Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark
Bruk gjerne eDialog!
Med eDialog kan du trygt sende brev og dokument elektronisk, sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.
Treng barnet ditt hjelp, eller vil du melde ifrå om andre som gjer det?
Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der dei treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei vert tekne godt vare på.
Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til barnest beste er avgjerande.
Barnevernleiar og fagkoordinator
- Barnevernleiar er Gunn Annie Hellestad. Ho er å treffe på e-post gunn.annie.hellestad@vest-telemark.no.
- Fagkoordinator er Jorunn Solberg. Ho er å treffe på e-post jorunn.solberg@vest-telemark.no.
Måndag-fredag kl. 16.00-08.00, i helger og i høgtider kan barnevernvakta i Grenland kontaktast på tlf. 116 111.
Relatert informasjon
Sist oppdatert