Barn og ungdom mellom 9 og 18 år – les her!

I sommar i veke 25 til 34, vil det bli arrangert ulike aktivitetar ved bryggeparken, på fjellet og rundt i bygda.

Aktivitetane vil bli delt inn i aldersgrupper (sjå under). Den fyrste aktiviteten er planlagt ein torsdag og den siste ein fredag, men elles går dei andre aktivitetane på onsdagar, og dei vil i utgangspunktet gå føre seg på dagtid (vi kjem tilbake med meir eksakt tidspunkt når det nærmar seg).

Aktivitetar som er planlagt er:

  • Veke 25, torsdag : Padletur og St.Hans-feiring ved Midtvatn/Fiskebustøylen (15-18 år)
  • Veke 26, onsdag : Fjelltur til Roan (alder 14-18 år)
  • Veke 27, onsdag : Sykkeltur til badestrand, der vi et lunsj saman og badar (9-18 år)
  • Veke 28, onsdag : Fjelltur til Søtdalsvarden (alder 9-13 år)
  • Veke 29, onsdag : Beachdag med vannscooter, båt med tubekøyring, bading, grilling (alle)
  • Veke 30, onsdag : Sandvolleyballturnering (12-18 år), invitert ungdom frå Nissedal.
  • Veke 30, onsdag : Sykkelrebus i og rundt sentrum (9-18 år)
  • Veke 31, onsdag : Mesternes Mester-dag, oppgåver tatt frå TV-programmet, ungane skal jobbe saman i lag, som blir dela inn av oss (12-18 år)
  • Veke 34, fredag : Konsert ved brygga med Heux og Stina Tylling (alle som vil)

Aktivitetane er vêravhengige, blir det skikkeleg ruskevêr, så blir arrangementet avlyst eller det kjem eit alternativ.

Arrangementa er gratis. Det vil bli servert lunsj kvar gong utanom fjellturen til Roan og Søtdalsvarden, og sykkelturen til badestranda, då må ein ha med niste.

Vi treng påmeldning til dei ulike dagane, for å vite at vi er nok folk og at vi har nok mat.

Send ein mail til nina.breivik@fyresdal.kommune.no innan søndag 22. mai.

Vi håpar at mange har lyst til å vere med oss desse dagane og skape gode sommarminne!

Sommarjobb i samband med sommarktivitetar for barn og unge

Er du mellom 15 og 18 år, og vil du vere med å lage til ein minnerik sommar for barn og unge i Fyresdal? Ja, då burde du søke på denne jobben!

I veke 25 til 32 skal vi ein dag i veka ha sommaraktivitet for barn og unge i alder 9-18 år. Det vil variere korleis vi kjem til å dele opp i aldersgrupper utifrå kva aktivitet det er. Eksempel på aktivitetar er beach-dag, med vannscooter-køyring, båt-køyring med tube, grilling og bading. Mesterens mester-dag, som vil vere ein dag med utgangspunkt i oppgåver frå dette programmet,  sandvolleyballturnering, fjelltur, sykkelrebus, padling, sykkeltur til badestrand og utekonsert.

Jobben din vil vere å hjelpe til med førebuing/tilrigging, gjennomføring og rydding isbm. dei ulike dagane. Talet på timar per dag vil variere, men vil bli frå ca. 5 til 8 timar. Dei fleste arrangementa vil bli gjennomførte på onsdag, torsdag eller fredag, dagtid/ettermiddag, utanom grill- og konsertkveld og padletur, den blir på kvelden. Vi vil skrive arbeidskontrakt og du vil få timesbetaling etter tariff. 

Vi har tenkt at det må vere 3-5 ungdommar per dag, så de må skrive kva dagar du tenker at du kan vere med på.

Om dette kunne vere noko for deg, send ein søknad til nina.breivik@fyresdal.kommune.no, eller lever den på legekontoret, innan søndag 22. mai.

I søknaden må det stå namn, tlf.nr., kor gamal du er, kva du likar å halde på med på fritida, kva du er god på, kva du ser for deg at du kan hjelpe til med og kva dagar du kan kome. 

Har du spørsmål, ta kontakt med Nina Breivik på tlf. 976 65 505 eller mail nina.breivik@fyresdal.kommune.no.

Hjelp til ulike oppgåver i samband med sommaraktivitetar for barn og unge

I samband med sommaraktivitetane for barn og unge treng vi litt hjelp til ulike oppgåver som:

  • Klargjering og tilstelling av måltid
  • Turvenn
  • Dommar på sandvolleyballturnering
  • Sykkelfølge
  • Vakt på konsert
  • Vere ein trygg vaksen

Håper mange har lyst til å bidra og lage ein minnerik sommar for barn og unge i Fyresdal!

Om du kunne vere interessert i å bidra med noko, ta kontakt med Nina Breivik på tlf. 976 65 505 eller mail nina.breivik@fyresdal.kommune.no innan søndag 22. mai.