Eigenberedskap
Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) anbefalar at flest mogleg av innbyggarane i Noreg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke. Det inneber mellom anna å ha eit beredskapslager med mat og drikke for 7 dagar. Dette fordi kommunar og nødetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise.
Mat, vatn og straum
- Kva viss du ikkje får handla på ei veke?
- Kva skjer dersom det ikkje kjem vatn frå krana eller du ikkje får skylt ned i toalettet?
- Korleis vil du og dine næraste klare dykk viss straumen blir borte ein lengre periode?
Eigenberedskap handlar om å vere førebudd
Råd om eigenberedskap for verksemder
For å ha eit samfunn som fungerer godt i alle slags situasjonar, er det viktig at den enkelte verksemd har førebudd seg på å handtere ulike hendingar og kriser. Dette er viktig for verksemda sjølv, men også for alle som er avhengige av det verksemda leverer. Verksemder som har ein «plan B», gjer Noreg meir robust.
DSB anbefalar at alle verksemder har ein plan for kva dei gjer ved ulike kriser. Det vil bidra til å auke motstandskrafta mot alvorlege hendingar.
Her er fem konkrete råd for å styrke beredskapen i bedrifta di:
- Kartlegg kritiske område
- Vurder konsekvensane av forstyrringar eller stans
- Skaff oversikt over kva verksemda er avhengig av
- Gjennomfør tiltak for å sikre drift
- Ha ein plan for gjenoppretting og normalisering
Sist oppdatert
