 (open alle kvardagar kl. 09.00 og 15.00).
  • Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte: Eit døgnope, landsdekkande gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og voksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte. Telefon: 800 57 000 og nettside: hfsm.no.

For fleire hjelpetelefonar og nettstader, sjå psykologforeningen.no

Betaling for barnehage og SFO - 20.03.2020

Det vil ikkje bli sendt ut faktura for opphald i barnehage og SFO for den tida som dette tilbudet er stengt.

Faktura med forfall 20.04.2020 for desse tenestene vil såleis falle bort.

Forbod mot å overnatte på fritidseigedomar - 20.03.2020

Mange har framleis ikkje reist frå hyttene sine.

Regjeringa innfører derfor per 19.03.2020 eit forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Forskrifta gjeld til og med 03.04.2020.

  • Les nyheita om innføring av hytteforbod på regjeringen.no
  • Les den aktuelle forskrifta Forskrift om endring i forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19 på lovdata.no
  • Les også Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19 på lovdata.no

NB!

Per 24.03.2020 vidareførte regjeringa alle tiltaka som er iverksett for å bekjempe utbrotet av corona-viruset. Dette gjeld då også forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Alle tiltaka er vidareført til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga.

Mellombels ordningar frå skatteetaten - 19.03.2020

  • Lav sats for meirverdiavgift reduserast frå 12 til 8 prosent i perioden frå og med 20.03.2020 til 31.10.2020. Dette gjeld persontransport, overnatting, allmennkringkasting samt adgang til kino, idrettsarrangement, fornøyelsesparkar og opplevingssenter.
  • Fristen for innbetaling av fyrste meirverdiavgiftstermin utsettast frå 14.04.2020 til 10.06.2020.
  • Fristen for innbetaling av andre termin forskotsskatt for selskap utsettast frå 15.04.2020 til 01.09.2020.
  • Fristen for innbetaling av arbeidsgjevaravgift utsettast frå 15.05.2020 til 15.08.2020.

Til alle næringsdrivande i Fyresdal – Næringslivets kontakttelefon - 17.03.2020

Fyresdal kommune opprettar i samarbeid med Fyresdal Næringshage ei kontaktlinje for næringsdrivande i Fyresdal som har behov for råd og rettleiing i samband med corona-krisa.

Ei rekke ordningar har dei siste dagane kome frå styresmaktene som er retta inn mot næringslivet. Alt er ennå ikkje klart, og fleire av ordningane vil trenge tid før dei trer i kraft. Det er likevel slik at mange av verksemdene i Fyresdal vil kunne nytte seg av desse ordningane.

Personar tilknytt Fyresdal Næringshage vil vere tilgjengeleg for ein prat om desse sakene. Ingen spørsmål er for små – ingen for store. Her er det bare å ta kontakt. Fyresdal Næringshage er ein del av eit større nettverk i Telemark som hjelper til på same viset, og har tilgang på god informasjon. Det vil også bli oppretta ei eiga informasjonsside om alle ordningar som vi kan vise til i Telemark.  

For mange av dykk vil ein akutt svikt i omsetning medføre behov for å finne måtar til å sikre likviditeten i selskapa de har. Fleire av ordningane som nå er innført har økonomisk effekt, men fyrst etter noko tid. Fokus på tiltak som kan gje effekt på kort sikt vil

Typiske problemstillingar vi kan bidra med informasjon kring:

  • Forklaring av nye ordningar for permittering, permitteringsvarsel og dagpengar. På dette feltet har det kome nye ordningar som gir stort handlingsrom. Ekpertisen på desse felta sit i NAV, og god kontakt med NAV er viktig i denne fasa.
  • Endra reglar for sjukepengar.
  • Særlege reglar for enkeltpersonføretak/sjølvstendig næringsdrivande.
  • Nye reglar for innbetaling av forskotsskatt, arbeidsgivaravgift og moms. Her er ting i endring, og vi vil prøve å ha oppdatert kunnskap om desse sakene og hjelpe til med å forklare kva det betyr for deg.
  • Endra skattereglar i høve til underskot i 2020.
  • Statlege lånegarantiordningar – korleis kan dette få effekt for mindre verksemder ?

Merk at fleire av ordningane som er foreslått ennå ikkje er operative i praksis. NAV må finne løysingar på korleis dette kan gjennomførast i praksis. Det kan bety at ein rimeleg sikkert veit at pengane kjem, men ikkje når. Det er derfor viktig at ein i denne perioden også har god kontakt med sin lokale bank. Vi håpar å kunne gje deg som treng det god informasjon du også kan bruke ovanfor banken din.

For kontakt: Fyresdal Næringshage

Fyresdal kommune: 35 06 71 00. Dei kan formidle kontakt vidare.

Olav A. Veum: 901 38 998, olav.veum@silvaconsult.no

Kristin Vedum: 932 59 472, kristin.vedum@silvaconsult.no

Vi svarar på spørsmål etter kapasitet. Det kan hende ein ikkje får svar med ein gong, men då kan ein legge igjen beskjed eller sende e-post, så tar vi kontakt.

Dette er ei prøveordning. Vi veit ikkje kor stort behovet er, men ønskjer å gjere det vi kan for å bistå næringslivet som er så viktig for Fyresdal. Ordninga kan bli endra, men går inntil vidare fram til påske – kanskje lengre.

Informasjon og råd til barn, unge og familiar frå psykolog Guro Anna - 17.03.2020

Kjære barn, unge og familiar i Fyresdal kommune!

Her finn du samla informasjon og råd om korleis vi kan møte kvarandre og snakke saman i denne spesielle tida

Ta vare på kvarandre! 

