Psykisk helse og rus
Om tenesta
Psykisk helse- og rustenesta i Fyresdal kommune er eit kommunalt tilbod til barn, unge og vaksne som har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus.
Målet med tenesta er å bidra til auka meistring, betre livskvalitet og støtte i utfordrande livssituasjonar. Tilbodet blir tilpassa den enkeltes behov.
Tenesta legg vekt på håp, meistring, brukarmedverknad og den enkeltes ressursar. Gjennom rettleiing og oppfylging tek tenesta utgangspunkt i den enkeltes mål og støttar arbeidet med å bygge vidare på eigne styrkar for å oppnå auka meistring, større sjølvstende og ein meiningsfull kvardag.
Tenesta er gratis.
Kven kan få hjelp?
Tilbodet er tilgjengeleg for innbyggarar i alle aldrar. Ein treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med tenesta.
For barn i barnehage- og grunnskulealder er helsestasjonen og skulehelsetenesta dei primære tenestene for oppfylging av psykisk helse. Ved behov samarbeider helsestasjonen og psykisk helse- og rustenesta for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Ungdom kan få oppfylging av psykisk helse- og rustenesta når dette er formålstenleg, eller når oppfylging gjennom helsestasjonen eller skulehelsetenesta ikkje er ynskjeleg.
Tenesta sitt tilbod
Psykisk helse- og rustenesta tilbyr både lågterskeloppfylging og langvarig, vedtaksbasert oppfylging.
Tenesta omfattar:
- Kartlegging og vurdering av hjelpebehov
- Støttesamtalar
- Oppfylging ved psykiske helseutfordringar
- Oppfylging ved rus- og avhengigheitsproblematikk
- Støtte ved sorg, kriser og belastande livshendingar
- Motiverande samtalar og endringsarbeid
- Råd og rettleiing til pårørande
- Bistand til å styrke meistring i kvardagen
- Koordinering av tenester, ansvarsgrupper og individuell plan
Oppfylginga startar med ein kartleggingssamtale der behov og mål blir vurderte i samarbeid med den enkelte. Omfang og varigheit av oppfylginga varierer og blir vurdert ut frå individuelle behov.
Oppfylginga går som hovudregel føre seg på kontora til psykisk helse- og rustenesta.
Samarbeid
Psykisk helse- og rustenesta samarbeider mellom anna med:
- Fastlegane
- Helsestasjonen og skulehelsetenesta
- NAV
- Heimetenesta
- Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark
- Spesialisthelsetenesta
- Andre kommunale og interkommunale tenester
Ved behov blir det lagt til rette for tverrfagleg samarbeid for å sikre eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod.
Akutt hjelp
Psykisk helse- og rustenesta er ikkje ei akutt-teneste.
Ved behov for akutt hjelp skal fylgjande kontaktast:
- Fastlege i opningstida til legekontoret: 35 06 73 00
- Legevakt: 116 117
- Nødnummer: 113
Kontakt
Psykisk helse- og rustenesta held til i same bygg som Fyresdal legekontor. Kontora ligg skjerma i enden av korridoren til venstre frå venterommet på legekontoret, og er skilta.
Kontakt kan opprettast på fleire måtar:
- Ta direkte kontakt med Hanne i psykisk helse- og rustenesta på mobil 90 22 42 68 eller e-post hanne.lunde@fyresdal.kommune.no.
- Send søknad om kommunale pleie- og omsorgstenester via elektronisk søknadsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
- Be lege eller spesialisthelsetenesta (til dømes sjukehus eller psykolog) om å formidle kontakt.
Etter ei førespurnad blir situasjon og behov vurderte gjennom ein kartleggingssamtale med psykisk helse- og rustenesta. Deretter blir eventuelle tiltak og vidare oppfylging planlagt i samarbeid med den enkelte.
Nyttige lenker
- Helsestasjon og skulehelseteneste - FYRESDAL KOMMUNE Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark - FYRESDAL KOMMUNE Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Mental Helse.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Rådgjevande eining for russaker - FYRESDAL KOMMUNE Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Interkommunal psykologteneste - FYRESDAL KOMMUNE Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kultur, idrett og fritid - FYRESDAL KOMMUNE Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kva skjer i Fyresdal? Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Blå Kors ferier Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
