Toppturar og skiløyper

Fyresdal tilbyr eit stort utval av vandreløyper gjennom skogane, opp på fjelltoppane og innover heia. Eit stort nettverk av merka stigar med ulik vanskegrad gjer at det finst spanande val for alle som ønskjer å kome seg ut på tur.

Her finn du informasjon om skiløyper og toppturar frå sør til nord. Skiløypene har ulik vanskegrad og tek oss med frå dalbotnen og opp til snaufjellet. Toppturane like så. Skiløypene blir i utgangspunktet køyrde opp kvar helg i vinterhalvåret med atterhald om vêr og snøtilhøve. God tur!

Fyresdal Turlag organiserer tur kvar tysdag så godt som heile året! Fast oppmøte er på parkeringsplassen ved kulturhuset kl. 17.00.

Informasjon om turane finn du på Facebook (Fyresdal Turlag - offentleg gruppe) og i kommuneinformasjonen.

Tak av FV 355 på Veum, inn mot Fjellgardane. Etter 3-4 km, etter fyrste fartsdempar på Spokkeli, tek ein opp til høgre. Parkering 200 m nord for Hærstadgardane. NB. Privat grunn, så ein må betale parkeringsavgift via Vipps. Fylg blå merking langs grusveg om lag 800 meter og ta til høgre ved skilt. Stigen går opp Pålsskot langs elva og kryssar denne ved Svarttrast. Fylg stigen vidare mot Berrfjell i nordleg retning. Etter ei hard stigning er det lett terreng langs fjellryggen ca. 700 meter til varden. Utsikta på toppen er enorm. Gaustatoppen i nordaust, Vehuskjerringa mot Vinje og Skorve/Lifjell i aust. Flott skitur om vinteren. Hugs å skrive namnet ditt i boka.

  • Hauggrend - nord i Fyresdal
  • Total lengde: 10 km
  • Stigning: 480 m
  • Terreng: Middels/lett
  • Gangtid: 4 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Berrfjell

Tak av FV. 355 i Kilegrend, forbi Øyne Camping, og tak til venstre etter brua. Tak så opp den fyrste vegen til høgre. NB. Bomavgift! På det høgaste punktet på vegen mot Bindalen, etter 4 km, parkér ved informasjonstavla. Blåmerka turstig startar opp den bratte lia mot nord. Gå inn langs myr/bekk mot Tjønnheivatnet. Før vatnet går ein opp til venstre. Same stig tilbake.

  • Kilegrend - sør i Fyresdal
  • Total lengde: 8 km
  • Stigning: 430 m
  • Terreng: Middels
  • Gangtid: 4 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Bindalsfjell

Tak av FV 355 og køyr forbi Kleivgrend inn til Torsdalen. NB. Bompengar ved Libru. Parker oppe på dammen.

Fylg den raudmerka turistvegen ca. 2 km. Tak deretter til høgre ved skilt. Herifrå og opp er det merka veg med blå farge. Jamn fin stigning mot toppen.

  • Kleivgrend
  • Total lengde: 7 km
  • Stigning: 350 m
  • Terreng: Middels
  • Gangtid: 4 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Gaukås

Parker i Fyresdal sentrum. Turen startar ved informasjonstavla i Folkestadgata ved Øyskogen. Gå vegen opp Skippergata der du svingar slakt til høgre ved enden av vegen og fylgjer vegen mot Lie. Etter fyrste svingen ved informasjonstavla tek du til høgre inn i skogen og fylgjer stigen fram til krysset ved Åsberg. Ruta går vidare langs tømmerslepe og stig. Mot toppen må ein passere Solemskar for å gå siste etappe. Der er det flott utsyn i alle retningar. Ved foten av den store reflektoren finn ein kassa med bok.

Ned att kan vi gå same stigen som vi kom opp, eller vi kan fylgje siste delen som er skogsbilveg og vidare grendeveg ned mot Folkestadbyen. Hugs å skrive namnet ditt i boka.

