Deling av grunneigedom og oppmåling

Søkar (heimelshavar/grunneigar) sender rekvisisjon av kartforretning, situasjonsplan og nabovarsel til Fyresdal kommune.

Kommunen/plankontoret vurderer korleis saka skal behandlast vidare. Gjeld søknaden i LNF-området (Landbruk-, Natur- og Friluftsområde) går den vidare til rådgjevar landbruk for tilråding. Grunneigar må her betale eit gebyr. Ligg det føre søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningsloven, skal søknaden behandlast av formannskapet. Konsesjonssaker behandlast av landbrukskontoret.

Når søknaden har vore igjennom dei nødvendige instansar og vedtak fatta, går saka vidare til oppmålingsingeniøren for kartforretning og oppmåling. Etter oppmåling får tomta eit eige gards- og bruksnummer (eventuelt festenummer) i matrikkelen, før det blir sendt melding til tinglysing.

Matrikkelen er Noregs offisielle register over fast eigedom; bygningar, bustader og adresser.

På kartverket.no finn du meir informasjon om frådeling av ny eigedom Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

På kartverket.no finn du skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?