Barn og ungdom mellom 9 og 18 år (frå komande 4. klasse), les her!
I sommar, i veke 26 til 32, vil det bli arrangert ulike aktivitetar ved bryggeparken, på fjellet og rundt omkring i bygda. Aktivitetane blir vil bli delt inn i aldersgrupper. Dei fleste aktivitetane vil gå føre seg på onsdagar, og for det meste på dagtid. Vi har mellom anna planlagt tur med turlaget, sykkelrebus, sandvolleyballturnering, padletur og rappellering.
Klikk her for meir informasjon om aktivitetane og påmelding til dei.
Sommarjobb under sommaraktivitetane for barn og unge?
Er du mellom 15 og 20 år, og vil du vere med å lage til ein minnerik sommar for barn og unge i Fyresdal? Ja, då er dette ein jobb for deg! Vi treng 3-5 ungdommar per dag.
Klikk her for meir informasjon om jobben og korleis du søker på den.