Logopedisk undervisning og behandling

Logopedisk undervisning og behandling er spesialpedagogisk arbeid. Med bakgrunn i pedagogikk, gjennom undervisning og behandling, skal logopedar arbeide med diagnostisering, kommunikative prosessar og forebyggjande tiltak til beste for menneske som har desse vanskene.

Det er viktig å komme tidleg i kontakt med logopeden. Dette kan gjeras gjennom helsestasjon, barnehage, skule, vaksenopplæringssenter, sjukehus, PPT og kommuneadministrasjon.

Kva arbeider logopedar med?

  • Språkvanskar hos barn
  • Språkutvikling hos barn med forskjellige syndrom
  • Leppe-, kjeve-, ganespalte
  • Uttalevanskar
  • Dysartri
  • Stamming og løpsk tale
  • Afasi
  • Stemmevanskar
  • Spise- og svelgevanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • Kommunikasjonshjelpemidlar
  • Cochlea implanterte  

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?