Vil DU bli ein del av vårt lag, og jobbe som sjukepleiar i pleie og omsorg i ein av Noregs vakraste kommunar? Då har vi jobb til deg! Fyresdal kommune har no ledig 2 x 100 % faste stillingar for sjukepleiarar. 

Vi ynskjer oss sjukepleiarar som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktige, empatiske, initiativrike, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi har eit ungt miljø i sjukepleiegruppa, og spelar kvarandre gode.

Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver. Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar. Vi deltek i fagutvikling, forbetrings- og endringsarbeid, kompetanseheving innanfor klinisk vurderingskompetanse og tek i bruk teknologi og digitale løysingar der det kan bidra til å understøtte meistring og medverknad.

Arbeidet vil i hovudsak bestå i å yte god pleie og omsorg, drive pasientretta arbeid, ta vare på pasientar og pårørande i samarbeid med tilsynslege og/eller spesialisthelseteneste, og til tider tekniske prosedyrer som iv-behandling og handtering av smertepume o.l. til dei mest sårbare gruppene i samfunnet, eldre og skrøpelege pasientar i livets siste fase. Vi har også nokre rehailiterings- og observasjonspasientar.

Kommunens slagord er «Gjer draumen levande», og dette ser ein att i tilboda til både innbyggjarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte.

Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1240 innbyggjarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggarane våre.

I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med "Leve hele livet"-reforma og kva som er pålagd i helse- og omsorgslovgivinga.

Målet er å syte for at alle innbyggarane som har behov for helse- og eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi  ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på viktigheita av god ernæring og eit variert tilbod om fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar; 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar.

Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar, medan somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrer, rehabilitering og palliasjon.

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, i tillegg til å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode!

Vi ynskjer DEG med på laget!

Sektor for helse og omsorg søker 2 sjukepleiarar til pleie og omsorg i 100 % fast stilling frå 01.12.2021, eventuelt så snart som mogleg.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar

Arbeidsoppgåver:

  • Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging
  • Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av medarbeiderane i pleie og omsorg
  • Samarbeid med andre i eit ungt fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten
  • Medikamenthandtering

Vi søker personar som:

  • Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande og jobbar personsentrert
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har god evne til å jobbe sjølvstendig
  • Er ansvarsfulle og stabile
  • Har høg etisk standard
  • Er fleksible, kreative og løysningsorienterte
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø
  • Likar utfordringar
  • Beherskar norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til (alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon)
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • 35,5 timars veke; arbeid i årsturnus med dag-/kveldsvakter og helg (vi har også langvakter for dei som ynskjer det; sjukepleiar jobbar langvakter i helg, turnus er under arbeid, mogleg løysing med 4. eller 6. kvar helg)
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen
  • Barnehage og skule er lokalisert i sentrum

Fyresdal kommune blei i 2020 kåra av UNICEF som den beste oppvekstkommunen i landet!

Her kan du sjå meir frå Fyresdal:

Du finn også mykje informasjon om den flotte kommunen vår her: fyresdal.kommune.no.

Kontaktperson ved spørsmål:

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar pleie og omsorg Gry S. Åmlid på telefon 35 06 71 88/159 eller mobil 907 70 830.

Tilsettingsvilkår:

  • Den som blir tilsett bør ha førarkort kl. B
  • Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, mellom anna 6 månadar prøvetid
  • Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest

Søknadsfrist:

Søknadsfristen er utsett til søndag 21.11.2021.

Velkomen som søkar!

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla til intervju fortløpande innanfor søknadsfristens utløp.
Ved intern tilsetting kan andre stillingar på avdelinga bli ledige.
Vi ber om at du brukar elektronisk søknadsskjema.