Fyresdal kommune har valt å inngå eit spennande samarbeidsprosjekt med dei to avdelingane av Kirkens SOS som befinn seg i vårt fylke – Kirkens SOS Telemark og Kirkens SOS Tunsberg. Kommunen fekk eit tilbod om å delta i prosjektet «SOS-frivillighet på nye måter og nye steder» ved årsskiftet, og i eit møte 07.05.2021 blei grunnlaget lagt for eit forpliktande samarbeid.

- Prosjektet passar godt inn i kommunens satsing innanfor psykisk helse, og vi trur det finst mange gode krefter i vårt område som kan bidra til dette viktige sjølvmordsførebyggande arbeidet, uttrykker Liv Johre-Bakke, kommunalsjef kultur og oppvekst og Hanne Colling Nilsson, kommunalsjef helse og omsorg. 

Kirkens SOS er Noregs største døgnopne og sjølvmordsførebyggande kriseteneste som via telefon og internett kan nåast av alle som treng nokon å snakke med. Krisetenesten svarar på ca. 500 førespurnader kvart døgn, og blir betent av frivillige medarbeidarar som får solid fagleg opplæring og oppfølging.

Kirkens SOS har opplevd ein stor pågang av førespurnader i korona-tida frå menneske som kjenner på ei vond einsemd. Fleire enn før uttrykker også sjølvmordstankar. Då Noreg stengte heilt ned 12.03.2020 la Kirkens SOS om drifta si frå å gjennomføre vaktene sine frå fysiske vaktrom til kvalitetssikra digitale heimekontor. Verksemda har gjennom pandemien også utvikla gode digitale opplegg for både undervisning og oppfølging. Dette gjev interesserte tilgang på ein spennande og givande frivilligarena, som tidlegere var begrensa til dei som budde i nærleiken av Kirkens SOS sine fysiske vaktrom.

Denne hausten startar det opp kurs som er skreddersydde for frivillige i vestre og midtre Telemark. Kurset vil bestå av både fysiske og digitale samlingar. Kirkens SOS håpar at kurset vil føre til 30 nye frivillige telemarkingar! Dei vil bli ein del av eIt nasjonalt nettverk på ca. 1200 frivillige. Det blir oppstart av prosjektkurset i Hjartdal 18. september, og innimellom digitale samlingar vil det bli laurdagstreff i både Fyresdal og Vinje. 

Her finn du meir informasjon og kursplan for innføringskurs, fortrinnsvis for søkarar frå Fyresdal, Vinje og Hjartdal, men andre er også velkomne til å søke dersom datoane passar!

- Vi håpar at fleire i Fyresdal kommune vil vurdere å bli frivillig i Kirkens SOS gjennom dette prosjektet. Erfaringen og kompetansen du får som frivillig tar du med deg vidare både i arbeidslivet og privat, seier Anne Line Diesen og Melle Aakenes.