Det er fastsett tre moderasjonsordningar i SFO:
1. 12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn
- dette legg vi inn som trekk i fakturagrunnlaget
- foreldre treng ikkje å søke på denne ordninga
2. Redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1.–4. trinn
- desse skal maksimalt betale 6 % av inntekta si til SFO.
- foreldre må søke på denne ordninga
3. Gratis SFO for elevar med særskilte behov på 5.–7. trinn.
- regelen viser til Opplæringslovas § 13-7 og «barn med særskilte behov» må forståast i samsvar med regelen
Slik søker du:
Søknad om redusert foreldrebetaling sender du via søknadsskjema på Fyresdal kommune si nettside.
Du må betale full pris for SFO-plassen fram til søknaden er godkjent. Dersom du søker seinare i året vil eit eventuelt vedtak gjelde frå den månaden kommunen har motteke søknaden.
Søkar må dokumentere husstandens samla bruttoinntekt ved å sende inn siste års sjølvmelding. Dersom sjølvmeldinga ikkje viser den reelle årsløna kan de sende inn ut i frå aktuell situasjon:
For arbeidstakarar:
- kopi av siste månads lønsslipp eller
- ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram
- ved permisjon utan løn, må ein dokumentere dette
For sjølvstendig næringsdrivande:
- stadfesting frå regnskapsførar/revisor på forventa inntekt
- kopi av siste næringsoppgåve
For arbeidsledige:
- kopi av siste utbetaling frå NAV
For heimeverande:
- ingen krav til inntektsdokumentasjon ut over sjølvmelding
For studentar:
- kopi av studentbevis eller stadfesting av studie
SFO-tilbod gjeld automatisk frå søknadstidspunkt til og med 4. klasse, med mindre ein gjer endringar eller seier opp plassen.
Eventuelt vedtak for redusert foreldrebetaling gjeld for 1 år av gongen.
Dersom inntekt i familien blir endra i løpet av året, må kommunen få tilsendt oppdatert dokumentasjon på den nye inntekta.