Betalingssatsar for barnehage og SFO
Per 01.01.2026.
Barnehagen
Barnehagesatsane er regulert etter Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Eigenbetaling for barnehagen fylgjer maksimalsatsen vedteke av Stortinget.
Frå 01.08.2025 er maksimalgrensa for foreldrebetaling sett til kr 700,- per månad.
Moderasjonsordningar i barnehagen
Det er to ulike moderasjonsordningar i barnehagen, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:
- Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien si samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt. Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, blir innvilga etter søknad. Betalingssatsen vil av denne årsak vere ulike for kvar og ein.
- Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i familiar med brutto inntekt mindre enn kr 669 050,-.
Skulefritidsordninga
Eigenbetaling for SFO er kr 35,- pr. time i skuleåret. Maksimal pris i heile skulen sin sommarferie er kr 3 000,-.
Moderasjonsordningar i SFO
Moderasjonsordningar, avhengig av foreldra si samla brutto inntekt, innvilgast etter søknad:
- Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass/SFO-plass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sin samla hushald, dersom:
- a) maksimalgrensa for foreldrebetaling for eit år utgjer meir enn seks prosent av hushaldet si inntekt det siste året eller,
- b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eit år utgjer meir enn 6 % av hushaldet si inntekt.
- 12 timar gratis SFO for elevar i 1., 2. og 3. klasse.
- Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
Syskenmoderasjon
Syskenmoderasjon med 30 % reduksjon for andre barnet og 100 % reduksjon for tredje og påfølgjande barn. Gjeld både barn i barnehage og SFO.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- AvtaleGiro og eFaktura
- Eigedomsskatt 2025
- Skatt
- Gebyr for arealoverføring
- Gebyr for private innsendte planar
- Gebyr for dispensasjonssøknad
- Gebyr for delingssøknad
- Gebyr for søknadspliktige tiltak utan krav til ansvarleg føretak
- Gebyr for klarlegging av eksisterande grense og klarlegging av rettar
- Gebyr for oppretting av matrikkeleining
- Gebyr etter jordlova og konsesjonslova
- Gebyr etter matrikkellova
- Gebyr etter eigarseksjoneringslova
- Betalingssatsar for leige av lokale, idrettshallen
- Gebyr for grensejustering
- Gebyr for søknadspliktige tiltak med krav om ansvarleg føretak
- Vipps, kontonummer, Swift og Iban
- Gebyr etter forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn
- Velkomen til barnehagen
- Søk om plass i barnehagen
- Foreldreråd og samarbeidsutval
- Fyresdal barnehage
- Symjehallen - dagsbillett og årskort
- Betalingssatsar for kulturskulen
- Betalingssatsar for heimehjelp korttidsopphald, kjøp av mat og tryggleiksalarm
- Betalingssatsar for leige av lokale, kulturhuset
- Betalingssatsar for kommunale bustader
- Betalingssatsar for leige av lokale, Gimle skule
- Gebyr for feiing, kloakk, renovasjon, slamtøming og vatn
- Gebyr etter plan- og bygningslova
- Barnehage, skule og SFO 2025/2026
Sist oppdatert
