Kulturskule
Kulturskuleåret 2025-2026
- Frist for opptak og oppseiing av plass i kulturskulen er 1. juni.
- Opptak og oppseiing gjerast via SpeedAdmin.
- Dersom du har plass på eit gruppetilbod, må du hugse å seie ifrå om du ynskjer å halde fram til hausten eller ikkje.
- Dersom du har ein individuell plass, beheld du denne til du seier den opp.
Bruk lenka du finn under "Skjema" til både inn- og utmelding av kulturskulen. Vel "Ny elev" eller logg inn som føresett. Ved utmelding, sjå "Utmelding" på verktøylinja øvst på skjermen (bør gjerast via PC).
Fyresdal kulturskule er eit musikk- og kulturfagleg tilbod som stimulerer til læring og godt fagleg nivå gjennom varierte arbeidsmåtar og god fagleg kompetanse i personalet. Kulturskulen skal vere ein god aktivitet for elevane, der kreativitet og skaparevne står i fokus. Vi samarbeider med skule og barnehage.
Vi har eitt årleg hovudopptak med søknadsfrist 1. juni, men vi praktiserer også løpande opptak så lenge det er ledige plassar. Vi prioriterer elevar i alderen 6-18 år, og gir både individuelt tilbod og tilbod i grupper.
Tilbod i Fyresdal kulturskule
Individuell undervisning innan musikk:
- Akustisk gitar
- Elektrisk gitar
- Bass
- Slagverk
- Piano
- Keyboard
- Song
- Tverrfløyte
- Hardingfele
- Orgel
- Musikkproduksjon
Gruppeopplæring:
- Dans og turn
- Kunst og handverk
- Band
- Slagverk
- Song
- Gitar og ukulele i smågrupper
- Korps
- Musikkproduksjon
Ein kan leige instrument for kr 200,- per halvår. Dette blir fakturert 2 gonger i året.
Tilsette i Fyresdal kulturskule
Lærarar:
- Marit van Delft
- Gitar, bass, hardingfele, kunst- og handverk
- Mobil 95 72 93 49
- Svetlana Sheytanova
- Piano, vokal, song i grupper
- Mobil 91 00 24 14
- Freddy Brander
- Piano, vokal, orgel, musikkproduksjon
- Mobil 95 86 09 23
- Trygve Jarle Nedrebø
- Slagverk
- Mobil 97 67 80 12
- Gerd Straume
- Dans og turn
- Mobil 90 59 18 36
- Helga Raunholm Jordan
- Aspirant- og juniorkorps, korps i skulen
- Mobil 97 00 79 56
Avdelingsleiar kultur:
- Hilde Martini Momrak
- Mobil 95 27 09 05
Dirigent korps:
- Trygve Jarle Nedrebø
- Mobil 97 67 80 12
Den kulturelle skulesekken og beremeisen
- Den lokale utviklingsplanen for ulike tiltak innan kulturfeltet i Fyresdal; inneheld ei oversikt over satsingsområda i alderen 0-16 år.
- Den kulturelle skulesekken og beremeisen (DKS) skal gje alle born og ungdom profesjonelle opplevingar innan kulturfeltet.
- Dei fleste tilboda vert arrangert i skuletida.
- Fyresdal får eit fylkeskommunalt tiltak som heiter kulturskatten – til elevane i grunnskulen.
- For born under skulealder kjem vår lokale plan inn – Kulturnykelen. Planen vert rullert og administrert av kulturavdelinga.
Besøk denkulturelleskolesekken.no for meir info. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
