Oppgåva er å drive helsefremjande og førebyggjande arbeid gjennom å gje råd, veiledning, gjennomføre helseundersøkingar og vaksinasjonar, og har ei viktig rolle i mobbesaker. Skulehelsetjenesten samarbeider med heimen, skule og ulike samarbeidspartnere.

Helsesjukepleiar ynskjer å medvirke til at barn og unge aktivt er med på å påvirke eige liv, slik at den enkelte skal oppleve god helse/trivsel og bli mest mogleg tilfreds med tilværelsen.
Den viktigaste delen av arbeidet er å vere tilstades for den enkelte elev og foreldre, når dei tek kontakt for samtale, råd eller veiledning. Helsesjukepleiar har fast trefftid på skulen, og foreldre og elever kan ta kontakt med helsesjukepleiar uten forhåndsavtale.

Her ser du skulehelseprogrammet: 

1. klasse: Skulestartundersøking ved helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut.
2. klasse: Vaksine DTP-IPV med samtale om helsa.
3. klasse: Synstest, høgde- og vektmåling. 
4. klasse: Tannhelse ved Fyresdal tannklinikk.
5. klasse: Undervisning om kosthald og pubertet + fysioterapeut observerer motorikk.
6. klasse: MMR-vaksine + samtale om helsa. 
7. klasse: HPV-vaksine for gutar og jenter.
8. klasse: Individuell samtale. Synstest, høgde- og vektmåling.
9. klasse: Undervisning om samliv og seksualitet saman med 10. klasse.
10. klasse: Vaksine (DTP-IPV). Undervisning om samliv og seksualitet.