Bibliotek

Fyresdal folkebibliotek ligg i same bygg som kulturhuset, like ved både skule, barnehage, helsehus, symjehall og idrettshall. Velkomen!

Biblioteket har populær boksamling, film, lydbøker, aviser, tidsskrift, 1 datamaskin til fri bruk for publikum og trådlaust nettverk. Bøker biblioteket ikkje har, kan vi i regelen låne frå andre bibliotek.  Det er mange sittegrupper på biblioteket og eit skjerma rom for lesing. Det er rikeleg med gratis parkeringsplassar og H-plassar. Biblioteket har trappefri tilkomst.

Vest-Telemarkbiblioteka er biblioteka i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Biblioteka har til saman store lokalhistoriske ressursar: bøker, bilete og dokumentsamlingar. Dei har felles lånekort, katalog, og lånereglar.

Her finn du nettsida til biblioteka i Vest-Telemark: vest-telemarkbiblioteka.arena.axiell.com Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Lånarar over 16 år kan inngå ei skriftleg avtale med biblioteket om å bruke biblioteket utanom betent opningstid. Lånarane låser seg inn på biblioteket med eit nasjonalt bibliotekkort. Stikk innom biblioteket for meir informasjon og avtale!

Lånerett:

  • Alle har rett til å låne gratis frå biblioteket, du får lånekort mot å vise legitimasjon. 
  • Institusjonar blir registrerte ved ein ansvarleg person. 
  • Barn under skulepliktig alder låner på føresette sitt lånekort.

Lånetid: 

  • Lånetida er normalt 4 veker. Unntak: Lånetid for film og tidsskrift er 2 veker. For materiale innlånt frå andre bibliotek gjeld lånereglane til eigarbiblioteket.
  • Dersom materialet ikkje er reservert kan lånet vanlegvis bli forlenga inntil tre gonger. 
  • Det er også delar av samlinga som ikkje er til heimlån, bare til bruk på biblioteket. 

Fornying:

  • Kan skje ved frammøte på biblioteket, via telefon, e-post eller internett – logg inn på nettsida til Vest-Telemarkbiblioteka.

Reservering:

  • Materiale som er utlånt til annan lånar kan som regel bli reservert. Du får melding når materialet kjem, med ei frist for å hente.

Fjernlån:

  • Bøker o.a.vi ikkje eig sjølve prøvar vi å skaffe frå andre bibliotek. For slike lån gjeld lånereglane til eigarbiblioteket, inkludert satsar for erstatning/gebyr. Reglane finn ein som regel på eigarbiblioteket sine heimesider.

Ansvar: 

  • Lånaren er ansvarleg for det som blir lånt på eige lånekort. 
  • Hugs lånekort når du skal låne. 
  • Meld adresseendring og tap av lånekort til biblioteket. 
  • Lånaren har plikt til å gjere seg kjent med lånarreglementet
  • Bøker o.a. som ikkje er levert før lånetida er ute, vert purra. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter fastsette satsar, eventuelt kan lånekortet bli sperra til saken er oppgjort. Det blir ikkje kravd erstatning frå barn under 15 år.

Satsar for erstatning av tapt/øydelagt materiale:

  • Materiale nyare enn eit år: Full pris eller erstatningskjøp.
  • Materiale eldre enn eit år som framleis er i sal: Full pris - 20%. 
  • Materiale som ikkje er i sal i bokhandel: Etter skjønn, sjekk t.d. hos antikvariat.net Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
  • Materiale lånt inn frå andre bibliotek: Eigarbiblioteket sine satsar gjeld.

Særskilde reglar:

  • Film lånt på biblioteket er til privat bruk og det er lånaren sitt ansvar å fylgje aldersmerkinga. 
  • Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som måtte oppstå på teknisk utstyr ved bruk av lånt materiale.

Nettstader:

bokhylla.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
oria.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
bibsok.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Besøk Fyresdal bibliotek på Facebook Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

E-bøker:

Lese- og lytteappen BookBites er ei ypperleg plattform for utlån og aktiv formidling av e-bøker og e-lydbøker i bibliotek. Appen er laga for å motivere til meir lesing og styrke leseopplevinga. Last ned BookBites frå GooglePlay eller AppStore. Her kan du lese meir om BookBites Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Pressreader:

Pressreader gjev deg tilgong på tusenvis av blad og aviser frå nesten heile verda. Last ned appen, opne han på biblioteket, og start lesinga! For å behalde tilgongen må du opne appen på nettet til biblioteket ein gong i veka. Her finn du Pressreader Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?