Sommarskulen 2021 er eit gratis tilbod til elevar i grunnskulen med bustad-adresse i Fyresdal!
 
Sommarskulen er eit tilbod for elevar som ynskjer å bruke litt av sommarferien til å lære noko nytt, fordjupe seg i eit tema eller berre få nokre nye og kjekke opplevingar og nye vennskap! Vi har fine, flotte opplegg du kan vere med på i sommar! Sjå berre her:
 
Overnattingstur på Vestheiane
Dette er tilbodet for deg som ynskjer å lære om orientering, disponere krefter, inntak av rett næring til rett tid, natur og kulturkunnskap i området, næring i området, ta vare på kvarandre og livsmestring. Heitur med to overnattingar på DNT sine hytter på Vestheiane Nystøyl og Nutevasshytta. Avslutning på Kvipt.
  • Arrangør: Anne Lise Greivstad, telefon 986 64 025
  • Kven kan søke: 10–16 år, maks 15 deltakarar 
  • Kor: Vestheiane
  • Når: 23.–25. juni 2021

Praktisk informasjon: Oppmøte ved Torsdalsdammen i Kleivgrend kl. 10.00. Arrangør kjøper mat på hyttene. Elles må du ha ein dagstursekk, gode klede og sko, samt sovepose/lakenpose. Du får pakkeliste av arrangør når du er påmeldt.

Målekurs på Galleri Merleyn
Dette er tilbodet for deg som ynskjer å lære meir om måling på store lerret, der ein jobbar lag i lag for å få fram motivet gjennom kontrast og sjablongar.
  • Arrangør: Judith Bouman, telefon 916 41 202  
  • Kven kan søke: 12–16 år, maks 7 deltakarar 
  • Kor: Gimle skule
  • Når: 24.–25. juni 2021
Praktisk informasjon: Oppmøte kl. 10.00 fyrste dag utanfor hovudinngangen på Gimle. Ta med matpakke.
 
Teknologi og kreativitet
Dette er tilbodet for deg som ynskjer å lære meir om blant anna laserskjering, 3D-printing og programmering med arduino.
  • Arrangør: Fyresdal folkeverksted, Oddbjørn Valentin Remen Svendsen, telefon 482 06 687
  • Kven kan søke: 13–16 år, maks 10 deltakarar 
  • Kor: Fyresdal Folkeverksted, næringshagen
  • Når: 02.–06. august 2021, tysdag, onsdag og torsdag: kl. 09.00–15.00
Praktisk informasjon: Fyrste dag er det oppmøte utanfor Teisner klokka 09.00.
 
Mini-rideleir
Dette er tilbodet for deg som ynskjer å lære om hest, riding og stell. Her får du kjennskap til dyr, stell av hest – oppsaling, sits og tøylegrep, ridebanens vegar, ryttarens hjelpar, stemme, sete, sjenkel og hånd. Det vil og bli lagt inn aktivitetar, noko om hest og nokon andre, som å lage bålmat, pusse utstyr, leikar som hesteskokasting, boksen går og andre morosame ting.
  • Arrangør: Hugljufur Islandshest forening, Janne Teksle, telefon 415 03 188
  • Kven kan søke: 8–12 år, maks 12 deltakarar 
  • Kor: Dynga, Molandsmoen
  • Når: 10.–12. august 2021, kl. 09.00–15.00
Praktisk informasjon: Ta på eigna rideklede og ridehjelm om du har. Har du ikkje hjelm, ordnar vi dette.
 
Frist for påmelding er 15. juni 2021!
  • Påmelding til postmottak@fyresdal.kommune.no. Merk søknaden med (skriv i emnefeltet på e-posten): Sommarskule 2021.
  • Hugs å skrive kva tilbod du ynskjer (i prioritert rekkjefylgje).
  • Alle kursa er gratis!
  • Du kan søke på fleire alternativ. Dersom det er fleire søkarar enn plassar, blir det trekt lodd om deltaking på kursa. 
  • Kvar elev melder inn prioritert rekkefølge på kurs dei ynskjer å delta på. Vi prøver å gje alle plass på første prioritet. 
  • I svaret vil du få beskjed om du har fått plass på det ønska kurset, eller om du er på venteliste.
  • Dersom du likevel ikkje ønsker plassen, håpar vi at du melder deg av så snart du kan, slik at andre kan få plassen. Dersom ein melder seg av sommarskulen etter 20. juni kjem eit gebyr på kr 200,-.
  • Fråvær/sjukdom skal meldast direkte til arrangør for kurset.
  • Når du har meldt deg på vil du ev. få ytterlegare informasjon frå arrangør.
  • Dersom det blir under 50 % av maks deltakarar på eit kurs vil dette mest sansynleg falle bort og søkar vil få beskjed.