Når september kjem og fuglejakta nærmar seg, er det tid for sauesanking. Ofte merkar sauen sjølv at hausten er på veg og byrjar å trekke mot bygda.

Eit stort oppbod av tobeinte og firbeinte sankarar saumfarar beiteområda, og jobbar etter nøye planlagde og innarbeidde metodar, ikkje minst er gjetarhundane til stor hjelp i dette arbeidet. Dette kan vere flotte dagar i fjellet, men surt dersom vêrgudane slår seg vrange. Sauene blir samla i sanketrøer rundt om, for etterpå å bli skilt ut, slik at den enkelte eigar kan få med seg sine dyr.  

I Fyresdal er det tradisjon kvart år for at ein kan kome å sjå når sauene kjem frå fjellbeite. På vestsida av Fyresvatn - i Fardal - blir det skipa til samling av innabygds og utabygdes folk som vil ha med seg denne hendinga.