Frå 1. november 2020 overtok Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har hatt. Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Oppgåvene som blei overførte til Skatteetaten 1. november var mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Det er altså ikkje lengre skatteoppkrevjar (kemner) i Fyresdal kommune, og det er dessverre ikkje mogleg å få hjelp til spørsmål knytt til f.eks. restskatt.

Næraste fysiske skattekontor er nå i Bø (ev. Skien).

Merk at ein ikkje kan sende e-post til Skatteetaten, bare elektronisk skjema og chat, ev. ringe dei.
NB. Hugs å bestille time hos dei på førehand, dersom du ynskjer eit fysisk møte.

Sjå skatteetaten.no og skatteetaten.no/kontakt for meir informasjon.