Juniorklubb og ungdomsklubb

I Fyresdal kommune har vi to klubbkveldar i veka. Klubbane går føre seg på kulturhuset, der vi har tilbod om diskotek, kiosksal, playstation og andre spel, biljard, air-hockey, datarom og sosialt samvær. Annan kvar fredag er det kino. 

Juniorklubb på onsdagar:

  • Gjeld elevar frå 5. trinn og oppover
  • Opningstid frå kl. 13.55 til 20.00
  • Sal av middag til kr 20,-
  • Fylgjer skuleåret

Ungdomsklubb på fredagar:

  • Gjeld ungdom frå 8. trinn og oppover
  • Opningstid frå kl. 17.00 til 22.00 (dei dagane det er kino opnar klubben kl. 15.00)
  • Fylgjer skuleåret

Innanfor klubben sin regi blir det arrangert datavaker og turar. I tillegg samarbeidar Fyresdal ungdomsklubb med klubbane i nabokommunane om felles arrangement, avslutningar og konsertar.

  • Visma Flyt skule
  • Facebook-sida til klubben
  • Instagram
  • Snap

Ein prøvar å få ut aktivitetar med ev. påmelding så raskt som råd.

  • Inne på kulturhuset
  • Skaterampa
  • Fram til vegane rundt kulturhuset, men avgrensa fram til den store parkeringsplassen og parkeringslomma
  • Når klubben har aktivitetar andre plassar, vil klubbreglane gjelde i områda aktivitetane blir gjennomført

Klubbarbeidarane vil òg kunne ta tak i problem som skjer lenger vekk enn det som er definert som klubbområde. Dette er ein naudsynt reaksjon frå ansvarleg vaksne.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?