Det er bevillingsplikt og drikkeforbod i forsamlingslokale og andre lokale som vanlegvis er tilgjengelege for offentlegheita, offentlege møte, utstillingar osv.

Alle arrangement der skjenking mot vederlag/betaling skal finne stad vil alltid vere bevillingspliktige.

Ein utleigar må informere leigetakarar om fylgjande:

Dersom det skal nytast alkoholhaldig drikk i lokalet, må leigetakar søke kommunen om skjenkebevilling i god tid før arrangementet.

Når trengs det skjenkebevilling?

  • Når det skal skjenkast alkohol mot betaling på eit arrangement, anten direkte eller indirekte via inngangspengar eller på annan måte
  • Når det skal skjenkast alkohol utan å ta betalt dersom:
    • Nokon andre enn arrangøren skal kjøpe inn alkohol til arrangementet (t.d. eit cateringselskap)
    • Arrangøren sjølv skal kjøpe inn alkohol og kven som helst kan delta på arrangementet, eller berre påmeldte kan delta, men kven som helst kan melde seg på arrangementet
  • Dersom den som leiger ut lokalet bidrar til gjennomføring av arrangementet, t.d. stille med personale (servitør, vakter og liknande) eller med mat og/eller alkohol

Når trengs det ikkje skjenkebevilling?

Dersom ein skal drikke og skjenke alkohol utan skjenkebevilling ved eit forsamlingslokale, må fylgjande (alle) krav vere oppfylte:

  • Skjenkinga skal skje vederlagsfritt/utan betaling (t.d. at gjestene tar med sjølve)
  • Lokalet skal disponerast av eigar, leigetakar eller leigast av privatpersonar
  • Lokalet skal nyttast til eige bruk – til «slutta selskap»

Krav til «slutta selskap»

Ved «slutta selskap» skal ikkje skjenkinga byrje før det er danna ein slutta krets av personar som samlast for eit bestemt formål i eit bestemt lokale. Kretsen må ikkje vere open for utanforståande. Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den/dei som inviterer til selskapet. Det er ikkje tilstrekkeleg at ein skriv seg på liste eller kjøper billettar. Døme på slutta selskap er bryllaup, konfirmasjon og bursdagslag.

Døme på arrangement som ikkje oppfyller lovens krav til «slutta selskap»:

  • Vanlege medlemsmøte i ei foreining
  • Samankomstar for idrettslag, klubbar og organisasjonar
  • Studentfestar og russearrangement
  • Arrangement som har avgrensa tilgang, men kor det ikkje føreligg nødvendig tilknyting til den/dei som inviterer

NB. Politiet kan stenge eit arrangement som skjenker alkoholhaldig drikk utan å ha bevilling, jf. alkoholloven § 1-8a.

Det er ikkje lov å nyte medbrakt alkoholhaldig drikk på tilstellingar med skjenkebevilling.
Det er ikkje lov å nyte medbrakt alkoholhaldig drikk på tilstellingar som er opne for ålmenta.

Søknadsskjema

Serverings- og/eller skjenkebevilling
Skjenkebevilling - einskildarrangement / ambulerande