Psykososialt kriseteam
Psykososialt kriseteam gjev omsorg og støtte ved ulykker og kriser. Med krise eller krisesituasjon meinast dramatiske og potensielt traumatiserande hendingar som kan svekke eiga fungering i kvardagen. Kriseteamet er ein del av kommunens akuttberedskap. Ved behov for teamet i samband med ulykker, krise eller katastrofer blir kriseteamet kontakta. Kriseteamet har ikkje fast responstid og responstida vil variere ut frå situasjon, tidspunkt og tilgjengeleg personell.
Kva kan psykososialt kriseteam bidra med?
Kriseteamet skal sikre og organisere støtte til menneske som har opplevd ulykker og kriser. Teamet vurderer ditt hjelpebehov og formidlar kontakt med andre instansar og helsetenester. I den første tida av akuttberedskapen har kriseteamet fokus på omsorg, informasjon, stabilisering, praktisk hjelp og støtte.
Kriseteamet er ikkje eit tiltak som blir utløyst ved ordinære sorg- eller tapsreaksjonar, som for eksempel ved uventa dødsfall med normal årsak. Det blir alltid gjort ei vurdering om dette er ei sak for kriseteamet, eller om det allereie er eit hjelpeapparat som kan ivareta dei berørte. Kriseteamet jobbar kun i akuttfasen og har ikkje mandat som «omsorgsberedskap» over lengre tid. Oppfølgingstiltak blir vurdert fortløpande, og personell med nødvendig kompetanse blir trekt inn i saka.
Korleis få hjelp frå psykososialt kriseteam?
Privatpersonar må henvende seg til politi, sjukehus eller legevakt ved kriser, og det er desse instansane som kan kalle ut kriseteamet.
- Politi: 02800 eller 112
- Legevakt: 116 117
- AMK: 113
Psykososialt kriseteam består av:
- Fagansvarleg psykisk helse og rus (leiar av kriseteamet)
- Koordinator førebyggande arbeid
- Sjukepleiar på helsestasjon
- Kommuneoverlege
- Representantar frå legekontoret
- Representant for heimesjukepleia
- Prostidiakon og sokneprest
- Politikontakt
- Representantar frå skulen
Sist oppdatert
