Dersom laget dykkar har planar om å søke spelemidlar, må de gje melding til kulturkontoret snarast. Det er idrettsrådet som prioriterer tiltaka, før saka blir sendt til behandling i kommunestyret i haust.

Det er mykje pengar å hente i spelemiddelordninga, men det krev at ein er ute i god tid med planlegging. Tak gjerne kontakt dersom det er noko du lurar på! Dersom de har planar, er det viktig at kulturkontoret får tilbakemelding i god tid før budsjettprosessen startar i kommunen. 

Frist for innspel er 15.09.2021.

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet:
Alle anlegg ein skal søke spelemidlar til, må vere omtala i kommunedelplan ”Plan for kulturbygg, idrett og friluftsliv”, samt i handlingsplan.

Kulturkontoret