Framtidas Fyresdal

Fyresdal står framfor ei utvikling som få små kommunar får oppleve.

Etableringa av datasenteret på Molandsmoen opnar for nye arbeidsplassar, auka aktivitet, fleire innbyggarar og nye moglegheiter for næringsliv og lokalsamfunn. Samtidig reiser utviklinga nye spørsmål: Korleis skal bygda vekse? Kva tilbod treng vi? Kva prosjekt bør vi prioritere? Og korleis kan vi utvikle Fyresdal på ein måte som tek vare på det beste ved bygda vår?

På denne sida kan du fylgje arbeidet med dei viktigaste utviklingsprosjekta i kommunen. Her finn du informasjon om datasenteret, hotellprosjektet og andre tiltak som blir planlagde eller utgreidde. Du kan lese om status, framdrift, viktige milepælar og kva som skal skje vidare. Vi vil også publisere illustrasjonar, rapportar, tidslinjer, møtereferat og anna relevant informasjon undervegs.

Målet er enkelt: Alle som ynskjer det skal ha tilgang til oppdatert og korrekt informasjon om utviklinga av Fyresdal.

Nokre prosjekt er vedtekne. Andre er under utgreiing. Nokre er framleis på idéstadiet. Felles for dei alle er at dei handlar om framtida til bygda vår.

Velkomen til Framtidas Fyresdal.

Framtidas Fyresdal
Fann du det du leita etter?