Velkomne til både store og små!
Fyresdal symjehall ligg i sentrum av Fyresdal, mellom Gimle skule og idrettshallen.
- Bassenget er 25 meter, og det er badstue i begge garderobane.
- Fyresdal symjehall blei bygd i 1976/1977.
- Fyresdal symjehall er open frå fyrste onsdag i oktober månad til siste laurdag i april månad (mao. stengt i mai, juni, juli, august og september).
Reglar i symjehallen
- Du må vere 10 år eller eldre for å kunne vere åleine i bassenget. Du må sjølvsagt vere symjedyktig i tillegg.
- Du må vere 16 år eller eldre for å kunne vere med yngre sysken i bassenget. Du må sjølvsagt vere symjedyktig i tillegg.
- Det er totalforbod mot mobil i symjehallen! Dette pga. sikkerheita til ungane. I tillegg er det forbode å ta bilete og filme.
Ver venleg å sjå etter barna dykkar heile tida – ikkje la dei vere åleine i symjehallen!
Brukartider i symjehallen
Ved ynskje om å leige symjehallen utanom brukartidene, ta kontakt med avdelingsleiar teknisk drift.