Helsing frå Guro Anna Wyller Odden, psykolog i kommunen

Vil du bidra som frivillig? - 16.03.2020

Fyresdal kommune ynskjer frivillige som kan vere med å sikre gode kommunale tenester i desse corona-tider - dersom det blir naudsynt.

Det kan bli ulike oppgåver innan helse og omsorg.

Vil du bidra?

Ta kontakt med Anne Veum på telefon 951 77 421 med informasjon om kva kompetanse og ressurs du sit inne med.

På førehand takk!

Informasjon frå heimetenesta og pleie- og omsorgssenteret per 13.03.2020

Håndhygiene

Heimebuande som mottek heimetenester blir med dette oppfordra til å legge til rette for at helsepersonell som kjem heim til den enkelte har moglegheit til å gjennomføre god håndhygiene. Vi ber om at pårørande også bistår, og ser til at det kjem på plass hos den enkelte.

Det inneber at du har:

  • Flytande såpe. IKKJE såpestykke.
  • Tørkepapir/tørkerull. IKKJE håndklede.

Antibac har vi alltid tilgjengeleg sjølve.

Vedrørande besøk frå befolkninga i heimar som mottek heimetenester

Heimetenesta kan ikkje nekte brukarar å motta besøk frå befolkninga, men vi ynskjer på det sterkaste å oppmode om at ein nå viser ekstra omsyn til dei mest sårbare. Kroniske sjukdommar og nedsett immunforsvar gjer at enkelte er meir sårbare for smitte. Heimetenesta vil ta direkte kontakt med brukar og/eller pårørande i dei tilfelle vi vurderar det som ekstra viktig å begrense besøk for å førebygge.

Ved behov for helsehjelp/vurdering på kveld og helg for andre enn dei som har tenester

Vi vil minne om at dersom du har behov for helsehjelp eller vurdering på kveld og helg, MÅ den enkelte ta kontakt med legevakta på telefon 116 117. 

Mvh leiinga ved POS og heimetenesta

Barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar stengt per 12.03.2020

Helsedirektoratet har 12.03.2020 vedtatt omfattande tiltak for å hindre spreiing av covid-19 og for å bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstenester.

Fylgjande informasjon er henta direkte frå Helsedirektoratet si nettside (derav på bokmål):

Stenging av barnehager, skoler og utdanningsinstitusjoner

Helsedirektoratet har vedtatt å stenge barnehager, skoler og utdanningsinstitusjoner. Dette gjelder fra klokken 18.00 torsdag 12. mars til og med torsdag 26. mars 2020. Tiltakene kan bli forlenget.

  • Barnehager
  • Barneskoler
  • Ungdomsskoler
  • Videregående skoler
  • Universiteter og høyskoler
  • Andre utdanningsinstitusjoner

Opprettholde skole- og barnehagetilbud til visse grupper

Det er viktig å opprettholde virksomheten i helse- og omsorgstjenester og andre kritiske samfunnsfunksjoner, samt å unngå at personer i risikogrupper brukes til barnevakt.

Ledere av barnehager og rektorer ved barneskoler må derfor sørge for et tilbud til barn av foreldre, som jobber i helse- og omsorgstjenesten, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner.

Dette gjelder følgende grupper:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

Det samme gjelder for barn med særlige omsorgsbehov som ikke kan ivaretas når barnehage, skole eller andre dagtilbud er stengt.

Stenging og forbud

Helsedirektoratet har besluttet forbud mot og stenging av:

  • Kulturarrangementer
  • Idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet både innendørs og utendørs
  • Alle virksomheter i serveringsbransjen, med unntak av serveringssteder der det foregår servering av mat, det vil si kantiner og spisesteder som kan legge til rette for at besøkende kan holde minst 1 meters avstand.
  • Servering av mat skal ikke skje som buffet. Serveringsbransjen omfatter restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssentre
  • Virksomheter som tilbyr frisørtjenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking(piercing) og liknende
  • Svømmehaller, badeland og liknende

Detalj- og varehandel og arrangementer

Detalj- varehandel vil holde åpent. Det er ingen grunn til å hamstre mat. Dagligvarebutikkene vil holde åpent.

Forbud mot utenlandsreiser for helsepersonell som jobber med pasientbehandling

Helsedirektoratet har vedtatt at helsepersonell som jobber med pasientbehandling forbys å reise til utlandet. Forbudet gjelder både tjenestereiser og privatreiser. Kostander vil bli kompensert.

Vedtaket gjelder fra i dag 12. mars kl 18.00 og foreløpig ut april 2020.

Reiser

Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser. 

Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.

Alle som kommer fra reiser utenom Norden, skal i hjemme-karantene i 14 dager, uavhengig om de har symptomer eller ikke. Dette har tilbakevirkende kraft. Det vil si at, at hvis du kom hjem fra et land utenfor Norden mandag 9. mars, gjelder karantenen fra da.

Kollektivreiser og jobbe hjemme

Kollektivtransporttilbudet opprettholdes. Grunnen til dette er at folk med kritiske samfunnsfunksjoner skal komme seg til og fra jobb og kunne holde avstand til hverandre.

Det innføres adgangskontroll i helseinstitusjoner

Helsedirektoratet anmoder om å ikke besøke personer i institusjoner med sårbare grupper (eldre, psykiatri, fengsel osv.

Det innføres restriksjoner for besøkende til alle landets helseinstitusjoner og innføring av adgangskontroll for å ivareta smittevern for pasienter i landets helseinstitusjoner. Personer som har risiko for å være smittet skal avvises fra alle landets helseinstitusjoner. Helsedirektoratet vil gi råd til helsetjenesten om dette.

Du kan lese meir på Helsedirektoratet si nettside