  • Fyresdal sentrum
  • Total lengde: 8 km
  • Stigning: 480 m
  • Terreng: Bratt, middels
  • Gangtid: 3 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Geitnetten

Tak av FV 355 i Hegglandsgrend mot Husstøyl.

Bomavgift etter 2 km. NB. Frå 23.06.2025: Norgesbom, kameraregistrering av køyretøy. Avgift betalast via youpark.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Parkeringsplass etter 1 km.

Gå inn grusvegen mot sør (ved skuterhus). Etter omlag 3 km, i den siste bakken mot det høgaste punktet, tek du til venstre. Det er fint å trille barnevogn hit, men ikkje den siste delen. Fylg vidare blått merke til toppen nokre få hundre meter. Flott utsikt, lett tur. På toppen er det ei stor vêrpil der ein kan sjå vindretninga. Hugs å skrive namnet ditt i boka!

  • Hegglandsgrend
  • Total lengde: 7 km
  • Stigning: 120 m
  • Terreng: Lett tur, liten stigning
  • Gangtid: 2 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Hegglandsnetten

Tak av FV 355 ved flyplassen mot Birtedalen. Tak til høgre etter brua. Fylg skilting og parker langs vegen. Fylg blåmerka stig ved informasjonstavla, og fylg merka stig vidare frå Skoret. På toppen av Høgenut er det ei høg mast som gjev signal til radio og fjernsyn, sikringsradio m.m. I desember blir masta med adventsljosa tent. Denne ein kan sjå frå store dela av bygda. Fylg same vegen ned att. Hugs å skriv namnet ditt i boka.

  • Sentrum i Fyresdal
  • Terreng: Bratt stig, krevjande tur
  • Gangtid: 2-4 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Høgenut

Køyr FV 355 til Basthommen, vegen over Våmur på det høgaste. Parker ved den breie elva. Gå riksvegen 200 m mot syd til det høgste punktet. Gå rett opp berga, forbi ei hytte og fylg stigen vidare mot toppen.

Når ein kjem opp på fjellryggen fylgjer ein denne til toppen. Ned att er det finast å gå ned i dalen mot nord, og opp på neste topp. Her ser ein rett ned i Basthomdalen. Fylg fjellryggen nedover til ein kryssar den gamle ”Valebjørgsvegen”, merka blått. Fylg denne vegen ned til høgre eit par hundre meter, og tak til venstre ved skilt. Hugs å skrive namnet ditt i boka!

  • Basthommen - sør i Fyresdal
  • Total lengde: 5 km
  • Stigning: 300 m
  • Terreng: Kort, delvis krevande kveldstur
  • Gangtid: 2 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Igletjønnuten

Køyr til Birtedalen frå FV 355. Fylg skilting til Kvipt Gjestegard. NB. Vegavgift. Turen startar like før Kvipt Gjestegard. Fylg raudmerka gangstig frå garden, langs vatnet og opp Kvipteskar. På toppen gjeng ein til høgre ved skilt der stigen er merka med blått. På fjellkammen før toppen, kan ein finne eit gamalt bjørnehi. Fylg stigen vidare langs fjellryggen å gå ned mot Kvipt på andre sida.

  • Øvre Birtedalen - vest i Fyresdal
  • Total lengde: 5 km
  • Stigning: 280 m
  • Terreng: Bratte parti, middels
  • Gangtid: 3 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kviptefjell

Tak av FV 355 ved krysset mot Birtedalen. Frå RV 401 i Løkjedalskrysset, Øvre og Nedre Birtedalen, køyr mot Øvre Birtedalen ca. 4 km. Tak til venstre over brua, hald retning mot Birte. Parkering heilt i sørenden av Birtevatn ved Birte. Fylg raudmerka løype til eit stykke oppe i lia. Den blåmerka løypa tek av frå den raude rett opp ei lita li, etter eit lite myrdrag der stien går. Ver merksam på dette skiljet. Når du kjem opp på neste platå opnar dalen seg og det er lett å gå resten av stigen som nå går mykje på fjell. På toppen ser du vidt omkring i alle retningar. Det er fleire tjønnar å bade seg i om du vil det. Boka ligg i ei postkasse i ein fin varde laga i tre og stein. Det er fleire alternative umerka turar heim att, om Bergstadtjønn, eller sørover og ned til Krokstøyl. ​

