Sikkerheit ved store arrangement

Å ha ansvaret for eit arrangement er ei stor og omfattande oppgåve. Det er viktig at dei ansvarlege for arrangementet startar arbeidet med sikkerheit og beredskap tidleg, og overheld dei lover som gjeld for det enkelte arrangement.

Ansvaret for sikkerheit ved eit arrangement kviler fullt og heilt på arrangørane, men kommunen ynskjer å informere og hjelpe arrangørane i arbeidet med å lage gode og trygge arrangement. Alle arrangement skal meldast til brannvesenet. Sjå lenger ned for meir info.

Ros-analyse og beredskapsplan

Store arrangement er definert som “arrangementer med store ansamlinger av mennesker og/eller med potensial for store ulykker” (DSBs rettleiar). Eksempel på store arrangement er bygdedag, ridestevne, konsert, idrettsstevne, 17. mai osv. Felles for desse er at det er fleire personar enn vanleg samla innanfor eit område i ein tidsavgrensa periode. Dette gjer risikoen for ulykker og uønskte hendingar større enn normalt, og konsekvensen dersom noko skulle skje større enn normalt.

Potensiale for ulykker avheng mellom anna av folketettheit, arrangementsstad, arrangementstype, rus og publikumstype/-åtferd.
Det er viktig at arrangørar jobbar grundig med ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse) og beredskapsplan for arrangementet for å redusere risikoen for ulykker og uønskte hendingar.

Ros-analyse og beredskapsplan sendast Fyresdal kommune i god tid før arrangementet.

Melding til politiet

Utdrag frå Forskrift om politivedtekt for Fyresdal kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.:

§ 2-3. Framvising og andre publikumsretta aktivitetar
Den som på eller ut mot offentleg stad vil opptre eller utføre andre publikumsretta aktivitetar, må på førehand gje melding til politiet, uavhengig av om aktivitetane skjer ved bruk av høgtalar o.l. Det same gjeld den som på eller i nærleiken av offentleg stad ynskjer å bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 7-1. Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad
Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapeleg eller kommersielt slag, òg som har ein storleik som vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 7-2. Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement
Den som vil halde eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må i god tid forut for arrangement sende melding til politiet, når arrangementets art eller storleik gjer det sannsynleg at politioppsyn blir naudsynt av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken. Dette gjeld også når arrangementet ikkje skjer på offentleg stad. Meldeplikta gjeld òg samankomst eller tilstelling som hovudsakleg er av selskapeleg eller underhaldande art for medlem av ei foreining e.l. samanslutning. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Du finn skjema for å søke om eller melde ifrå om arrangement på politiet si nettside: Skjema for arrangementer - Politiet.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Melding til brannvesenet

Utdrag frå brann- og eksplosjonsvernloven Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.:

§ 7. Tiltak ved store arrangementer
Den ansvarlige for store arrangementer, utstillinger, forestillinger, møter og andre tilstelninger skal i god tid før arrangementet sende melding til lokal tilsynsmyndighet, dersom arrangementet skal avholdes i et byggverk eller på et område som normalt ikke benyttes til denne type arrangementer.

Her finn du aktuelle skjema som skal sendast Vest-Telemark brann og redning IKS:

Søknad om bruk av areal/lokale

Offentleg areal og friområde:
Leige av grunn må godkjennast av kommunen. Skriftleg søknad skal innehalde stad, tidsrom, type arrangement, arealbehov, samt behov for straum, vatn, kloakk, trafikkregulerande tiltak, parkeringsbehov m.m.

Privat grunneigar/utleigar:
Leige av grunn må godkjennast av grunneigar. Hugs renovasjon, vatn og kloakk, trafikkregulering og parkering.

Melding om matservering

Om du må registrere eller søke godkjenning for kortvarig sal av mat, kjem an på korleis salet går føre seg. Dersom du sel eller serverer mat på messer, festivalar, bondens marknad osv., skal du melde ifrå til Mattilsynet.

Les meir og finn aktuelt skjema på Mattilsynet si nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

På arrangement som skuleavslutningar og loppemarknadar, eller når idrettslaget sel pølser og kaker i løpet av ein dag, er det ikkje nødvendig å melde ifrå til Mattilsynet. Du må likevel sikre god hygiene og riktig handtering av maten.

Les meir om kortvarig sal av mat på Mattilsynet si nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Reglar for pyroteknikk/fyrverkeri

Utdrag frå Forskrift om politivedtekt for Fyresdal kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.:

§ 2-5. Farleg eller skremmande verksemd
På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:
2. å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoff utan at politiet har gjeve løyve. Det er ikkje eit slikt krav om løyve for godkjent fyrverkeri som skal nyttast i tidsrommet 31. desember kl. 18.00 til 1. januar kl. 02.00.

Løyve til skjenking av alkohol

Arrangement som er opne for publikum der det blir servert alkohol krev skjenkeløyve. Søknad sendast på elektronisk søknadsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Kommunen behandlar søknadane. Ein må rekne med noko behandlingstid for dei søknadane som skal behandlast politisk.

Her kan du lese meir om skjenking og servering i forsamlingslokale og etablerar- og kunnskapsprøva.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?