Apotek

Medisinleveranse til Fyresdal kjem frå Apotek 1 Seljord (gjeldande frå måndag 16.02.2026).

Kontaktinfo Apotek 1 Seljord

Opningstider Apotek 1 Seljord

  • Måndag-fredag kl. 09.00–18.00
  • Laurdag kl. 09.00–15.00

Leveranse berre på spesifikke dagar

Det vil kome medisinleveranse tysdagar, torsdagar og fredagar kl. 14.00.

Medisinane kjem med bodbil og vil som før bli leverte på Joker eller Spar, etter ditt ynskje.

Bestille / fornye resept på legekontoret

Ved bestilling / fornying av ein resept på Fyresdal legekontor, ver merksam på at legane har inntil 5 dagars behandlingstid på dette. Bestill i god tid!

Bestille medisinleveranse frå apoteket

  • For å få medisinleveranse til Fyresdal på ein tysdag, må du vere i kontakt med apoteket før kl. 10.00 på måndag.
  • For å få medisinleveranse til Fyresdal på ein torsdag, må du vere i kontakt med apoteket før kl. 10.00 på onsdag.
  • For å få medisinleveranse til Fyresdal på ein fredag, må du vere i kontakt med apoteket før kl. 10.00 på torsdag.

Vi oppmodar om fylgjande:

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?