Barnehage og SFO
Betalingssatsar per 01.01.2025.
Barnehagen
Barnehagesatsane er regulert etter Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Eigenbetaling for barnehagen fylgjer maksimalsatsen vedteke av Stortinget. Frå 01.08.2024 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 1 500,- per månad.
Moderasjonsordningar i barnehagen
Det er to ulike moderasjonsordningar i barnehagen, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:
- Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien si samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt. Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, blir innvilga etter søknad. Betalingssatsen vil av denne årsak vere ulike for kvar og ein.
- Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i familiar med brutto inntekt mindre enn kr 642 700,-.
Skulefritidsordninga
Eigenbetaling for SFO er kr 35,- pr. time i skuleåret. Maksimal pris i heile skulen sin sommarferie kr 3 000,-.
Moderasjonsordningar i SFO
Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, innvilgast etter søknad:
- Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass/SFO-plass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sin samla hushald, dersom:
- a) maksimalgrensa for foreldrebetaling for eit år utgjer meir enn seks prosent av hushaldet si inntekt det siste året eller,
- b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eit år utgjer meir enn 6 % av hushaldet si inntekt.
- 12 timar gratis SFO for elevar i 1., 2. og 3. klasse.
- Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
Syskenmoderasjon
Syskenmoderasjon med 30 % reduksjon for andre barnet og 100 % reduksjon for tredje og påfølgjande barn. Gjeld både barn i barnehage og SFO.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- AvtaleGiro og eFaktura
- Eigedomsskatt 2024
- Gebyr arealoverføring
- Gebyr delingssøknad, jf. pbl. § 20-1 m
- Gebyr dispensasjonssøknad, jf. pbl. kap. 19
- Gebyr etter eigarseksjoneringslova
- Gebyr etter jordlova og konsesjonslova
- Gebyr etter matrikkellova
- Gebyr for private innsendte planar
- Gebyr grensejustering
- Gebyr klarlegging av eksisterande grense og klarlegging av rettar
- Gebyr oppretting av matrikkeleining
- Gebyr søknadspliktige tiltak med krav om ansvarleg føretak, jf. pbl. § 20-3
- Gebyr søknadspliktige tiltak utan krav til ansvarleg føretak, jf. pbl. § 20-4
- Kontonummer, Swift og Iban
- Leige av lokale idrettshallen
- Skatt
- Fyresdal barnehage
- Velkomen til barnehagen
- Søk om plass i barnehagen
- Planar for skule og barnehage
- Moderasjonsordningar i barnehagen - foreldrebetaling
- Foreldreråd og samarbeidsutval
- Betalingssatsar kommunale bustader
- Betalingssatsar kulturskulen
- Billett og årskort symjehallen
- Leige av lokale kulturhuset
- Betalingssatsar heimehjelp korttidsopphald, kjøp av mat, tryggleiksalarm
- Leige av lokale Gimle skule
- Gebyr feiing, kloakk, renovasjon, slamtøming, vatn
- Gebyr etter plan- og bygningslova
Sist oppdatert