#1omdagen er ei oppmoding frå Norsk Friluftsliv om å kome seg ut døra minst ein gong om dagen!

Målet er at det skal vere så lavterskel at alle kan gjere det på sin måte.

Visste du at så lite som ti minutt ute i naturen senkar stressnivået, og gjer at vi føler oss betre?

Døme på #1omdagen kan vere:

  • Set deg på ein stubbe og nyt dagsljoset
  • Luft nokons hund
  • Lag lunsj eller middag ute
  • Utforsk ein ny veg i nabolaget
  • Gå ut og tenn eit bål saman med nokon du er glad i
  • Gå ein kveldstur med hovudlykt
  • Er det snø – finn fram akebrett og leik i næraste bakke
  • Nyt morgonkaffien i husveggen eller på ein benk
  • Gå på fuglesafari i nærmiljøet
  • Gå ut og øv deg på kart og kompass

‚ÄčSlik blir du med: Kom deg over dørstokken og ut i frisk luft minst ein gong om dagen!

Hugs at naturen er open 24/7ūüĆŅ