  • Øvre Birtedalen
  • Total lengde: 6 km
  • Gangtid: 3 timar
  • Terreng: Middels krevjande tur
  • Stigning: 300 m

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Jåmsfjell

Tak av FV 355 sør om Momrak og fylg skilting mot Fjone. NB. Vegavgift. Nytt skilt etter 5 km, parker langs vegen. Gå eller sykle til garden Nape, om lag 3 km. Fylg vegen vidare forbi garden, omlag 500 m. Tak til venstre og stigninga mot toppen tek til på blåmerka stig.Toppen er bare 889 moh,men eit særmerkt fjell som mellom anna småflypilotar ofte nyttar når dei flyg mot Fyresdal. Kassa er mura inn i varden. Vegen er merkt med blå farge. Gå same vegen ned att. Ver obs på farlege stup! Hugs å skrive namnet ditt i boka.

  • Momrak - Nape
  • Total lengde: 10 km
  • Stigning: 360 m
  • Terreng: Bratt, middels
  • Gangtid: Frå Nape 3 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Napen

Tak av FV 355 mot Birtedalen. På det høgaste punktet, etter 18 km, startar turen. Stopp ved skiltet og parker her. Fylg blått merke i sydleg retning. Ein ser den flotte varden i god tid før ein er der. Det er høve til å bade når ein passerar småtjønnar. Rundtur, eller same veg tilbake. Like flott tur sommar som vinter.

  • Breiviksheia - sørvest i Fyresdal
  • Totallengde: 8 km
  • Stigning: 240 m
  • Terreng: Lang lett tur
  • Gangtid: 4 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Nasefjell

Tak av FV 355 i Hauggrend mot Foldsæ og fylg vidare skilt mot Roan. 700 meter ovanfor Foldsæ finn du informasjonstavle om turen til Roan, betalingsordning for vegavgift og ana relevant informasjon. Her kan du enten parkere på tilrettelagd parkering, eller betale vegavgift og køyre skilta skogsbilveg ca 2,5 km til skilta parkering. Her finn du og ei informasjonstavle om turen. Frå informasjonstavla går ein vegen ca. 50 meter før ein tar av til høgre, og går over brua ved dammen. I den nedre delen går stigen i furuskog, vidare gjennom fjellbjørkeskog og opp mot snaufjellet til toppen, som er den høgaste i Fyresdal. Utsynet frå Roan-toppen er storslått. Herifrå kan ein i godvêr sjå store delar av fjellheimen i Telemark. Det er sett opp ei informasjonstavle som syner fjelltoppar frå i nordvest, søre delen av Hardangervidda mot Gaustatoppen (1883 moh.) og vidare austetter mot Lifjell og nære fjellområde. Følg same vegen tilbake til Røyningdalen. Hugs å skrive namnet ditt i boka.

  • Hauggrend - nord i Fyresdal
  • Total lengde: 10 km
  • Stigning: 590 m
  • Terreng: Krevjande, bratt stigning

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Roan

Tak av FV 355 ved flyplassen mot Birtedalen. Tak til høgre etter brua. Fylg skilting og parker langs vegen. Fylg blåmerka stig ved informasjonstavla. Bratt, fin gangstig med flott utsikt heile vegen. Undervegs finn ein eit stort biologisk mangfald og mektig utsyn over Fyresdal sentrum og nordre delen av Fyresvatn. På veg opp bør ein ta vegen om det gamle småbruket Skoret. Her var det fast busetjing fram til 1880-åra, men det er dokumentert som øydegard i 1686. Her finn ein ei open varmestove som kan nyttast til rast eller ly for uvêr. Ved utkikkspunktet ved Skoret er det bord og benkar og bok å skrive i.

