Frå 1. november 2020 overtar Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har i dag. Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter denne datoen er det ikkje lengre skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Meir informasjon vil bli lagt ut på skatteetaten.no.

Oppgåvene som blir overførte til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.