Fyresdal kommune har søkt og fått ca. kr 145 000,- frå Utdanningsdirektoratet for å drive sommarskule i 2021!
 
Målet med sommarskulen er å gje fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulens sommarferie. Gjennom ulike tema, praktisk og fysisk aktivitet, og kulturopplevingar skal sommarskulen bidra til fagleg påfyll, glede, meistring og spennande opplevingar. Tilbodet skal bidra til å motivere elevar i heile grunnskulen, busett i Fyresdal kommune.  Tilbodet skal vere gratis.
 
Vil DU bidra?
Kultur og oppvekst ynskjer å nå ut til ulike aktørar som kunne tenke seg å bidra til å gjere sommaren 2021 til ein flott sommar for alle barn i kommunen, der førebygging og inkludering skal vere i fokus. Vi håpar på mange gode forslag og eit variert sortiment!
 
Tilbodet frå aktør må innehalde:
  • Namn på aktør/tilbydar
  • Organisasjonsnummeret til aktør/tilbydar
  • Ei god beskriving av tilbodet
  • Tenkt målgruppe/aldersgruppe
  • Tenkt størrelse på gruppa (kor mange deltakarar)
  • Periode for opplegg (må vere i perioden 22.06–18.08.2021)
  • Enkelt totalbudsjett, inkl. lønn
Frist 15. mai 2021
Arbeidsgruppa i kultur og oppvekst vil etter fristen vurdere tilboda og ta kontakt med aktør/tilbydar. Etter dette blir tilboda marknadsført med påmeldingsfrist. Då må aktør/tilbydar skaffe politiattest.
 
Send inn!
Send tilbodet ditt til postmottak@fyresdal.kommune.no innan 15. mai!
 
Spørsmål?
Ta kontakt med kommunalsjef kultur og oppvekst, Liv Johre-Bakke, på 35 06 71 08 eller 977 60 221.
 
Vi gler oss!