  • Sentrum i Fyresdal
  • Terreng: Bratt stig
  • Gangtid: 1-1,5 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Skoret

Frå sentrum køyrer ein opp Libakkane og tek til høgre før Lie og parkerer bilen ved skilt. Frå skiltet ved Kjeldemyra fylgjer ein bilvegen 550 m og tek fyrste veg til venstre. Fylgjer stigen opp til Litjønn og går langs denne. Etter omlag 2,7 km med jamn stigning kjem vi til eit skilt som peikar mot ein flott utsiktsplass der det er fint å kvile. Fylg stigen 300 m lenger fram og tak til venstre ved skilt. Her går ein opp myrdraget og på fjell mot seiste del til toppen, med ein flott varde og bok til å skrive i.

  • Sentrum i Fyresdal
  • Total lengde: 9 km
  • Terreng: Middels
  • Stigning: 340 m
  • Gangtid: 3-4 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Søtdalsvarden

Tak av FV 355 i Hegglandsgrend mot Kleivgrend. Fylg skilt til Åslandsgrend etter omlag 2,5 km og vidare skilt til Tjønnefjell etter nye 2,5 km. Køyr 1 km til enden av vegen og parker der. Stigen startar langs ein traktorveg etter å ha kryssa elva. Etter ca. 100 meter kan ein ta til høgre og følgje gammal heiveg. Stigen er ikkje merkt, men det er god gangstig til vardane på Flæune. Herifrå kan ein gå bratt rett opp til venstre, eller følgje stigen litt lenger fram og opp på toppen frå nordvest. På det høgaste punktet ser ein varden der boka ligg. På turen ned att kan ein følgje kanten ut mot Tjønnekvæven og snu austover til ein kjem ned på stigen ein gjekk opp. Flott tur sommar og vinter. Hugs å skrive namnet ditt i boka!

  • Åslandsgrend
  • Total lengde: 8-9 km
  • Stigning: 470 m
  • Terreng: Middels
  • Gangtid: 4 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Tjønnefjødd / Tjønnefjell

Tak av FV 355 i Kilegrend, inn mot Øyne Camping. Rett etter tunnelen startar turvegen ved skilt opp til venstre. Fylg traktorvegen til endes og deretter fylg blått merke vidare til toppen. Turbok i foten av den høge masta.

  • Kilegrend
  • Total lengde: 3 km
  • Stigning: 240 m
  • Terreng: Bratt
  • Gangtid: 1,5 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Øynuten

Parker ved skilt og fylg bilvegen vidare langs Nordbøtjønna. NB. Parkeringsavgift. Start turen på austsida av Fjelltjønn. Det er ikkje merka stig til toppen, så her må ein nytte kart og kompass. Flott tur sommar som vinter. Hugs å skrive namnet ditt i boka!

  • Fjellgardane
  • Lengde: 12 km
  • Stigning: 530 m
  • Terreng: Krevjande
  • Gangtid: Dagstur

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Øysteinsfjell

Turen startar ved informasjonstavla. Fylg blå merka stig oppover myrdraga mot Kroktjønn. Her kan ein sjå tufta etter den gamle støylsbua. Ein ser varden, der boka ligg, i god tid før ein når toppen. Store delar av den flotte Valebjørgsheia ser ein mot aust. Mot sør kan ein sjå fjernsynsmasta på Hovdefjell. Og når det er klart vêr, skal ein kunne sjå havet mot sør. Flott tur sommar som vinter. Hugs å skrive namnet ditt i boka.

  • Valebjørgsheia
  • Total lengde: 6 km
  • Stigning: 260 m
  • Terreng: Middels
  • Gangtid: 3 timar

Sjå ut.no for kart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Åbogsfjell

Det er oppkøyrde løyper frå Skvettedammen og over til Litjønnvegen. Sjå Skvettedammen løypelag på Facebook for meir informasjon.

Fylg riksveg 355 ca. 9 km frå Fyresdal sentrum, retning sør. Parkering langs riksveg 355, ca. 150 m. før vegskilet til Fjone. Her er brøyta parkeringsplass for 10-12 bilar. Ein kan også køyre opp til Lie, 2-3 parkeringsplassar og gå opp Litjønnvegen.

