Tenestekontoret har ansvar for sakshandsaming av søknader om kommunale helse- og omsorgstenester i kommunen og handsaming av vederlagsbetaling av tenester. Tiltaksteam er kommunens koordinerande eining. Tenestekontoret er lokalisert på Fyresdal pleie- og omsorgssenter.

  • Avlastning
  • Brukarstyrt personleg assistanse
  • Dag-/nattopphald
  • Fylgjekort for funksjonshemma
  • Heimehjelp og praktisk bistand
  • Heimesjukepleie
  • Individuell plan
  • Korttids- og rehabiliteringsopphald
  • Langtidsopphald
  • Omsorgsbustad
  • Omsorgsløn
  • Middagsombringing
  • Måltid frå POS (brødmåltid/fullkost)
  • Parkeringsløyve
  • Psykisk helse
  • Støttekontakt
  • Tryggingsalarm
  • Trygdebustad
  • Teneste rusomsorg

Tildelingskontoret har teieplikt og behandlar alle søknader og personlege opplysningar konfidensielt.

Hjelp til å skrive søknad eller klage på vedtak?

Tenestekontoret kan hjelpe deg med å skrive søknad. Men merk at du er ansvarleg for å gje oss dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden din. Dette inkluderer søknader der legevurdering er naudsynt. 

Du kan klage på alle vedtak. Tenestekontoret kan hjelpe deg med å skrive klaga. Klagefristen vil variere for dei ulike tilboda.