Gimle skule har ledig eit vikariat som spesialpedagog i ca. 50 % stilling. 
Vikariatet gjeld i perioden 01.08.2021-31.07.2022.
 
Kvalifikasjonar:
Søkjar må ha relevant høgskuleutdanning, helst spesialpedagogikk.
 
Personlege eigenskapar:
  • God på relasjonsbygging
  • Tydeleg klasseromleiing og fokus på godt læringsmiljø 
  • God digital kompetanse
  • Fleksibel og gode evner til samarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
Tilsetjingsvilkår:
For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk. Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9. 
 
Kontaktperson ved spørsmål:
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med rektor Sarke Veum på telefon 35 06 71 94.
 
Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 14.06.2021.
 
Velkomen som søkar!
 
Vi ber om at de brukar elektronisk søknadsskjema.