Spørsmål?

Har du spørsmål om skatt og avgift, ta kontakt med Guro Libjå på telefon 35 06 71 04 eller e-post guro.libja@fyresdal.kommune.no.

Kontonummer

Kontonummer for innbetaling av skatt er 6345.06.08310. Hugs kidnummer!

Endre ditt kontonummer

Du kan endre kontonummeret ditt dersom du ynskjer at pengane skal kome inn på ein annan konto enn den som er oppgitt i skattemeldinga di. Det gjerast på ALTINN. Fristen for å endre kontonummer avheng av når du får skatteoppgjeret ditt. Ver ute i god tid før du forventer å få skatteoppgjeret. Er du for seint ute, får du pengane til den kontoen som står på skattemeldinga din.

Bruk godkjente kontoar

Skatteoppkrevjaren kan ikkje sette beløpet inn på annan bankkonto enn den du sjølv har valt. Dei konti som du kan velje i sjølvbeteningsløysinga er kontoar som du eller bedrifta sjølv eig. Dette er for å sikre at beløpet blir utbetalt til rett person eller bedrift. Du er sjølv ansvarleg for å vurdere kor egna kontoen er. Kontonummer som krev KID kan ikkje nyttast. 

Dette må du dokumentere om du vil endre hos skatteoppkrevjar

Som privatperson må du legitimere deg og legge ved bevitna kopi av skriftleg legitimasjon, eller legge fram gyldig legitimasjon ved personleg frammøte. 

For næringsdrivande er det dagleg leiar for firmaet, eller den dagleg leiar har gitt fullmakt til, som må skriftleg bekrefte at kontoen kan nyttast. Det må sendast med dokumentasjon som viser at kontoen tilhøyrer selskapet.