Brann-beredskap
Brannvern og feiing
Vest-Telemark brann og redning IKS er eit interkommunalt samarbeid om førebyggande brannvern og brannberedskap mellom eigarkommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.
Beredskapen ligg i kvar kommune og brannmannskapa er deltidstilsette og har arbeidsavtale med kommunen.
Fyresdal kommune sin brannstasjonen ligg rett ved Verpe (krysset Fyresdalsvegen/Birtedalsvegen) og har adresse Fyresdalsvegen 2078.
- Feiefrekvens for bustader og fritidsbustader
- Kontaktinformasjon til brannførebyggarane i dei ulike områda
- Skjemaoversikt (melding om installasjon av ny eldstad, melding om overnatting, melding om arrangement og melding om mellombels campingplass)
Brenne bål eller bråte?
Bålbrenning er ein del av allemannsretten i Noreg. Det betyr imidlertid ikkje at det alltid er lov å brenne bål, eller at bål kan tennast under alle forhold. Det kan difor vere lurt å sette seg inn i reglane om bålbrenning, og å lære seg korleis ein kan brenne bål på ein trygg måte.
Forbod mot open eld i skogsmark
Det generelle bålforbodet gjeld i perioden 15. april til 15. september. Då er det forbode å gjere opp eld i og i nærleiken av skog og annen utmark, dette gjeld også bruk av eingongsgrill og bålpanne.
Det er tillatt å gjere opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann. Med «åpenbart ikkje medføre brann» meinast t.d. at det ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Vi gjer merksam på at du tenner på på eige ansvar og kan stillast til ansvar dersom bålet kjem ut av kontroll. Er du usikker på om det er trygt å tenne bål, så bør du la det vere!
Forbodet gjeld ikkje innmark (gårdsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og liknande område), men den generelle regelen om å vere aktsam gjeld sjølvsagt her også.
Dersom brannfaren er spesielt stor (t.d. ved fare for skogbrann), kan kommunen innføre forbod mot bruk av eld i bestemte område.
Reglane om bålbrenning blir styrt av Forskrift om brannforebygging § 3 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Brenne bråte eller bål?
Meld ifrå til 110-sentralen i Tønsberg på førehand - på servicenummer 33 31 41 10.
Bruk servicenummeret til ikkje-tidskritiske førespurnader og for testing av alarmoverføring på brannalarmanlegg.
Fyrverkeri - råd og reglar
- Det er berre lov å bruke fyrverkeri mellom kl. 18.00 og kl. 02.00 på nyttårsaften (jf. § 2-10 Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff).
- Det er 18-årsgrense for bruk av fyrverkeri (jf. § 2-5 Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff).
- Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid.
- Les brukarrettleiinga nøye før bruk.
- Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
- Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.
- Bruk tennstav.
- Bruk beskyttelsesbriller.
- Bøyg deg aldri over fyrverkeri som er tent på.
- Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt om det ikkje tenner ved fyrste forsøk.
- Hald god avstand frå oppskytinga.
- Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.
Tak omsyn til andre!
Hugs at fyrverkeri gjer dei fleste hundar/dyr livredde.
Sist oppdatert
