Kulturhus

Kulturhuset er eit fleirbrukshus i Fyresdal sentrum. Besøksadressa er Fyresdalsvegen 2233.

Kulturhuset har storsal med uttrekkbart amfi med plass til 191 personar, med bord og stolar til 120 personar, og med ståplassar til 280 personar. Veslesalen har sitteplassar til 42 personar i tillegg til diskotek, TV-krok og kjøkken. I bygget finn du også biblioteket. Huset er mykje nytta, og ein må i regelen tinge plass i god tid.

Booking av huset eller utstyr

Ynskje leverast skriftleg til Fyresdal kommune på svein.slyngstad@fyresdal.kommune.no eller postmottak@fyresdal.kommune.no.

Fordelinga skal skje etter denne prioriteringa:

  1. Kommunale arrangement (ungdomsklubben, skulen, kulturskulen osv.)
  2. Arrangement for barn og unge/lag og organisasjonar
  3. Andre arrangement
  4. Ideelle tiltak skal gå framfor kommersielle tiltak
  5. Lokale leigetakarar skal gå framfor utabygdes leigetakarar

Desse arrangementa er fritekne husleige:

  • Tiltak for barn og unge
  • Alle arrangement i kommunal regi
  • Kulturelle tiltak

Desse arrangementa må betale husleige:

  • Tiltak for vaksne som ikkje nemnt over
  • Alle private arrangement
  • Kommersielle tiltak
  • Utabygdes aktørar

Leigetakarar skal ha brann- og teknisk opplæring i bruk av huset.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?