Fyresdal tannklinikk
Status ved Fyresdal tannklinikk per mars 2025
Det er framleis inntaksstopp for nye, betalande pasientar ved Fyresdal tannklinikk. Dette er grunna langt etterslep og varierande kapasitet dei siste åra.
Ein offentleg klinikk er nøydde til å prioritere dei som har rett på gratis tannhelsehjelp. Det er born opp til 18 år, bebuarar ved institusjonar, menneske med heimesjukehjelp og dei nye gruppene som er frå 19 år til og med 28 år der staten dekker 75 % av utgiftene hos tannlegen. Vi gjer så godt vi kan, men diverre så vil vi nå framover ha fullt fokus på å prøve å kome ajour med prioriterte grupper.
Når det gjeld betalande pasientar som er knytt til tannklinikken allereie, og som har eit årleg innkallingsintervall, er vi litt bakpå. Normal innkallingsintervall per nå er 2 år. Så dersom ein ikkje har motteke innkalling enno, så er dette grunnen. Det kan også skje at det vil gå lengre tid enn to år. Dersom ein har behov for time oftare enn dette, ber vi dykk om å kontakte ein av dei private klinikkane rundt omkring i fylket; Kviteseid, Seljord og Bø.
Påska 2025
Det vil vere påskestengd på tannklinikken frå 14.04.2025 til og med 22.04.2025. Tannklinikken i Vinje er open alle virkedagar. Elles gjeld tannlegevakta i Grenland, tlf. 90 91 33 77.
Opningstider
Framover nå er det tannlege til stades kvar onsdag og torsdag. Telefonen er open kvar dag kl. 08.00-15.00. Til tider kan kontoret vere ubemanna, men telefonen vil då gå direkte til Vinje tannklinikk som kan hjelpe med endring av timar og svare på spørsmål knytt til Fyresdal tannklinikk.
Sist oppdatert