Fylg Skvettedammsvegen til enden av vegen ca. 4,8 km ein veg. Lett stigning oppover. På toppen flott, lett løype i småkupert skogsterreng. Det er også køyrd opp ei flott løype rundt Kanetjønn, vegen delar seg ved ei lita raud hytte. Midt på Kanetjønn kan ein også gå over til Våkås og komme igjen ved Midtdammen på Skvettedamsvegen. Då blir det ei endå flottare oppleving å gå her. Skvettedamsvegen kan vere ein flott kveldstur med hovudlykt og eventyrlyst.

Løypekart jpg, 176 kB, åpnes i nytt vindu.

Skvettedamsvegen

I Fjellgardane i Fyresdal finn vi fine skiløyper, oppkøyrde med snøskuter. Her er ein stutt runde på ca. 8 km og ein lengre runde på ca. 20 km.

Fylg riksveg 355 ca. 12 km frå Fyresdal sentrum, retning nord. Tak av hovudvegen på Veum, mot Fjellgardane. Fylg denne vegen til krysset ved Skålid, ca. 12 km. Tak til venstre, brøyta veg ca. 2 km, til parkeringsplass like nedanfor garden Skålid. NB. Parkeringsavgift. Løypa startar ved parkeringsplassen og fylgjer vegen innover i slakt terreng mot Nordbøtjønna. Stigning ca. 100 meter mellom Nordbøtjønna og Øyuvsvatn.

Frå parkeringsplass på Skålid: ca. 8 km. Frå Skålid forbi Nordbøtjønna opp til Øyuvsvatn ein liten rundtur og attende same vegen.

Frå parkeringsplass på Skålid: ca. 20 km. Frå Skålid forbi Nordbøtjønna, over Øyuvsvatn til Reinmostjønn, rundt Orrnesnut og attende same veg. NB! Denne ekstra runden er dessverre ikkje merka av på kartet men av og til køyrd med skuter. Det er òg mogleg å gå ein tur til Gruvenutane. Tak til høgre ved Nordbøtjønna, skilta mot Øysteinsfjell, ca. 3-4 km frå parkering Skålid.

Løypekart jpg, 80 kB, åpnes i nytt vindu.

Øyuvsvatn

Ypparleg som treningsløype med breie, flotte spor. Ljoset er tent når det er trening/skileik, og blir automatisk slegne av kl. 22.00. Ein kan skru på ljoset sjølv - brytar på veggen på det raude uthuset, der løypa startar. Løypa blir nytta som treningsbase for skiskyttarlaget og har eigen skiskyttararena.

Fylg riksveg 355 ca. 12 km. frå Fyresdal sentrum, retning nord. Tak av hovudvegen ved kyrkja og parker ved grendehuset, inga parkeringsavgift.

Total lengde: 4 km. Løypa er køyrd med spormaskin med 4 alternative rundløyper. Stort sett lett løype med enkelte bratte parti og utforkøyringar. Fin å bruke som skitrening for små barn.

Løypekart jpg, 80 kB, åpnes i nytt vindu.

Skiløypa på Veum

Det er flotte oppkøyrde skiløyper og gode parkeringsmoglegheiter på Våmur! Løypene blir køyrde opp kvar helg.

Ved Sauholtdalen/Kvilen er det sett opp ny fin gapahuk med bålpanne. Stopp gjerne der og grille ei pølse eller to. Det oppfordrast også til å skrive seg inn i bøkene i postkassene på Maurdalsrista, Grøne Nuten og Sauholtdalen/Kvilen for å vere med i trekning av premiar. Det ligg karamellar for store og små i postkassene ;)

Våmur Løypelag krev ikkje inn parkeringsavgift, men oppfordrar til å støtte løypelaget sitt arbeid med løypekjøring og utgifter til brøyting – VIPPS # 510622.

Sjå Våmur Løypelag på Facebook Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for meir informasjon.

Korleis kjem eg dit?

Fylg riksveg 355 ca. 20 km frå Fyresdal sentrum, retning sør. Det er etablert ny stor parkeringsplass på nordsida av Fyresdalsvegen ved Vikåne/Våmur hyttefelt. Her er det god plass for dagsturistar og skiløypa startar umiddelbart frå parkeringsplassen. Sjekk ut informasjonstavla som er sett opp ved starten av løypa. Her finn du kart, avstandar og annan info.

