Rask Psykisk Helsehjelp

Kort fortalt om tilbodet hos Rask Psykisk Helsehjelp:

  • Tilbodet er for personar over 16 år busett i Vest-Telemark som har symptom på mild til moderat depresjon, angst, søvnvanskar eller begynnande rusproblem.
  • Hjelpa er basert på kognitiv terapi og eignar seg for deg som ynskjer å jobbe med deg sjølv. Tilbodet er kortvarig.
  • Tilbodet omfattar ikkje alvorlege psykiske lidingar, rus- eller sjølvmordsproblematikk.
  • RPH er ikkje eit akutt-tilbod. Ved behov for akutt hjelp, ring fastlege eller legevakt (116 117).

Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) er eit gratis tilbod. Du tek sjølv kontakt, utan tilvising frå fastlege. Det er viktig med høg grad av motivasjon, og ynskje om endring for å kunne nyttiggjere seg tilbodet.

Helsehjelp frå RPH er basert på kognitiv terapi og eignar seg for deg som ynskjer å jobbe med deg sjølv. Formålet er å lære nye strategiar for å meistre utfordringar i livet. Terapien rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar, kjensler og åtferd. Les gjerne meir på kognitiv.no. Lenke til et annet nettsted.

Hovudtilboda hos RPH er kurs og rettleia sjølvhjelp. I nokre tilfelle tilbyr dei eit kortvarig samtaleforløp. Rettleia sjølvhjelp inneber arbeid med oppgåver på eige hand, i kombinasjon med oppfylging frå ein terapeut. Ein kan bruke ulike typar verktøy: Bøker, videoar eller sjølvhjelpsprogram. RPH nyttar seg av assistert sjølvhjelp, som inneheld ulike sjølvhjelpsprogram på nett. Desse programma er basert på kognitiv terapi, og gir ein god moglegheit til å tileigne seg ny kunnskap og få konkrete verktøy til å handtere ulike utfordringar. Les gjerne meir på assistertselvhjelp.no. Lenke til et annet nettsted.

RPH har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.

Rask psykisk helsehjelp er eit tverrfaglig samansett team i Vest-Telemark med brei og god kompetanse. Alle har lang erfaring med å jobbe med psykiske helseutfordringar i kommune- og spesialisthelsetenesta. Alle tilsette har vidareutdanning i psykisk helse/rus og kognitiv terapi.

Tilsette i teamet:   

  • Eva Margrethe Ellingsen – sosionom, avdelingsleiar, kognitiv terapeut
  • Anne Lise Storkaas Forberg – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Toril Aasmundstad – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Ingunn M.D. Birkeland – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Marika Alva Bjørge – psykolog/kognitiv terapeut

Tilbodet er for deg som er over 16 år, bur i Vest-Telemark og som:

  • Har psykiske plager i lett til moderat grad, som t.d. angst, nedstemt, søvnvanskar eller stress.
  • Har relativt nye plager som du ynskjer hjelp til å handtere.
  • Er motivert for å jobbe med eigne tankar og kjensler, og ynskjer å delta aktivt i eiga endring.

RPH er eit lågterskeltilbod for milde til moderate psykiske plager. For enkelte kan det vere behov for meir omfattande hjelp enn det RPH tilbyr.

Tilbodet passar ikkje for personar som:

  • Har alvorlege psykiske lidingar eller omfattande diagnosar
  • Har langvarige og store utfordringar med rus
  • Har fått mykje behandling tidlegare, allereie er i behandling, eller ventar på behandling
  • Har samansette vanskar og treng langvarig oppfylging
  • Primært ynskjer hjelp med relasjonelle utfordringar (f.eks. samliv, familie, sosialt nettverk)

Dersom du ikkje er i målgruppa for RPH, vil dei hjelpe deg vidare til rett instans. Det kan til dømes vere avdeling for psykisk helse og rus i kommunen, fastlegen din, Familievernkontoret, spesialisthelsetenesta eller andre aktuelle tilbod.

1. Tankevirus

Tankevirus er ein premiert metode (Helseprisen 2016) som blir retta mot førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plager. Tankevirus er basert på normalpsykologi og grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi, og beskriv logiske feilslutningar som ulike "tankevirus" som kan bli kan behandla med "psykologiske vitamin." Les gjerne meir på tankevirus.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Tankevirus er eit kurs for deg som ynskjer å lære om korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det.

Kurset går over 3 gonger, ca. 1,5 time kvar gong:

  • Samling 1: Vårt psykologiske immunforsvar
  • Samling 2: Tankevirus
  • Samling 3: Psykologiske vitamin

Kurset er gratis.

Påmelding til kurs/grupper gjer du via dette skjemaet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

For informasjon eller spørsmål, ta kontakt på 90 67 01 30 eller rph@vest-telemark.no.

2. Stå opp - søvnbehandling

Tilbodet er for deg som har langvarige søvnvanskar/insomni. Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarige søvnvanskar. Kjerneelementa til behandlinga er søvnrestriksjon og stimuluskontroll. Dette er velkjende og godt dokumenterte metodar i behandling av kroniske søvnvanskar. Behandlingsprogrammet er også kvalitetssikra gjennom systematisk innsamla data i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og resultata er presenterte i ein vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforeining, august 2020.

Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutinar, og kva endringar du kan gjere for å få betre søvn. Behandlinga er krevjande for deltakarane, men effektiv. Det er viktig at du er motivert, og klar til å gjere endringar i søvnen. Du jobbar på eigenhand med det du har lært i gruppa mellom samlingane.

Kurset er gratis.

Påmelding til kurs/grupper gjer du via dette skjemaet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

For informasjon eller spørsmål, ta kontakt på 90 67 01 30 eller rph@vest-telemark.no.

3. Introduksjon til kognitiv terapi

Dette er eit praktisk, lett tilgjengeleg lavterskelkurs for deg som ynskjer betre forståing av eigne tankar, kjensler og mønster – og kva du sjølv kan gjere for å få det betre i kvardagen.

Kurset gir ei innføring i kognitiv terapi, og du blir kjend med sentrale verktøy og modellar som kan hjelpe deg å handtere utfordringar på ein meir hensiktsmessig måte.

Kurset passar for deg som opplever lette til moderate plager som stress, uro, angst, nedstemtheit eller søvnvanskar – og som ynskjer konkrete verktøy for å meistre dette betre.

Du treng ikkje tilvising, og det er ingen krav til forkunnskapar.

Tema i kurset

  • Kva er kognitiv terapi
  • Nedstemtheit og depresjon
  • Angst
  • Grubling og bekymring

Dette vil du lære

  • Enkle og effektive verktøy frå kognitiv terapi
  • Korleis handtere angst og nedstemtheit
  • Auka forståing av depresjon og sjølvkritikk
  • Teknikkar for å redusere grubling og bekymring

Tilråding

Vi tilrår å starte med dette kurset dersom du vurderer oppfølging hos RPH. Kurset gir eit godt grunnlag og kan for mange vere tilstrekkeleg hjelp i seg sjølv.

Kurset er gratis.

Påmelding til kurs/grupper gjer du via dette skjemaet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

For informasjon eller spørsmål, ta kontakt på 90 67 01 30 eller rph@vest-telemark.no.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?