Betalingsautomaten på helsehuset er av merke Melin. 
 
Fakturagebyret på betalingsautomaten på helsehuset er kr 69,-.
Fakturagebyret skal dekke kostnader for administrasjon og utsending av faktura.
 
Kven mottek faktura med gebyr? 
 
  • Pasientar som ikkje har betalt på betalingsterminalen innan 48 timar.
  • Pasientar som ikkje møter til avtalt time.
  • Pasientar som ynskjer å utsette betalinga og vel å få tilsendt faktura.
Angåande fakturering via betalingsterminalen:
 
Faktura blir hovudsakleg sendt elektronisk, i form av sms eller e-post. Dersom det er registrert ei e-postadresse på pasienten vil betalingsopplysningane bli sendt per e-post; dersom det ikkje er tilfellet vil det bli sendt per sms.
 
Dersom det ikkje er registrert e-postadresse eller telefonnummer på pasienten, eller pasienten er over 75 år, vil det bli sendt faktura per post. Det vil då kome på eit miljøgebyr på kr 10,-, i tillegg til fakturagebyret.
 
Dersom du som pasient ynskjer å motta faktura elektronisk kan du sjølv registrere dette på pasientsky.no
 
Ta gjerne kontakt med helsehuset ved spørsmål.