Kort rundløype

Løypelaget har fått opparbeidd ei rundløype som bind dei ulike hyttefelta saman. Dette er ein brei trase som gjev plass til tradisjonelle skispor og rom for skøyting. Løypa er ca. 2,6 km når du går frå riksvegen og tilbake.

Rundløype om Fisketjønn - Sandvatn - Sauholtdalen/Kvilen

Denne løypa fylgjer den utbetra traseen opp lia frå Øvre Stuvestøylfeltet til Fisketjønn og vidare rundt Sandvatn. Nedtur via Sauholtdalen/Kvilen der det er moglegheit for ein pust i bakken i gapahuken som ligg rett ved løypa. Løypa er 10,4 km og kan også gåast i motsatt retning derrsom ein føretrekk litt slakare utforkøyring ned igjen.

Grøne Nuten

Fylg kort rundløype til Stuvestøyl og fortsett opp lia via Sauholtdalen/Kvilen til Sandvatn. Ta til høgre og vidare via Homsli og Urvatn til Austre Gråndalen. Fylg løypa rett fram og ut til Grøne Nuten. Her treff ein på oppkøyrde skiløyper frå Fjone/Nissedal og det går gjerne spor vidare mot Jamndokk. Herfrå er det ikkje langt opp til Kronfjell, men då må ein nok tråkke løypa sjølv. Løypa til Grøne Nuten tur/retur er 14,8 km.

Maurdalsrista

Fylg same rute som til Grøne Nuten, men ta til høgre i krysset ved Homsli. Fylg løypa sørover opp til Maudalsrista. Vidare fylgjer ein rista nord/østover til Austre Gråndalen. Ta til venstre og gå vestover via Urvatn og Homsli til Sandvatn. Ta nordover mot Sandvassheia, over Sandvatn og ned til Fisketjønn. Fylg skrålia ned til Stuvestøyl og vidare ut til parkeringsplassen. Løypa til Maurdalsrista med retur via Fisketjønn er 16,9 km.

Urvatn – T-tjønn

Fylg same rute som til Grøne Nuten og ta til venstre ved Urvatn. Fylg løypa østover over Urvatn, opp lia og over T-tjønn, og vidare bort til Sandvatn. Ta til høgre over Sandvatn og vidare ned til Fisketjønn. Fylg skrålia ned via Stuvestøyl og ut til parkeringsplassen. Løypa er 13 km.

Andre forslag til fine skiturar

  • Rundtur Urvatn – Tarmen via Osvatn 18,5 km
  • Jamdokk tur/retur 22,0 km
  • Kronfjell tur/retur 29,0 km

Her kan du sjå løypekartet for Våmur jpg, 256 kB, åpnes i nytt vindu.
Her kan du sjå informasjonstavla til Våmur Løypelag Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Maurdalsrista

Skiløypene i Birtedalen er perfekte for ein flott skitur. Her er gode høve for parkering og løypene er køyrde med groomer. Løypenettet i Birtedalen er godt skilta, med kart over heile området som viser kvar ein er. Løypene blir køyrde så fort snomengda tillett det i desember, i helger i januar, februar, mars, fram til 19. april, vinterferie og påske med atterhald om vêr og snotilhøve.

Fylg riksveg 355, ca. 3 km frå Fyresdal sentrum retning nord. Tak av riksvegen mot Gjøvdal/Birtedalen og tak til høgre i vegkryss mot øvre Birtedalen. Ca. 30 km frå Fyresdal sentrum. Løypene startar ved Søgardsplassen (informasjonstavla) i Birtedalen. Parkeringsavgift kr. 50,- per bil.

Løypekart jpg, 71 kB, åpnes i nytt vindu.

Treng du meir informasjon, kontakt Stein Helge Lassemo på 91 52 88 45, eller sjå Facebook-sida Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. til Birtedalen sti- og løypelag.

Birtevatnet

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?